søndag 30. januar 2011

La maska falle..?

I går var eg på teater. La Cage Aux Folles.
Det var ei heilt fantastisk morsom forestilling med kjappe replikkar, masse humor, sang, dans, fargar og glede. Men og med mykje alvor og tankar ein godt kan ta med seg vidare.


Den vakre historia som fortel om livslang, ekte kjærleik, om forsaking og raushet. Den fortel om kva det betyr å sette andre menneske før seg sjølv, og om kva som skjer når vi tek på oss masker for å tilfredstille andre. Den fortel og om fordommar vi ber med oss, utan å sjå menneska som blir ramma av dei. Eller er det fordommar vi ber med oss for å rettferdiggjere oss sjølve? For å kunne seie at "eg er i allefall bedre enn.."? Er fordommar ein måte å unngå at andre skal få sjå kva gruff som skjuler seg bak maska vår?

Slik eg helst vil at folk skal sjå meg, smilande og blid som ei sol..

Eg har tenkt mykje på dette i det siste - det å la maska falle. I La Cage er det fleire som prøver å ta på seg maska, for å gjere andre til lags, eller ikkje vere til bry. Og det slår jo ikkje akkurat heldig ut, sjølv om det blir ei bra komedie av det..

Men eg trur vi altfor ofte har på oss masker, går inn i roller i staden for å vere den vi er. Og det utspeler seg somregel ikkje det same komiske skodespelet i det daglege dramaet, og kjent som vårt liv. Vi gjer det vi kan for å fikse på fasaden - enten det er i form av sminke, slankekurar, duppedingsar og andre ting vi kan vise fram for å sleppe at folk legg merke til alle feila våre..

Fiksa litt på neglene i sommar...

Eg sat i går og beundra eine hovudpersonen, Albin, for sin åpne måte å vere på. Ja, eg veit at dette er eit skodespel altså, men denne rollefiguren - han levde ut kven han var 100%, på godt og vondt.
Eg skulle egentlig ynskje eg var litt meir som han. Som vågde å vise kva eg følte, når eg følte det. Oftast blir det at ein klistrar på eit smil, og seier at alt går bra - sjølv om du føler at heile verda er trasig og alle er i mot deg.

Eit eksempel på dette presterte eg i går. Då stod eg opp og såg meg sjølv i speilet, og forstod at dette er ingen bra dag.

Definitivt i kategorien Bad Hairday!

Eg har lenge vore frustrert over håret mitt og i går var alt berre heilt gale. Så eg gjekk ut i byn på jakt etter frisør som kunne hjelpe. Eg fekk frisørtime, og medan eg venta på den gjekk eg og kika litt i butikkar. Eg skulle jo på teater, og hadde sjølvsagt ingenting å ha på meg, og det eg fann i butikkane var enten for stort, for lite, feil form eller feil farge. ALT var gale.

bildet eg helst ikkje vil vise til folk

Så fekk eg melding frå Rune, som fiksa billettar, med diverse info - og kva svarar eg der eg går og surmular over denne drittdagen? joda: "Nydelig!! Gleda meg masse!!!:D" Skal eg vere ærlig så var det ikkje mykje glede i kroppen akkurat då, men eg rekna med at ting ville bli bedre - og eg kunne jo ikkje plage han med min dårlege dag.

(Det må seiast at dagen snudde 17.57, tre minutt før framsyningsstart - då hadde eg sprunge frå Torget til teateret fordi eg var altfor seint ute(eg skulle vore der 17.50), og Rune møtte meg i døra med replikken:"Dei har ikkje reklame før forestilling på teateret altså!" Kven kan vel unngå å smile av den?)

Vågar vi å sjå kvarandre i augene?

Men tilbake til dette med masker - kva masker tek vi på oss i kvardagen? Vågar vi å vise svakhetene? Vågar vi å droppe sminka og vise vårt sanne anskikt? Vågar vi å leve ærlig, slik som Albin? Eller går vi inn i rollene vi veit er enklare for folk rundt oss å forholde seg til? Vågar vi å la folk sjå oss i augene,  og vise korleis vi egentlig har det? Vågar vi å vise at vi blir såra, fornærma, lei oss, sint og andre negative følelsar? Eller viser vi berre det gode, ufarlege og snille?

onsdag 26. januar 2011

Sweet dreams..

Eg har hatt ei madrass det siste 1,5 året som har vore for mjuk for meg. Eg trur det har vore utslagsgjevande for at eg har hatt mykje vondt i ryggen, og no fann eg endeleg ut at eg måtte gjere noko med det. Så i går var eg på IKEA.

Vi snakka skikkelig IKEA-saker her altså!

Der fann eg ny madrass, ei som er betraktelig hardare enn den eg har hatt. Og det beste av alt: eg fekk den for halv pris! HURRA.
Og det førte til billigare heimkøyring.

Eg vil egentlig ikkje klage på servicen, for dei bar madrassa heilt inn på soverommet. Men dei var to - eg er ein, og den madrassa var TUNG!
Men med kvinnelist, litt logikk og Furersk staheit, så går det meste. No er madrassa på plass og klar for meg!

gleda meg til å legge meg!
Men det er eit nytt problem som har meldt seg.. Eg har altså no fått ei ny madrass, men eg er enno ikkje kvitt den gamle - og har heller ingen plass å gjere av den. Så no ligg den på stovegolvet mitt..


Så treng du ei madrass, 2x1,40 m, mjuk og veldig pent brukt - så er det berre å seie frå! Du får den om du hentar den!

tirsdag 25. januar 2011

Protein meg her og protein meg der!

Ja, då er det nok eit matinnlegg. Eg registrerer at den nye trenden - om ein kan kalle det ny, i og med at Fedon har masa om slikt i mange år - er proteinbrød. Det skal vere sunt seie dei. Det bryr eg meg egentlig ikkje så mykje om, men eg syns ikkje det er noko bakside akkurat.



Eg har alltid vore glad i grovbrød. Ja, egentlig i brødmat generelt. Og difor var det eit lite slag i fjeset då eg fekk påvist cøliakien. For det er ikkje mykje grovt, glutenfritt mjøl. Og i haust var eg på ei gruppesamling på Haukeland der ein fekk informasjon om glutenfritt kosthold(rett nok 3 år for seint, men bedre seint enn aldri). Og der var det ei som hadde oppskrift på eit slikt proteinbrød.

Dette har eg begynt å bake, endeleg får eg noko som eg syns kan minne om grovbrød. Og ja, eg og ser at dette stort sett er fuglemat - men det smaka godt og då er det godt nok for meg!

Oppskrifta er som følger:
8 egg

1 pakke Crème fraîche

3 ss olje

2 ts bakepulver


1 kopp linfrø (er du litt ømfintlig, vær varsom - linfrø kan ha lakserande effekt)
1 kopp sesamfrø
1-2 koppar solsikkefrø
2 koppar gresskarkjerner/frø
2 koppar havregryn (NB! lagar du dette for ein cøliakier, så må du skaffe glutenfrie havregryn.)

1 neve hakka valnøtter og mandlar (ganske valgfritt)


Dette blandar du godt saman, og det blir ei rimelig rennande røre.
Dette er nok til to former, og sidan dette er laga med bakepulver og ikkje gjær så treng det ikkje heving.


Du steiker dei på 180 grader på nederste rille i ca. ein time. (eller 60 minutt om du vil)
Dei hevar ikkje spesielt masse i ovnen heller, så forvil ikkje om det ikkje blir typisk lett og luftig. Dei blir ganske tunge og kompakte, men du verden så saftige! Mmmmm!


Paul Colman og flinke menn eg kjenner litt

I kveld har eg vore på konsert. Litt småskeptisk i utgangspunktet, for eg trudde det kom til å bli litt sånn Halleluja-greier. (det er ikkje noko gale med det altså, men eg er berre ikkje dèr for tida) Men det kan no vere kjekt med ein konsert på ein mandagskveld, så då Thor Øyvind spurde om eg ville vere med så takka eg ja. Det var og ein viktig faktor at Seed skulle varme opp for denne lovsangsduden, og at eg kjenner Geir som spelar bass der. (han har spelt litt med Seraf, og er veldig flink!)

Geir hadde forresten bursdag i dag - hurra for Geir!

Paul Grønset og er med i Seed.
Seed er liksom litt kristennorge sitt svar på Big Bang.. i allefall innimellom! Kjekt var det i allefall å sjå og høyre dei! 

Så var det denne lovsangsduden som tok over - ein australier, for tida busatt i USA, som heiter Paul Colman. Mine fordommer blei skvist så ned i grunnen som det gikk an! Og det handlar ikkje berre om at han er australiar. (alle som kjenner meg veit at eg har en softspot spesielt for aksenter frå Australia, Irland, Skottland, Canada og Wales.. og,ja, egentlig for alle som snakkar engelsk.)
Er det berre eg som syns han liknar litt på ein ganske kjent norsk atlet?
Denne mannen kunne synge og spele gitar. Han var langt fra nokon glattpolert amerikansk lovsangsleder, men full av humor og han hadde substans i det han sa. Her fekk du ingen quickfix-løsningar, her fekk du møte tvilen. Her var ikkje ein som hadde alle svara, men ein som ga rom for undring! Han hadde ikkje bakgrunn frå ei eller anna megakyrkje, men frå å spele på barar i Australia, noko du merka godt kvar gong han tok ein sup vatten - og skåla med publikum!

Eg lo så tårene trilla, utan å føle det var feil. Her var det ikkje om å gjere få folk til å føle åndens nærvær og andre fine fraser - men her vart det snakka sant om Gud, menneske og livet. Og Anden var absolutt til stades!

Gud er ikkje ein Gud som straffar når vi gjer feil, han har gitt oss gode levereglar, og prøvar å få oss til å forstå at dersom vi ikkje lever etter dei, så vil det skade oss og medmenneska våre, og når vi likevel vel dette, så er han der for å hjelpe oss på beina igjen! Og ikkje minst, han har aldri sagt til oss at vi skal dømme dei andre  - han har sagt at vi skal elske dei, uansett kossen dei måtte vere. Og det er ikkje enkelt, og det går ikkje av seg sjølv. 

Og vi jenter kan jo ikkje nekte for at det er sant som han seier: Du kan fortelle oss kvar dag heile livet at vi er vakre, og vi trur ikkje på det - men prøv å glømme det en dag, så får du høre det!
Alle menneske er vakre - vi er unike, skapte i Guds bilete og med Guds kjærleik. Han kjem aldri til å slutte å elske oss, uansett kor mykje gale vi gjer!
Dette var virkelig ein mann verd å høyre på. Og så er det jo ekstra stas når folk eg har gått på skule med, som har komt seg opp og fram i livet, spelar med i det eg forstår var eit litt improvisert band - og gjer ein imponerande bra jobb! 



(beklager noko dårleg lydkvalitet på klippet, men en iPhone er en iPhone..)



fredag 21. januar 2011

Då naboen kom gjennom taket

I dag hadde eg heimekontor.
Klokka 8 var dataen påslått, koppen hadde kaffe, eg hadde ete frokost og var klar for oppgåvene som låg der og venta. Og så satte det i gang! DRRRRRRRRRRRRRRRRRRR!

Eg har då ein nabo, over meg, som driv og pussar opp. Eg er sjølvsagt klar over at det krever litt lyd, og i og med at eg har planar om å gjere litt forskjellig i leiligheta min innen rimelig tid, så eg putta sov-i-ro i øyrene og fortsatte jobbinga, som den avbalanserte og forståelsesfulle personen eg er..

Men så, akkurat som med ungar som gjer noko gale, vart det plutselig veldig stille - lenge.. Og eg skulle berre ut på do en tur og vart rett og slett ganske paff av det som møtte meg.

Det var ikkje der i dag då eg sto opp..

greit eg ikkje hadde vaska til helga enda, men...

Ja..

Rett under hullet i taket er dusjen...
Eg gjekk sjølvsagt opp for å spørre om kva som skjer, men i det eg ringde på, ringte ho som eig leiligheta.  Det er jo veldig forståeleg at ho var fortvila, og plutselig skjedde masse på ein gong.
For medan eg snakka med ho, gjekk eg jo ned igjen til meg. Og i det eg la på, ringde det på døra. Det var då rørleggaren og så var det masse fram og tilbake om korleis dette kan fiksast.. Eg syns heile greia er ganske så komisk, det er i allefall ikkje vits i å grine over det.


Men i to-tida kom ein søt latvier(i følge ho som eig leiligheta) og forklarde at dei ikkje fekk fiksa taket mitt før på mandag. Så det blir visst heimekontor då og.. Enn så lenge må eg dusje med hol i taket rett over meg, rett nok med ein svart plastbit i - trur og håpar eg..

tirsdag 18. januar 2011

Meg og mine gode, konsekvensfulle idèar!

2. juni skal eg i konfirmasjon til tanteunge nr.5 av 10. Blir stas det! Men eg må snart begynne på gåva... og det er hakket værre. Det er ei gåve eg berre gjev til menneske eg er veldig, veldig, veldig glad i!

Det har seg nemleg sånn, at i min ungdom, så tegna eg ganske mykje. Og då eldstemann eg er tante til skulle konfirmerast var det lite pengar i kassa, så eg fekk den lure idéen at eg kunne tegne ei barnetegning av han..

Jetmund

Blyanttegning er vanskeleg nok i utgangspunktet, om du ikkje vel å tegne ein unge.. For ungar har trekka til si voksne utgåve, men er likevel heilt annerleis. Men inga utfordring er for stor til at ein ikkje skal prøve seg..  Eg syns det var ein kul idè og eg syns i grunnen eg lukkast med oppgåva, men såg ikkje ringvirkningane dette skulle gje før eg var i konfirmasjonen.

Kristoffer

For plutselig var det 7 stk som stod der og forventa det same. (dei to minste var framleis ikkje komt til verda.) Så det var berre å finne fram blyantane igjen då nr.2 skulle konfirmerast.. og når nr.3 skulle konfirmerast..
Ellen

Og i fjor vår var det nr.4 som stod konfirmant..

Helene

Og no må eg altså finne fram blyantane og prøve å få til nr. 5.. Det blir spennande å sjå kva eg får til, for eg kjenner at eg er rusten når det gjeld handteringa av blyantane. Men det er no litt kjekt også. Ikkje alle har teikning som tanta har laga - og eg trur no dei likar det. Hvis ikkje gjer dei ein sabla god jobb med å skjule det!

torsdag 13. januar 2011

Restitusjon!

Eg har vore på veien dei siste par dagane. E39 og Rv555 for det meste, for å vere nøyaktig. Eg likar å køyre bil, men syns ikkje det har vore så veldig kjekt denne turen. Grunn: dårlig føre og vér.

Utsikta mandag kveld, på eit fint parti..

Spesielt gøy var det når eg sat i Balestrand, og vi oppdaga at det ikkje gjekk å komme seg til møtet vi skulle ha i Dragsvik pga. rasfare og såg på vegmeldinga at fleire vegar vart stengde fordi det gjekk ras. Men med Michael Bublè si mjuke stemme som trøst og oppmuntring, så gjekk turen totalt sett fint den. Utruleg korleis musikk kan "redde dagen"!

La det vere klart at no snakkar eg berre om køyringa, ikkje om folka eg møtte i Sogn. For eg møtte mange fantastiske menneske, og hadde gode dagar der.
Men det vart mykje køyring på sporete og glatte vegar, og det er slitsomt. (Maxfart var ca 50 km/t trur eg.)

Så eg bestemte meg for å ta fri i dag, sjølv om det er ein heilt vanleg torsdag - uten nokon plan.
Til tross for ein regnfull og slapsete dag så har eg stort sett vore "ute" det meste av dagen.

byen min i regnet..

Stine er på besøk i byn, så eg møtte henne på kafé, og så kom det stadig fleire til. Det var veldig koselig.

mykje av lønna mi dei siste tre åra ligg igjen her..

Og så tenkte eg at eg skulle gå heim og lage meg middag. Men kva skulle eg finne på? Medan eg lurte på det, fekk eg melding frå Ingelin om eg ville vere med og ete sushi - og dermed vart det sushi til middag og ein ny tur til Bergens beste kaffeplass som dessert!


Det var god restitusjon etter nokre krevande dagar på vegane med god kaffe, god mat og gode vener.

søndag 9. januar 2011

Søndags-knekk(ebrød)

Eg skal på tur til Sogn i tre dagar. Og når eg skal på tur, så er det greit å ha med litt mat - i og med at eg ikkje berre kan gå på butikken og kjøpe meg ein bolle.
Så då fann eg ut at eg skulle teste ut ei oppskrift eg fikk før jul, på knekkebrød.


Problemet var at dette er ei oppskrift med vanlig sammalt mjøl, så eg måtte teste litt med glutenfritt mjøl..

Men oppskrifta vart sånn ca noko slikt som dette:
4 dl store havregryn (sjølvsagt av den glutenfrie sorten!)
4 dl brun finax (ca. det, eg hadde i litt meir då eg såg korleis tjukkelsen vart på røra)
1 ss fiberhusk (det kunne sikkert vore litt meir)
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 ts salt
7 dl lunkent vatn


Dette blanda eg fint sammen med min kjære kenwood. Så smurte eg det ut over 3 plater, etter beste evne. Og sette det inn i omnen på varmluft på 150 grader.


Etter 35 minutt tok eg det ut, ruta det opp med eit pizzahjul før eg sette det inn igjen i nye 35 minutt.


Så skrudde eg temperaturen ned til 50 grader, åpna ovnsdøra og lot det stå og tørke ein time.
Og slik vart resultatet:


Det smakte faktisk ganske godt. Trur nok dette blir ein ting eg kjem til å prøve fleire gongar, og det kan godt vere at oppskrifta vil endre seg undervegs. Men eg har i allefall sørga for at eg har noko å tygge på i Sogn!

tirsdag 4. januar 2011

Ord

Har du tenkt på kor viktige orda dine er?

Det har eg gått og tenkt på den siste tida. Ord har makt. Dei kan rive ned, øydelegge og knuse andre menneske. Eller dei kan styrke, trøste og løfte menneske opp. Dei kan bygge relasjonar, eller ødelegge dei. Skape trygghet eller frykt. Spre glede eller sorg. Orda kan vere med på å skape livsløgner, som om dei får ligge der lenge nok, kan bli til sanning. Eller dei kan fortelle sanninga - og sette fri!
Og det skal som regel ikkje så mykje til...

Det er ikkje alltid like lett å få ting rett ut..
Det er nesten litt ironisk at eg skriv dette, for alle som kjenner meg veit at eg snakkar altfor ofte før eg tenker. Men det er kanskje difor eg kan skrive det. Eg har sett kva orda mine kan gjere med andre, både på godt og vondt. Eg har sett og kjent på smerten eg har påført andre med å komme med ein spøk som stakk så utrulig mykje djupare enn eg hadde trudd, og eg har sett gleda når eg har truffe med eit kompliment som berre datt ut. Eg har fått erfare at løgna vart sanning. Noko som var "uskuldig" moro for andre, vart alvor for meg. Og eg har fått kjenne på kva det har betydd når nokon har sett meg fri med sanning.

Av og til passar orda, av og til...ikkje heilt..

Eg har som nyttårsforsett å bruke orda mine på ein best mulig måte. Eg ynskjer å gje andre håp, glede, mot, latter, trøst, lindring, omsorg og kjærleik - ja, gode ting.

Er du med?

lørdag 1. januar 2011

Drømmedama!

Ja, det er meg sjølvsagt!


Du må berre sjå litt godt etter, for innpakninga er litt, vel, god..
Vi har starta eit nytt år og då er det jo tid for ettertanke. Mor mi er tydelig bekymra for meg, at eg i min alder framleis er singel.. for i jula kom det forsiktig frå sofaen: «Liv-Helga, har du tenkt noko på framtida?» 
Kva svarar ein på slikt? 
Eg har ein god del folk rundt meg som prøvar å overbevise meg om at hvis eg berre... ja, då skal eg få sjå..
Eg er rett og slett litt lei av «hvis eg berre..» No har eg fundert litt på ting, og kome fram til følgande:
Vil du ha ei drømmedame alà Trang Fødsel si, så er eg nok ikkje i riktig kategori. 
Eg har ikkje evne til å holde kjeft, men du har ikkje sjanse til å unngå å sjå meg! 


I vår var eg på leir, og då var det ein liten kar, så kort at han måtte stå på ein stol for å sjå meg i augene som formulerte seg minneverdig:
«Du er litt sånn som mamma du..» eg venta i spenning på fortsettelsen, og vart tatt på senga av «sånn, litt tjukk!» Og medan eg kjempa mellom: «du må ikkje seie slikt, for det kan såre folk»- og «takk for at du sa «litt», lille venn!»-talen, så kom bakgrunnen til utsagnet: «men det er veldig bra, for då er du god å klemme på!»



Ein kan ikkje bli verken sint eller såra av noko slikt. Og han har heilt rett, sjølvsagt, eg er mjuk og god å klemme på!
Og det er ikkje min einaste gode egenskap! 


Berre sjå på dette:
  • Eg kan lage mat, og er rimelig god på å finne nødløysingar. Som f.eks. når potetene kokar i stykker på nyttårsafta, då finne eg fram fløte og smør, salt og pepper, og vips så har ein luksuspotetmos i staden for poteter.. Det var ingen som våga å klage!
  • Eg er ikkje langsint, men temprament har eg i bøtter og spann.. men det kan jo og vere ein fordel?
  • Eg likar å reise og å gå turar i marka. Vel å merke er det under forutsetninga av at det er ok sanitærforhold i rimelig nærleik. Men eg greier meg utan fønar, og brukar fornuftige sko.

  • Eg kan synge reint - i allefall dersom eg vil..
  • Eg har eit rimelig stabilt, godt humør, sånn bortsett frå når eg ikkje har det..
  • Eg er ikkje morgongretten - eg berre likar ikkje å snakke før eg er våken...
  • Eg likar å sove lenge, men greier fint å stå opp når eg må - så lenge vekkarklokka på iPhonen virkar!

  • Å sjå sport på TV er heilt fint. Beste løysing over konflikt på TV-fronten er å kjøpe ein tv til!
  • Eg trur eg er ganske god på å sjå andre sine behov, og gjer det eg kan for å hjelpe.. enten dei vil ha hjelp eller ikkje!
  • Eg elskar pauser. Ingenting er meir verdifullt enn å drikke kaffe i sola medan ein pratar med ein venn!

  • Eg har ein fantastisk humor, og hvis du ikkje skjønnar den, då går du rett og slett glipp av noko!
  • Eg likar sjelden ting eg ikkje er god til - som å spele trommer, play station - eller andre ting som krever koordinasjon med presisjon.. 

  • Eg elskar utfordringar - spesielt berg og dalbaner!
  • Eg gledar meg over alle dei små tinga, og forundrar meg over dei store..
Dette er då noko av det som ein går glipp av når ein ikkje satsar på ei drømmedame som meg! Men eg kan jo ikkje liste opp alt, det er jo tross alt ikkje noko kontaktannonse dette her!


Det er ikkje ein menneskerett å finne ein spesiell å dele livet med, og alle familier har ei sprø gammal tante. Nokon må vere dei og - så kanskje er det min plass?

Den gale tanta i USA!

 Om drømmeprinsen, som har ridd seg vill i skogen, ikkje finn veien ut, ja, då får eg håpe at han har niste med seg!
Enn så lenge er eg no her. Og eg har ansvar for mitt liv! Eg skal i allefall kose meg i 2011, sjå det store i dei små tinga, glede meg over morsomme og kjekke ting, gripe sjansar, ta utfordringar og le masse.

2011 blir et bra år! Happy New Year!