lørdag 16. november 2013

Nydelige Maria!


Eg var så heldig å få eit par billetter til Maria Mena-konsert
i går på Verftet.
Eg hadde sett at det skulle vere konsert,
og tenkt at det hadde vore kjekt, 
men ikkje våga å kjøpe eller planlegge
i disse visum-vente-tider.
Men når eg fekk billettar på torsdag
var eg ikkje vond å be.
Og eg må berre seie det:
FOR EI FANTASTISK DAME!


Det er noko utruleg deilig med å komme på konsert
der artisten ikkje har masse stæsj,
eller må spele på sex for å få oppmerksomhet.
Å oppleve ein artist som kan gå på scena 
i vanlige kvite kle, med ei historie å fortelle
og som stolar på at talentet er nok
er berre nydelig.
Maria Mena er ein slik artist.
Ho har noko å fortelle.
Ho gjer det på ein suveren måte.
Ho har utstråling, varme og humor.


Ho er rett og slett ein ekte artist.
Ho er eit strålande forbilde for dei unge jentene 
som drømmer om å bli artist ein dag.
Ho er i grunnen eit strålande forbilde for jenter generelt!

Eg bøyer meg i støvet,
og seier tusen takk for ein strålande konsert! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar