lørdag 24. desember 2011

Heim til jul

Det er alltid godt å komme heim til jul!
Båten kan liksom ikkje gå fort nok.


Denne hausten har vore lang - og fullstappa. 
Døgnet har ikkje hatt nok timar til alt eg ville.


Men - til tross for dårlege karakterar: EG STOD PÅ BEGGE EKSAMENANE MINE! 
Og det syns eg egentlig var godt gjort - eg hadde ikkje forventa å greie det, for eg har jobba godt over 100% - og jobben har gått før studiet. 


Det meste går når ein berre finn noko å bestikke seg sjølv med - i mitt tilfelle har det vore rikeleg med turar på Kaffemisjonen og Edvard.

Eg er utruleg takknemlig for at eg har greidd denne hausten - og kjenner at eg er litt sliten no. 
Då er det ekstra godt å komme heim til Stadt og kjenne at pulsen går ned.

Og her blir det nok av festligheter.
Vi starta i dag, med å feire Håvard.

Lille, store tanteungen min!
Det har vore ein juletradisjon dei siste 14 åra å vere samla ein gjeng hos familien Prestvik på lisjejulafta, for å feire at det kom ein liten kar til verda på julafta for 15 år sia. 
Eg likar slike tradisjonar! 

I morgon er det jul på orntlig. Då skal vi til yngste bror min på formiddagen, i kyrkja på ettermiddagen, ete middag heime og så til søsteren på kvelden og åpne pakkar og drikke kaffe og ete til vi trillar heim.
Det er fort gjort å gløyme kva jula egentlig handlar om: eit lite barn, svøpt og lagt i ei krubbe.
At Gud sjølv vart menneske, for å gje deg og meg mulighet til fellesskap med Han.

Juletreet til søstera mi og hennar famile :)
Og eg har sett i nyhetene dei siste dagane, at vi stadig blir mint på dei som sit med sorg og sår etter 22. juli. Og fellesskapet sitt ansvar for å bry seg om dei som har opplevd dette utenkelige. Vi må for all del ta vare på dei som er berørt av dette, men vi må og hugse på at mange andre sit og med ein tom stol på julafta i år. Kanskje var det ikkje same dramatikken rundt det, men sorga er like stor. Og mange har opplevd vonde og vanskelege ting - lat oss hugse dei også, gje ei oppmuntring eller ein ekstra god klem.

Jula sin bodskap inneheld kjærleik og fred 
- eg håpar du får ei fredfull julehøgtid, der du får vere med dei du er glad i! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar