tirsdag 26. august 2014

Jordskjelv

Fredag var vi på IKEA. Meg, nyepresten og frua.
Laurdag kom det leveranse med flate pakker.
Eg trur eg fekk for lite slike byggeting/lego som barn, 
for eg er som ein unge når eg skal montere IKEAmøbler.
Stor stas og ypperlig lørdagskveldsarbeid.

Eg har et par til, om nokon treng det..

Eg vart litt oppslukt i arbeidet, 
så klokka bikka 12 før eg fekk sukk for meg.
Ting tar jo litt lenger tid når ein går med krykker 
og ikkje kan berre løfte alle dei tunge pakkane.
Men eg greidde det - og er ganske fornøgd med det.

Litt flaks må en ha..
andre ville sikkert tatt mål FØR dei handla.

Så, eg var litt etter skjemaet då eg omsider kraup under dyna.
Og eg sovna ganske raskt.
Men så....

Kl.03.19 ringte telefonen.
Eit norsk nummer eg ikkje kjende.
Eg tok den.
Det var ingen som svarte då eg sa "Hallo" 
sjølv om eg sa det fleire gonger.
I bakgrunnen høyrde eg ei nyare versjon av
Herre Gud ditt dyre navn og ære,
Teksten var det som er andre vers 
i den nye salmeboka.
"Gud er Gud om alle land lå øde. 
Gud er Gud om alle mann lå døde."
Då la eg på.
Eg la telefonen på nattbordet.
Snudde meg i senga.

Fast inventar...

BOM!
Heile senga rista.
Lenge.
Så lenge at eg rakk å tenke:
"Så det er slik det føles. 
Håpar det snart går over.."
Og framleis rista det.
Mobilen ramla ned frå nattbordet.
Og så vart alt stille.

Først då tenkte eg:
"Hm. Var det ikkje slik at eg burde komme meg ut
eller i det minste under ein bærande konstruksjon?"
Så låg eg der. 
Slo på lyset. Det fungerte.
Høyrde at naboen åpna vannkranen.
Det fungerte.
Så sjekka eg nyhetene.
6,1.
Oj, det var sterkt.
Og det var i Napa,
kun eit lite stykke nord for her.
Nyhetene i dagane etter har vist kor store 
ødeleggingane kan bli.
Mange står utan heimen sin.
Og eg er takknemlig for å 
ha sluppe unna med ei skjelvande seng.


I går handla sjølvsagt mykje av samtalene 
i kyrkja om skjelvet.
Det er nemlig ikkje slik at vi opplever slikt støtt her.
Dette skjelvet her er det nest sterkaste på 108 år.
Siste store skjelv var i oktober i 1989, 
det var på 6,9.
Heldigvis er det ikkje kvardagskost.

Eg fortalde ei venninne om telefonen eg fekk
rett før det heile starta.
Umiddelbart var reaksjonen:
"What do you think the meaning of that was?"
Eg må jo innrømme 
at der og då syns eg det var litt creepy.
Og eg er ikkje av dei som 
likar å åndeliggjere ting som skjer.
Men ikkje eg ein gong kan nekte for at det luktar litt
gudfeldighet av det...
Eg gjekk og tenkte på det utover dagen og kvelden.
Ein kveld eg avslutta med å ta meg ein tur
til Crissy Fields og sjå på solnedgangen
med den samme venninna.


Eg stod der og såg på det uendelig vakre
med sola som raudna bak Golden Gate
før den gjekk i havet og tenkte:
Ja, Gud er Gud om alle land lå øde.
Ja, Gud er faktisk framleis Gud 
sjølv om vi alle mann lå døde.
Gud er den samme i dag som han var i går,
og det vil Han fortsette å vere.
Han er større enn mine tankar, 
større enn mine ord,
større enn mine handlingar 
og større enn eg nokon gong vil greie å fatte.
I allefall på denne sida av evigheta.


Men sjølv om Han er så stor
så bryr han seg likevel om vesle meg.
Og eg gjekk heim,
etter ein fredelig solnedgang,
og kjende at uansett kor mykje jorda måtte beve
så kan eg kvile trygt i hendene
til den Allmektige.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar