fredag 25. juli 2014

Fritt skuleval?

Våren då eg var 16 år sat eg med søknadsskjema til samordna opptak framfor meg. Eg hadde hatt eit "friår" på folkehøgskule og no var tida komen for å velge kva eg ville vidare i livet, eller i alle fall kvar eg ville gå på vidaregåande. Valget var vanskelig, og eg måtte gå nokre runder med meg sjølv.

15 år og kjempeforelska
i ingen ringare enn Jordan Knight
i NKOTB - så då tegna eg han..
Kunne eg vorte flinkare om eg hadde
fått velge ei anna linje?
Ein del av meg hadde veldig lyst å gå tegning, form og farge. Men dette var ikkje eit alternativ, for i Sogn og Fjordane hadde vi ikkje eit slikt alternativ. Eg kunne søke på Fagerlia i Ålesund, men eg ville stille bakerst i køa og sjansen for å komme inn var minimal. Så eg enda opp med å søke på musikklinja på Firda. Eg hadde tre fine år der, så eg angrar ikkje - men eg har ofte lurt på kva valget hadde vorte om eg kunne velge fritt...

Musikklinja var jo ikkje feil den heller..
Det er jo over 20 år (!!!) sidan eg gjorde dette valget, men ting har ikkje endra seg vesentleg mykje, og ikkje direkte til det bedre. Dei siste åra har eg fått sjå på nært hald korleis systemet ein har for dette ikkje nødvendigvis er så bra.. Og det undrar meg at fylkeskommunene er så forherliga grenser på dette. Det er ikkje nødvendigvis det beste for ungdommane. Eg meiner det burde vore ei politisk sak, men sidan ein sikkert ikkje møter dei samme utfordringane på austlandet som ein gjer her på vestlandet, så blir det ikkje prioritert. Og når då ungdommar som jobbar som heltar for å komme inn på linjedraumen sin opplever byråkratiet frå si verste side, då kjenner eg at det kokar litt i meg..

Mange har sikkert fått med seg at nevøen min og eit par volleyballtalent til frå Volda måtte gå til media for å få "gjesteelevsgaranti", fordi byråkratiet i Møre og Romsdal fylkeskommune hadde tidsfristar som var rimelig urealistiske. Sjølv om ungdommane som hadde søkt hadde gjort det dei kunne innanfor fristen, var inntaksprosessen slik at dokumentasjon på skuleplassen kom fleire månader for seint. (kven kan vel vise til plass på vidaregåande skule i april?) Vedtaket som fylkeskommunen hadde fatta gjekk heller ikkje an å klage på. Dette var andre saka ein kunne lese om i media samme veka om byråkrati og elevar som ikkje fekk gjesteelevsgaranti... Og for meg blir det heilt feil at elevar må gå til media for å få skuleplassen ein har jobba for og kome inn på. Det ordna seg for nevøen min og vennane hans - men det hadde det ikkje gjort om han ikkje hadde gode folk rundt seg og media hadde tatt saka. Eg blir også litt lei av at slike saker dukkar opp år etter år utan at nokon tar tak i det på ein meir generell basis - slik at det blir opp til kvar enkelt elev å kjempe for plassen sin. Kva då med dei elevane som ikkje har eit ressurssterkt nettverk rundt seg?

Når du jobbar mot draumen... 

Men la meg gje nokre andre eksempel:
Dersom ein elev frå Stadlandet ønsker å gå automasjon-linje på yrkesfag (det er sånn elektriker-greier som vi vanlege ikkje forstår oss på), så må vedkommande til Årdal. Å komme seg dit er ei aldri så lita kinareise å komme seg dit, sjølv om det er i samme fylke. Med bil og full klaff på ferger vil det ta omlag 5 timar. Men ein sekstenåring har ikkje førarkort.. Med buss snakkar vi om nokre timar til. Sjølvsagt kan ein ta fly frå Sogndal til Sandane, men det var dette med pris då. Og at ein må komme seg frå Årdal til Sogndal og frå Sandane til Stadlandet, noko som ikkje nødvendigvis er det enklaste med rutegåande trafikk.. Same utdanning kan ein få i Ørsta. Det er 2,5 timar unna inkludert ferge. Vi snakkar ikkje om mange timane ekstra med buss.


Dersom ein elev frå samme plass tenker å utdanne seg til blomsterdekoratør kan vedkommande få gå første år på Eid vidaregåande som er ein av dei nærmaste vidaregåande skulane, men der har dei ikkje påbyggingsåra - ja, faktisk finnes ikkje dei i fylket i det heile tatt. Då må eleven bytte klasse til Ørsta. Det ville jo kanskje vore mindre stress for eleven å få gå i samme klasse i tre år, i staden for å måtte bytte etter eitt år.. Men fordi det er ei fylkesgrense der, så stiller eleven langt bak i køa på utdanninga..


Ein elev frå Åheim stiller bakerst i køa til TAF-linja i Måløy, sjølv om det ikkje er tilsvarande tilbod i Møre og Romsdal. Og Måløy ligg berre ein god halvtime unna. Det er liksom noko som ikkje stemmer. Systemet er utdatert og lite oppegåande om du spør meg.

Det finnes sikkert rikelig med slike eksempel. Og dersom ein elev vil gå på skule på feil side av fylkesgrensa, så må han eller ho gjennom ein del byråkrati og ha ein solid porsjon flaks. Det handlar ikkje om kva vedkommande har jobba for...

Å ha møtt denne problematikken ikkje berre ein gong, men ganske mange gonger i løpet av dei siste 20 åra, gjer at eg har tenkt at dette er ikkje ein måte å sørge for skulelyst og god utdanning for ungdommane våre. Å ha noko å jobbe mot, som ikkje blir stoppa av ei fylkesgrense eller vrange byråkrater med eit stramt budsjett, er viktig for motivasjonen. Å oppleve at det er eit reint sjansespel å komme inn der ein ynskjer å gå, er ikkje så veldig motiverande - det kan dei aller fleste av oss forstå..

Skal det vere opp til hellet
eller skal det avgjerast av kva ein har
jobba mot og har talent for?

Så spørsmålet eg sit med er: Er det ikkje snart på tide å innføre fritt skuleval? Der du kjem inn ut frå kva du har prestert - ikkje ut frå kva side av fylkesgrensa du kjem frå? Kanskje vil ei slik ordning gjere noko med motivasjonen både for elev og lærar, når konkurransen kan påvirke kvar ein endar. Det er jo ikkje verre enn å seie at fylkeskommunen har ansvar for å betale ein bestemt sum pr. elev, enten den går på skule i fylket eller i eit anna fylke og så må resten dekkast av stipend og lån. Det vil jo vere økonomisk og påkjenningsmessig bedre for eleven at ein kan søke på og jobbe mot å få gå på nærmaste alternativ... Kanskje kan ein seie at dette berre gjeld spesialiserte linjer i første omgong, slik at vanleg allmennfag har samme reglar som før og gjev elevar mulighet til å komme inn på skulen nærmast heime nærmast uavhengig av karakterar? Eg forstår ikkje at dette skal vere så vanskelig å få til. Men så er no eg ei enkelt sjel...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar