mandag 28. september 2015

Sjalu

Det er lenge sia eg har blogga. Energinivået har ikkje vore så høgt i sommar og haust. Det har vore mange ting som har spelt inn, og summen av alt har vore at andre ting har fått prioritet.
Men eg har hatt eit innlegg i hovudet lenge no, som eg fann ut at det kanskje er på tide å få ned på "papiret".

Ting blir jo ikkje alltid som ein hadde tenkt...

Eg har tenkt på det å vere sjalu.
Eg trur det er ein følelse vi alle har opplevd ein eller annan gong.
Det er ein vanskelig greie å takle.
Følelsen av å vere utanfor.
Følelsen av å ikkje få det ein begjærer.
Følelsen av å ikkje meistre.
Følelsen av å ikkje vere god nok.
Den kjem og legg seg som ei kald og altoppslukande skodde..


Sjalusien kan ha mange former og falsettar. Det er jo mest vanlig å snakke om det i eit kjærlighetsforhold, men eg vil påstå at den stikk det gufne hovudet sitt ut i mange samanhengar. Det handlar ikkje berre om at kjæresten - eller den ein skulle ønske var kjæresten - gjev meir oppmerksomhet til nokon andre. Det kan også vere at nokon har noko ein sjølv ikkje har, at nokon får stå i ein spotlight som ein sjølv har drøymt om å få varme seg i eller vore van med å stå i. Plutselig er den der, utanforkjensla, fyller kroppen med misunnelse og eigetrang, lar nervetrådane dirre av frykt og tankane pulsere i krisemaksimering og manipuleringsteknikkar. Og plutselig så blir det så trengande under huda at det kjem ut i ei eller anna form, og altfor ofte er det ikkje på ein god måte..

Plutselig er det tomatsaus med fisk over alt..

For vi har jo blitt opplært til at å vere sjalu er ingen bra ting. Vi skal ikkje vere det. Og så prøvar vi å legge lokk på det, og lykkast kanskje, heilt til nokon trykker på rett knapp og plutselig kjem det - nokre gonger som små, giftige kommentarar, andre gonger som eit kjempesmell.

Eg har fundert på korleis ein kan bli bedre på å handtere sjalusi. Noko handlar nok om personlighet, og det er ikkje alltid så lett å gjere noko med det. Men vi kan greie å gjere noko med korleis vi handterar det. Følelsen vil kanskje alltid vere der, men korleis kan ein få ut det som er så kjipt uten at det rammar verda rundt oss?


For det er jo sjalusien sin natur - den rammar i utgangspunktet den som er sjalu. Det handlar om smerte. Er eg sjalu, er det eg som har det vondt inni meg. Korleis eg taklar dette vonde, blir avgjerande for om eg påfører andre smerte eller ikkje. For det er ein ting som er så utruleg lett å gjere dersom eg ikkje veit korleis eg skal handtere det som er inne i meg. At eg seier eller gjer ting, som gjer livet kjipt for nokon andre - og som kanskje øydelegg relasjonen eg har til det mennesket. Det som ein gong var så bra, så positivt og livgjevande blir snudd heilt på hovudet..


Å vere det andre mennesket, er ikkje enkelt det heller. Å vere den som har noko eller er noko som den andre vil ha. Og så kan ein ikkje gje det den andre vil ha. Det å oppleve at eit anna menneske har ein smerte på innsida som kjem ut i si aller styggaste form er ikkje enkelt. Ofte forstår vi ikkje at det er nettopp det som det handlar om - at den andre har det vondt. At det faktisk er smerte som er utgangspunktet for dei harde orda, for giftpilene, for oppstyret og beskyldningane. At det er begjær og lengslar som ikkje har blitt møtt, draumar som er knuste og sorg over det tapte. At det er frykt for å ikkje vere god nok, frykt for avvisning og frykt for å tape ansikt som ligg der og kokar.


Eg har stilt meg spørsmålet om korleis eg møter det i det siste. Eg veit at eg har handtert mange ting feil opp gjennom åra. Eg veit at eg framleis gjer mange feil. Eg veit at eg er ikkje særlig god på å takle mine egne følelsar, men eg har vorte bedre på det. Og eg har så lyst til å bli flink til det, til å kunne roe meg sjølv ned når eg kjenner at dette vonde, urolige slit i magen - følelsen eg ikkje vil ha, som eg prøvar å fortrenge etter beste evne men som framleis plutselig kan skyte gjennom kroppen som ei pil. Og eg har så lyst til å kunne møte menneske som slit med det overfor meg på ein god måte. Ein måte som tek vekk litt av smerten, som roar det ned, og gjer ting trygt. For eg veit jo kor kjipt det er å ha det slik - og eg veit jo at dei egentlig ikkje vil meg vondt.


Eg skulle så gjerne hatt svara på korleis ein gjer det. Kanskje handlar det om å erkjenne at ein føler som ein gjer - både overfor seg sjølv og overfor andre? Kanskje er det å vere ærlig med følelsane, kjenne på dei og jobbe med å sleppe dei det som må til? Og om ein ikkje får det til åleine, kanskje det å be om hjelp er trikset? Og kanskje handlar det også om å våge å gå ei ekstra mil sammen med den som ikkje greier å la monsteret i magen sove? Kan vi greie å slå på dét lyset som gjer at monsteret forsvinn, om vi gjer det sammen? Eg berre lurer.. har du svaret, så del det gjerne! ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar