mandag 26. august 2013

Ver ikkje bekymra

Det var ikkje akkurat slik at eg spratt ut av senga
då klokka ringte kl.07.00 i dag..
Det kjentes på kroppen at eg kom seint heim i natt,
og at eg hadde hatt ein litt tung dag i går.

@Kastrup 25.08.2013 

Det var fryktelig tomt å komme heim i går.
Litt den samme følelsen eg hadde då eg kom frå leir
då eg var yngre.
Og det hjalp ikkje akkurat å komme heim til ei leilighet
som ber veldig preg av at eg er i ei omstillingsfase.

Organiseringsrot

Vekene i København har vore fantastiske på mange områder, 
men eg har hatt problem med ein ting.
Å sove.
Tankane rundt kva eg har begitt meg ut på har kverna.


Og så er det så mange ting som må på plass før eg reiser.
Eg må finne ut kva eg skal ha med meg, 
og kva som skal lagras og ikkje minst kor det skal lagrast.
Eg må få leigd ut leilighet, 
ordna forsikringar og skatt og alt mulig praktisk.
At eg opplevde meg så til de grader på rett plass
i København skapte og ei uro.
Tenk om San Francisco ikkje blir like bra!?!
Kva om eg ikkje finn meg til rette i det heile?
Og korleis blir det med tidsforskjellen i forhold til dei her heime?


Fredag kveld var vi ute og åt,
og snakka om bekymringar.
At det er noko som er skadeleg for oss,
og korleis Bibelen seier at vi ikkje skal gjere det.
Og eg kjende at det stakk djupt
for min del.


Eg brukar vanligvis å vere ganske ubekymra.
Mamma meiner at eg kan vere litt FOR ubekymra.
Eg likar nye eventyr,
eg er litt impulsiv
og litt for lite konsekvensfokusert.
Det går jo alltid bra,
sjølv om det kanskje ikkje går akkurat slik som ein hadde tenkt.
Men i det siste har eg ikkje greidd 
å la vere å bekymre meg for framtida.


Og då eg reiste heim i går kveld
var det berre kjipe tankar som gjekk gjennom hovudet på meg.
Hadde eg reist åleine anar eg ikkje heilt korleis det skulle gått, 
for tårene var heile tida berre eit blunk unna.
Men eg hadde selskap av to fantastiske venninner,
som både trøsta og hjalp meg å fokusere på det som er bra.


Eg kom meg heim,
og i dag var det ein ny dag.
Ein dag der eg både var innom jobben min på bispekontoret
og var på innføringskurs i Sjømannskyrkja.
Det kjendes ikkje feil ut det heller.
Når eg tenker tilbake så kjendes det godt å vere i Pattaya og.
Og kanskje er det noko i det som ei sa i lunsjen i dag;
at eg følte meg så heime i København 
er kanskje eit vitnesbyrd om at eg er tilpasningsdyktig..

litt kaffe og jenta er rimelig omgjengelig ;)

Eg kjem nok til å bekymre meg om både eitt og anna,
men eg vil fokusere på at eg skal ut på eit nytt eventyr.
Eg skal få møte nye menneske, nye plassar,
gjere nye erfaringar og oppleve noko eg har drøymt om lenge.
Eg føler det som om Vår Herre har satt døra på vidt gap
og sola skin inn på ein slik måte at eg ikkje har heilt oversikta
over kva som er der ute.
For å få sjå det, må eg ta nokre skritt utanfor.
Nokre skritt i tru.


Eg trur ikkje at bekymringane mine kjem til å hjelpe meg nokon veg,
derfor vil eg legge dei av meg.
For eg trur at Gud har gode planar for framtida mi.
Eg vil fokusere på det.
Eg vil vere takknemlig for dei mulighetene eg får no.
Eg treng nok nokre gode venner som minner meg på det av og til,
og som hjelper meg å sjå på det store bildet.
Særleg dei neste to månadane.



Eg vil leve i Filipperbrevet kapittel 4:
Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seie: Gled dykk!
Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er.
Herren er nær.
Vær ikkje urolege for noko! 
Men legg alt de har på hjartet, 
fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.
Og Guds fred, som går over all forstand,
skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.


Det er inga quickfix-løysing på alle problem,
eller eit krav om noko eg må greie sjølv,
men det er barnleg tru på at Gud har full kontroll
på alt som eg ikkje har kontroll på.
Det er noko å kvile i.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar