søndag 10. juni 2012

Sjå kor dei elskar kvarandre!


Eg har altså vore i bryllaup i helga.
Kari Anne og Terje sa sitt ja til kvarandre.

Eg elskar å sjå brudgommen i dét han ser bruda!
 Det var ein nydeleg vielse,
i Nannestad kyrkje.
Far til Kari Anne var prest
og broren var kantor.

Og der kom ho - tydeleg lykkelig - i sin nydelege kjole!

Eg sang ein sang i kyrkja,
og var med på å synge brudeparet ut.
Det gjorde at eg vart ståande bak og synge
då dei fyrste kyssa på kyrkjetrappa inntraff.
Det ga eit anna perspektiv ;)

den kvite prikken i håret til Kari Anne er havre..


Leppestift er ikkje godt! ;)


Men eg fekk sett dei frå rette sida og!

Det klirra i glas - og då måtte brudgommen springe til bruda si..


Kari Anne er svært kreativ, 
så lokala var pynta etter alle kunstens reglar.
Det var både vakkert og stemningsfullt.


Kari Anne er og sjeldent omsorgsfull.
Så på bada var det "førstehjelpsmateriell"
og borna fekk "leikepakke" slik at dei slapp å sitte og kjede seg..


Og det var tydeleg kva eg kunne ete - og ikkje. :)

Utover kvelden (og natta)
vart det stadig meir underhaldande. 
Stemninga var god heilt til siste slutt.
(og det var mykje kjekke folk i dette bryllaupet, 
så sjølv om eg ikkje kjende så mange på førehand, 
så var det ikkje skummelt eller kjedeleg å vere der.)


Unikt pynta bord, med rikeleg med levande lys. (varmt var det og)

 Og det er veldig kjekt å vere i bryllup 
der du ser at brudeparet virkeleg elskar kvarandre.


Det vart ikkje den dyraste gåva,
men sidan eg sang sangen "Mitt hjerte er ditt" i vielsen
så vart det eit heimesnekra bilete med same tittel..

Eg kom tilbake til hotellet i 3-tida,
med ei avtale om at eg skulle ringe mi kusine Laila i dag
og så skulle vi på gardsbesøk til vår felles kusine Anette i Vestby.


Det er veldig kjekt å få nokre timar saman med 
Laila og Anette.
Og eg har definitivt utvida grensene mine, 
for i dag har eg altså 
for fyrste gong i mitt 35 årige liv
køyrt bil i Oslo!
Sjåføren var ein smule nervøs, 
og eg trur ikkje passasjeren var mindre nervøs,
sjølv om ho skjulte det godt! ;)


Og som ei kontrast til bilkøyring på motorveg og
i storbyen, så gjekk vi tur på ein sti/traktorveg.
Det er noko veldig restituerande med å rusle i graset
og nyte dei klare fargane.


Og så viste Anette oss ein snodig stamme.
Naturen altså!


Det er ingen tvil:
Størst av alt er kjærleiken.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar