lørdag 30. oktober 2010

Malermesteren si gave, del 2

La det vere sagt ein gong for alle: Rune er fantastisk!


Og eg har hatt ein veldig, veldig fin laurdag!
Eg har drukke kaffe og sett på at han jobbar. Ja, det er i grunnen det eg har gjort i dag. (bortsett frå å vaske eit par maskiner med kle..) Og gutar, skal du ha ei kvinnes oppmerksomhet, så er det berre å sette i gang å jobbe på kjøkkenet hennar.. (det er det same kva du gjer, så lenge du gjer det skikkelig! ;) )

Klokka litt over 10 kom han og begynte å sparkle.


Eg syns det er utrulig fasinerande å sjå på det. Han arbeidde så fort og sparkelmassa var liksom så mjuk å sjå til, fikk liksom lyst å stikke fingeren inni for å kjenne om den er like mjuk og varm som den ser ut...


For å få det til å tørke slik at han kunne male, så brukte vi litt kreative løsningar...



Så var det maletid.. Først tok han taket. Det var på ein måte litt nødvendig...

trur det hadde vore kvitt ein gong det og...

til tider balansekunst som eg vart svimmel av å sjå på!

Eg lot meg fasinere av balanseringa på trøa.. (gardintrapp og liknande heiter trøe på bergensk..) Eg prøvde meg oppi, erfarte at det var behagelig å stå der, men då sto eg trygt på begge beina. Men det å komme seg ned igjen var ein heilt annen ting..

Etter fyrste malingsstrøket tok vi lønsjpause, og gikk på kinarestaurant. Det funka i grunne bra, ein tur innom Sakrestiet og kjøpe kaffe rakk vi og, før vi vendte tilbake til rollene våre... Og her er resten av dagen, i allefall så langt!

Malarar likar ikkje silikon, men blir yr av acryl! ;)

Når en har malt et strøk, så kan en like gjerne ødelegge det litt... og det
er jo ikkje så farleg, det er jo berre bak kjøleskapet ;)


Slå på lyset... 

Mens vi venter på at det skal tørke...

Siste finish..
Before...

After!!

Snille,  flinke, fantastiske Rune på mitt fiiiiiiine kjøkken! 



fredag 29. oktober 2010

Malermesteren si gave, del 1

Min gode venn Rune er malermester. Og dei som har lest bloggen min tidligare, har kanskje fått med seg at han hjalp meg å rive det gamle kjøleskapet.. og så gikk eg hen og kjøpte ett som ikkje var stort nok til å dekke det sparsommelige arbeidet som var gjort med tapet på kjøkenet.. Så Rune, den gode mannnen, sendte melding til meg på bursdagen og fortalte at han hadde tenkt på at eg kanskje ville ha mala kjøkenet.. og då ville han gjerne gi meg det som bursdagsgave..

Litt gratisreklame! ;)


Eg vart så glad at eg nesten begynte å grine. Eg har levd i snart 9 år med ein blomstrete papirtapet som hadde begynt å løsne her og der..

Død over blomstrete papirtapet!!

EG HATA DEN TAPETEN! Men visste at det var masse arbeid hvis eg skulle male, så eg har berre utsatt og utsatt og utsatt.. Og plutselig fikk eg hjelpa frå ein som faktisk kan å male, og som garantert ikkje lagar kunstferdige mønster i taket, eller på listene - slik eg gjorde i fjor sommar då eg mala soverommet...

Så i kveld starta jobben med grunning. Her er nokre glimt:

Fikk lov å hjelpe til å rive tapeten!!

Han lot meg til og med få leike med et knivblad!

Det en kan kalle froskeperspektiv


Dei som kan det brukar visst hanskar når dei malar...

Det er ikkje snakk om å bruke sånn pinglete "rullebrett" her nei..

Djup konsentrasjon

var liksom litt stemningsfullt...

om han skulle slutte som maler, trur eg han har ei framtid i cirkusbransjen..

Så no er kjøkkenet grunna. I morgon skal det sparklast, pussast og malast. Eg skal jo ikkje gjere så masse, men eg må seie at eg gledar meg. Det blir kjekt å tilbringe dagen i lag med Rune, ja, det er kanskje det beste med heile gåva :)



torsdag 28. oktober 2010

Bursdag! - tankar om levd liv og takknemlighet


Ja, då var endå eit år av livet mitt tilbakelagt, og eit nytt påbegynt.. Veit ikkje heilt kor begeistra eg er for det, men eg kjem ikkje utanom : Eg blir eldre..
Og her om dagen kom eg på kontoret og såg refleksjonen av meg sjølv i vindauget (det var framleis mørkt ute) og der såg eg det: EIT GRÅTT HÅR! Skein som berre det!! Det likar eg DEFINITIVT ikkje!

Men bursdag er liksom dagen for å sjå litt på livet sitt.. Eg skulle så gjerne vore komt lenger, lært meir, våga meir, gjort meir... Men når eg ser på det så må eg seie at eg er rik! Kanskje ikkje på kroner og øre, men eg er rik på glede og kjærlighet!

Eg hadde allereie fått gåve frå søstera mi og familien, men tanteungane mine der syns det var for gale at eg ikkje skulle få noko å pakke opp på dagen.. så dei hadde berre funne noko tanta mangla!

Rosa cordless screwdriver!! Den var berre så kul at den måtte forevigast!

Klar til bruk!
Eg hadde med meg kake på jobb, og hadde ein veldig fin arbeidsdag - og tenkte at eg kan jammen vere takknemlig for at eg har ein jobb å gå til, eg har gode kollegaer med mykje latter og glede. Og mot slutten av dagen stakk Are innom for å få seg ein kakebit og. Det var veldig koselig! 

Eg trudde eg var blitt god på å dokumentere ting, men
å ta bilde av Are på kontoret mitt greidde eg ikkje.. men eg hadde no eit
anna bilde, eit såkalla illustrasjonsfoto ;)
Mamma og pappa var her, så eg fekk deilig middag på bordet då eg kom heim frå jobb og nydelig kake på ettermiddagen. (for kaka eg hadde med på jobb, den forsvann på jobb!) Og det er lenge sidan sist vi var i lag på bursdagen min..
Eg er så takknemlig for at eg har mamma og pappa, og resten av familien min, som er glad i meg og som stiller opp for meg når eg treng dei! Eg er kjempeglad i dei og, og ville gjort kva som helst for dei!

Fantastisk flotte roser frå mamma! :)

Eg fekk så mange fine gåver - felles for alle var at den eller dei som ga den hadde tenkt på kva eg ville bli glad for, og for meg var dét den største gåva. Eg er å utrulig rik som har menneske som bryr seg om meg og som eg er utrulig glad i! Og eg må innrømme at det var litt kjekt med alle fjesbokgratulasjonane!

Konklusjonen etter denne dagen er: Eg kan ofte sjå meg blind på alt som så gjerne skulle vore annerledes, men når alt kjem til stykket, så har eg det så godt som det går an å få det! Eg er så takknemlig!

onsdag 27. oktober 2010

Queen of the night - train...

I Bjørgvin bispedøme er vi miljøvenlege.. Noko som gjer at eg for tredje gong på ca. ein månad har reist til Oslo med nattog. Vi får sovekupe, så det er å leve med, men eg blir litt svimmel dagen derpå på grunn av bevegelsen i toget..

Her er ein liten rapport om det å ta turen over fjella på nattoget:

Gangen utanfor sovekupeane er lang
og trang. Det går ikkje med to koffertar i bredda!

Det er to køyer i kvar kupe.. koffor dei har så spredte
nummer veit eg ikkje..

Det er nesten som hotell - i allefall til du åpnar døra...

Det er i allefall ikkje noko stort hotellrom!
Spesielt når ein er to, med bagasje..

good morning sunshine!
Om nokon lurer på korleis eg ser ut kl.06.20 etter
å ha rulla ei natt... 

Men det skal NSB ha, du får ei "gratis" vannflaske!
(og sov-i-ro)



mandag 25. oktober 2010

Nytt kjøleskap



Då er endeleg det gamle kjøleskapet ein saga som er forbi, og eg har fått meg eit flunkande nytt et! HAPPY DAY! Ei og ei halv veke uten det var krevande, sjølv om eg har hatt tilgang til mamma sitt i etasjen over - og har vore vekkreist. Nokre ting skal ein liksom berre ha... Det snodige er at eg har sakna fryseboksen meir enn kjøleskapet. Men no er det her, og som de kan sjå, så passar det nesten inn i forhold til det fantastiske handtverket som var gjort bak det innebygde kjøleskapet...

Fine, nye kjøleskapet mitt!


søndag 24. oktober 2010

Øvingslørdag med sosial ende

I dag har Seraf vore med på øvingslørdag til masschoir som skal være med i Betlehem på høstmøtesang 06.november.
Under ledelse av Helge Harila vart det ein dag fylt med mange svisker frå barne- og ungdomstida. (samt nokre som mine foreldre ville sette stor pris på.)

God stemning, sjølv om det var kaldt i KF i dag

Det var ein veldig kjekk dag, eg fekk virkelig kjørt meg på bladsynginga og kosa meg i grunnen litt når eg oppdaga at eg ikkje er heilt vekke på det området, sjølv om det er maaaange år sidan sist eg gjorde det.
Og så er det kjekt å gjere noko annerledes, prøve noko ein ikkje gjer til vanleg, og ekstra kjekt er det å være i lag med andre som drive med det same.

God stemning i lønsjen også! :)
Etterpå hadde vi eit par timar kvar for oss, før dei som ville skulle samlast hos Are. Eg må innrømme at det var tungt å mobilisere til å gå ut igjen når eg endeleg var kommen heim. Denne veka har eg vore vekke mesteparten, og i dag var det synging heile dagen og i morgon skal vi synge store deler av dagen. Og så er det så kaldt ute, og glatt.. Slik skal det berre ikkje vere før bursdagen min!!

Løvstakken 23.10.2010!

Men eg mobiliserte, kom meg avgårde, heldt nesten på å dette på isen, men berre nesten og var i et passe dårlig humør då eg kom til Are. 
Men humøret vart betraktelig bedre etter å ha vore i lag med disse flotte menneskene i nokre timar! Berre sjå kor vakre dei er! :









Og eg lovar, dei er minst like vakre på innsida - om ikkje enda vakrare!!



tirsdag 19. oktober 2010

PRINCE!!!

I går var eg på Princekonsert. Det var STORT!!
Gamle mannen helde seg forbausande godt, både fysisk og musikalsk. Klesstilen kan seiast mykje om, og eg hadde forventa meg nåke veldig femi og sært, men mannen er absolutt macho så det holder, og spesielt sær var han heller ikkje!

På grunn av en lite samarbeidsvillig software i går og i dag, så tok det si tid før eg fikk bildene inn på dataen... men her er nokre få.. kanskje kjeme det fleire etterkvart.. Men det viser no litt stemninga i allefall..

Mens vi ventar på Prince

Vi var der!:)

i lyset av Prince

En av vår tids største låtskrivere og artister!
Fantastisk lysshow!