mandag 27. desember 2010

Stjerneklart!

Ein av dei tinga som er deilig med å ikkje vere i byn er å sjå stjernehimmelen klart.
I kveld var det rett og slett fantastisk, så eg måtte teste kameraet - og stativet til far. (slikt noko har eg ikkje greidd å somle meg til å kjøpe)

Orions belte vart av ein eller annan grunn veldig klar.. Flaks!

Eg har nok ikkje det mest ideelle utstyret, og definitivt ikkje kunnskapen til å få gode bilder, men eg syns no nokre av dei vart ganske ok.. så, ta det for det det er! 



Karlsvogna



lørdag 25. desember 2010

19 til bords!

Eg har kort og godt berre verdens beste familie! Dei beste foreldra, kjekkaste søskena, hyggeligaste svigersøskena og herligste tanteungane ein kan tenke seg! Det er ingenting å diskutere!
Og i dag har vi vore samla, heile gjengen!

Det er ingen spøk. Vi har no komt opp til 19 i talet, og no har alle blitt så store at dei må ha eigen plass - det går ikkje lenger å rekne ein halv plass. Så då må ein ut og låne eit ekstra bord, og eit par, fem ekstra stolar..

Far er klar for mat...

Og så begynner folka å komme og. Eg trur ikkje vi nokon gong har greidd å starte ein familiemiddag presis, det er alltid nokon som er forsinka, nokon som er for tidlig, og kanskje nokon som er ca. presis.. så det startar oftast med litt oppvarming for dei unge (til sinns). I  dag starta vi med Mexican Train game..

Mexican Train game!


Dominobrikker kan brukast til så mangt..

rett etter "bordskjelvet"


Så, når alle er komt er det mat - og det som står på menyen når vår familie samlas i jula, er kalkun. Ikkje mindre enn 14 kg med kalkun og to store skåler med waldorfsalat kom på bordet. (i tillegg til saus og poteter) Og det skorta ikkje på desserten heller - valget stod mellom: multe, blåbær, jordbær eller fersken, med krem og småkaker. Det mangla ikkje på at vi var mette då vi tok ei pause til lesing av julehefter eller å spele gruble..

Kor e Knoll og Tott?


Middagskvild


Og så er det klart for kake og kaffe igjen!

Rydde plass til kake


Kusiner

søskenkjærlighet
Eg digga familien min, det er herlig å vere i lag med alle ein heil dag!

Julefred og julemat

Då er julemiddagen eten, og dytta ned med både dessert og eit lass med kake. Til og med delfiakake har eg smakt på i dag, og eg kjenner at det kan bli hardt å få sove så mett som eg er! Pakkane er åpna, og alle virka godt fornøgde i år og. Eg sitte her åleine, nesten i mørket, og kjenner på at freden har inntatt kroppen..


Det har vore ein innholdsrik dag. Fyrst var vi på Bryggja og leika julenissar. Der bur då yngste bror min med familie. Han har to nydelige jenter. Dei var veldig opptekne då vi kom - med å sjå "Reisen til julestjernen"- det er det eg kallar fin juletradisjon, så eg sette meg ned og var opptatt i lag med dei!



Etter kvart vart det kjekt å leike fotomodell også

Sjå opp då tante!

Klatremus!

Og som seg hør og bør på ei julaft, så var det litt sukkerholdige saker ute og gikk...



Og så var det tid for å komme seg heim igjen og gå i kyrkja, slik vi brukar å gjere, medan pinnekjøt og pølse (eg likar ikkje pinnekjøt, og får difor dampepølse i staden) fekk stå og dampe på komfyren.
Eg elskar lukta som vi møter i gangen når vi kjem inn frå gudsteneste, for sjølv om eg ikkje likar pinnekjøt, så er lukta herleg - i allefall på julafta.

Eg, mamma og pappa åt middag i lag, før det var tid for pakkefest hos søsteren. Det er ikkje fritt for at det blir nokre gåver når det er 5 ungar, foreldre, besteforeldre og ei tante..

Nokre pakkar - og i hjørnet står bursdagsbarnet vårt!

Og så var det kake og kaffe, og her tok eg stykket med delfiakake.. Eg var veldig glad i det då eg var liten, men så delte eg og søsteren ei heil kake mellom oss - og åt det på ein gong. Etter dette har eg hatt eit noko anstrengt forhold til denne kaka med meir fett enn sjokolade (omtrent), men eg må alltid smake..

Og no kjenner eg at julefreden er komen. Men den blir nok ikkje lenge. I morgon er det familiemiddag, og etter sigende skal ALLE komme. Det betyr at vi minst blir 19 til bords. Og det er kalkun som står på menyen! Eg gledar meg allerede, sjølv om eg er overmåte mett!

fredag 24. desember 2010

There's no place like home for the holiday

I går kveld kom eg heim til jul.
Det var utrulig deilig å kome heim, ekstra deilig var det på grunn av at Helene og nokre til av tanteungane mine hadde brote seg inn på rommet mitt og pynta til jul. Tusen takk!
Her er nokre bilder:


Det er ingenting i vegen med kreativiteten...




Lillian på 4 år hadde fått æra av å tenne hjerte i tante sitt vindu....
Det er godt å komme heim til slikt!

Eg syns gårsdagen vart ein fryktelig lang dag. Eg kan berre takke meg sjølv, for det er eg som har planlagt julegåvene dårleg - eller vore dårleg med å sette forhåpentligvis gode idèar ut i live. Dette resulterte i knappe 3 timar med søvn natt til i går, og eg kom meg ikkje i seng før nærmare 03.30 i natt heller. Og i dag tidlig var det ikkje snakk om å sove frampå. For fyrste runde av julenisseleiken var i gong.

Volda var målet. Og dit går det sikkert fleire vegar, men vi varierer mellom to. Den eine går via Lauvstad, og har ei ferge som går ca. ein gong i timen, denne er den kortaste av dei to - om du treff bra på ferga. Den andre vegen går via Folkestad, og der går ferga kvar halvtime, men vegen er ca.20 minutt lenger. På glatta og ved hjelp av nokre uforutsette hendingar, så vart det til at vi valgte Folkestad.

I Volda bur eldste bror min og familia. Dei som eg var i USA med i sommar. Det var veldig kjekt å sjå dei igjen!

Vi ankom Fures residens i Volda ca.12.40,
 etter dette stod f.eks. denne karen opp..


MIDDAG! (deilig laksemiddag!)

Historietime og løkkeskriftkunst med Farmor..

Så bar det heim igjen til ei lita pause før det var selskap til Håvard, ein av tanteungane mine som blir 14 år i dag! (i dag er altså julafta, sidan klokka no har bikka midnatt)

På garden har dei fått kattungar.. lyst på ein?

Det er plass til mange i selskap hos søstera mi!

O jul med din glede og barnlige lyst..

Ja, då er det vel berre å legge seg å sove. Eg er full i kake, og takknemlighet over ei fantastisk fin familie!  I morgon skal vi vere julenissar til Bryggja, der yngste bror min bur med si familie. Eg gledar meg til å sjå dei igjen også!

God jul!

tirsdag 21. desember 2010

Trøffelkonfekt - del 2 (og, egentlig, del 3)

Ja, har eg sagt a så får eg vel seie b.. Eg hadde jo egentlig planlagt å verte ferdig med konfekten i går, men slik vart det ikkje. Eg laga derimot fløytekaramellar etter eg hadde skrive forrige blogginnlegg, og dei vart veldig gode..

veldig enkelt og veldig godt!

Men så var det gårsdagen: Eg kom heim og var ganske så feberheit, så eg gjekk rett og slett og la meg.
Så fekk eg melding om eg vere med på kino og sjå "Kongen av Bastøy" - og etter et par timar med søvn, følte eg meg rimelig ok, så eg takka ja.

Eg rakk å gjere del to før eg gjekk likevel:
det eg hadde lagt til tørk, måtte rullast i kuler...


Måtte ha en kniv for å få klisset laust..
 
Det er noko skikkelig kliss, spesielt fordi eg har så varme hender...
Filmen var veldig bra, så den anbefaler eg. Men eg kom heim og orka ikkje noko meir, så eg kraup opp i senga og vart der til vekkerklokka ringte i dag tidlig.
Så konfekten måtte fint vente til arbeidsdagen i dag var ferdig..

Dei neste stega er då:

Smelte sjokolade i vannbad.. eller tålmodighetsprøve..


gode redskaper er greit å ha..
Eg har då eit fondue-sett som har nokre skeier som er veldig hendige til dette, dei er djupe og små. Funkar rett og slett som ei kule!

Det blir litt sånn sjarmerande ulikheter...

sjøl om det ser passe ut, så er det veldig godt!

Viktig med julekos samtidig!
Det er eit slikt prosjekt som du angrar bittert på når du er midt i, men når du er ferdig er du ganske fornøgd med deg sjølv!

søndag 19. desember 2010

Trøffelkonfekt del 1

I år er eg generellt seint ute.. og jula kjeme litt brått på.
Så i dag måtte eg gå ned på Rema1000 og handle inn til den årlege likørsjokoladen eg brukar å lage til jul, sjølv om det er søndag.

Innholdsregisteret.. og i min familie nyttar det ikkje berre med en porsjon.


Og så måtte eg finne stemninga.. Så eg sette på årets julecd - "Jul med Major5", og manna meg opp til sjokoladelaging..

820 g lys kokosjokolade..

Hva skal man velge??

Så skal det blandes...

mmmmmm!!

Da skal det ligge og godgjøre seg til i morgen.. da kommer del 2.

Det er noko skikkelig kliss, men med utgangspunt i prøvesmakinga så trur eg absolutt det er verd det!