mandag 23. september 2013

Flytteryddepakke-aversjon med deilige distraksjoner

Søndag morgen vakna eg i ein lettare panisk tilstand.
Draumen om at eg var på kafé i Christianshavn, og oppdaga at klokka hadde passert tolv og eg hadde gløymt å sette på laurdagsgrauten var svært så levande. Tanken om menneska som ville bli skuffa - og muligens sinte - var altoverskyggande. Og den løysingsorienterte delen av hjerna mi kokte for å finne ei løysing på problemet.

Dette har Anne Lina tatt,
då eg faktisk hadde ansvar for grauten :)

Det tok nokre minutt før eg innsåg at eg låg trygt og godt i senga mi,
at eg ikkje var i København,  at eg ikkje hadde ansvar for noko laurdagsgraut og at det ikkje var laurdag ein gong!

Det er vel berre å innsjå at eg har nokre element av stress i livet mitt.
Det har vore mykje reising denne hausten, og det er framleis to veker til det roar seg litt ned.
Og då har vi plutselig kome til oktober, og eg har då berre omlag ein månad igjen før avreise.
Tida går fryktelig fort, fortare enn eg likar.

plutselig var det haust...

Det er litt annleis å flytte til andre sida av kloden enn å skulle flytte i Norge.
Eg må ta stilling til om tinga mine skal følge meg, om dei skal lagrast eller kastast.
Det går ikkje å slenge småpøet opp i ei kasse og dra den med seg. (ja, du veit kva eg snakkar om - den kassa som alltid blir med på flyttelasset, og som blir stua lengst inn i ei bod fordi ingen veit kvar ein skal gjere av det ;) )
Ein lærer og mykje om seg sjølv. Eg har i allefall lært at eg er veldig god på å utsette ting. Som t.d. å få levert inn elektroniske duppedingser som ikkje fungerer. Boda mi hadde intet mindre enn 2 skrivarar, 4 telefonar, ei brødbakemaskin, to oljeovnar, to discmaner, to dekodere og tre lamper som ikkje fungerte. Vannkoker, riskoker og eggekoker som hadde gjort si teneste hadde eg og. I tillegg har eg no funne ein fem, seks ledninger som eg ikkje veit kor høyrer heime - eller som høyrer til på ting som ikkje lenger eksisterer..


Eg trur eg har eit latskapssamlergen. Det er ikkje at eg er så intressert i å ha alle tinga, det er berre at eg ikkje greier å forholde meg til at eg må bli kvitt dei.. Det er liksom så komplisert når ein bur midt i byn uten bil... Og så har eg så mange ting som eg tenker at "eg skal ta det litt seinare.. når eg får betre tid!" som for eksempel den korga med ca. 200 enkle sokkar som mangla partner, fleire med tilløp til hol. Så litt rydding er jo bra!
Men eg er i grunnen ikkje så glad i å rydde (men eg likar å ha det ryddig - særleg i skapa mine) så når eg no har dradd ut over alt rotet, for å få oversikt, så finn eg på all verdens andre ting som er mykje kjekkare. Det er heilt utruleg kor flink eg har blitt å trene for eksempel... Aldri så gale at det ikkje er godt for noko!



Men det skal no seiast at nokre ting kan eg ikkje utsette heller.
Som når veldig hyggelige, unge damer frå storbyen (og kjent som Oslo) tar turen til Bergen. Eller ein nevø spelar volleyballturnering i Haukelandshallen. Då må eg jo berre ta ei pause og bruke litt tid sammen med dei. Og eg meiner faktisk at det er viktigare å bruke tid på familie og vennane sine enn det er å bruke på tinga sine!




Så derfor har eg, til tross for at eg burde vore veldig tidseffektiv og berre reist akkurat det eg må, valgt å reise til Oslo i morgonkveld, for så å besøke herlige Finnsnes i tre døgn, før eg reiser tilbake til Oslo og skal tilbringe helga der. Forhåpentligvis møter eg nokre kjente der også. ;)
For ein ting er sikkert - rotet mitt, det forsvinn ikkje av seg sjølv. Dessverre!

nokon som kjenner seg kalla?

søndag 22. september 2013

Kjære Gud, eg lurer på...

Ja, det er faktisk mange ting eg lurer på. Eg kunne spurt deg om ting som kva du tenkte på då du skapte hårvekst? Det er jo så ymse korleis mange av oss er utrusta med slikt. Og eg skulle tru at eit par tusen år med evolusjon og oppfinnsomhet på klesfronten kunne avskaffa hår på leggar og slikt, men for dei fleste av oss er ikkje det tilfelle. Og kvifor må nokon av oss få grå hår? Til og med i ung alder! Og kvifor passar ALLTID menn grått hår betre enn kvinner?

Desverre er det ikkje meg han smiler til.
Lånt rett frå internettet.

Og eg kunne spurt deg om kva du tenkte på då du skapte tenner, det er noko med patenten på dei som ikkje er heilt god.. Ikkje for å kritisere altså, men nerver i tennene er ikkje nødvendig. Den milde dunkinga av betennelse er ikkje noko å trakte etter - og rotfylling viser jo at vi ikkje treng dei. Du kunne spart oss for mange kroner der.. men då hadde vel tannlegane vorte arbeidslause og rotnande tenner gir ikkje akkurat god ånde, så du hadde vel kanskje ein plan..?

Men eg har igrunnen noko større å spørre deg om. Denne boka di. Bibelen. Den inneheld ein del ting som eg syns er vanskeleg å forholde seg til. Og som fører til usemje mellom oss som trur på deg.
Eg syns det er så vanskelig når menneske brukar den til å dømme andre. Til å undertrykke og undergrave. Det var vel ikkje det du hadde tenkt at den skulle brukast til?

Også rett frå internett..

Det er mange ting eg ikkje heilt forstår kvifor står der, dersom vi tek det ut av samtida det er sagt inn i. Nokre ting syns eg er vanskelig sjølv om eg veit noko om samtida og.
At det er to skapelsessoger for eksempel, som ikkje underbygger kvarandre akkurat. Det er ikkje heilt enkelt. Men når eg ser på samtida det er skrive inn i - at den første er skrive i Babylon, der dei dyrka sola og månen som gudar og så kjem jødane si skapelsesoge som fortel at sola og månen ikkje var var tilstades før alt.. eg tar poenget. Og eg forstår at det har med identitet å gjere. Men er det noko sant i den, sånn bokstavlig tala? Vart jorda skapt på 6 dagar eller er det berre ein måte å fortelje på?
Og den andre er jo heilt annleis. Det er jo greitt at du skapte menneske frå jorda, for å vise noko om kvar vi høyrer til og at vi er sårbare. Men kvifor den greia med at kvinna kjem av mannen sitt ribbein? Du må jo ha visst at dette kunne brukast mot oss?


For ikkje å snakke om soga om syndefallet. Kvinna fører Adam til fall. Er denne historia berre ein slags forklaringsfortelling eller er den noko som faktisk har skjedd? Kunne ikkje det vore litt tydeligare?
Ein blir jo sittande igjen med spørsmål som: "kvar var Edens hage?" og "Er det slik å forstå at vi menneske stammar frå same kvinne(og mann)?" Eller er det berre ein måte å forklare korleis noko som var flott i utgangspunktet vart øydelagt?

Eg kunne tatt for meg heile gamletestamentet på denne måten - vel, nokre historier er vel berre historier om menn og mus, kongar og tenarar. Menneske som har fulgt deg og gjort både godt og gale. Men det er vel kanskje nokre historier berre er meint som forklaringsfortellingar - som skal fortelje oss om noko som er viktig. Eller? For var det eit Babels tårn? Var det ei syndelflod? Eller er det historier som skal fortelje om andre, viktigare sanningar? Litt sånn som Jesu likningar..


Egentlig har eg ikkje så store problem med dette. Om det har skjedd eller om det berre skal seie oss noko viktig, så er det heilt greit. Nokre av lovene i tredje mosebok syns eg kanskje er litt kompliserte og voldsomme, men i si samtid hadde dei vel sin funksjon. Dei store utfordringane finn eg ikkje før eg kjem til det nye testamentet, nærmare bestemt til Paulus. Han er ein kar eg kunne tenkt meg å hatt ein skikkelig prat med og spurt om han var sikker på det han faktisk skriv.

Mannen er jo så skarp i sine uttalelsar at det er skremmande. Han angrip kvinner og menneske med anna legning, og uttaler seg på ein særdeles spissformulert måte om alle som ikkje er like heilaggjorde som han. Han framheld sølibatet som den beste levevegen og oppfordrar til lite gjennomtenkt ekteskapsinngåing. Han gjev mannen ansvar for å vere ein god ektemann, men gjev og godt tolkningsrom for dei som vil undertrykke kvinnene. Var det meininga at han skulle få så stor plass som han har fått? Det er jo tydelig at han hadde sine utfordringar han og, sjølv om han ikkje seier noko om kva tornen i kjøtet var.
Hadde Paulus hadde sagt det han sa dersom han visste at vi skulle sitte og lese orda hans 2000 år seinare? Særleg dersom han hadde visst at Jesus ikkje hadde kome igjen, slik han trudde han skulle gjere om berre ei lita stund?


Og er det meininga at vi skal lese det som Paulus skriv utan syn for samtida? For det er unektelig eit perspektiv at Paulus tala inn i ei samtid der kvinner ikkje hadde vore med på møter, og lært frå Toraen (Gamle Testamentet) slik menn hadde. Klart det betydde noko når dei no plutseleg fekk vere med i fellesskapet. Og det er eit faktum at han levde i ein kultur der homofilt samkvem vart sett på som noko opphøgd, noko som ga status - at det handla ikkje om legning. Kan det vere det han har angripe? Hadde Paulus forståinga av homofili som noko mekaisk eller såg han menneska som er skapt med denne legninga, med følelsar som dei ikkje kan styre meir enn eg kan styre mine hetrofile følelsar? Ville han virkelig nekte dei kjærleiken? Om dette var så viktig, kvifor er det ikkje eit tema som Jesus går til angrep på? Og kvifor står det ikkje noko om det i dei 10 boda, men ein kan finne det godt gøymt i mellom andre lover vi ikkje brukar mykje tid på i dag?

Det er og noko med måten Paulus framheld seg sjølv om eksempel på. Det at han framheld seg sjølv som betre enn dei andre, at han er den som har rett er noko som både fasinerer meg og som, sant og seie, irriterer meg. Var det berre slik han var? Meinte han at han var eit godt eksempel som alle burde følge? Eller handlar dette og om at han tenkte at jorda vil gå under i aller nærmaste framtid, så det er viktig at alle kjem på rett veg med ein gong, koste kva det koste ville? Eller har han heilt rett - at han er var på eit heilt anna nivå når det gjeld heilaggjering enn det dei fleste av oss i dag greier å komme på?


Det er utruleg krevande å forholde seg til mykje av det Paulus skriv. For all del, mykje av det Paulus skriv er klargjerande når ein ser på korleis ein kyrkjelyd skal fungere og korleis vi skal behandle kvarandre. Måten han har fyrst skrive om nådegåvene, så om kjærleiken for så å ta for seg ordenen i gudstenestelivet, er beint fram genial. Det er desse etiske greiene eg slit med når det gjeld Paulus.

For du ser, Gud, at mange av orda blir brukt til å rive andre ned og løfte seg sjølv opp. Det er altfor mange som går på talarstolen, både i kyrkjer, bedehus og i media, for å knuse dei "store syndarane", og som brukar ord frå Paulus for å undebygge sine påstandar - og som på denne måten rettar fokuset vekk frå at vi alle har våre ting å stri med. Det var vel ikkje det du hadde tenkt?


Og Gud, eg er så redd for å bli ein av dei som dømmer og uttrykker meg på ein måte som gjer andre menneske mindre. Det er så fort gjort når ein skal bevege seg inn i teologien sitt rom...
Eg veit at eg ikkje får svara på alt dette i dag, sansynligvis må eg leve vidare med spørsmåla mine, medan teologane strides om kva tolkning som er rett. Eg måtte berre spørre likevel.


Og Gud eg ber, som i Frans av Assisi si bøn:

Herre, gjer meg til ein reiskap for din fred. 
Hjelp meg å spreia kjærleik der hatet herskar, 
tru der tvil råder, 
håp der det er angst og naud. 
Hjelp meg å få kome med tilgjeving der det er gjort urett, 
å skapa forsoning der det er strid, 
å spreia lys der det er mørke, 
å gje glede der sorg tyngjer.

Meister, hjelp meg å søkja ikkje så mykje å bli trøysta som å trøyste, 
ikkje så mykje å bli forstått som å forstå, 
ikkje så mykje å bli elska som å elske.
For det er ved å gje at vi får, 
ved å tilgje at vi blir tilgjevne, 
ved å missa vårt liv at vi finn det. 
Det er ved å døy at vi står opp til æveleg liv.

onsdag 18. september 2013

Meg og min venn Abraham

Frå tid til anna dukkar det opp ulike bibelske karakterar i livet mitt.
Dei passar ofte veldig godt inn akkurat der eg er akkurat då.
Dei har ofte noko å lære meg og hjelper meg
å sette ting i rett perspektiv.


I vår var eg på forestillinga Abrahams barn 
på Den Nationale Scene.
Der vart eg introdusert for ein kjent karakter,
frå tre ulike vinklar.
Og der starta mi reise med Abraham....

Han har liksom dukka opp i ulike settingar, 
og heile historia, både Abraham si, Hagar si og Sara si, 
fasinerer meg...

Abraham, ein eldre mann utan særleg status, 
halvbeduin med lause teltpluggar og ei gammal, ufruktbar kone.
Slikt var det ikkje særleg mykje ære i 
når ein levde i det samfunnet Abraham levde i.
Plutselig tar Gud tak i han,
og inngår ei pakt med Abraham.
Ei pakt er ei svært bindande avtale mellom to partar.



Det spesielle med denne pakta er at det er Gud
som er den handlande parten.
Abraham står der berre og tek imot.
Faktisk får Abraham og kona endra namnet sine ved paktinngåelsen, 
for egentlig heitte dei Abram og Sarai.
Gud lovar Abraham eit land, 
og Abraham trur på Gud og reiser.
Gud lovar Abraham og at han skal bli stamfar til
ei slekt etter seg som skal bli umulig å telje,
noko som var latterlig, reint mennesklig sett.
Så her prøvar Abraham å hjelpe Gud.
Rett skal vere rett:
Han får god hjelp av kona si til å hjelpe Gud.

Utsikten er ofte bedre enn vi ser...

Sara har inga tru på eit slikt under.
Så ho får Abraham til å ta Hagar,
som er slaven hennar, til kone.
Hagar blir gravid.
Og då brakar det laust.

Først blir Hagar hovmodig og ser ned på Sara.
Sara klagar til Abraham og han unngår å gå i mellom,
men lar kvinnene finne ut av det sjølv.
Og det går som det måtte gå, 
Sara audmjukar Hagar slik at Hagar rømmer ut i ørkenen.
Men Gud grip inn, 
og får Hagar til å returnere.

Hagar får ein son.
Og så blir Sara gravid og føder ein son.
Ny runde med sjalusi og elendighet, 
der Abraham blir pressa til å 
sende Hagar og Ismael ut i ørkenen.
Ei historie med mykje smerte,
både for Abraham og Hagar.
Men Gud gjev dei det dei treng,
og lovar å gå med dei...


Historiene rundt Abraham er så uendelig mykje meir enn dette, 
men desse delane av historiene har kverna i tankane mine
i heile sommar..

