tirsdag 29. oktober 2013

Ein Nordfjordtur, ei bursdagsfeiring, ei avslutning og eit teaterstykke.


Forrige laurdag,
altså laurdag for over ei veke sida,
pakka eg og Helene bilen hennar full
av diverse ting som skal få vere heime på Stadt
dei neste åra og sette nasa nordover.


Det tek si tid å køyre Bergen - Ytre Nordfjord,
men med litt stopp under vegs 
og ein liten strekk på ferga går det stort sett bra.
Men det er ekstra hyggelig å komme heim
og bli "overfalt" av tantebarn som er glad for å sjå deg! 


Det var ikkje like kjekt å vakne dagen derpå 
til frost på bakken...


Då hjelper det å plutselig få besøk av den førstefødte nevøen
og kjæresten hans. :)


Livet på Stadlandet er eit rolig liv.
Det handlar jo mykje om at det ikkje er kvardagen min,
men fritid når eg er der.
Internett har ikkje den samme hastigheta,
og denne gongen gadd eg ikkje å laste opp bilder på bloggen,
(det tar ca.ti minutt pr.bilde - føles det som i allefall)
så det vart ikkje blogga på meg når eg var der.
Det var i grunnen heilt greit.
Då får ein jo bedre tid til å nyte
 denne ustikta:


Men eg dreiv no ikkje berre dank når eg var heime.

Eg var streng leksehjelp:


Og sørga sjølvsagt for belønning og kjekke tanteaktiviteter:


Sjølvsagt vart det nokre runder med Liverpool/Rummy:


Og som den hyggelig tante,
som ikkje eige bilen,
sørga eg for at det vart lærekøyring på den neste håpefulle..


Ikkje alle dagar var like solfylte,
og då er det godt å kunne sleppe å gå ut...


Og laurdag var mange av familien samla til middag og kaffe.
Det var siste kvelden min heime for denne gang.
Og så var det dagen før bursdagen min,
så den fantastiske søstera mi hadde laga kake til meg.
Eg er så fasinert over kor flink ho er!!


Og det varma hjertet ekstra at ho hadde laga den
kvelden før fordi ho kjenner mi store forkjærlighet
for marsipan som er blitt heilt blaut og rennande.

Blodig kakealvor! ;)
Akkurat slik eg likar det! <3

mi kjekke svigerinne og storebror :)

Eg må berre seie det:
Eg har virkelig trukke vinnerloddet når det gjeld familie.
Eg har vore så heldig 
som har fått vekse opp i ei familie der
eg har vore elska, fått lov å utvikle meg 
og prøve og feile.
Og eg ein del av ei familie som kan diskutere så fillene fyk,
men som er opptatt av kvarandre, som bryr oss
 og ønsker kvarandre alt godt.
Det er eg så enormt takknemlig for.

Bursdagsgave vart det også :)

 Søndag, sjølve dagen,
vart det middag og kaffe heime.
Men så var det tida for å reise tilbake til Bergen.


Og i går starta mi siste veke som tilsett på bispedømekontoret.
Det vart markert med avslutningslunsj.
Det vart heilt utrulege greier.
Det var taler, videomontasjer,
powerpointvisning,
sang av gutta boyz og kake.
Og det er ingen tvil om at kollegaane
har lært meg å kjenne... ;)


Eg håpar virkelig at dei tek turen 
til San Francisco på stabstur, 
det hadde vore veldig kjekt.
Då eg søkte jobben der søkte eg meg ikkje frå ein jobb, 
men til ein jobb eg hadde lyst på.
Bjørgvin bispedømekontor har vore 
ein veldig kjekk arbeidsplass,
og eg kjem til å sakne kollegaane mine der!


Så det var med eit visst mollarta klangbotn sjølv om det
var den festligste avslutninga eg har vore med på.
Og så mange gode ord å ta med seg!
Det var nok litt meir enn eg fortjener! ;)

Eg hadde og sørga for at eg hadde 
noko å glede meg til på kvelden.
TEATER!


Til jul fekk eg gåvekort
som eg og Berit brukte no.
Valget falt på
Dyveke - teaterstykket om bergensjenta
som vart kong Christian II si elskerinne.
Det var drama og action.
Og ein fantastisk kveld midt på 5. rad.


Og no er det skikkelig haust i Bergen.
Det var ikkje fritt for at det surkla litt
i skoa då eg kom heim.
Då er det godt å ha fått ei bursdagsgåve til
som eg kan ha med meg til San Francisco! 


Det blir ein del ting som eg kjem til å sakne når eg flyttar.
Eller ting er heilt feil. 
Eg trur ikkje eg kjem til å sakne nokon ting.
Men eg kjem til å sakne menneskene eg har i livet mitt her.
Heldigvis finnes skype, facebook, mail og telefon
så det er ikkje som før i tida når breva tok tre månader
om ein var heldig.

Og eg kjenner at eg begynner å bli klar for å reise.
Eg blir litt rastlaus av å ikkje vite heilt når flyet går. 
Sjølv om det no både er bestilt time på ambassaden,
snakka med flyttefolk og reisebyrå,
så kan det framleis komme ting som gjer at ting blir utsett.
Så eg prøver å finne på ting som eg likar her så lenge..


Så slik har altså livet vore den siste veka.
No er det to dagar igjen på bispekontoret.
Fredag må eg gå opp trappene ei etasje til.
Det blir spennande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar