fredag 30. september 2011

På besøk hos Paven

Eg har vore i Roma siste veka. Og eg lovar å gje fyldigare referat. 1500 bilder har blitt tatt, så det blir nok nokre innlegg. Men eg må starte med det største.

Eg har vore 20 meter frå Paven. I allefall ca. 20 meter. Det er ikkje alle som kan skryte av!


Vi hadde billettar til audiens med han på onsdag, og havna jammen meg på podiet saman med han. Han ankom i den kule, kvite bilen sin.

Finn paven!

Dei køyrde heilt opp på podiet. Ein pave treng ikkje gå trapper!
Nokon av oss havna litt lenger framme enn dei fleste..

Kven finn vi på fyrste rad?
Jo, Stavanger biskop Erling J. Pettersen og Bjørvin biskop Halvor Nordhaug.

Det var varmt på Petersplassen, og fare for solbrendt måne..
Men italienere veit råd ;)

Den siste nonnemoten!

Sveitsergardemannen smilte meir og meir etterkvart som eg knipsa.. 

Eg er heilt sikker på at det var like før han blunka til oss ;)

Sjølv om paven er ufeilbarleg, så treng han lesebriller 

Romaturens høgdepunt!
Pave Benedict XVI får møte Bjørgvin biskop.

søndag 18. september 2011

helgaliv

Det har vore ei roleg helg i grunnen.
Eg tok meg fri på fredag, utan å ha spesielle planar. Det resulterte i litt tusling i byen, nokre timar med lesing - og bittelitt jobb. (det er litt travelt for tida, så det er vanskeleg å koble heilt av.)


Eg gjekk til Edvard for å lese i sola, noko som var utruleg deilig. Og veien gjekk via bystasjonen, og då gjekk eg forbi barnekunsten som er ved Lille Lundgårdsvann. Eg syns det er stilig at byen har rom for at borna får dekorere den!


Etterpå gjekk eg heim og laga meg ein liten fiskemiddag. Steg for steg: 1. ha gulrot, purre og potet i ei ildfast form.


Legg så på torskefilet (eg likar fisken best, så det vart mest fisk og minst poteter) og ha kvit peppar på fisken. Og så til slutt, før du set den i ovnen i ca.30 min på 180 grader:  Hell på ei blanding av fiskebuljong(utblanda) og litt fløte. Blir deilig saus! :)


Det smakar bedre enn det ser ut... ;)

Så kom laurdagen. Det var bylaurdag, og heilt ville tilstandar i byn. Eg ga opp å kjøpe is då eg var på ein liten tur, for det var køer lange som vonde år på alle is-plassane. Det var varmt og sol, så humøret var på topp likevel. Og det var deilig å tusle i byn på dagen, for så å gå heim og gjere seg klar til å feire Marie, som vart 30 i august.



Bursdagsbarnet var i storform! :)

Eg bare diggar dette bildet :D

Rosa sykkelhjelm, kva meir kan ei jente ynskje seg??
I dag har det vore ein roleg dag. Eg har lest litt, sett jentefilm, vaska ei maskin med kle og laga meg middag. Det var ikkje akkurat noko grete roede middag, eller fedon for den saks skuld. Men det er jo berre søndag ein dag i veka! 

Og det er litt annerleis å lage gode middagar når ein bur åleine. Det er ikkje akkurat lagt opp til singelporsjonar på butikken. Og i allefall ikkje når du lagar ting frå botnen. Så eg brukar av og til å kjøpe ei oksesteik, langsteike den (140-160 grader i ca.2 timar), skjere den opp og fryse den ned i porsjonspakkar. Så har eg ein kjapp og god middag ein dag eg har lyst på det.

I dag var ein slik dag, så eg tok opp ein pakke, medan den tina hadde eg pastinakk, søtpotet og potet i ei form i ovnen på 160 grader i 50 minutt, dei siste 10 minutta la eg på oksekjøtet. Medan det vart varmt og godt kokte eg meg saus. Det er ikkje så ofte eg gjer når eg er åleine. Men eg tok litt av kjøtkrafta som eg har frose ned (ja, eg veit eg er litt husmor), litt kjøtbuljong, litt masse kvitløk, pepper og kokte det opp. Så hadde eg opp i ei skei med Creme Fraiche, ein halv dl fløte, litt brun maizena og litt sukkerkulør - og vips, så hadde eg ein deilig middag som ikkje akkurat er kvardagskost her i huset. 


Det har vore ei deilig, rolig helg. Eg håpar du har hatt ei like god helg som meg! :)

tirsdag 13. september 2011

SMIL!

Eg har fått meg ein ny hobby.
Eg ser dei som møter meg på gata i augene 
og smiler.
Alle reagerer.
Dei aller, aller fleste med undring
for så å smile tilbake.


Barnet er ikkje gammalt før 
det startar å mime etter mor.
Dei færraste av oss 
greier å la være å smile 
når nokon smiler til oss.

Og la oss berre innrømme det:
Vi er vakrare når vi smiler!

Svette og varme etter ein lang dag på stranda
og ein liten fjelltur, men kva ser du? 
Eg trur smilet vårt kan 
lyse opp ein grå kvardag. 
Både vår eigen
og andre sin.
Berre tenk på om du smiler til nokon
og får eit smil tilbake.
Blir ikkje smilet ditt hengande på ansiktet?


Eg trur det lyser opp 
på festen og.
Eg trur smilet vårt
er kortaste vegen til eit anna menneske sitt hjarte.

Og eg veit at noko av det finaste eg ser
er
smilerynker!


Så la oss smile til kvarandre
når vi er på gata
sit på bussen
på jobb
på skulen
over kaffekoppar
eller skitne middagstallerkar.

La oss lyse opp kvardagen til kvarandre! :)

søndag 11. september 2011

Då var helga nesten over..

Det har vore ei knallkjekk helg. 
Eg har kosa meg saman med 4 av kusinene mine.
Søstera mi og Anette var sakna, 
men vi gjorde vårt beste for å halde dei oppdatert på fjesboka ;)

Plankebiff på Naboen :)

I går kveld var vi ute og åt middag. 
Alle var strålande fornøgd. 
Elisabeth stod for kveldens desidert beste kommentar, 
då vi tilfeldigvis møtte biskopen i Bjørgvin på vegen.
Han ga meg beskjed om at eg måtte oppføre meg fint. 
Og Elisabeth svarte: "Det har vi ikke noen planer om!"
Etterpå spurde ho meg om kven han var....

Litt kaffe etter maten gjer seg somregel.

Lysekrone på Contra :)
 Vi greidde i løpet av kvelden å diskutere oss gjennom 
ein bråte norske skodespelarar 
for å finne den perfekte Harry Hole. 
Vi vart vel helst ikkje heilt eninge.
Men diskusjonen var spennande
og det er heilt klart at vi alle får ulike bilete av 
dei vi les om i hovudet.

Det er rutinert å ha med seg lave sko når ein går i hælar på tosifra cm.

Eit lys på Dyvekes..

I dag har vi vore på Fløyen. 
Vi tok bana opp - og så gjekk vi ned igjen.
Spreke folk eg er i slekt med :)


eg diggar den grøne skogen ned Tippetue
 Takk for ei super helg jenter! 
Satsar på at det ikkje blir like lenge til neste kusinetreff! :)
Gladjentene :) (Laila fekk ein brite til å ta bilde av oss :) )

No har Oslo-kusinene reist. 
Eg har sunke ned i sofaen, putta middag i ovnen
og sett på tv-en. 
Er ei fare for at eg blir her i kveld.

lørdag 10. september 2011

Kreative kusiner :)

I dag har eg hengt med kusinene mine. Det har vore veldig kjekt! Og enno er ikkje dagen over, vi har berre ei lita dusje og pyntepause :)

Fyst var eg, Gunhild og Elisabeth på matfestival..MYKJE FOLK!

Sulten? 85 kr pr.stk.

Så samla vi oss til lunsj før vi skulle ut og vere kreative :)

Spenninga steig etter kvart som vi nærma oss Verftet

Vår indre kunstner skal finnast fram..

Sånn kan kanskje resultatet bli?

Porselen i råform

Vi blir instruert i prosessen.

1 kopp i forma

god stemning må dokumenteres

Nokre gjekk hardare til verks enn andre ;)

Påklistring av blad

Elisabeth in action!

Fornøyd! :)

Vi måtte signere sakene :)

Kunstnaren jobba

Mens vi hadde tepause ;)

1 kopp in the making

Laila funderer i eit hjørne. Skal eller skal ikkje
ha mønster på utsida og?

Syns eg har vært flink eg..

Men så skal bladet fjernast... SKUMMELT!

Gunhild hadde teken!


Det anbefales absolutt å besøke http://www.sarah-reed.com/no/index.htm for ein slik aktivitet saman med  venner, kollegaer eller slekta. Det var kjempegøy og veldig enkelt! :)