mandag 2. september 2013

Kompliserte kompliment

Den siste tida har eg stadig havna i samtaler rundt dette med kompliment. Og det har ført til at eg har tenkt mykje på dette og har no funne ut at eg må blogge litt om det.
Det er litt komplisert å blogge om, for det vil ta ei form som gjer at det kan oppfattast som om eg fiskar etter kompliment - noko eg absolutt kan gjere av og til (eg er jo kvinne), men akkurat no er det ikkje intensjonen ;)

Vi kan vel alle føle oss litt som denne rosa i blant...

Det starta med ei utsegn om at ein bør arbeide for å gje kompliment på dei indre kvalitetane eit menneske har, framfor utsjånaden. Noko eg forsåvidt er enig i. Det er viktig å sjå forbi utsjånaden, og sjå mennesket som er bak den ytre fasada. Men, er det ein bra ting å reindyrke det?
Eg har ikkje blitt heilt enig med meg sjølv på dette. Eg syns det er rett og slett litt komplisert.

Det er det indre som teller....

Kanskje er det ei jentegreie - men eg kjenner ingen jenter som er 100% fornøgd med seg sjølv og eigen utsjånad. Enten er nasa for stor, kinnbeina for høge/lave, dobbelthaka for stor, leppene for små, hoftene for breie eller for smale, augene for skrå/små/store, for ikkje å snakke om når ein snakkar om heile kroppen som er for tjukk, for tynn, for høg, for lav, for ... du kan stort sett fylle ut med kva som helst, det er alltid nokon som vil skrive under på at det gjeld dei med eit negativt fortegn. Det er alltid rom for utbetring. Aldri godt nok.

dette kan virkelig bare ei mor elske!

Nokre jenter har fått høyre kor vakre dei er opp gjennom åra, men likevel synk det ikkje inn. Kanskje er det reklamen og andre medier som fortel oss om skjønnhetsidealet ingen kan leve opp til som er skuld i det? Andre av oss har heller fått påpeika alle feil og mangler vi har, utan å få høyre noko om at det er noko vakkert ved oss heilt frå vi var små. Så vi, enten vi har fått høyre at vi er vakre eller ikkje, kompanserer vi med sminke, kle eller med å jobbe hardt for å prestere, for å vise at vi óg er gode nok..


Eg skal ikkje tale på vegne av alle andre, men eg kan seie at eg aldri har tvilt på intelligenspotensialet mitt. Eg har alltid vore skuleflink - når eg berre gjekk inn for det. Eg har fått høyre det heile oppveksten at eg er flink, snill og pliktoppfyllande. Og det er jo kjekt å få høyre det. Men ord som søt, vakker og sjarmerande har eg sjelden hørt i forbindelse med omtale av meg. Men når det ein sjelden gang skjer, som då eg gjekk på ein Outlet i Florida, og ei dame stoppa meg fordi ho berre måtte fortelle meg at ho syns eg hadde fine auge - så skjer det noko med meg. (min norske skepsis slo først inn, og eg såg meg om etter det ho ville selge meg, men så forstod eg at ho faktisk meinte det) Eg vart glad! Eg som alltid har ønska meg blå auge, innsåg plutselig at nokon syns at mine gråblågrøngulbrune-auger var fine.


Eg kan og hugse ein jentekveld, der vi hadde ete middag og sminka kvarandre heime hos meg før vi skulle ut og danse. Komplimenta hagla oss i mellom, alt frå sminke og kle, til former og fasongar vart snakka varmt om - og vi gjekk ut, dansa og hadde det gøy med ei heilt anna holdning enn vi gjorde ellers. Vi var på toppen av verda, vi var vakre og stolte av kven vi var. (og nei, det var ikkje alkohol som gjorde det!) Vi hadde sett litt av kvarandre gjennom kvarandre sine auger.. Det er lettare å smile skikkelig når nokon har sagt at dei likar smilet ditt, og du ikkje lenger tenker på at tennene ikkje er perfekte.

Når eg ser på vennane mine, på menneska eg er glad i, så er dei så utruleg vakre! Og her er det at ting blir litt kompliserte. For dei er ikkje fotomodellar (sjølv om nokre kunne vore det), men dei er vakre fordi eg har blitt glad i dei. Dei er vakre fordi dei har indre kvalitetar som eg diggar, og det gjer at eg plutselig legg merke til ting i utsjånaden som eg syns er nydelig.

Eg ønsker jo at menneska rundt meg skal oppleve at eg ser dei - og ser kvalitetane deira. At det ikkje berre blir utsjånad som er greia. Eg ønsker og at dei skal få sjå seg sjølv gjennom mine auge, og sjå kor vakre dei er for meg. Men eg har ikkje lyst til at dei skal føle at det som betyr noko er korleis dei ser ut. Tross alt er det ikkje utsjånaden i seg sjølv som gjer at eg blir glad i folk!

Før sminke og kaffe....

Så kva er rett? Korleis kan ein gje kompliment på ein slik måte at menneske føler seg sett og verdsett, oppmuntra og oppløfta?
Handlar det kanskje om å finne ein ballanse på det? Er det gale om ein påpeikar at nokon har ei fin skjorte på seg, eller kule sko? Eller at dei har fine auge eller at du likar smilet deira?
Handlar det om KVA ved utsjånaden vi gir kompliment på, meir enn AT vi gjer det?
Eller er det litt norsk kultur som er greia? At vi er generelt dårlige på å gi kompliment og at det difor blir vanskelig?



Eg kjenner at dette er ein av dei tinga eg gledar meg til med å flytte til Amerika. All mi erfaring er at amerikanere leitar etter det som er bra, og seier det til kvarandre. Som då eg kom raud som ein tomat frå stranda inn på nærbutikken, og kassamannen såg på meg og sa: "That's gonna be an nice tan, miss!" og blunka til meg. Eg kunne heldigvis ikkje bli raudare, men eg vart veldig sjarmert, og plutselig var ikkje den varme natta eg hadde i vente eit så stort problem som den hadde vore tre minutt tidligare.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar