tirsdag 14. januar 2014

Tankar rundt Jesaja 43

På torsdag leste vi ein tekst frå gamletestamentet på stabsmøtet. 
I går høyrde eg han igjen på gudstenesta.
Det var frå Jesaja 43:

Og no, så seier Herren som skapte deg, Jakob, 
som forma deg, Israel:
Ver ikkje redd!
For eg har løyst deg ut,
eg har kalla deg ved namn, du er min.


Går du gjennom vatn, er eg med deg,
gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg.
Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg
og logen skal ikkje brenna deg.

For eg er Herren din Gud, 
Israels Heilage, som frelser deg.
Eg gjev Egypt som løysepenge for deg, 
Kusj og Seva i staden for deg.


Fordi du er dyrebar i mine auge,
høgt akta og eg elskar deg,
gjev eg menneske i staden for deg
og folkeslag for ditt liv.

På torsdag snakka vi om at det er ein vanskelig tekst.
Ein tekst som kan tolkast som "høyrer du Gud til, så skal du gå uskadd gjennom livet"
Korleis kan ein slik tekst møte 2.juledag i 2004 då tsunamien tok livet av hundretusener?
Korleis kan ein slik tekst møte diskotekbrannen i Gøteborg to dagar etter bursdagen min i 1998, der 63 ungdommar omkom?
Ein kan jo ikkje seie at dei som omkom ikkje høyrde Gud til!



Teologar vil kunne argumetere at dette gjeld Israelsfolket, ikkje oss - men Israelsfolket si historie har søren meg ikkje vore nokon dans på roser - eller kanskje ein skal seie at det har vore ein dans over svært tornefulle roser? Andre teologar vil seie at det kan tolkast som allmenngyldig og kan overførast til oss i dag, og nokon vil til og med argumentere for at det skal tolkast bokstavlig - også for oss i dag. Teologi er seriøst kompliserte greier! Men eg trur at Bibelen kan tale til oss i dag, slik den gjorde for Israelittar for 2000 år sidan. Kanskje kan innholdet bli tolka i ein annan kontekst, kanskje er noko det same - men eg trur denne teksten seier noko om kven Gud er og kva Han ønsker for oss menneske. Men det gjer ikkje teksten mindre komplisert..


I helga har facebook-feeden min fløyma over av meldingar om ei 13 år gammal jente som har sett djupe spor i menneska ho har møtt. Ho var ei jente som var aktiv i det kristne miljøet, og alle som omtalar henne snakkar om det store og varme hjartet hennar. Ho var ei av jentene som omkom då ein bil traff ein hest med sulky på Bjørkelangen i helga. Det er ingen tvil om at ho var Guds jente.


Og då eg sat på gudsteneste, med alle desse meldingane om ei fantastisk jente som døydde så altfor tidleg i hovudet, og høyrde denne teksten, så var det så utruleg vanskelig. Samtidig så er den så full av trøst - Gud er med, også gjennom det vonde. Kanskje snakkar den ikkje om det forgjengelige med oss, for vi skal jo alle døy. Kanskje er det snakk om nettopp det at Gud går med gjennom alt, ikkje at han er ein lykkeamulett som vil beskytte oss frå alt det vonde. Kanskje er det at Gud går med oss også når vi går inn i døden, at Han faktisk er den einaste som kan gjere akkurat det.



For å høyre Gud til, det å tru på Han og velge å følge det Han har satt som retningslinjer for liva våre, handlar ikkje om at vonde ting ikkje kan skje oss. Vi har ingen garanti mot sjukdom eller ulykker. Det finnes dei som seier at "berre du trur nok, så vil berre gode ting skje deg" - til det vil eg berre seie at større skitsnakk skal du leite lenge etter! Det vonde i livet er ein del av å vere menneske. Så enkelt er det. Men det å vite at ein har nokon som går med ein, gjennom alt, det gjev både styrke og kvile når det står på som verst. Det å leve i visshet om at nokon elskar deg så grenselaust som denne teksten fortel om, gjev både glede i kvardagen og håp om at det er noko der framme som er endå bedre. Noko som er verd å satse livet på.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar