lørdag 31. januar 2015

Good girl gone bad?

"Alt ordner seg for snille piker" heiter det. Eg har høyrt det utallige gongar. I det siste har eg gått og fundert på dette. For gjer det egentlig det? Eller kva må til for å vere kvalifisert som "snill pike"?
Kan nokon av oss egentlig påstå at vi er gjennomført snille? Er "snill" det samme som "å aldri gjere noko gale"? Og er det berre dei snille pikene det ordnar seg for?


Det er litt "julenisseteologisk" om du spør meg. "Er det nokon snille barn her?" -ish. Jo meir eg tenker på det, jo mindre likar eg det. Akkurat som eg var urolig for at julenissen skulle stanse foran meg når eg var liten og seie at eg ikkje var snill nok til å få posen på julefesten. Heldigvis var eg ikkje så gammal før eg forstod at dette var ein sambygding som hadde kledd seg ut.


Spørsmålet er om vi faktisk trur på dette, eller om det berre er ein flåsete måte å uttrykke lettelsen vi kjenner når vi igjen kan trekke pusten heilt ned i magen, etter at ting som ikkje såg ut til å ordne seg faktisk gjorde det? I dag snakkar ein ofte om skjebne, om karma og alt mulig som liksom skal forklare korleis vi endar opp der vi er. At ein filosoferer om at universet har sin måte å ballansere ut godt og vondt. For ikkje å snakke om når vi åndeliggjer det, som om Gud belønner oss for å vere ekstra snille eller straffar oss dersom vi ikkje er det.


Eg kan fort fleipe med både skjebne og karma, men la meg vere veldig tydelig på ein ting: Eg trur på ein GOD Gud. Eg trur og har erfart ein Gud som er som ein GOD far som løftar opp barnet sitt når det ramlar og ber det når det ikkje greier å gå sjølv, og som heiar på barnet sitt når det går bra. Men han forskjellbehandlar ikkje søskena fordi den eine er snillare, flinkare, penare, yndigare, smartare, eller kva det no måtte vere, enn den andre! Forrige søndag var preiketeksten om en blind som Jesus helbreder (Joh.9) og folka rundt lurer på kven sin feil det er at denne mannen vart fødd blind. Jesus svarer ikkje på kvifor han er fødd blind, men han er tydelig på at det ikkje er nokon sammenheng med kva verken mannen eller foreldrene har gjort.

Fort gjort å gå på trynet...

Eg har fundert og fundert på dette med dei snille jentene. Altfor ofte har eg gjort ting uten å tenke på konsekvensane. Og hadde eg hatt litt mindre flaks, så hadde eg heilt sikkert blitt stempla som mindre "snill pike" enn det eg greier å komme unna med no. Faktisk veldig mykje mindre "snill pike". Sjølv om eg fikk ein snill pike-knekk då eg kom heim til Stadt med rastafletter og hol i nasa.. Eg må jo innrømme at eg slett ikkje er så snill som eg gjerne skulle sett at eg var. Igjen: Er det egentlig noko som kan påberope seg å vere "snill pike" tvers igjennom? Uansett: Eg kjenner så mange "snille piker" som har opplevd ting, og forsåvidt har eg og opplevd ting, som motbeviser at alt ordner seg. Livet går vidare, ja, men alt ordnar seg ikkje.

(godt oppsummert og frekt og freidig henta frå nettet)


Ein kan jo berre ikkje seie at det ordna seg når ein endeleg har tatt mot til seg og fortalt ein av dei beste vennane at ein har forelska seg i dei, sjølv om ein gjer det utan forventning av gjengjeldte følelser, og det knuser alle element av relasjonen. Det ordnar seg jo ikkje når ein stryk på eksamen, sjølv om ein har vore superflink og lest som ein helt - men misforstod oppgåva. Det ordnar seg jo ikkje når ein stressar av gårde, og ikkje ser bilen som kjem, og enda på visa blir lange sjukehusopphald og ein kropp som ikkje lenger kan alt den kunne før. Det ordna seg jo ikkje når ein trur på at ein har møtt den rette, tek sjansar ein ellers ikkje ville gjort, og endar opp gravid, redd og åleine. Det ordnar seg jo ikkje når ein møter diagnosa som snur kvardagen på hovudet og som ikkje gjev lysande framtidsutsikter. Det ordnar seg jo overhode ikkje når nokon umistelige plutselig er borte og alt ein ser er eit botnlaust svart hol. Og av og til blir livet så vanskelig og fullt av ting som ikkje ordnar seg at ein mistar livsgnisten... Livet er fullt av små og store "det ordnar seg ikkje". Nokre av dei er altoppslukande, medan andre børstar ein lettare av seg.


Det er tonnevis av eksempel på at sjølv om ein er den snillaste jenta i klassa, så er det slett ikkje alt som ordnar seg. Det handlar ikkje om at ein har blitt mindre snill. Av og til handlar det om at ein ikkje har tenkt på konsekvensar eller har tatt sjansar, av og til er det forklaring i omgivelsane, men oftast er det ingen logikk eller forklaring på kvifor. Det berre skjedde. Det ordna seg ikkje, men livet gjekk vidare, ofte i ei anna retning.


Og eg har tenkt litt på det. Kanskje skal vi av og til vere glad for at det gjorde det. Vi skal ikkje pålegge andre å vere takknemlig for sjukdom og død, det er for vondt og vanskelig. Men mykje av det andre som ikkje ordnar seg kan fort føre til endringar som er like bra, eller kanskje også bedre, enn det som var den opprinnelige planen. Eksamenen som ein ikkje stod på kan fort føre ein inn i eit heilt anna yrke enn ein hadde planlagt, kjærligheten som ikkje vart noko av kan fort føre til nokon som faktisk var endå bedre og eg har enno ikkje møtt nokon som har angra på at dei fekk barnet sjølv om omstendighetene ikkje var ideelle. Eg trur orda våre har meir makt enn vi ofte trur. Også når vi snakkar om at ting går bra. Kanskje kan ein seie at det ordner seg, men spørsmålet eg sit igjen med er: Hadde det ikkje vore bedre å seie at sjølv om det går kanskje ikkje som ein har tenkt, men det kan gå godt likevel? Og så droppe "snill pike"-tillegget?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar