søndag 1. mai 2016

Kjære Presse

Nok ein gong har det fryktelige hendt.
Det som mange har vore livredde for at skulle skje.
Men det som ikkje skulle skje.
13 menneske etterlater seg eit hav av menneske som sørger over at dei er borte.
Og mange står traumatiserte igjen etter å ha sett det skje.
Eit helikopter som berre ramla ned frå himmelen.


Og kva gjer du då, kjære Presse?
Du er der. Rapporterer kva politi og andre offentlige instansar seier om saka.
Fakta. Slik og slik ligg det an.
Dette er informasjonen om det som har skjedd på det noverande tidspunkt.
Det er jobben din.

Men så kjem det.
Intervju med vitnene.
Tydelig rysta menneske som nettopp har vore gjennom eit traume.
Intervju med berørte partar.
Folk som har mista nokon av sine, og då snakkar eg ikkje om dei offisielle uttalelsane frå firma som er berørt. Eg snakkar om enkeltmenneske som nettopp har fått beskjed om at nokon dei kjenner brått og uten forvarsel er borte.


Eg forstår at sensasjonsnyheter sel. Eg forstår at emosjonar sel. Eg forstår at avisa di eller tvstasjonen din er avhengig av å selge. Men til kva pris?
Eg syns mange av dei sakene som har komt opp i kjølvatnet av alle større ulykker og terrorhandlingar dei siste åra har ballansert på ein knivsegg i forhold til Vær Varsom plakaten punkt 3.9: "Opptre hensynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særlig hensyn overfor personer som ikke kan ventes å være klar over virkningen av sine uttalelser. Misbruk ikke andres følelser, uvitenhet eller sviktende dømmekraft. Husk at mennesker i sjokk eller sorg er mer sårbare enn andre."


I september 2009 sat eg ein heilt vanleg dag i skranken på postkontoret eg jobba. Eg hadde ein litt krevande kunde då eg merkar at bevegelsane til ho som sat ved sida av meg endra karakter. Eg snur meg og ser at ransalarmen er slått på. Eg forstår kva som skjer, eg ser kven som gjer det men eg kan ikkje gjere noko med det. Eg sit der stivfrossen med frykt for at ho sit med våpen sikta mot seg. Dersom eg gjer noko feil kan det få store konsekvensar. Eg er drilla på dette.

Det var over på sekund. For meg kjendest det som ei evighet.
Hadde det vore nokon frå pressa på utsida då eg kom ut og begynte å organisere vitnene og og spurt meg om kva som hadde hendt, så hadde eg svart. Eg hadde sansynligvis hatt svar som var heilt borte i skoddeheimen. Eg var i sjokk. Eg var full i adrenalin. Eg hadde egentlig eit veldig behov for å snakke om det som nettopp hadde skjedd.
Men heldigvis var det ingen frå pressa der.


Min subjektive oppfatning av situasjonen var ikkje heilt som virkeligheta viste på video etterpå.
Det varte ikkje lenge. Det var rimelig udramatisk, sjølv om det var meir enn dramatisk nok for oss som opplevde det. Eg greier ikkje å hugse ein einaste farge frå denne opplevinga anna enn lyset på ransalarmen. I hovudet mitt var det rimelig mørkt på jobb den dagen. Men det var egentlig akkurat like lyst som alle andre dagar. Som augevitne var eg rimelig gagnlaus for å seie det slik som det er. Men det var såpass dramatisk for meg at eg trengde månader i terapi for å få løyst opp i det.

Å sjå eit helikopter styrte, eller ei bombe gå av er ekstremt mykje meir dramatisk enn eit ran på eit postkontor. Eg kan ikkje forestille meg kor traumatisk det faktisk er.
Og her står du og stikk mikrofonen opp i fjeset, publiserer med bilde og navn.
Sensasjonen er stor. Men eg er usikker på kor bevisste dei som står og svarer deg er på at du ikkje er deira venn eller sjelesørger. Du brukar dei til å få flest mulige klikk på saka di, auke sjåartala dine og selge avisa di. Eg seier ikkje at du behandlar dei dårlig, men den informasjonen som du kan dekke deg av at du vidareformidla er informasjon som du allerede har fått frå politi e.l. - men får du emosjonar i tillegg, ja, då blir det med eitt mykje meir salgbart.


Og ja, du kan skulde på oss her ute som klikkar oss inn for å lese eller sjå. Ja, vi har blitt eit samfunn der denne typen sosialpornografi er akseptert. Det er ikkje eingong sikkert at du vil vurdere det som sosialpornografi. Du vil sikkert gøyme deg bak at du skildrar kva som hendte, at du var veldig tydelig på kva dei ga seg ut på med dei du intervjua, at du har vore etisk og moralsk heilt på plass, og beskytta dei som du eventuelt har snakka med som har ei oppleving som kanskje avviker litt frå informasjonen du får gjennom dei offentlige kanalane... Og ja, det er jo dette folk vil ha, ikkje sant? Eller...?

Men eg lurer på korleis det påvirkar den som har stått og uttalt seg då alt var kaotisk og han eller ho framleis var i sjokk. Eg lurer på kva det gjer med dei når ting har roa seg, og ein ser litt klarare enn når ein står midt i stormen. Vi veit at augevitner ikkje alltid er så nøyaktige, eg har erfart at eg ikkje er det som augevitne. Mi oppleving er ikkje den samme som di oppleving sjølv om vi har vore vitne til akkurat den samme tingen. Korleis er det då å google seg sjølv og finne uttalelsar om korleis ein sjølv har oppfatta ein situasjon som i etterkant har vist seg at har vore annleis? Kva skjer med prosessen til å "komme gjennom" det ein har sett hvis pressa blir plassen ein først åpnar opp? Og kva skjer med eit menneske som plutselig innser at det har plapra ut med nok informasjon til å informere verda om kven som har omkome når namnet enno ikkje er frigitt?


Kjære Presse.
Eg ville berre fortelle deg at eg treng faktisk ikkje å høyre om alle si oppleving av det som hende rett etter det har hendt. Eg lyttar gjerne til enkeltmenneske som vil fortelle meg det, men eg treng ikkje at du fortel deira historie. Eg er like nysgjerrig som alle andre, men eg greier meg faktisk med dei rapportane du får frå offisielle kanalar.
Eg skulle ønske at du er litt meir varsom i forhold til enkeltmenneske når du rapporterer frå ulykker og traumatiske hendingar. Eg skulle ønske at du tenkte litt meir før du intervjuer og går på menneske i sorg og sjokk. Det dei menneska treng er gode venner som vil lytte og å få lov å svare på spørsmåla som etterforskarar og eventuelt helsepersonell og religiøse leiarar dei har tillit til stiller, dei treng ikkje talarstolen din. Det er lov å vise den typen omsorg sjølv om det ikkje er jobben din.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar