torsdag 28. april 2011

eg må ha, eg må ha SOLBRILLER PÅ! :D

Sol = ei bedre verd! Så enkelt er det! Alt er bedre når det er sol!
I dag starta eg dagen med kaffe og solbriller på, og fortsatte med det etter jobb.
Dagens bilder er frå Cafè Edvard, der vi fagre kvinner tilbrakte svale ettermiddagsstunder med kaffe og lett konversasjon. Kvalitetstid med andre ord :)

Latte Art: Hjerte med ei lita atombombe under.:)

Edvard og Ingelin :)

Marianne med sitt nye gull :)


Eg satsar på å få bruke solbrillene masse i vår! :D

mandag 25. april 2011

Snart kvardag

Men først ei lita oppsummering av påska.
Eg har vore heime på Stadlandet og slappa av. Eg har truffe alle tre syskena og 9 av 10 tantebarn - og det er ikkje ofte vi får til. Så HURRA for det!

Ei hadde til og med 5-årsdag i løpet av påska :)

Då eg kom heim såg trea slik ut innanfor huset...

Søskenkjærlighet i praksis

Eg har sjekka ut traktorforholda i Stryn... ;)

Eg har og vore på konsert med det som skal vere eit av dei beste blandakora i verda, Oreya. Dei var heilt fantastiske - og dei var med på påskenattsmesse i Ervik, der dei virkelig fekk synge i ei kyrkje som framheva kor flinke dei var!
Eg tok ein liten videosnutt på konserten, har du peiling på kor, ser du at dette krever litt... ;)

(Beklager kvaliteten - iPhone er iPhone, ikkje videokamera! ;) )


Sjølv om skodda låg tungt langfredag morgon..

...så måtte vi finne fram solbrillene etter møtet :)

Det ER vakkert heime! Uansett ver og føreforhold!

Eg var på pizzakveld hos Randi (er illustrert ved Markus og onkel Arvid)
Favorittaktiviteten for Markus var å sitte på øverste hylle og
kaste seg ut i armane på Arvid..
Det var Frida og :)

Så var eg på påskenattsmesse i Ervik.

Og på påskedagsgudsteneste og høyrde kyrkjekoret på Eid

Eg har hatt solbriller på! :)

Eg har blitt tatt bilde av..

Eg har tatt bilde av andre ;)

Eg har funne igjen mesteparten av brillene
eg hadde gjennom oppveksten..

Er ikkje dei fyrste brillene eg hadde fine???

Slik såg trea ut i dag då eg for..

Og eg har spelt spel med dei unge, håpefulle - og tapt!
Det har i det store og heile vore ei fin og rolig påske. I morgon ventar kvardagen. Eg trur ikkje den blir rolig... Men alt har si tid! :)

mandag 18. april 2011

Moods and mist

Eg har vore i Stryn i dag. Det er lenge sia eg har vore der.  Ellen Synøve, mi søster si eldste datter, driv og lærekøyrer, så eg vart fint forvist til baksetet. Det var ein forholdsvis intim tur, i og med at vi var 7 stk i bilen inkludert ho som sat i barnesete. Men alt går om ein berre vil.

Eg slappa godt av der eg sat, så konklusjonen må vere at ho er flink :)

Stryn er liksom kjent for to ting - i følge Liv-Helga sitt hovud: Ski og Simen Staalnacke. (ja, og kanskje Petter Børresen for dei som er skikkelig inne i det..) Og dei som kjenner meg veit at  det er lite sansynlig å finne meg i skiløypa. Ikkje fordi eg ikkje syns det er gøy, men fordi eg er vaksen nok til å innsjå at eg vil vere ei fare for både meg sjølv og andre med ski på beina..


Og målet for turen var å få kjøpt dress til Håvard som skal konfirmerast i juni. Og kva er vel meir naturleg enn ein Moods of Norway-dress til guten som sa "taktor!" før han sa både mamma og pappa - i allefall nesten!


På veg heim, langs etter Hornindalsvatnet låg det skodde i dottar og laga eit magisk landskap - eg måtte berre ta nokre bilder...



Sjøl om målet for turen var å få tak i dress til Håvard, noko vi greidde med glans -  så greidde eg ikkje å gå forbi tilbudshyllene..
Så no er eg eigar av ein moods-genser og ei moods-jakke. Syns det var ganske ok i grunnen. Billig var det og - i forhold til orginalprisen! (og ja, eg veit at her kjem sunnmøringen i meg fram - men eg lovar, den kjem godt med av og til - spesielt når eg er på slike butikkar som eg var i dag!)

søndag 17. april 2011

Regn!

Sånn littegrann regn liksom.. Eg vakna i dag tidlig av at det høyrdes ut som nokon slo bøtter med vatten ned over taket, noko Vår Herre tydeligvis hadde bestemt seg for å gjere!


Det har liksom vore ein dag der det har vore deilig å vere inne. Samtidig vert eg veldig fasinert av å sjå korleis vatnet finn seg nye vegar og plassar å samlast på..

Dette brukar å vere ein liten bekk...

Plattingen brukar å vere tørr... i allefall ikkje har store søyler..

Flødeelva veks seg stadig større.. 

Ein får mest lyst å gjere som Håvard..
 Eg håpar det ikkje fortsetter slik heile påska. Eg syns Stadlandet er reint nok no!

God påskeveke! :)

fredag 15. april 2011

Heimekontor og PC som vil ha påskeferie.

I dag har eg møtt nokre utfordringar. Eg hadde litt eg tenkte eg skulle få gjort før påske, jobbPC-en min er ikkje enig.


Slik skal ikkje dataskjermen sjå ut.. Det var ikkje nettet som ikkje funka, men heimekontorløysinga.. GJE MEG TÅLMODIGHET!!


Etter å ha blitt kasta ut for 4. gong på 3 timar og nok ein gong mista ein del av arbeidet, sjølv om eg fekk lagra stadig litt meir, så fann eg ut at no var det på tide å unne meg litt trøyst!
Og i går kjøpte eg meg noko eg har tenkt på lenge at eg skulle ha:

KAFFEKVERN! <3 og London kaffe <3

til og med rettferdig kaffe  :)

<3 min egen lille starbucks! <3




tok ein liten styrt med espresso først..
 og så vart det lunsj på heimekontoret - og livet (og humøret) vart brått mykje bedre :) snart er det påskeferie! :)

Latte og heimelaga knekkebrød med brunost <3
Kanskje kan eg greie å får gjort det eg hadde tenkt også?

torsdag 7. april 2011

London Make Up!

Då tenker eg det blir siste London-innlegg her.. dette fann eg ut at eg måtte ofre eit ekstra kapittel på, for eg ga Berit kontrollen over fjeset mitt (i allefall litt) og det kan jo bli spennande, eller kva seier de? Ingelin greip i allefall sjansen til å ta kontroll over kameraet mitt... så det vart grundig dokumentert..

Ca natural..





Anton-Berg strawberry&champagne-pause

Kva ein gjer når ein kan leike med kamera..


Musikk til arbeidet og oppladning til THRILLER LIVE :)



Ja, eg har fått lov å legge det ut! Og gutter: dette er imponerande at ho får til!


Ein treng mange speil når ein er tre jenter på tur, vi hadde heldigvis 3 ulike speil-stasjonar på rommet - i tillegg til alle dei små. Eg syns eg vart litt kul med sånn sminke, så det er godt mulig at eg plutselig dukkar opp med det igjen..

Kanskje eg hadde gjort meg i burka?