fredag 24. oktober 2014

Psykisk ?

 
Eg har den siste tida møtt ein artikkel om kva mentalt sterke menneske ikkje gjer i fleire kanalar. Første gongen eg las den nikka eg litt gjenkjennande og tenkte ikkje så nøye over det. Men den har likevel festa seg ved meg, og etter å ha tenkt litt over ting er eg ikkje like ukritisk til innhaldet no som eg var då.

Artikkelen var ei lang sjekk-liste av psykiske finurligheter som går på at ein ikkje bekymrar seg, lar andre ta kontroll i livet vårt, ikkje er redd for endringar eller prøver å gjere alle til lags. Det handla om at ein ikkje dveler ved fortida, gir opp når ein har feila, gjer i alle fall ikkje samme feilen fleire gonger, blir ikkje sjalu på dei som får ting til eller føler at verda skuldar ein noko. Ein kunne skrolle seg gjennom 13 punkt og om ein kunne sjekke av alt, så kunne ein i all si sjølvgodheit klappe seg sjølv på skuldra og tenke: "Eg er eit mentalt sterkt menneske!"
Men eg er ikkje så sikker på kombinasjonen av "dette er meg" på alle punkta vil avspegle eit mentalt friskt menneske. Sjølv om det er, i følge internett, ein psykoterapaut som har laga lista.


Og her er grunnen:
Eg trur lister som dette er med på å skape eit endå større tabu rundt psykiske lidingar og stenger mange dører til å snakke om psykisk helse på ein sunn og god måte. Lister som dette skaper urealistiske forventningar til eigen psyke, fører til at proposjonane på ting blir feil og set lett menneske i båsar dei slett ikkje høyrer heime. I ytterste konsekvens kan det skape ei haldning til at det faktisk finnes overmenneske og undermenneske.

Vi har alle ei psykisk helse. Eg trur og vi alle har sterke og svake sider når det gjeld den. Eg trur og at kor sterk du er handlar om kvar du er i livet, kva du har vore gjennom og kva støtte og hjelp du har rundt oss. Eg sakna mellom anna eit punkt på denne lista som eg anser som viktigare enn både om eg dveler med fortida eller gjer same feilen fleire gonger, nemlig at eit mentalt sterkt menneske ber om hjelp når det treng det. Eg ville også sagt at eit menneske som har mental styrke vil og kunne våge og vise svakhet, og kan tillate seg å vere svak. Men kanskje handlar dette om sunnhet, ikkje styrke.

 

Det å alltid opptre som sterk må vere krevande. Det å ha ei liste over kva ein ikkje kan gjere dersom ein skal vere mentalt sterk, og leve slavisk etter den, må vere ekstremt slitsomt. Eg leste ein kommentar til artikkelen, i forbindelse med at eg googla forfattaren, som handla om eit menneske som har vore på seminar med henne og som lengta etter dagen då vedkommande kunne kontrollere følelsane sine. Mitt spørsmål då var: Er det sunt å alltid ha kontroll på følelsane? Er det sunt å ikkje kunne vise kven ein er? Er det sunt å strebe etter å vere nokon som ein ikkje naturleg er? Er det sunt å skulle passe inn i ein mal? Eller for å snu det på hovudet: Er det usunt å begynne å gråte dersom nokon sårar ein? Er det usunt å bli sint når nokon trakkar på andre si verdighet? Er det usunt å le når ein blir glad? Kan det vere at å skulle leve opp til ei slik liste, å gå med den i bakhovudet som ein rettleiar på kva som er akseptabelt for eit mentalt sterkt menneske, blir så strevsomt at det kan føre til at ein blir psykisk sjuk?

 
Eg er ikkje den flinkaste til å snakke om eller å vise følesar. Eg prøver stadig å kontrollere det - og kan smile til dei som trykker meg ned, sjølv om eg er desperat på innsida. Eg dveler kanskje ikkje med fortida, men det er ting der som gjer at referanserammene mine er som dei er. Eg prøver å lære av feila mine, men eg gjer stadig nye variasjonar av dei sjølv om eg trudde at eg hadde lært. Eg har gitt opp å gjere alle til lags, men eg vil jo likevel at folk skal like meg og gjer så godt eg kan for at dei fleste rundt meg skal ha det bra. Eg er av ein mennesketype som elskar nye ting, og som har lett for å handtere endringar, men eg kjenner mange sterke menneske som ikkje likar endring - og av og til syns eg og at det kan vere krevande. Og eg kan misunne dei som får til deg eg ikkje mestrar så inn i hampen, og skulle så inderlig ønske at det var meg - men det betyr ikkje at eg ikkje gledar meg over at dei får det til!


No er eg ingen psykoterapaut eller psykolog. Eg har kun livserfaring og nokre bøker å vise til. Så det kan godt vere at eg er heilt på viddene. Eg avviser ikkje at det er noko som heiter psykisk sjukdom, eg påstår berre at det kan ramme oss alle. Eg avviser ikkje at det finnes styrke og svakhet i den psykiske tilstanden vår, eg trur berre ikkje at ein kan sette opp ei liste og seie at slik er det - den vil i allefall vere meir nyansert og langt lenger enn 13 punkt over ting ein ALDRI gjer. Eg trur og at for nokre ting er vi genetisk disponert, medan andre ting handlar om kva erfaringar vi gjer oss og miljøet vi beveger oss i. Ting er ikkje svart og kvitt når det gjeld psyken vår.


Og eg trur det er viktig å snakke om psykisk sjukdom og utfordringar vi har i vårt indre liv. Det er viktig å kunne anerkjenne at vi alle har både gode og dårlege dagar. Og akkurat som med fysisk smerte så har vi også ei smertegrense på psykisk smerte, som er ulik frå person til person. I tillegg er referanserammer og reaksjonsmønster ulikt hos oss, og kan bli oppfatta på ein veldig feil måte. Ikkje minst trur eg vi treng å få fjerna tabuet rundt det. Psykisk sjukdom rammar ikkje berre svake menneske, og det burde vere like naturlig å snakke om som forkjølelsen vi hadde i fjor. Kanskje det som gjer at eg reagerer som eg gjer på denne artikkelen er følgande: Eg har vore langt nede og eg har erfart at eg ikkje mestra utfordringane som kom min veg, og eg prøvde å gjere som denne dama lista opp. Det gikk ikkje. Men livet kom på rett kurs igjen då eg ba om hjelp og våga å sette ord på det som var vanskelig, då eg ikkje streba etter å vere sterk men tillot meg sjølv å vere svak.


Eg trur at eit menneske som aldri har kjent på korleis det er å vere svak, ikkje er særleg sterkt når det kjem til stykket. Men eg trur og at dei aller fleste av oss har kjent på det og komt styrka ut på andre sida, med nye og bedre perspektiv på livet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar