fredag 21. februar 2014

The Land of the Line

Ventekultur er ein ting vi nordmenn er dårlege på.. Den som har prøvd å gå på eit fly i Norge veit at alle prøver å komme seg fortast mulig gjennom døra. Dei som har sete fremst pressar seg fram som om det ikkje var reserverte seter, blokkerer så inngangen for dei som har sete lenger bak og så blir dei som kjem bak sure fordi dei ikkje kjem fram til sine seter og dei som blokkerte inngangen blir sure fordi boardinga går så seint - og det samme gjentek seg gjerne når ein skal gå ut av flyet. Som om det brenn ein eller annen plass pressar ein seg ut i midtgangen og står som sild i tønne og greier ikkje å danne ei kø som gjev flyt i køa før halvparten har kome seg ut..
Men det er ikkje berre på fly du ser nordmenn sin dårlege køkultur, om ein står som nummer tre i køa på Rema 1000 så er det ikkje måte på kor mykje himling med auger og sukking og akking og til tider kjefting ein kan høyre. Det er veldig fasinerande kor utålmodige vi kan vere som gruppe.

Nordmenn vil jo være først og raskast?

Eg seier ikkje at det ikkje finnes meir kaotiske køkulturar i verden enn nordmenn sin, eg har vore åleine på jobb og opplevd å vere fanga innanfor disken medan 36 italienere prøvde å bestille pizza samtidig. Og eg har vore i både Afrika og Asia, der eg ikkje forstod korleis folk kom levande heim etter ein dag i trafikken. Men det er noko veldig påfallande med nordmenn si utålmodighet når dei hamnar i noko som kan likne på kø..

Det er så lett å hente bagsjen sin
når alle venter på sin tur
BAK  den gule linja....

Og i dag kjende eg litt på denne veldig norske delen av meg. For eg er ikkje annleis, sjølv om eg har innsett at eg har eit reservert sete som ikkje flyttar på seg når eg skal inn på eit fly - og at bagasjen min kjem til å bruke lenger tid til rullebandet enn eg når eg skal av. Eg er utolmodig. Eg vil helst at ting skjedde fort. Eg elskar lettvinte system. Og i dag har eg vore i møte med eit system som ikkje er utprega lettvint. Eg har vore på DMV. Biltilsynet.


Eg hadde ei avtale kl.10.10. Mål for dagen var å få tatt teoridelen på førerprøva. Eg kom dit 09.55. Gjekk til køa for dei som hadde gjort avtale. Kl.10.10 stod eg som nummer 3 i køen. Han foran meg hadde avtalt tid kl.10.00. Eg gjorde som alle andre. Eg tok det med ro og drakk min medbrakte kaffe. Då eg kom fram til skranken fekk eg eit skjema. Det måtte fylles ut. Etter eg hadde gjort det kunne eg berre komme fram til skanken igjen. Eg gjorde som alle andre - det eg fekk beskjed om.


Då eg kom fram til skranken for andre gang, såg han over skjemaet, leverte det tilbake til meg og ga meg ein kølapp. "NEXT" sa han og eg vart skufla ut til neste kø. Denne gongen var det berre å vente til mitt nummer vart ropt opp. Etter ei stund var det min tur - eg kom fram til ei dame som skreiv inn alt eg hadde skrive på skjemaet på ei datamaskin. I tillegg sjekka ho pass, mitt norske førerkort, ulike dokument som viser at eg har visum, jobb og lov å vere her, og at det stemte med det som stod på papiret. (Det hadde då vore enklare at eg hadde fylt ut skjemaet på internett då eg bestilte time, slik at ho berre kunne sjekke at dataene stemte med all dokumentasjon?) I tillegg skulle ho ha avtrykk av tommelen min og 33 dollar. Eg fekk nye papir utlevert og beskjed om å stille meg i neste kø.

No skulle eg ta bilde. Det var ca. 15 foran meg i køa - ikkje ein kjeft klaga. Vi berre stod der, og småprata med kvarandre som om det var derfor vi var der. Etter at det obligatoriske russisk-fribrytar-bildet som er viktig å ha på eit førarkort var på plass, var det å stille seg i neste kø. Endeleg skulle eg inn i det aller helligste. Testområdet!



Her fekk eg utlevert ein test med streng beskjed om å gå til eit avlukke ala dei vi brukar på valdagen i Norge og svare på testen. Det var ikkje lov med mobiltelefon, bøker eller å prate. Ei enkelt dame var åleine om å organisere det heile. Ho virka for å vere den mest effektive på heile DMV. For då eg var ferdig med testen måtte eg stille meg i køa med dei som hadde svart på testen, og ho retta dei og ga oss resultatet. Heldigvis stod eg på første forsøk. Men dei andre som var inne akkurat då eg var der måtte gå ut igjen, sjå grundigare på svara sine og så komme tilbake for runde nummer to eller tre. Ein har nemleg 3 forsøk før ein må betale for ein ny test. Eg må innrømme at eg syns litt synd på han som stod bak meg, som kom frå eit arabisktalande land og som hadde store problem med å forstå californske regler og som tok testen for 7.gang - og som på grunn av nervane ikkje greidde å slutte å prate, og difor strauk på testen uten at ho sjekka den ein gong.

Då gjenstår berre den praktiske testen

Eg tenkte på det då vi køyrde tilbake til jobb frå DMV at det å vente i kø, og ta livet med ro og berre vere tilstades ikkje alltid er så ille. Eg måtte ta ned tempoet, det var ingenting eg kunne gjere med det. Eg høyrde ingen som klaga over at det tok for lang tid. Folk var innstilt på at dette tar den tida det tar. Det å la nokon andre gå foran og ikkje skulle alboge seg fram er ein fin måte å vise andre menneske respekt på. Det å vente på sin tur gjer at ein har meir ro over at det faktisk er min tur no.
Så her har vi utålmodige nordmenn noko å lære av amerkanarane - dei har for eksempel berre vikeplikt i nokre få tilfeller, ellers er trafikksystemet bygd på at ein har respekt for kven sin tur det er. Det er i grunnen ganske kult at ein kan våge å la noko så viktig som kven som har rett til å køyre først gjennom eit kryss handle om kven som kom dit først. Og det fungerer faktisk! Eg syns det seier noko om folka her - noko veldig bra! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar