torsdag 21. juli 2011

Feriemodus og familietid


Det er ikkje ofte eg tek fly når eg skal heim. Men denne gongen utkonkurrerte Widerøe (!) resten av reisemarkedet. Så det vart to halvtimesøkter i lufta og ti minutt på Sogndal lufthamn, før eg kom meg til Volda. Der bur bror min med familie. Og eg var så heldig å få tilbringe ein dag i lag med dei - fint vêr vart det og!


Minstebror hadde fått arve datamaskina, utan antivirus som var oppe og gjekk. Det får fort konsekvensar...

Kristoffer sin hotmail...

Dei er nokre sjarmørar disse tantegutane mine..





Og så er dei så spreke. Lurer på kor dei genene vart av då eg vart til - dei er ikkje her i allefall!


Kristoffer begynner på befalskulen i august. Eg er heilt imponert! Fyrstemann var MP, nestemann befal MP, kva skal tredjemann bli??

Hadde jo vore kult om det var meg...

Jetmund er ein reser på Diabolo, eller, i allefall flinkare enn meg. Når ein leikar med slikt på verandaen kan det fort utløyse ein serie av hendingar som krev teamarbeid. Som f.eks. når den havna på taket, og vart liggande fast i snøfangaren..

Farmor, Jetmund og Sverre i aksjon..


Definitivt sterkare i høgda enn dei fleste av oss..


Han fant, han fant!


Vi fann og eit ringspel - der viste tanta større flaks enn talent, og det vart delt fyrsteplass med Jetmund.




Så bar det heim til Stadt. Også der skein sola, enn så lenge..


Ugras er også vakkert!


Hjertrud - ein av fire skjønne småpusar

Og denne skjønningen har fått namnet Pitbull..
Når vêret brått skifta til regn og skodde, så er det greit å ha eit par kortstokkar å leike med..

Go fish!


Og så var det ei som hadde fått ny kjole! Prinsessekjole!

Og sykkelfeberen har også inntatt Stadlandet. Spesielt ei lita tuppe på 5 år som akkurat har fått av støttehjula brukar så mykje tid som mulig på å sykle rundt og rundt. Foreløpig har det stort sett gått bra, men nokre skrubbsår må ein rekne med i starten... Eg syns ho er veldig flink!


Og av og til lånar storebror sykkelen...
 Vêret har ikkje akkurat tatt seg opp etter fyrste regnbyga etter eg kom heim.. og ein kan no lure om det er noko som kokar opp i fjellet når skodda kjem veltande inn frå havet..


Det er liksom ikkje grenser for korleis det kan bøtte ned.


Då er det godt å finne nokre enkle gleder inne..

Fantastisk ukrainsk vodka.(nei, eg har ikkje smakt på innhaldet, men
flaska er fantastisk!!)

Eg har fått mine besteforeldre sitt post-skatoll. Sverte frå stempelputa er
kjempesjarmerande syns eg! Det er frå tida då poststempelet sa FLØDE!

I går hadde vi raspeball, i dag hadde vi kræde (eller fjellørret) til middag!
Og for fyrste gong sidan eg baka bollar for bollekompaniet i Oslo, fekk eg brått lyst på bollar. Så for aller fyrste gong baka eg glutenfrie boller.

Oppskrift:
100 gram smør, smelta
1 egg
1 pakke fin semper
1,5 ss fiberhusk
ca.3 ss sukker (kan varierast etter smak og behag)
1 ts kardemomme.
4-5 dl lunka melk
1 pk gjær

Ha smør og egg i bakebollen, ha opp i det tørre(eg har fiberhusk opp i det tørre.) Bland melk og gjær(eg brukte ferskgjær), ha dette opp i bakebollen og pisk med handmiksar.
Så heller du røra i ein plastpose, klipper passe hol i hjørnet og sprøyter det ut i passe store rundingar på bakebrettet. Til slutt går du over og klappar det til med ei skei som du har spraya med formfett. (eg spraya bollane også med formfett). Du kan pensle med egg om du vil, eg gadd ikkje det i dag.

Eg steikte det på 200 grader til dei blei lysebrune oppå. (det kjem an på størrelsen og på ovnen, 10-20 min) Mine vart kjempegode, om eg skal seie det sjølv!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar