mandag 25. januar 2016

Kvifor trur du?

Mykje har skjedd og mykje har vore tenkt på sidan forrige bloggpost.
Både julebasar, adventstid og jul er over, eg har vore i Norge og eit nytt år er starta.
Diskusjonar rundt innvandring går i store overskrifter både i Norge og Amerika, og like sikkert som amen i kyrkja fører jula med seg den evindelige debatten rundt skulegudstenester.
Og kombinasjonen av nettopp disse tinga har surra rimelig masse i hovudet mitt.


Kvar desember er det nokon frå Human Etisk forbund som går til angrep på skulegudstenestene. La meg seie det først som sist: Eg har absolutt ingen motforestillingar om at skulane skal ha påmelding til skulegudsteneste i staden for at ein må be om fritak. Men eg må seie eg er litt fasinert av Human Etikarane. I fjor (altså desember 2015) kræsja den evige klagesangen om kor farleg det er for ein unge å bevege seg inn i eit religiøst rom med terroren i Paris. Frankrike har vore langt framme lenge med å få eit mest mulig livssynsnøytralt samfunn. Det vart litt annleis å lese om kor fryktelig det var at ein unge hadde vore på gudsteneste med dette i tankane.


Eg syns litt synd på ateistane. Samtidig er eg veldig fasinert. Dei har den strengaste religionen av alle. Den gir ikkje rom for undring eller tvil. Det er på mange vis berre ein regel, nemleg at du ikkje har lov til å tru på noko. Å lære om andre religionar er kanskje ok, men å delta i nokon form på praktiseringa av andre sine religionar er farleg. Ein kan jo kanskje begynne å lure på om dei andre har noko for seg.. Tenk om ein vart påvirka! Og kanskje difor har det blitt så veldig viktig for dei med livssynsnøytrale rom - eller det dei egentlig ber om er eit livssynsnøytralt samfunn. Ikkje alle ateistar eller human etikere ropar om dette, men dei som ropar ropar virkelig høgt.


Livssynsnøytralitet. Eller religionsnøytralitet. Kva er det? Fjerning av all religon og alle livssyn? Eller forbud for å uttrykke noko som handlar om tru? Kvifor vil ein ha det slik? Kvifor er ein så redd at nokon andre trur på noko anna enn ein sjølv? Kvifor skal vi ikkje snakke saman om kva vi trur på? Eller rettare sagt; kvifor skal ein berre få snakke om det ein trur på på gitte plassar? Fyrste gongen eg høyrde om det (og var bevisst på det) var etter 22.juli. Då Åse Kleveland uttrykte at det ikkje var holdbart at ein samla seg i kyrkjene i sorga. Slikt skulle ein ha livssynsnøytrale rom til. Eg trur dei som var i Oslo Domkirke opplevde det godt, enten dei trur på min Gud eller ikkje.


Og i dag kjenner eg uroa sit i kroppen etter å ha lest n-te ytring om dei fæle flyktningane. Om dei farlige muslimane. Om korleis desse snyltarane kjem og overtek landet vårt. Om påsatte brannar ved asylmottak eller stader som vert gjort klare for flyktningar. Eg les om flyktningar som vert sende ut frå det eg, og sansynligvis dei, trudde var trygge Norge til ei særdeles utrygg framtid. Eg les om politikarar som vil gå inn i religiøse rom og hente dei som har søkt tilflukt der med makt. Eg les ytringane til menneske eg anser som normale og oppegåande, og kan ikkje fatte at dei kan ha så ekstreme og framandfiendtlige haldningar.
Kva gjer at dei kan uttrykke seg slik? Kva gale har nokon gjort mot dei som får dei til å hate menneske dei aldri har møtt så intenst? Korleis kan vi som har vokst opp i fredstid, med alle dei godene som det følgjer å vere norsk, vere så redde for menneske som berre ønsker å få leve?


Kan det handle om frykta for det ein ikkje kjenner å gjere? Kan det ha noko å gjere med dette livssynsnøytrale som ein har ropt så etter?


Eg trur religionsnøytralitet er farlig. Eg trur faktisk det er veldig farlig. Det fører til godt jordsmonn for ekstremisme. Det fører til frykt og manglande kunnskap. Det åpnar for at rekruttering til organisasjonar som ISIS så vel som ekstreme kristne organisasjonar. Det gjev spelerom for at folk som spelar på frykt og hat får tilhengarar. Det gjev ei ypperlig mulighet til at enkelte får påvirke, eller vert påvirka, til å få haldningar og verdiar med grunn i ekstremisme. Og ekstremisme eller facisme er farleg, uansett kva religion det kjem innepakka i.


Mi oppfatning av Norge, no når eg har det litt på avstand, er at vi er så livande redde for å snakke om kva vi trur på. Vi er opplært til at det er ei privatsak. At vi ikkje skal bry andre med det.  Eg trur det ikkje er bra for oss! Det er Human Etisk forbund si kampsak at alt skal vere trusnøytalt. Og eg lurer så veldig på korleis ein så liten del av befolkninga har fått så stor makt, for dei er faktisk ikkje så mange. (det siste eg såg var at dei bikka 85.000 medlemmer.. Det er i følge mitt enkle hovud ca.1,65 % av Norge si befolkning.). Og kvifor er dei så redde for å lære om andre si tru? 


Dei som kjenner meg veit at eg er ein stor tilhengar av RLE, i staden for den gamle kristendomsundervisninga. Skulen har ikkje noko misjonsoppdrag. Den skal drive med undervisning. Og eg tenker at det er bra å lære om andre sine religionar, livssyn og kulturar. Eg tenker og det er bra å få lære det av nokon som lever i det, ikkje berre tørr teori men også i møtet ansikt til ansikt. Eg trur det er bra å få erfare religiøse praksisar som ikkje nødvendigvis er sine eigne - berre for å få sjå kva det er.


Vi treng livsynsåpne rom. Vi treng religionsåpne rom. Vi treng å lytte til kvarandre fortelle om kva vi trur på. Vi treng ikkje å vere enige. Vi treng ikkje eingong å forstå korleis dei andre kan tru på det. Men vi treng å lære om det. Vi treng å lære av kvarandre. Og då tenker eg ikkje at vi berre treng å lære av alle dei som tenker og trur det samme som oss. Vi treng å møte og lære av dei som tenker og trur på ein annan måte. Vi treng å få sjå ting frå ein ny vinkel. Eg trur at dette er einaste måten vi kan redde dei som er på veg inn i noko farleg og ekstremt som er innepakka i religiøst sølvpapir. Ja, for om vi ikkje har nokon kunnskap om kva religionen egentlig er, korleis skal vi då sjå varsellampane? 


Og kanskje vil det å snakke og leve åpent med kva vi trur på gjere oss mindre redde for det som er annleis og meir opne for mangfaldet? Men, er jo eit faremoment og. Vi risikerer jo å bli skikkelig glad i nokon som er heilt annleis, og vi kan måtte innrømme at vi tok grundig feil. Kanskje blir dei vi trudde var snyltarar gode vener. Kanskje vil vi få fylt livet vårt med det som er vakkert, med gode verdiar og, ja, kanskje vil vi rett og slett bli rikare?