Eg er som kjent i ei oppbruddsfase.
Dei siste fire åra har eg vore rastlaus og klar for noko nytt,
men eg har ikkje visst kor veien skulle gå.
No har ikkje Gud lova meg noko land
eller ei talrik slekt,
men eg trur på at Han leder meg dit det er bra for meg å vere.



Og plutselig står ei dør eg ikkje trudde ville åpne seg
vidopen.
Med all den usikkerheta som det fører med seg.
Skal eg våge å gå gjennom den?
Kva må eg legge bak meg?
Kva er det som ventar meg der framme?
Er det noko eg må forlate som blir vanskelig?
Kva sorger må eg bere med meg,
midt i gleda over det nye?

Og så kjenner eg meg så igjen i Abraham og Sara
som vil hjelpe Gud..
Eg er så løysingsorientert som menneske at
det fort kan bli eit problem.
Eg prøver å ta tak i det som eg ser på som eit problem,
men som - om eg berre går nær nok utan å gjere noko -
ikkje er det.
Ofte er det heller ei løysing som er mykje betre
enn den eg hadde stabla på beina.


Eg beundrar Abraham si tru og at han stoler på Gud, uansett.
Eg beundrar Sara si ærlighet og ho vågar å vere så sårbar.
Eg beundrar Hagar si tillit til at Gud ser og går med, og motet hennar.

Dei er sterke personar.
På kvar sine måtar.
Dei har sine svakheter og sine styrkar.
Men dei stolar på Gud.
Dei stolar på at Han går med.

Eg trur det Abraham fekk oppleve
var ein draum han hadde lagt i skrinet
som er merka "utgått på dato".
Slik har det vore for meg i allefall,
eg har drøymt om å komme ut i verda,
sjå og erfare nye ting,
og bidra til noko som kunne bety ein forskjell
frå eg var 19 år.
(før det ville eg berre bli jazzsanger ;))
Og ja, eg drøymde om sjømannskyrkja.

Av ulike grunnar våga eg aldri å søke på ettåringsstilling.
Og så tenkte eg at eg vågar ikkje å reise ut åleine,
så eg venta på mannen som aldri kom.
Åra gjekk og sansynligheta for å få laus teltpluggane
vart stadig mindre.
Men til slutt tok rastlausheta over,
og då stillingane som kunne vere aktuelle kom,
så måtte eg jo berre søke.


Eg trudde aldri eg ville få jobben.
Det var jo så mange andre, godt kvalifiserte søkarar.
Eg anar ikkje kva Sjømannskyrkjefolka såg,
men det må jo vere noko ved meg som dei ser passar inn.
Eg trur jo på at Vår Herre sjølv
har ein finger med i spelet og,
at Han har gitt meg noko som kan brukast der eg er
og at han har leda både meg
og sjømannskyrkja fram til tilsetjinga.
(og at Han vil fortsette med det etterpå også ;) )
For meg er det utruleg stort
og skikkelig skummelt!
Tenk om eg ikkje greier å leve opp til forventningane?
Tenk om eg er heilt feil person på feil plass?
Tenk om alle mine tankar om Guds ledelse er heilt feil?

Ein del av meg trur Abraham hadde det litt slik og.
At han må ha stilt nokre spørsmål med kva Gud tenkte
når Han sendte Abraham og gjengen ut på tur.
Eg tippar spørsmålet:
"Kvifor meg?"
var eit hyppig stilt spørsmål.
Eg har i allfall stilt meg sjølv
dette spørsmålet mange gonger i sommar,
når panikken over kva eg har sagt ja til har tatt meg.

Men til tross for at det oppleves som store oppgåver
og langt utanfor komfortsona
å skulle reise ni tidssoner unna,
så lærer historia til Abraham meg noko som eg får kvile i.


Sjølv når Abraham prøver å fikse sjølv,
som endar i eit voldsomt kaos av menneskelige følelsar,
konflikter og smerte,
så går Gud med og hjelper dei som treng det.
Når vi ikkje er til å stole på,
når vi ikkje fiksar oppgåvene,
når vi mistar retninga og gir opp håpet,
så er Gud der.
Han går med,
han held heile vår verd i si hand
og han bryr seg om kvar tåre og kvart sukk som kjem frå oss.

Riktig nok berre Karmøybrua, men det er ikkje bare, bare.. ;)

Så veien kan vere lang,
den kan vere som ein amerikanst highway og full av gleder,
den kan vere kronglete og smertefull,
eg kan uansett stole på
at Gud går med meg,
Han bryr seg
og vil ta vare på meg.
Alltid.
Dét er rimelig fantastisk godt å tenke på!
Og då blir faktisk ikkje 9 tidssoner så langt likevel :)


Lampeflyttingsbesøk og andre gode ting

Eg er så heldig at eg er tante
til dei 10 mest fantastiske menneska i verda,
reint objektivt sett.
Eit av desse menneska har eg fått ha besøk av 
to gonger sidan i vår.
Først berre på ei vekes ferie, 
og no på besøk til tante for å hjelpe
tanta med 10 tommeltottar å flytte ein lampe...

Finn ein feil!

Dei færraste som har vore på besøk med meg har tenkt
noko særleg over at det hang ein lampe midt over golvet...
Den var litt sånn som eigaren,
lett malplassert men likevel tilpasningsdyktig nok 
til at ingen la merke til det før dei stanga i den...


Så det var utruleg deilig
å komme heim i går ettermiddag til ei lampe som hang
litt meir over bordet, og litt mindre midt over golvet..

Men når ein har storfint besøk,
så må ein jo også gjere litt kjekke ting, 
som f.eks. å gå på Fløyen :)

Utsikt frå ein av svingane i Fløyensvingane

Og ja, vi GIKK opp! :)
(og ned igjen - i mørket)

Finnes ikkje familielikhet! ;)

Og når ein har gått på Fløyen i det som føltes som minusgrader,
i allefall på vei ned igjen,
så er det godt med litt kakao
og ein god film...


I dag var det som vanleg arbeidsdag for meg, 
men eg har heldigvis ein jobb der eg kan vere litt fleksibel
i forhold til lunsjavtaler når det ikkje kolliderer med andre ting.
Så i dag vart det utskeiing
og Brunello til lunsj :)
Finaste Ellen Synøve! <3
(men at ho ikkje frys i hel forstår ikkje eg...)

Det var litt dumt å ikkje kunne ta fri frå jobb 
for å henge meir, 
og eg må innrømme at det var litt tomt å komme heim i dag..
Men ho hadde ein lang tur foran seg,
og sommardekk på bilen.
Så eg tok på meg joggeskoa og gikk på Fløyen i dag og..
Det er utruleg kor mange folk som tenker at det er ein grei tur å jogge,
eg har meir enn nok med å gå!
Det er jo motbakke heile vegen opp!

Tatt rett før det sette i gong å regne...

Det er uansett ein utruleg flott tur,
 og eg må vel berre å innsjå at hausten er godt i gang.
Det er jo litt deilig når lufta blir litt skarpare også.
(men det skal bli godt å flytte til eit litt mildare klima..)


På vei ned igjen fekk eg melding frå Sigrunn, 
som eg vart kjend med i Køben i sommar,
om at ho var i byn.
Så da slapp eg å gå heim og ta laust på pakkinga,
men kunne berre ta meg ein dusj
før eg fekk ein deilig avslutning på dagen
på Pingvinen sammen med henne.


Livet er i grunnen heilt ok! :)


søndag 15. september 2013

På seg sjølv kjenner vi ingen andre

Det er ganske vanlig å seie at på seg sjølv kjenner ein andre.
Men eg trur ikkje det nødvendigvis er sant.
Sjølv om vi kan ha nokre likhetstrekk med kvarandre,
så er vi likevel heilt unike.
Samansetninga av egenskapar og erfaringar vi har gjort oss
gjer at vi tolkar ulikt, opplever ulikt og uttrykker oss ulikt.


Den siste tida har eg møtt mange av utfordringane rundt dette.
Eg har vore mykje på farten og er i ei fase der tankane mine
både kretsar rundt å avslutte det eg driv med her,
samtidig som eg skal sørge for at arbeidet blir drive vidare,
og så kretsar det rundt alt som skal skje der framme...
Det kan av og til gje nokre kommunikasjonsutfordringar.

Den eine sida er kva eg kommuniserer,
eller rettare sagt prøver å kommunisere, til andre.
Den andre sida er kva andre kommuniserer til meg.


Kommunikasjon er ganske vanskelig.
Det er fort gjort å ta utgangspunkt i seg sjølv,
eigne erfaringar og behov når ein skal seie noko til andre.
På mange måtar må vi jo det,
for det er jo det einaste vi virkelig kjenner.
Men av og til burde vi kanskje tenke oss om ein gong eller to..

Eg har hatt ein del kurs den siste tida,
og då har dette blitt veldig synlig for meg.
Eg har kjent målgruppa,
eg har visst kva eg ville formidle
og stort sett trur eg at eg har greidd å formidle bra ting.
Men eg har og gjort nokre feilutrekningar.
Sagt eller gjort ting som har bomma fullstendig
i forhold til kva eg ville formidle.

Uten singlet? eller var det noko anna som var meint?

Det eg trudde var tydelig,
kan for andre vere heilt utydelig.
Det eg kunne tenke var ein morsom måte
å framheve eit poeng på,
vart for andre berre forvirrande
eller detaljer som tok fokus vekk frå poenget.
Heldigvis er ein del tøffe nok til at dei gjev gode tilbakemeldingar,
som gjer at eg ikkje treng å gjere det same neste gong...

Eg har og fått mange gode råd den siste tida.
Råda er alltid godt meint (trur eg i allefall)
og eg set stor pris på at folk bryr seg.
Men av og til blir det litt at eg sit og lytter til det folk seier,
og så slår det meg at "dette fungerer fint for deg,
men eg er jo ikkje deg...."

Har alltid vore beskjeden...
(frå bakerste side i "Eg reknar 3")

Det har gått veldig opp for meg at ulikskapane vi har
er noko positivt,
så lenge vi tek høgde for det.
Det er berikande å vere i lag med menneske
som er annleis enn oss sjølve,
som kan gje oss andre perspektiv
og utfordre våre eigne tankemønster.
Men for å kunne møte det på ein god måte,
trur eg vi treng å vite litt om kven vi sjølve er.
Det hjelper oss til å forstå meir av egne reaksjonar
og kanskje kan det og hjelpe å forstå andre sine...
Det er heller ingen dum ting å vite litt om
personlighetstrekk sånn generelt.


Eg veit f.eks. at eg er eit svært ekstrovert menneske.
Faktisk hadde eg 100% utslag på det
då eg tok Myers-Briggs-testen.
Det var eit sjokk - eg drøymde nemlig om å vere introvert..
Men samansetninga av dei andre delane i testen
fortalde meg at eg er av ein type som treng tid for meg sjølv,
at eg ikkje alltid må ha menneske
rundt meg for å samle energi.
Noko eg merkar veldig godt når eg møter introverte menneske.
Dei hjelper meg å finne ein ballanse i livet og indre ro,
som eg fort kan gløyme i alle mine tjolahopp-tjolahei.


Eg veit at eg er eit menneske som tek mesteparten
av avgjerdslene med hjartet - ikkje hovudet,
som det fort kan virke som når ein diskuterer med meg.
Men hovudet er og med på diskusjonen fram mot valget.
Eg veit at eg er ein klassisk 7-er
for dei som kjenner Enneagrammet,
eg er ganske stabilt i godt humør, vil ha pose og sekk
og syns følelsar kan vere virkelig plagsomme greier.

Men dette betyr ikkje at eg er lik alle ekstroverte,
hjerteorienterte menneske som likar å ha det gøy...
Det betyr heller ikkje at dei er like meg
eller har same reaksjonsmønster som meg.


Min påstand blir derfor:
Eg kjenner ingen andre på meg sjølv,
men eg kan bli kjend med dei
dersom eg lyttar til det dei seier og gjer.


tirsdag 10. september 2013

Innanfor eller utanfor?

Det er ei stund sidan det dumpa eit blad i postkassa mi der ei av hovudoverskriftene var "Når kristne er utro". Denne overskrifta har plaga meg litt. Ikkje fordi ein tek opp temaet utroskap. Men fordi den signaliserer at det er noko anna om kristne gjer det enn om anna folk gjer det. Er det virkelig sånn?

Første problemet mitt med denne overskrifta er altså at den antydar det er verre at nokon som kallar seg kristen er utru, enn om andre gjer det. Kvifor er det slik? Blir ikkje såra like vonde uansett kva livssyn ein måtte ha? Blir ikkje konsekvensane like krevande? Ja, eg forstår at her ligg nokre etiske greier og lurer - og at det ofte kan bli meir press på å tilgje innanfor kristelege kretsar, men er det virkelig så forskjellig frå menneske som trur på andre ting? Kan det ikkje vere like øydeleggande for dei?
Har vi som er "innanfor" i kristne kretsar ein tanke om at det er mykje verre at det skjer hos oss, enn at det skjer der ute i verda? Og det bringer meg til neste problem...



For det andre problemet mitt med dette er kven ein definerer som kristen. På ein måte er det eit større problem for meg kva det å seie noko slikt signaliserer.
Kven har rett til å sette den merkelappen på nokon? Skal ein leve opp til ein standard for å kunne kalle seg det? Det er ikkje berre i denne overskrifta at ein definerer nokon som innanfor og andre utanfor "kristne"-begrepet. Det er i grunnen ganske vanlig i kristelege kretsar. "Vi kristne.." eller "vi som er kristne..." eller den som er endå verre: "Dei ikkje-kristne..." Det ligg noko i desse måtane å uttrykke seg på som eg finn vanskeleg.

Eg finn det vanskeleg fordi eg har gått lenge nok i kristne miljø til å vite at det ligg eit sett med forventingar bak dei. At der er ei forståing av kven som er innanfor og kven som er utanfor. Noko som får meg til å tenke på farisearen og tollaren i tempelet. Farisearen som ba sine fine bønner og takka for at han var noko bedre enn tollaren som stod der bak. Medan tollaren berre ba setninga: "Gud, ver meg syndar nådig!" Og eg vil så gjerne vere som tollaren, men trur altfor ofte at eg er som farisearen, berre fordi eg har profilert meg som kristen....


Spørsmåla rundt kven som er kristen eller ikkje har plaga meg ei stund. Eg har møtt dei i mange samanhengar, ikkje minst på jobb. Som god lutheranar trur eg at når du er døyp er du innlemma i det kristne fellesskapet - altså under kategorien ein kan kalle kristen. Eg trur og du kan vere kristen sjølv om du ikkje er døypt. Eg trur heller ikkje at dåpen gjev deg automatisk fripass til himmelriket, men dersom ein velger å tru på Jesus, så er det nok. Dette er fryktelig kompliserte greier, dåpsteologi er ikkje enkelt. Og dei ulike kristne trussamfunna har ulike syn på det, for å gjere det endå meir komplisert..

For min del opplevde eg eit nytt aspekt ved dåpen då eg fekk bere ei av niesene mine fram til døypefonten. I det eg bøygde meg fram for at ho skulle få vatten på hovudet, så kjende eg bevegelsen av å gje ho frå meg. Og tanken slo meg: "No, akkurat no, legg eg ho i Guds hender. Der er ho trygg og der skal ho få lov å leve heile livet sitt." Sjølvsagt kan ho velge det vekk seinare i livet, men om ho gjer det og så angrar seg, så vil ho alltid kunne komme tilbake og ha ein plass i det kristne fellesskapet.


Og dette handlar om tru. Trua er inga bragd, det er ei gåve, noko vi ikkje heilt kan forklare. For meg er det ganske usentimentalt og konkret. Det handlar ikkje om kva eg føler, og er ikkje avhengig av dagsforma mi. Det handlar om kva eg vel å orientere meg ut frå, kva eg trur er utgangspunkt for min(og resten av verda) sin eksistens. Eg trur at det finnes noko større enn meg, eg trur det finnes ein Gud - ikkje mange. Ein treeinig Gud, som i seg sjølv er eit fellesskap, som er tre personar i ein: Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Det er fullstendig ulogisk og likevel heilt naturlig. Forstå det den som kan - eg forstår det ikkje, det er berre slik det er.


Eg trur at Han bryr seg og har omsorg for oss menneske.  Eg trur Han har skapt oss og framleis skaper kvar dag. Han skapte oss ikkje som nikkedukker, vi var skapt med eigen vilje og handlekraft. Og ein plass på vegen gjekk det gale. Eg trur det handlar om at vi menneske ville vere gud sjølv, sette oss sjølv i sentrum og derfor påførte og påfører kvarandre store smerter. I ytterste konsekvens førte dette til døden.  Eg trur Jesus kom til jorda, levde eit perfekt liv, døydde og overvann døden. Eg trur på det Bibelen seier om Han, og derfor trur eg at Jesus kom til jorda for å sørge for at eg kan komme direkte til Gud utan å måtte gjennomgå ritualer, andre menneske eller andre sære ting.



Det er ufattelig sært, merkelig og ulogisk. Og det er ofte at eg tvilar på det. At eg ikkje kan forstå at dette er greia eg trur på. Det einaste som gjer at eg held fast på det er at eg ikkje kan la vere å tru det. For ein realist som meg, så er det ganske rart. Eg kan ikkje ta og føle på det, eg kan ikkje gje vitenskaplige bevis eller dokumentere - det er berre slik det er.. Og likevel kan eg kalle med kristen. Sjølv med all min tvil og alle mine spørsmål.

Ein gong i tida var eg ein av dei som definerte folk innanfor eller utanfor "kristen"-begrepet. Eg er ikkje der lenger. Eg har fått sjå at trua har så utruleg mange former og fasongar. Eg har fått sjå at ikkje alle ropar så høgt om kva dei trur på, men likevel held dei fast på gåva dei fekk i dåpen - eller i trua som dei har fått på ulikt vis. Kanskje handlar det berre om at ein ikkje har språket til å sette ord på det ein trur på. Og så kjem nokon av oss og slår ned den vakre trua i andre menneske, fordi vi ikkje uttrykker det på same måte. Eg har fått sjå at det som fort blir definert utanfor av oss bedrevitere ofte ikkje er det. Og kanskje kan det vi definerer som innanfor vere langt i frå nettopp det.


Så kven er kristen? Eg vågar ikkje å svare på det. Berre Gud kjenner hjertene våre. Det er ikkje mi sak å vurdere det. Eg kan stille spørsmål ved moral og etikk, men det kan eg jo til alle menneske - ikkje minst til meg sjølv. Eg ønsker òg å ta med meg sanninga og nåden som eg lærte så mykje om i Pattaya i fjor sommar  i møte med dei store, vanskelige spørsmåla. Der handlinga blir det som blir fordømt, og ikkje mennesket. Akkurat slik Jesus møter menneske - med sanninga om handlingane deira, enten dei trudde han var Guds son eller ikkje. Og kjærleiken til dei som gjorde handlingane, tilgjeving for det dei hadde gjort og nye muligheter. Det handla ikkje om kven som var kristen eller ikkje, det handla om å vere menneske. Og det handlar om å vere medmenneske.






søndag 8. september 2013

Valg

I morgon er det valg.
Eg gledar meg i grunnen.
Eg syns det er stor stas å gå opp på Rothaugen skole,
og gjere borgarplikta mi.
Det er ei heilt spesiell stemning 
når du går inn i valglokalet og avlukket 
og nesten litt høgtid 
når ein skal putte stemma i urna.


I år har eg blitt endå meir engasjert 
enn eg trudde eg ville bli.
Og i år syns eg faktisk det er ganske vanskelig 
å vite kva eg skal stemme på..
Kanskje handlar det litt om at 
eg har sett det litt frå utsida.
At eg har vore såpass mykje i andre land 
at eg ser kor utruleg godt vi har det.



Vi har hatt ei regjering som har styrt oss 
gjennom ei finanskrise
som resten av Europa har blitt ramma av,
uten at vi merkar noko vesentlig til det.
Vi har gode, offentlege helsetilbod som alle har rett på,
vi må ikkje ha dyre forsikringar for å få legehjelp
eller betale skjorta dersom vi skadar oss eller vert sjuke.
Vi har gode, offentlege skular
der alle har rett til å få utdanning
utan å måtte betale i dyre dommar for det.
Vi har lav arbeidsløyse samanligna med mange andre land.
Vi har høge lønningar samanligna med resten av verda.
Men vi klagar og klagar og klagar...


Jens eller Erna?

Mange av mine venner 
er veldig klar for eit regjeringsskifte.
Eg og ser at det kan vere bra med litt forandring.
Men kva vil regjeringsskifte, slik det no er skissert, bety?
Eg har prøvd å finne ut av det, 
fulgt med på debattar og lest nyheter og partiprogram.
Men eg greier ikkje heilt å få tak på det.

Litt uklart liksom...

Eg forstår dei som seier at det kan vere bra med noko nytt,
eg brukar å vere ganske positiv til det.
Men eg kjenner at eg er skeptisk til noko nytt 
frå nokon som ikkje vil svare på spørsmåla
som betyr ganske mykje i forhold til velferd, 
fellesskap og verdiar eg tenker er viktige.

Då fyrste partilederdebatten gjekk på NRK, var eg i København.
Eg sat på den vesle hybelen og såg den på nett.
Og eg vart skremt.
Før det hadde eg tenkt at det var no ikkje så farleg om høgresida fekk lov å regjere ei periode.
Men det regjeringsalternativet som då vart skissert,
 og som ein har halde på heile valgkampen, 
er ikkje likt det som var før den raudgrøne regjeringa.
Det som skremte meg er at Høgre, Krf og Venstre faktisk vil gå i regjering med Frp.
Det kan dei ikkje gjere utan å måtte inngå kompromiss.
Og dei har ikkje vore villige til å svare 
på korleis dette vil ta form.
Dei kan kanskje ikkje svare på det heller...


Eg har alltid tenkt at 
eg er ganske sentrumsorientert reint politisk.
Eg har ikkje alltid hatt like stor sansen for Krf, til tross for familietilknytning, men eg har hatt sansen for ein del av verdivalga dei stod for. Eg har alltid hatt veldig sansen for Knut Arild Hareide, han virkar for å vere ein god leiar og bra for partiet. Fokuset Krf har hatt mot verda sine fattige har appelert til meg, eg støttar tanken på at vi som er rike må dele. Men korleis dei med eit slikt fokus kan gå i allianse med to parti som så tydelig ønsker å føre ein politikk som vil skape eit større skilje 
mellom fattig og rik, er meg ei gåte.
Ei anna sak eg har likt at dei har vore tydelege på er å verne om menneskeverdet, og at dei då kan inngå i eit samarbeid med eit parti som er tydelige på at dei i enkelte tilfelle vil åpne for aktiv dødshjelp er heilt uforståeleg.

Vil vi ha amerikanske helsetilstander?

Eg har høyrt argumenta om sjukehuskøer og formueskatt, om oljeboring og skuleordningar. Eg har stått i helsekø i eit år utan å få hjelp. Riktig nok ikkje alvorleg sjuk, men likevel i helsekø. Eg har blitt sendt frå instans til instans med spørsmåla mine til eg ikkje gadd meir - eller rettare sagt: Eg sendte brev til Jonas og fortalde korleis Helse Vest fungerer for oss som ikkje er alvorleg sjuke, men som er søkt inn på tiltak som vil vere førebyggande i forhold til å bli alvorleg sjuk, før eg ga opp. Men eg har og fått oppleve at når nokon nær meg er alvorleg sjuk, så får dei hjelp raskt gjennom eit
helsevesen som faktisk gjer sitt beste med dei midlane dei har. 

Kva farge skal rosa ha?

Eg trur ikkje eit regjeringsskifte vil føre noko vesentlig bedring av helsevesenet med seg. Men det kan føre til at vi kjem nærmare amerikanske tilstandar, 
og det er ikkje ei utbetring!
Eg ser Krf sitt poeng med fjerning av formueskatt på arbeidande kapital, men eg lurer og på 
kor mange byråkrater som må til for å vurdere kva som er arbeidande kapital eller ikkje.
Eg trur Norge treng fleire inntektskilder enn oljen, og er ikkje særleg positiv til utbygging i Lofoten og Vesterålen. Men eg ser og at det ikkje berre er å skru av krana før ein har ein plan for korleis ein kan drive Norge vidare.

Eg forstår heller ikkje kva Høgre og vennene deira meiner når dei berre svarer at dei vil drive ein "ansvarleg økonomisk politikk" når dei blir spurt om dei vil halde seg til handlingsregelen. Eg kjenner menneske som meiner dei er ansvarleg økonomiske sjølv om kredittkortgjelda er skyhøg!
Spørsmålet var om dei ville halde regelen eller ikkje,
om den var opp til forhandling eller ikkje.
Det er eit ja/nei-spørsmål!
Eg er lærerdatter og veit at det finnes mange dårlege lærarar, men det finnes jammen meg mange gode også! Og kvifor skal ein innføre karakterar i barneskulen? Kan ikkje born få utvikle seg og leike så lenge som mulig i dette hurtiggåande samfunnet, utan at dei skal måtte målast opp mot ein standarisert skala 
og passe inn i ei avmålt form tidlegast mulig?
Eg har i løpet av valgkampen innsett at eg er mykje mindre borgerlig enn eg trudde.

Enig med 7 eleven!

I morgon må eg altså ha bestemt meg for 
kven eg vil skal styre Norge vidare. 
Det er, sjølv om eg no flyttar ut for ei periode, 
viktig for meg.
Difor gledar eg meg faktisk til å gå opp til Rothaugen skole 
for å gje mi stemme til dei eg trur 
er best for landet mitt dei neste fire åra.
Eg håpar du gjev di stemme og!

GODT VALG!