tirsdag 14. februar 2012

I'm a freak

Eg såg på tv og dumpa innom Live at the Apollo. Der var ein komikar, Jon Richardson, som gav meg ei ny innsikt i meg sjølv. Så denne må eg berre dele:



Han er nok hakket meir ekstrem enn dei fleste av oss, men eg trur han er inne på noko.. i allefall kjende eg meg veldig igjen i forhold til to mennesketypar, "the putters and the leavers".

Eg har ikkje lyst å vedgå det, men det er sterke indisier for at eg er likare denne mannen enn eg likar å tenke på. Og det er tid for den store innrømmelsen: Eg har ein aldri så liten kontrollfreak i magen..
La oss ta nokre eksempel:


Eksempel nr.1: Cd-hylla mi:

Der er ingenting overlatt til tilfeldighetene, der er det organisert etter alfabetet så langt som råd, og så er det nokre cd-ar som er havna i ein klasse for seg sjølv av ulike grunnar. (f.eks. samleplater med diverse artistar) Dette kan nok mange musikkglade menneske kjenne seg igjen i.
Men, få ting gjer meg meir frustrert enn å sjå folk ta ein cd ut frå stereoanlegget og legge den laust, eller endå verre, berre legge den inn i nærmaste cover. Og dette kjenner eg kvart fiber i kroppen skrik over sjølv om det ikkje er min cd..
Cd-ar skal leggast tilbake i riktig cover, og settast inn på rett plass i hylla.


Eksempel nr.2: Handlekorga og bæreposane:

Det er viktig at druene ikkje blir knekt av mjøl- eller melkepakkane. Det kan vel andre seie seg enig i også. Mange vil nok sikkert vere enig i at det å ha eit visst system på korleis ein plasserer varene i korga også har ein funksjon. Eg sorterer varene når eg skal ha dei i bærepose heim, slik at det som skal på kjøkkenet og er mat går i ein pose, og alt anna går i ein annan. Å blande såpe med frukt bør ein jo ikkje gjere.. ikkje frysevarer med ferskvarer heller. Det er best å ha system på det! 


Eksempel nr.3: Organisering av arrangement:

Eg kjem aldri til å forstå dei som skal arrangere kurs og ikkje har lagt i mapper det som skal i mapper før kurset startar. Som ikkje har tabell på tabell med påmeldte og all naudsynt info. Og som ikkje har kontroll å kva dei skal ha med seg av papir. Og som har så roen på det at dei utset å kopiere det dei treng til kvelden før, eller same morgon som kurset skal haldast. Eg beundrar roa deira.

Eg derimot er stressa dersom eg ikkje har kopiert og klart det eg skal i god tid. Skrivaren eller kopimaskina kan jo ta kvelden eller finne på noko anna bøll.
Eg likar å ha oversiketlige tabellar - som fylgjer mitt system!

Jada, eg veit eg er krevande. Men helst vil eg gjere det sjølv, for då veit eg det blir gjort på min måte ;)


Eksempel nr.4: Non Stop, Operamints og M&M

Dette er kanskje den særaste biten. Og det er ikkje så tvangstankeaktig som det kan høyres ut som.
Men, når eg et non stop, operamints eller M&M så har eg ei uvane.. Det handlar litt om smak, men og om mønster. For eg et ein og ein farge. Eg blandar ikkje f.eks. ein neve med non stop. Helst hadde eg sett at eg kunne lagt det ut over bordet i lange striper med kvar farge og ete meg gjennom det, men det ser litt dårleg ut når eg er på besøk hos andre.
Men det er forskjell på å ete non stop og operamints. Rett og slett fordi at det er forskjell på smaken på non stopen, og då et eg jo sjølvsagt fyrst dei som er minst gode..(dei svarte, brune og grøne)
Operamints er det meir mønster, det er veldig kjedelig hvis det er igjen 5 kvite, 5 rosa og 8 lilla. Då må 3 lilla gå før eg kan ta ein av dei andre, og så er det like mange til ei kvar tid.
M&M har eg ikkje ete nok av til å ha fått klarhet i om det er forskjell i smak, så det et eg som eg et operamints.
Men når det skal seiast så er det ikkje ofte eg et noko av det, så dette er ikkje noko som pregar kvardagen min stort.



Eksempel nr.5: Borddekking, rydding og skap

Ting skal ikkje vere overlatt til tilfeldighetene når ein får folk på besøk. Eg følte meg kjempeflink då vi hadde tapaskveld og eg ikkje dekka bordet før Berit og Ingelin kom. Ein del av meg var veldig gira på å ha dette klart før eg la meg kvelden før.

Eg er og svært klar over kor ting skal vere i skuffer og skap. Så når nokon har vore snill og rydda for meg, så blir eg litt desperat. For det er ikkje alle ting som nødvendigvis er like logisk.
Eg trur dette er noko som har utvikla seg på grunn av at eg har hatt lite plass dei plassane eg har budd, og har vorte nøydd å ha system for å få plass til tinga mine.

Det som er værre er at eg har overført dette til oppvaskkummen også. Så når folk skal vere snille og sette ut oppvasken etter måltidet, så kjenner eg at eg virkelig må jobbe med meg sjølv for å ikkje kommandere dei til å gjere det slik som eg vil at det skal gjerast.. Og no har eg erfart at kroppspråket mitt avslører meg.. Sitat frå ein kamerat som prøvde å vere snill: "Eg kjende på heile meg at eg gjorde noko gale!"
Så her har eg noko å jobbe med kan du seie..


Eg kan vel berre innrømme at eg er litt over gjennomsnittlig opptatt av kontroll, system og mønster.
Det er noko noko eg må jobbe litt med - for eg har ikkje lyst å bli heilt nevrotisk på det. Og heldigvis er ikkje nokon av særhetene knytta til katastrofetankar eller tankar om at fæle ting vil skje dersom det ikkje blir gjort slik eg har lyst at det skal gjerast!

Eg har lyst å nyte livet og gi blaffen i kor nøklane er (dei skal henge på ein knagg i gangen forresten!).
Men enn så lenge får eg trøste meg med at eg i allefall kan le av feila mine, og blir ikkje sinna om eg gløymer meg på bussen.

Mi bønn så lenge får vere: "I'm a putter, please love me!" ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar