mandag 24. november 2014

Svolten, skitten og trøtt

I dag var det domssøndagen. Ein av disse søndagane med sånn kjekk preiketekst. Om at ein dag, når vi minst ventar det, skal Vår Herre komme tilbake og holde dom. Då skal geitene skillast frå sauene, då skal alle målast opp og ned og i mente.. Ubehagelig. Krevande. Nådelaust.
Kanskje er det mest ubehagelige at det handlar om å sjå dei minste. Eller, det blir ikkje rett, det handlar om å gjere noko for dei som treng det. 
Det handlar om å gje mat til den svoltne, drikke til den tørste og kle til den som frys. Det handlar om å ta i mot dei som er framande, sjå til dei sjuke og sørge for at dei får den pleia dei treng og besøke dei som er i fengsel. Det handlar ikkje om å berre sjå urettferdigheta, men det handlar om å gjere noko med den.
Og i følge dagens tekst så får det konsekvensar for oss kva vi gjer med det.. Mange har misbrukt denne teksten og brukt den til å skremme og få makt over andre. Presten vår valgte derimot å snakke om forholdet mellom nåde og gjerningar, at det eine ikkje utelukker det andre. Plutselig finnes det nåde her også.


Så gjekk eg ut frå kyrkja, med ei blanding av teksten, preika og eigne tankar om den. Ut til ein fridag etter ei passe hektisk helg med julebasar og mykje kjekke folk. Eg går saman med ein kollega til Ferry Building. Vi går inn og eg får kjøpt nokre julegåver. Våre vegar går kvart til vårt og eg ruslar gjennom søndagsrolige gater og tenker på kor godt eg likar byen, og kor fornøgd eg er med å ha fått denne muligheta. Og så skjer det.

Opp på sida kjem ein kar. Litt lurvete i kantane, men han virkar ganske oppegåande. "Are you afraid of me?" spør han. "Er du redd meg?" Eg blir så paff at eg spør tilbake: "Bør eg vere det?"
Han fortel han er uteliggar, slik som altfor mange er i denne byen. Han er svolten, treng ein dusj og ei seng å sove i. Han spør fint om eg kan hjelpe han. Han veit akkurat kvar han vil og kva det kostar. Eg har allerede handla gåver for 7 gonger så mykje i dag. Han vil gjerne at eg følger han slik at eg betaler og ikkje berre gjev han pengane.. Men det er i Tenderloin. Eg har ikkje lyst å gå inn dit. Særlig ikkje no, når det har begynt å mørkne.


Aldri før har eg fått ein bibeltekst så brutalt i fleisen. Lære og liv var plutselig ein særdeles krevande kombinasjon.

Kva ville du ha gjort? Kva eg gjorde er ikkje noko eg treng å skrive om. Det er ei sak mellom meg, Vår Herre og ein uteliggar i San Francisco. 
Men eg gjekk heim og tenkte på dette:

Når eg seier at eg vil følge Jesus - lar eg han få forme meg, slik at eg blir likare den radikale, rause, rettferdige og nådefulle karen som han var? Eller er eg ei geit som ikkje vil la meg forme, og som alltid vel mine egne vegar?
Lar eg tv-bildene av krigsramma barn berøre meg, eller blir det berre korte flash over skjermen?
Åpnar eg heimen min og kjøleskapet mitt om nokon treng ein sofakrok, ei seng eller litt mat?
Besøker eg dei som eg veit er einsame, sjuke eller skrøplege? - og då meiner eg av eigen fri vilje, eller vel eg det meir behagelige alternative og latar som eg ikkje veit eller har det altfor travelt?
Stoppar eg når nokon er i nød?
Kva gjer vi som seier at vi er kristne når vi møter urettferdighet, trakkasering, ignoranse, mobbing, nød, rasisme, facisme, fattigdom, egoisme og så vidare? Gjer vi noko med det? Reagerer vi? Lar vi reaksjonar bli handling? Eller blir det for tøft?

Mester, la meg gå i DINE fotspor!!

Og minnet frå  København, der eg gjekk forbi den "døde" mannen kom opp. Då eg gjekk forbi, uten å hjelpe. Og det skrik i meg etter nåde. For eg kjenner at eg sviktar så altfor mange gonger. Eg treng å bli minna på at eg må sjå opp frå ein av dei tallause skjermane mine, legge til sides alle dei "viktige tinga mine" og gje ei hand til dei som treng det. Eg treng å bli røska i, å kjenne det i hjarterota og eg treng å få ut fingern og faktisk gjere, ikkje berre snakke fint om det!
Eg treng ikkje å leite lenge etter dei gongane eg IKKJE har gjort det som Jesus påpeikar i denne likninga. Sjølv om eg av og til gjer dei rette tinga og. 

Takk og lov for at Gud er ein NÅDIG Gud. Eg får lov å be om tilgivelse for det eg ikkje fekk til. Eg får lov å starte på nytt, gong etter gong. Eg får lov å bli minna på at eg treng å la Jesus forme meg - slik at eg kan vere til velsignelse for menneske i min kvardag, enten det er ein uteliggar eller ein rik mann. Og eg kan få lov å kvile i at dersom eg er ærlig med alt det eg ikkje får til, så er Gud trufast og rettferdig og tilgir ALT det eg gjer galt, både ord og handling, eller mangel på handling.


Og så kan eg gå vidare. Og la meg utfordre og forme til å bli meir lik det perfekte mennesket: Jesus. Eg syns min kollega i København seier noko om kva det betyr å vere Jesus etterfølger/disippel/læresvein på ein aldeles glitrande måte. Det traff meg i magen då eg leste det for ei veke sidan, og det treff meg endå sterkare i dag, så derfor : Klikk på linken og kanskje lar du deg også utfordre?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar