onsdag 29. september 2010

Trailer-trash

Vi skal vere med på eit "aktiv på jobben"- opplegg, og har fått utdelt skrittellar.
I dag har eg gått et lite stykke..


Faktisk har eg gått heilt frå byn til Fyllingsdalen (i tillegg til det eg gikk til og frå jobb) og er ganske fornøgd når eg ser at eg har gått 11.4 km i dag. Er litt kjekt å sjå kor langt det er, og ikkje berre føle det liksom..

På Melkeplassen møtte Venke meg og vi gjekk siste stykket sammen..


For vi var på vei til møte i åndelig- og sosialgruppa i Seraf. Og denne gongen skulle vi vere hos vår gode venn, Are. Are bur altså i Fyllingsdalen, til vanlig i ei leilighet, men for 8. og siste veke bur han no i ei husvogn..

Vi vart sjølvsagt ynskt varmt velkomen, og det må seiast at det var veldig trivelig.


Det er jo ikkje kor stor plass ein har, eller korleis møblane ser ut som er det viktige, men kven ein er i lag med! Og der det er hjarterom er det alltid husrom!


Og som ein takk for meg, tok eg med meg trailer-trashet og sat på med Gunvor heim. (i allefall nesten)


tirsdag 28. september 2010

En vanlig dag på kontoret..

Som dei fleste har fått med seg har eg begynt i ny jobb, så rådgjevar for trusopplæring og ungdom i Bjørvin bispedøme. Det har ikkje vore snakk om glidande innfasing, men eg har blitt kasta ut i oppgåvene - noko eg elskar!
Eg har enno ikkje kjeda meg på jobb! Det er stadig ei ny utfordring eller noko kjekt som skjer.

stas med namnet på døra!

I dag måtte eg komme meg dit litt tidligare enn vanlig, no skal eg ikkje klage, for 8 er ikkje akkurat å begynne på jobb tidlig!
Men vi skulle ta avskjed med vår kjære Stiftsdirektør, som har fått seg ny jobb ei etasje opp, i Sjømannskirken.

Dette innebar eit bugnande frokostbord, gaveutdeling, dukketeater, kake, taler og masse latter. Og eg har då lært at det heiter ikkje marsipankake, det heiter Hvit Dame! (dersom det er hvit dame som er bestillt då, og den skal visst vere med makronbunn..)

Og etter eit lite seksjonsmøte, var det tid for lunsj. Der vi samla oss rundt bordet med restane etter frokosten. Og det er ingen problem å ete heimelaga Waldorfsalat to gonger på to timar!!
Så bar det ein liten tur innom datamaskina, slik at eg fekk sendt eit par mailar før eg måtte på kino.


Ja, for sånne ting kan ein plutselig måtte.. Vi fekk sjå ein ny dokumentar, som kjem på kino over jul som heiter "Gunnar goes God". Ein interessant film må eg seie, blir spennande å sjå kva reaksjonar han får når han kjem ut på orntlig!

Etter ein liten tur innom Cafè Opera der vi hadde ein prat med ein fyr om filmen, så var faktisk denne arbeidsdagen over.. Heiane, kor fort det gikk!
I morgon er det nok ein dag, med bl.a. boklunsj på hotell.. Eg må seie eg syns eg har ein rimelig ok jobb!

søndag 26. september 2010

Seraf - I love you!

I dag har eg vore sammen ute og sunge med Seraf. Det er ein super gjeng altså! Eg er så glad i disse folka, og det hjertet er fullt av, det flyte munnen over med! (i allefall i følge Jesus)
Og så tenkte eg at eg kanskje kunne dele nokre facts som kanskje ikkje alle veit om Seraf:

1. Å vere på tida er ei utfordring for dei fleste.. (inkludert underteikna!)
So i dag var vi heile to stykke som var der til oppmøtetida, Eva og meg. (eg var sikker på at eg kom til å bli for sein, men eg gikk visst fortare enn eg trudde.. så det var nesten eit uhell at eg var der FØR tida)

Og når ein er først så blir en tatt bilde av.

Det gikk ikkje mange minutta før dei neste dukka opp:

Berit Margrethe og Torgeir 

2. Serafar har godt humør! Vi ler veldig masse sammen, også på scena..

Marianne og Nina
3. Vi er supergode på kveiling av kabler... trur vi i allefall... her er det Gunvor demonstrerer kunsten:

Det er faktisk ikkje så lett
som det ser ut!!

3. Rune er oppnevnt sjef for innplugging av kablar. Det er vi andre veldig fornøgd med!


4. Vi har et forholdsvis avslappa forhold til oppstilling... spesielt under øving..

Men vi tar oss sammen når det kjeme folk i salen;)

5. Dei siste åra har det alltid vore minst ein gravid med.. 

Denne gongen er det Eva som ventar eit englebarn :)

6. Det første som må på plass på øving er kaffe... men det er faktisk nokon av oss som ikkje drikk det! 

Berit og Rune nyte sol og kaffe :)
7. Vi har nokon som stiller opp for oss, og det er vi utrulig takknemlige for!!

Jostein er ein av våre heltar!! Han stiller opp gang på gang! THANK YOU!!
8. Ingelin er kanskje den som til sammen har vore lengst i styret..


8. Maja er den nyaste Serafen - ei super jente frå Grimstad med ei fantastisk stemme!

Det er typisk veldig greit av meg å ta bilde rett etter at ho har
vore ute og gått i en halvtime. Men eg syns no ho e fine eg!:)

9. Vi har opp til fleire (3-trur eg) journalister i koret.. og to av dei passa på å fortelle meg at dette er FYFY! (den tredje var ikkje til stades):
Rune
Skikkelig froskeperspektiv..
Eg syns froskeperspektiv er kult då.. så lenge det ikkje er bilde av meg ;)
Men det skal vist gjerast slik:

eg holdt bare kameraet opp og satsa... blei no ganske ok?
10. Vi er velsigna med masse flinke musikarar som hjelper oss! I dag var det Alf Olav på tangentar og bass og Erik på gitar! Flotte folk!!

Erik midt i ein gitarsolo

Alf-Olav i djup konsentrasjon
Eg må bare sei at eg diggar disse folka her noko heminigslaust! Dei gjer kvardagen rikare og gleda større!! (og for ordens skuld, eg drive fortsatt å finne ut av kameraet, så kvaliteten på bildene er desverre noko varierande, men blir sansynligvis bedre etterkvart)

lørdag 25. september 2010

Bergen, Sol, Venke og Frida

I dag har Bergen bada i sol og eg vore på tur med Venke og Frida.

Det er så deilig med blå himmel - spesielt no om hausten!
Sidan Frida berre er 19 dagar, fann vi ut at det var viktig å ikkje ha den altfor store fysiske utskeielsen. Så vi gikk til ein av mine favorittkafèar i Bergen:

Rett på sida av Grieghallen, i ein raud liten boks..

Her fikk både store og små drikke..


Og så gikk vi tilbake igjen. Det er noko fantastisk når ein får tilbringe timar i sola saman med ei god venninne og ein baby. Ein blir rett og slett takknemlig - for livet og for alt det vakre ein får være med på!

VAKKER!!


torsdag 23. september 2010

Hausten er her

I dag tidlig stod eg opp til eit teppe som låg over byn.. det e berre å innsjå det, hausten er her.

er ikkje lett å få auge på Fløien inni der..

Det heile innbyr veldig til å dra dyna tettare rundt seg om morgonen og gløyme at det er noko som heiter jobb... Men, skal ein ha til salt i maten, så må ein komme seg opp og ut i verda..
Då er det godt med litt kos på kontoret

eg fikk ei lykt til kontoret frå snille søstera mi :)

flaske med drikke og levande lys ved sida av PC-en
gjer livet bedre :)

Og i dag har eg vore ute på tur og. Heilt til Leirvik på Stord, noko som pr.definisjon er Sunnhordland. (Ja, det skrives visst slik, dei sparar på vokalane der sør) Og eg er jo teknisk anlagt, så eg havna med ansvar for det tekniske (lyd, bilder, filmar ect.) og det neste bildet er mest for dei som kjenner til programvaren Easy Worship, ei programvare som gjer det lett å ha to skjermbilder - i allefall til vanlig.. I dag føltes det litt som eg famla i blinde...

Dagens store gjetteleik: Kva er neste bilde?

Ja, nokre utfordringar må ein jo ha.. eller?


onsdag 22. september 2010

Dei små tinga..

Eg har då vore på overnattingsbesøk hos skjønne Agathe. Ho har eit herlig krypinn på Grorud, og der møtte eg denne puta:


Det er noko veldig sant i det.. Og dei små tinga, tinga vi tar som ei selvfølge er ikkje alltid det.. Eg har tenkt litt på kva som er mine "små ting" - og her er nokre av dei:

Kaffe ein haustdag

Sushi i sola ein vårdag

Å leike i snøen

ein sommardag ved havet (på Stadt)

dei fasinerande tinga i naturen (foto: Pappa)

Å plutselig finne kusymre mellom graset frå i fjor

Å få bursdagsgave to månedar for tidlig,
fordi det er då gåva passar best!

Farge på haustdagen


Gode venner å gå tur med (foto: sjølutløysaren til Thor Øyvind)

Gode venner som har tenkt på å ta med
vannmelon på fjelltur!


Å kunne le av alt som ikkje er heilt på stell

Å ha nokon å feire med

søsken og tantebarn

foreldre og besteforeldre

Å gi en klem

Å få en klem



Eg trur egentlig at det meste er variasjonar over det vi kallar kjærlighet...