søndag 19. desember 2010

Adventsfest med juletregang..

Eg har vore på ein kjekk fest i kveld. Hildegunn og hennar sambuarar åpna dørene, til gløgg, graut med mandel i, julesangtegnekonkurranse og godt selskap.
Det var rett og slett veldig trivelig, og eg hadde ikkje med meg kameraet - så det vart ikkje tatt noko bilder.

Det var sååå koselig i stova der i kveld. Og dei hadde juletre som var så vakkert pynta at eg BURDE ha tatt bilde av det.. slik vart det ikkje, men eg filma ein ting..



Dei som kjenner meg etter gammalt vil kanskje tenke at dette er ein rar ting å filme for meg.
Eg likar nemlig ikkje å gå rundt juletreet.
Som de ser på filmen er dette veldig koselig (sjølv om det var så mørkt at det ser ut som ei dagsrevyreportasje der ein skal anonymisere folk), og eg nektar ikkje for det.
Eg taklar heilt fint å sjå andre gå rundt juletreet, ja, eg kan til og med synge med på sangane uten at det gjer meg noko. Men sjølve gangen.. nei, den kan du ha for meg!

Eg har fundert litt på kvifor det er slik, for då eg var liten syns eg det å gå rundt juletreet var noko av det kjekkaste som var på julefestar. (på julafta heime var det ikkje så kjekt, for då venta eg på pakkane..)
Og eg har komt fram til at "julefest" er ordet som best oppsummerer kvifor eg mislikar det.

Frå eg var 12-13 år til eg var 19 var eg rundt omkring og sang på ulike julefestar nesten kvar dag i romjula. Og kvar fest hadde same innhold, fellessang, tale, solosang, gjerne nokre innslag av morsom art eller diktlesning. Og så var det juletregang. Sjølvsagt måtte eg vere med på det!

Etterkvart syns eg heile julefestane var lite kjekke! Ein eller to i romjula hadde nok vore ok, men når du får minst 5 av typen kvart år, så...
Og difor likar ikkje Liv-Helga juletregang. (eller julefestar egentlig.)

Men eg syns det var storveis å få vere med på adventsfest, og sjå på dei andre som gikk rundt juletreet! Så kanskje, ein gong i framtida, kjem eg til å forsone meg med juletregangen og julefestane og?

fredag 17. desember 2010

Barnas katedral

I dag tidlig var det julegudsteneste for tilsette i sjømannskirken og på bispedømekontoret. Det var kl.08.30 i Nykirken, som ligg rett over vegen for kontora våre.
Denne kyrkja er kanskje like godt kjend for å vere barnas katedral..
Eg syns det var utrulig vakkert og godt å sitte der tidleg ein fredagsmorgon og høyre om barnet som vart fødd i Betlehem for 2000 år sidan..

Sjølvsagt er det barna som har dekorert barnas katedral


langs heile rekkverket på galleriet stod det små sko - innsamla
for å gje vidare (sa dei som hadde vet på det..)



Og presten hadde andakt om å gje eit riktig bilde av julebodskapen.. Kan vi retusjere vekk noko av det Bibelen fortel? Funkar det f.eks. å ha juleevangeliet uten hyrdingane?

tirsdag 14. desember 2010

KUNST!

I dag har eg bevegd meg i kunstens verden.


Vi hadde juleavslutning på jobb, noko vi kombinerte med ein fagdag om kunst.Vi starta med besøk frå  teateret som fortalde om korleis det er å arbeide der - og kva tilbod dei har. Etter dette gjekk vi rett bort på Bergen kunstmuseum der vi fekk gjennomgang av utstillinga av Munch-grafikk som er der no.
Det var både lærerikt, fasinerande, inspirerande og vakkert på same tid.



Å lære om korleis kunstnarar jobba er alltid spennande.
Mitt favorittbilde av dei som var der, som naturleg nok
heiter: Kyss


Å lære om korleis dei har tenkt er og spennande - dette bildet f.eks. er av kvinner i tre livsfaser - den uskuldige, den vitale og den resignerte..
Maleriet som er ca som dette trykket kalte Edvard Munch Sfinx, på grunn av Sfinxens gåte...


Eit av hans sjølvportrett. Eit fantastisk bilde om du spør meg..


Og trykket av Skrik var der jo sjølvsagt. Munch var ikkje så god på å holde orden på antall trykk, men ein veit at Skrik ikkje vart trykt opp i så mange eksemplar, rett og slett fordi trykkeriet ødla steinane som det var på..

På dette hadde han skrive på tysk.. eg har fortrengt tysken frå skulen, så
det får vere ein kuriositet for dei som syns det er intressant...


Bildene handla stort sett om tre ting: livet, døden og kjærligheten.
Ofte var det kvinner som såg utover havet.

trykket til syk pike.. et av dei tristaste bildene eg veit om

Etter utstillinga var det mat, og så bar det i teateret!
Der var vi på stykket "Kunst" som er ei komedie om vennskap og ulike perspektiv. Eit strålande stykke!

Taket i den store salen på DNS. VAKKERT!
 Det var morsomt, alvorlig og gripande. Og absolutt rette skodespelarar til rollene!


Så kort oppsummert har det vore ein givande dag! Får nesten lyst til å bli kunstnar av heile greia...

søndag 12. desember 2010

Let's get physical...

Det nærmar seg jul, og vi er opptatt av å finne den rette gåva til folk. Vi stressar rundt for å finne ting som kan fylle husa, til folk som allereie har nok av materielle ting..
Men ofte kan det vere manko på det som er viktig - omsorg frå menneska rundt deg.


Alle som kjenner meg veit at eg lika å bli klemma på og det skal sjelden meir til for å gjere meg happy! Kanskje er eg litt enkel, men slik er det no ein gong!
Kanskje skulle du gje ein klem til nokon som treng det i dag?
Eller eit klapp på skuldra til nokon som har gjort ein god jobb?

Eg veit at det finnes dei som ikkje likar klemmar, og det skal ein ha veldig respekt for. Det er som regel gode grunnar for slikt. Men eg trur vi alle treng fysisk kontakt med andre menneske. Dei som har greie på slikt seier at ein baby ville døy om han(eller ho) ikkje fekk fysisk kontakt.

Og eg er stor tilhengar av klemmar, så alle er hjertelig velkommen til å gje meg ein eller ti! ;)
Eg lika best dei klemmane som blir gitt med heile kroppen om de forstår kva eg meinar, eg knekke ikkje om nokon tek rundt meg. Og gutter: sjeggstubbar gjer INGENTING! Det er faktisk berre sjarmerande... Men dette er MITT synspunkt på saka, eg veit at ikkje alle av mitt kjønn deler mi oppfatning om den saka...

Men poenget er: kanskje skal vi sette ned tempoet på julegåveshoppinga, og sjå oss litt rundt og heller ta ein time på kafè med nokon ein ikkje har sett på lenge, ta ein telefon til ei gammal tante, sende kort som ikkje er masseprodusert, kjøpe ein kopp kakao til nokon som frys eller gje ein klem?

Monsterkakepizza!

I kveld var vi på besøk til Are. Og vi skulle lage pizza, og sia eg var med skulle gutta få glutenfri pizza...
Den ser kansje normal ut.. men dette er i ei langpanne...


Så eg laga pizzabunnsrøre. For det er det det blir når ein laga det med glutenfritt mjøl.
Oppskrift:
ca.0,5-1 dl olje
500 g (eller 1 pk) fin semper (eller anna glutenfritt mjøl)
5 dl lunka vatten (ev.4,5 dl.. det burde eg kanskje gjort i dag)
1 pk. gjær (eg brukar fersk gjær, men det funkar med tørr også)
ca.0,5 ts salt
Heime brukar eg ofte både eit egg og fiberhusk, men det kan en droppe uten at det får dei store konsekvensane.

Når dette er miksa sammen, ved hjelp av handmiksaren så blir det ei røre som ein berre heller på bakebrett med bakepapir - og så smører du det utover ved hjelp av ein slikkepott..
Dette gjorde gutta noko skeptisk, men dei er sporty så dei tok det med eit skeptisk smil.

Og så kom fyll og ost på, og så sette vi den i omnen. Og ut igjen kom ein monsterkakepizza. Den heva nåke sjukt, så plutselig hadde vi ikkje ein pizza - men ei slags kake med pizzasmak.

Monsterkake med pizzasmak!

Need I say more?

Are måtte finne fram det STORE pizzahjulet!

Hardt arbeid.. eller var det mjukt?

lørdag 11. desember 2010

Takk for i kveld!

Å skulle arrangere julebord for Seraf er ikkje berre berre.
Og eg er sikker på at eg har ein feilkobling i hjernen som gjer at når eg skal rydde så rotar eg berre endå meir.. Det er ikkje måte på kor grundig eg kan finne på å gå til verks...

Når Seraf kjem på besøk er det viktig å ha rydda i regningane sine....?

Og til alt overmål hadde eg greidd å dobbeltbooke meg, slik at eg skulle på eit viktig møte på Stord i dag... Og det å dampe pinnekjøt hos meg - samtidig som eg var i Sunnhordland, det ga enkelte utfordringar. Så her gjaldt det berre å legge mest mulig til rette for at gode venner kunne ta oppgåva..

Potetene skrella eg i går - og sette pinnekjøtet i vatten

Så dekka eg bordet


Mine flinke hjelparar fekk kjøtet på ovnen i god tid

Are - dagens mann på kjøkkenet
Venke - den andre kjøkkenhjelpa!

Reidun leda oss gjennom kvelden,
med en pedagogisk gjennomgang av utviklinga
vi har hatt gjennom 7 år...

Veldig gravide, vakre Eva!

Nydelige Maja!

Herlige gutane våre!

Praten gikk ivrig rundt bordet

Stram kar i dress

Rune - før ulykka...

Det er alltid nok potet

Kålrabistappen var det derimot litt knapt med..

Så var det quiz!

Litt innvikla?

Are - quizmaster!

Ingelin og Reidun har svaret!

Ikkje ofte en ser Rune slik... og det er MIN FEIL!!

Eg rett og slett skadet Rune!! Med å smelle til han med ei bordplate!! :(

Men, han overlevde - eg kunne truffe mykje værre... 
Bordplatehistorien:
Eg hadde då lånt bord med mamma og vi skulle sette det på plass undervegs. Enklaste måte å gjere det på var å ta av bordplatene, og bere det stykkevis.. Alt gjekk fint heilt til vi skulle sette på plass bordplatene, då glapp plutselig taket for meg og Rune stakkar var så uheldig å stå i vegen!
Unnskyld, unnskyld, unnskyld!!!

Når nattetimane begynner, kommer Feliz Navidad med David Hasselhoff
på iPoden - og Are blir lykkeleg!

Et par liter... ribbefett....
Litt oppvask... får vente til i mårra!

Yes! Eg vart kvitt alt pinnekjøtet!

Rester..
Eg trur eg må oppsummere:
Det har vore ein strålande kveld, med fantastiske menneske, masse humor, god mat og drikke. 
Eg har ikkje ord for kor glad eg er i disse folka!