onsdag 30. juli 2014

Splitta Liv

Om ei god veke (ok, om 9 dagar) sit eg på flyet til San Francisco igjen.
Denne gongen er det litt annleis enn forrige gong.
Då var eg full av spenning over kva som venta meg. Spørsmål av alle slag surra i hovudet.
Denne gongen skal eg heim til ein kvardag. Eg veit kvar eg bur og kva eg skal styre med.


Forrige gong var eg så spent på det som venta meg at eg ikkje tenkte så mykje på det eg reiste frå. Eg skulle ut på eventyr. Og så var det ikkje så lenge til eg skulle heim til Norge igjen.
Denne gongen blir det nok nærmare eit år før eg setter nasa mot austover igjen, i allefall så langt austover. Det er nesten slik at eg får vondt i magen når eg tenker på kor lenge og langt det er. Men eg veit jo av erfaring at tida ofte går fortare enn eg likar når det kjem til stykket..

Solnedgangen i havgapet heime på Stadt

Eg har vore lenge heime i sommar også. Det er over to månader sidan eg reiste frå San Francisco. Riktig nok var eg på ein ferietur til Hellas i starten, men det har vore nokre rolege månader som stort sett har vore heime på Stadt eller omegn. Eg har vore mykje med familien og ein del med venner. Eg har kjent på at eg faktisk har røtene mine her, og at eg er så glad i desse menneska at eg ikkje har ord på det. Kanskje er det den berømte nedturen som kjem no - for eg syns det er litt vanskelig å skulle reise frå dei.


Men samtidig gledar eg meg veldig til å komme tilbake til kvardagane i San Francisco. Eg gledar meg til å sjå igjen alle desse menneska som har fått stor plass i hjertet mitt det siste halvåret. Eg har jo tenkt på dei jamnt og trutt heile sommaren og lurt på korleis dei har det. Eg har sakna dei, sjølv om eg har hatt det supert her eg har vore. Eg ser fram til å få møte nye og gamle kollegaer igjen, og finne vegen vidare sammen med dei. Eg elskar jobben min. Eg er så heldig som får denne muligheta. Det surrar stadig nye idear om korleis eg kan gjere ting på jobb, så eg er rimelig sikker på at eg er på rett plass. Ja, sjølv om det er kvardag er det ikkje mindre eventyr. Og det er ikkje fritt for at det blir spennande å komme tilbake heller, eg lurer veldig på korleis det blir å gå nedover bakkane der med krykker...


Det er veldig merkelig å vere i ein slik tilstand som eg er i no. Eg er splitta. Eg er glad for dit eg skal, men lei meg for at det betyr at nokon må bli igjen her heime. Heldigvis har vi skype, snapchat, epost og telefon og andre tekniske duppedingsar som gjer at det er mulig å halde kontakten. Det er liksom ikkje slik som før i tida då eit brev tok tre veker. Og eg skal jo heim neste år også! Men eg må også innrømme at eg så veldig gjerne skulle sett at familien min og vennane mine her var nærmare. 9 tidssoner er liksom litt...


Det er baksida av medaljen. Ein kan faktisk ikkje få både pose og sekk når det gjeld dette. Eg veit jo at eg kjem til å ha det fint når eg kjem tilbake til San Francisco - for eg har allereie begynt å føle meg heime der også.  Heldigvis går det ikkje ein månad før første besøket seier at dei dukkar opp. Likevel håpar eg at San Francisco tek i mot meg med like åpne armar denne gongen som forrige - for eg har en følese av at eg kjem til å trenge ein klem eller to..



1 kommentar:

  1. God tur over! Å høre til flere steder er spennende og vemodig på en gang. Et år går fortere enn man tror, men neste sommer kjennes utrolig langt borte når man setter seg på flyet i august. Ser fram til å møte deg når vi kommer tilbake i januar! Alt godt!!

    SvarSlett