lørdag 31. desember 2016

Bye bye 2016, Velkommen 2017!

2016 har ikkje vore mitt beste år.
Eg trur mange har følt det litt slik.


Det starta så rått. Med ei påminning om at livet er skjørt. At ingen er udødelig. David Bowie var plutselig var borte. To dagar etter eit nytt album. Det var liksom heilt uvirkelig.


Og det vart mange store stjerner som sa takk for seg i år. Ikkje lenge etter Bowie var det Alan Rickman, som var ein av mine favoritt skodespelarar. Og så kom sjokket med Prince.. Muhammad Ali, Leonard Cohen, George Michael, til og med Prinsesse Leia - Carrie Fisher.. og det er berre nokre få.



Det var jo ikkje slik at ein kjende nokon av dei, men likevel var det som om ein del av mi eiga historie forsvann..
Og så var det terroren då. Eg leste ein plass at det har vore 1274 terrorangrep med ekstreme islamistiske grupper bak i 2016. Det har skjedd i 50 land, 11774 menneske har mista livet og 14303 har vorte skada. Det er ufattelig mykje. Og la meg no vere tydelig: Dette skjer fordi nokre blir framangjorde. Dette er ikkje fordi nokon trur på Islam. Men fordi nokon føler seg utanfor, og søker og finn mennesker i maktposisjon som er hatefulle og hevngjerrige. Og som brukar alle midlar for å få makt.  Dei aller, aller fleste terrorangrepa har ikkje skjedd i vår vesle del av verda. Det har skjedd i muslimske land som t.d. Irak, Afganistan, Syria og Pakistan. Men alt vi har hørt om er Nice og Berlin.. litt satt på spissen.


Og det har vore rikelig av hatefulle handlingar på amerikansk jord også i år.
12. juni gjekk eg til Glide Memorial Church på gudstjeneste. Eg hadde stressa for å nå det, og ikkje fått med meg dei hjerteskjerande nyhetene frå Orlando, Florida.
Det vil kanskje sitte i meg som den sterkaste opplevinga frå året som gjekk, då eg forstod kva som hadde skjedd - og dei fortalde at ei av kvinnene i salen sat og håpa på å få telefon frå nokon som kunne fortelle korleis det stod til med dattera, som jobba på akkurat denne utestaden.
Før eg flytta hit var historiene om skyteepisoder i USA berre triste historier - no har eg plutselig ansikt knytta til fleire av dei. Det er faktisk ein del av nokon si virkelighet. Det er nært.

 
Og no har dette landet valgt en president som har ein hatefull retorikk. Som fremmer frykt og forsvarer vold. Og Norge har politikarar som ikkje ligg særlig langt etter.
Vi skal vere stolte av vår norske identitet, men eg er ikkje stolt av den om det betyr at vi ser oss sjølve som betre enn andre. Eg greier ikkje å vere stolt om det betyr at vi syns det er heilt ok at ca. 5000 dør på flukt over Middelhavet - så lenge det betyr at dei ikkje kjem til oss.
Eg er ikkje stolt over min norske identitet når det flaggar lik og del -innlegg på facebook som  ropar hurra for at vi har verda sin strengaste asylpolitikk og blir lagt merke til med negative fortegn.
Og helst vil eg ikkje assosierast med den kristendomen dei som ytrar dette flaggar eller gøymer seg bak heller..
Det er over 60 millionar flyktningar i verda. Det er minst 12 gonger Norge si befolkning.
Og no har eg hatt flyktningar tett inn på livet over tid, og eg har dette å seie om dei:

1. Ja, det er nokre som har psykiske problem. Det er det nokre av oss nordmenn som har vokst opp i fred og fridom også som har.
2. Det er mange som har vore gjennom grusomme traumer. Eg lurer på korleis du og eg ville hatt det om vi hadde vore gjennom halvparten, og så vart isolert på eit asylmottak og sat der i åresvis utan å få jobbe, bevege oss fritt og stadig hadde hengande over oss at vi kunne bli henta når som helst og kasta ut.
3. Dei aller fleste eg kjenner og kjenner til, som har fått lov å bli, har jobba beinhardt for å lære seg språk, skikkar og for å gjere ein god jobb. Dei er hardt arbeidande og går nesten alltid minst ei ekstra mil. Det kan eg dessverre ikkje seie om alle nordmenn, sjølv om eg kjenner veldig mange som er både rause, genereøse og hardtarbeidande....

Men, tilbake til 2016:
Personlig har det også vore litt av eit år...

Det starta her:
 

Eg begynte med ferie - og tenkte at herfrå kjem det berre til å gå oppover..
Men:

Først var det berre så vidt eg kom med flyet tilbake til USA.
På Gardermoen måtte eg gjennom 5 stasjonar før eg fekk lov å reise på eige ansvar.
For visumet mitt gjekk ut i april
Og det hadde plutselig andre konsekvensar.
Ja, eg kom inn igjen uten problem.
Eg var til og med ønska velkommen heim.
Men så oppdaga eg at det amerikanske førarkortet mitt gjekk ut før visumet.
Og etter mykje om og men, kom endelig papira og eg sat på DMV for å få fornya det.

 

Om du har sett Zootopia, og sett scena frå biltilsynet, så er den ubehagelig tatt på kornet.
Einaste forskjellen for min del var at eg fekk ein saksbehandler med ein svært dårleg dag.
Men etter 4,5 timar så kunne eg gå. 
(Alt eg måtte gjere var å fylle ut eit skjema og få ei underskift... 4,5 timar!!)


Og prøvelsane har vore mange. Eg har tilbrakt fleire timar i tannlegestolen enn det eg har hatt ønske om. Og det blir jo nokre kroner, men fordi eg har ei diagnose som kvalifiserer for fri tannpleie, så har eg måtta krangle med forsikringsselskapet og Helfo. Eg lovar deg - dette er ikkje enkle greier.
Forsikringsselskapet har eg blitt godt kjend med, fordi dei ikkje vil dekke nokre blodprøver som har vore feilmerka. Og det er ekstra hyggelig når du har fått all dokumentasjonen dei ber om, og historia plutselig endrar seg. For å seie det slik: Det amerikanske helseforsikringssystemet ligg langt utanfor alt du kan fatte når du kjem frå velfungerande Norge - sjølv om du sikkert har mykje å klage på der og.

Og det har vore eit år der eg ikkje har vore i form heile tida.. og ekstra kjekt er det når feberen kjem når du har besøk...


Og besøket går inn for å teste OCD-en din..

Dette er berre ikkje greit i det heile tatt!

Det har vore eit år der ikkje alle heime har hatt det like bra, og då kjennes det at du er langt unna..


Det kjendes også litt krevande når ferien heime, som skulle vere berre kos og avslapning, vart prega av at myndighetene her gjorde ein grundig sjekk av meg.  Ein sjekk som ingen i Sjømannskirkens historie visstnok har vore gjennom..


Og så var 2016 året eg har frykta. Eg vart 40. Og heile året har vel vore litt prega av 40-års krisa. Trudde ikkje eg ville oppleve det. Det gjekk jo så fint å bli 30..


Men 40 er ikkje like greit. Heldigvis finnes 35-45-avkrysningsboksen i ein del spørreskjema enda ;)


Men,  det har vore mange gleder i 2016 også:

Eg har fått sett nye plassar:

Bodie, for eksempel :)

Eg har vore på shopping med fine folk:

Disse er IKKJE mine ;)

Eg har tilbrakt fleire dagar på stranda:


Eg har ikkje berre vore støttemedlem på treningsstudioet:


Eg har faktisk brukt bunaden:

Gode kollegaer

Eg har opplevd ein ralley:


Eg har rydda klesskapet (og donert det som ikkje passa til good will):


Eg har spelt spel med fine folk:


Eg har gjort nye erfaringar, som å ta tog- og sitte i andre etasje:


Eg har vore på mitt første Mardi Gras-party:


Eg har vore på konsertar:

Jarle Berhoft i mai
Vi klagar ikkje når vi får sjå Highasakite til $13

Eg har hatt besøk av fine folk:


Eg har besøkt fine folk:


Eg kom meg endelig til Lake Tahoe:

 

Eg fekk møte gode venner då var i Norge:




Med Bulmers og verdens beste popcorn


 

Den allerfinaste søstera i verda!<3

Eg har hatt besøk av endå fleire fine folk:


nokre tok meg med på tur (foto: Julijana Batarilo)
nokre tok turen fleire ganger

Nokre la vegen innom..


Og vore på konsert med to staute og nokre gospel-legender: 



Jo, 2016 har hatt sine fine sider også.
Eg syns det har vore mange røster som har vore verd å høyre på. Røyster som har løfta seg når dei har sett urettferdighet og vondskap har skjedd. Røyster som har snakka om å vinne over hat og ondskap med kjærleik og omsorg. Røyster som har løfta seg, med håp om forsoning, tilgjeving, visdom og ei bedre framtid.

Og kanskje mitt favortittøyeblikk i 2016, i allefall TV-øyeblikk, var når Julenissen viste Vinter NÅDE i den vakraste adventkalendene eg har sett; Snøfall.


Det var jo en opptur å snakke med familien 1. juledag også.

ikkje verdens beste skypeforhold..

For i år har eg virkelig sakna det å vere heime. Det har vore supertravelt fram mot jul. Og eg såg i grunnen berre fram til å synke ned i sofaen 1. juledag på kvelden. Julekvelden kom eg heim og åpna pakkane kl.12.17 natt til 1. juledag. Så ein rekk liksom ikkje tenke så masse på det. 
Men eg merkar at det er 5 år sidan eg hadde jula heime. Ja, eg kom heim natt til 3. juledag i fjor, men det er på langt nær det samme som å ha jul sammen med dei ein er mest glad i - og der ein er heilt heime.

Men eg har hatt det fint her og. Så eg klagar ikkje. Eg har berre kjent på at eg høyrer til og har menneske eg er ufattelig glad i!

Men - Eg har gode menneske rundt meg her og, som f.eks. har invitert meg på julelunsj:


og til omvisning på Stanford:


Så sjølv om jula offisielt er over her, så har eg likevel kjent på noko av julegledene :)

 

Eg har fått sett byen frå ulike perspektiv 


Ja, og rett før jul fekk eg endeleg oppfylt draumen om å sjå Nøtteknekkeren.. Det var magisk!

 

På mange måtar kan ein seie at eg har følt at 2016 var året då bordet kollapsa litt..


Men med ein stor porsjon hjelp frå gode venner og familie, 
og god humor,
så har det ikkje gått rett adundas -
og det har satt gode og vakre spor i livet også.


Så no håpar eg berre på eit endå bedre 2017.
Og eg ynskjer alle der ute ei fantastisk feiring og eit velsigna, godt nytt år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar