onsdag 29. juni 2011

Sommar?

Tenkte berre eg skulle dele litt av stemninga på Bryggen på veg heim frå jobb i dag..


Aliens in Bergen..

paraply med bein!

Definitivt riktig skovalg for å bli våt på beina!
Eg ventar framleis på sommaren!!

tirsdag 28. juni 2011

Rabarbra!

I går kjøpte eg noko som eg ikkje har smakt sidan barndommen.
Rabarbra!


Eg hadde meg ein tur i Fjellvegen og var tørr nesten til eg kom heim - då åpna himmelen seg.

ca ti sekund etter at det begynte å regne..

Så eg fann ut at eg hadde lyst på dessert - på ein heilt vanleg kvardag. Så då tok eg turen innom Kiwi, og der var det rabarbra. Eg tok med meg eit par stenger, og strena mot kassa. Han som sat i kassa spurde forsiktig: "Kva er dette?" Så det er tydeligvis ikkje den mest vanlege vara på butikken.

mmmm

Så fekk eg lære vekk noko i går og - og så var det å prøve seg fram til ei rabarbragrautoppskrift.
Og det er jo ei utfordring når ein kun har minna om denne grauten frå barndommen som var heilt fantastisk! Eg kunne jo ringt mamma, men eg tenkte at no må eg prøve sjølv og sjå kva som skjer.

Eg kutta opp ei stang rabarbra, hadde den i gryta med to glas vatten og litt sukker. Så kokte eg det til rabarbraen hadde løyst seg opp. Så hadde eg i ei jevning av ca. 1 ts potetmjøl som eg hadde blanda ut i eit kvart glas vatten. Og voilà:

MMMMMMMM!

Og så litt fløte eller melk på toppen, alt etter kor sunn ein vil vere. Det funkar som ei kule! Den var deilig frisk og syrlig!


lørdag 25. juni 2011

Jazzbox


I går tenkte eg, Ingelin og Rune at vi ville prøve noko nytt. Så vi gikk på Jazzbox på Hotel Terminus. 




Det var absolutt noko som frista til gjentaking. Det var godt å drikke, mat, dj og live musikk. God stemning heile vegen. 


klar for ein liten by-tur..


Vi satt og kosa oss med god musikk i nokre timar, så rolig og behagelig :)




Men fredagskveldar er ikkje dei store kveldane for å gå ut - så vi gjekk forholdsvis tidlig heim. Er det eit tegn på at vi begynner å bli voksne? Det var i allefall ei god avslutning på arbeidsveka!! :)


Er du i byens beste wiskeybar så må en i allefall ha ein irsk kaffe! ;)

mandag 20. juni 2011

Skulle ønske eg hadde ein sterk mann...

Ja, det var det eg tenkte då elpianoet kom. Flatpakka.






Men har ein ikkje, så har ein ikkje - og noko eg heller ikkje har er tolmodighet. For hadde eg venta eit par timar så kunne bror min sikkert hjelpt meg. 




Bruksanvisninga fann eg på utsida av kassa. Og dermed måtte eg berre..




Og så såg det jo ikkje såååå vanskelig ut.. Eg er jo tross alt ein reser på IKEA-møblar!




Sjølve pianoet var ein smule tungt, og eg var litt skeptisk då eg skulle greie å lirke det på plass.. Men det eg ikkje har i fysisk styrke tar eg igjen i viljestyrke!





Det fulgte med bruksanvisning på mange kjekke språk - men ikkje norsk, svensk eller dansk.. Men kva skal ein med det når ein kan få det på russisk?




Notehefte fekk eg og - heilt gratis!! ;)




Og eg er ganske fornøgd med eigeninnsatsen, om eg skal seie det sjølv!




Og la meg seie det sånn, eg var omtrent like svett då eg var ferdig med dette som når eg er på trening.. Men det seier kanskje meir om forma mi.......

lørdag 18. juni 2011

Om du vann 100 millionar...


Av ein eller annan grunn har eg møtt på dette spørsmålet i ulike variantar den siste tida. Summen forandrar seg, men det er alltid snakk om store pengebeløp. Kva ville du gjort med det om du plutselig hadde millionar av kroner? Det skaper eit veldig engasjement hos folk.
Når ein får eit slikt spørsmål, så får ein mulighet til å drøyme. Alt vi vanlege, normale arbeidarar, som får utbetalt vår meir eller mindre beskjedne lønn ein gong i månaden, kunne fått råd til då!
Det er ingen tvil om at eg har i overflod!

Og det slår meg at lista er fort klar, og eg står alltid fyrst på den. Så eg har gått og fundert på dette - om eg hadde vunne ein million eller hundre, kva hadde eg egentlig gjort? Eg har lyst å tenke at eg ville vore generøs, tenkt på andre og gitt til veldedige formål. Men eg er neimen ikkje sikker no i disse ferie- og skattepenge-tider.

For det var ikkje alle dei borna som svelt som stod i tankane mine då eg svei av pengar på ny linse og blits til kameraet. Eg tenkte ikkje på dei som jobbar på teplantasjene i Bangladesh, langt ut over det som blir rekna som normal arbeidstid, for å få nok mat på bordet då eg betalte for elpianoet.
Eg ofra ikkje ein tanke på alle dei som er drivne bort frå heimane sine og til flyktningeleirar med sjukdom, matmangel og tørke då eg bestilte årets sydenferie. 


Eg vil ikkje tenke på dei som ikkje har det like godt som meg - eg likar ikkje tanke på at nokon går svoltne til sengs, manglar tak over hovudet eller ikkje har til det aller mest nødvendige, men eg veit at dette skjer nærmare enn eg likar å tru. 

Eg vil heller drøyme om å få det som dei som har det bedre enn meg, dei som har feite bankkontoar og kan reise når dei vil, dit dei vil. Som kan kjøpe alle ting dei måtte ynskje seg. Som kan kjøpe kva hus dei vil, og pusse opp kva dei vil - utan å måtte ta omsyn til pris og økonomiske spørsmål.

Men gjev det lykke? 
Eg syns eg såg meir glede i ungane som dansa i Awassa, enn den eg opplever - sjølv om dei verken hadde fancy sko eller dyre klokker. Eg veit ikkje om dei fekk gå på skule ein gong. 



Eg har møtt meir takknemlighet frå dei som slit med å få endane til å møtes, enn dei som har råd til alt dei ynskjer.
Eg opplever  at det ofte er større gjevarglede hos dei som har lite, enn hos dei som har feite bankkontoar og lønnslippar på sekssifra beløp. Eg syns gjerne det virkar som ein lett blir meir sjølvhøgtidlig jo tjukkare lommeboka vert - kanskje er det fordi ein trur ein har meir å tape?



Og eg har aldri møtt ei slik gjestfrihet som eg gjorde då eg var i Latvia rett etter Sovjetunionens fall. Familien eg budde hos levde på 600 kr månaden, knapt nok til å betale husleiga. Likevel diska dei opp for den rike, norske jenta. Søstera i familia hadde akkurat fått seg jobb, og fortalde at ho gleda seg til å bidra til husholdninga. Heile hennar fyrste månedsinntekt gjekk til å kjøpe ei kake som vi skulle kose oss med siste kvelden eg var der. Eg kjem aldri til å gløyme det - og det er noko eg vil etterstrebe resten av livet, for eg ikkje ein gong i same kategori!

Det er lett å gløyme at det er ei heil verd der ute..

For eg vil ha, eg vil eige, eg vil oppleve, eg vil ha, eg vil ha, eg vil ha! På engelsk seier dei at "Sin is I in the middle" - eg trur det er mykje sant i det.
Eg har ikkje den store livsvisdomen, men eg har i allefall lært at det er sant som ordtaket seier: «Mykje vil ha meir, Fanden vil ha fleir»
mykje vil ha meir.. Liv-Helga vil ha fleire sko..

Eg trur ikkje det er noko gale i å ynskje seg ting. Eg trur ikkje det er noko gale i å drøyme om kva ein kunne fått om ein berre.. Så lenge det ikkje blir ein besettelse. Og det er ikkje noko gale i å bruke pengar på ferie eller andre goder, vi skal ikkje ha dårleg samvittighet fordi vi tjenar greit med pengar. Men dersom vi aldri ofrar dei som ikkje har det så godt som oss ein tanke, og ikkje er villige til å dele med dei som lid naud, då er det noko gale. Dersom det berre er meg og mitt som gjeld, då blir det ei kald verd og det vil bli eit tomt liv.



Eg trur i bunn og grunn eg er glad for at eg ikkje har millionar på kontoen. At eg må prioritere om eg vil ha elpiano eller ny tv. At eg framleis kan glede meg over dei små tinga.

Lykke: å drikke ein kopp kakao med ei god venninne ein sur haustdag

Eg er takknemlig for at eg må jobbe for godene, og at mi egoisme skremmer meg. For det er skremmande å sjå kor lite eg tenker på at eg har alt eg treng og vel så det. Eg er takknemlig for at eg, til tross for eit enormt fokus på kva eg ynskjer, i allefall tenker at eg vil dele det eg har, enten det er mykje eller lite. Eg vil bry meg!

Mi erfaring er at det er ved å dele at ein virkelig får det som har verdi! Så eg trur eg lar vere å levere inn lottokupongen denne veka og.. 

torsdag 16. juni 2011

heime-borte

 Å vere på Stadt er å vere heime - det kjem det alltid til å vere. Men samtidig så er det borte frå kvardagen, og ein slags ferie. Slik er det berre. Eg har hatt ei veldig fin pinse heime. Dragseidspelet har eg allereie "dekka" - men det skjedde no litt meir i helga og. 

Det var noko som minte om sommar, sjølv om temperaturen ikkje gjorde akkurat det..


Og det er så utrulig vakkert på Stadt. Eg anar ikkje kor mange solnedgangar eg har bilde av, men det blir ikkje færre med åra. Du kan kjenne freden når du tek deg ein tur ut då - alt er stille, bortsett frå elva og kanskje eit dyr eller to. 


Stille er det derimot ikkje når Fure(og Prestvik) møtes til pizza. Eg trur ikkje det er mange som kan gjere så mykje ut av regulering av kor naust kan byggast.. Men det er sikkert: har du Fureblod i årene har du sansynligvis både mot, engasjement og ei god dose humør! 


Og så er vi leikande menneske :)


Det var komt ein ny iPhone i familien ;)

Det vart nokre timar med Rummy/Liverpool

Mamma og pappa inviterte dei som vaks opp i lag på Fure (og partnere) på rømmegraut og spekemat. Det var ein livlig gjeng, og at dei har overlevd er eit under. Tamme var dei i allefall ikkje då dei vaks opp - og mine foreldre klaga på at eg var vill?!?


mamma hadde pynta med en blomst eg kjenner som
Løytnantshjerte

Eg og Helene ein tur på vegen, der vi både møtte på kløver av typen du kan sutte safta ut av og eg smakte på syregras igjen - og det smakte like godt som då eg var liten ;)


Og eg har fått stadfesta at guddattera mi har nokre fellestrekk med tanta si..

Det er kjekkare å leike ute, enn å gå inn og ete kvelds!

Energinivået aukar i takt med klokka

Og farta er stor - både ute og inne :)
 Og eg fekk æra av å starte opp mine foreldre si nye investering. 


Og i dag gjekk turen tilbake til Bergen og kvardagen.. Men det er ikkje så ille når sola skin! :)


Og det første eg gjorde her var å gå opp på pianoforretninga og kjøpe elpianoet eg bestilte i går. :)

Heime på Stadt står det akustiske pianoet mitt - til glede for alle som
vil spele på det :)