fredag 20. februar 2015

Å tømme ut for å fylle på

I helga laga eg Semlor. Det er den svenske versjonen av fastelavensboller. Du tek ut litt av innmaten i bunnen av bollen og blandar den med mandelmasse og mjølk, og fyller den tilbake før du fyller bollen med krem.
Ryktene seier at det var veldig godt.


Då eg stod på laurdag kveld og gjorde klart til søndagen, vart eg ståande og tenke på dette med faste og desse svenske fastelavensbollane. Dei vart liksom ei lita preike til meg om kva fasten egentlig er. For eg tok vekk noko frå bollen, for å erstatte det med noko som er endå bedre.


Som eg skreiv i forrige blogginnlegg så har eg tatt sukker vekk frå kostholdet mitt no i februar. Og for å avlive et rykte; det er IKKJE for å slanke meg. Men det handlar om at eg har kjent på meg at eg var på sukker-overdose. Eg sov dårlig, hadde mykje hovudpine, åt fryktelig dårlig og når eg fyrst åt så var det kjappe karbohydrater, og eg var generelt slapp. I 18 heile dagar(snart 19) har eg altså no vore uten sukker, og det kjennes på kroppen. Dei første dagane skreik alle cellene i kroppen min etter sukker, no kjennes det mykje bedre. Eg et som ein hest (store mengder grønfôr) og kjenner at eg har behov for mat. Eg må sette ned tempoet rundt maten, og eg nyt den på ein heilt annen måte.
Eg har erstatta sjokoladen med frukt, eller eit egg, eller skikkelig middag. Og det føles bedre når eg går og legg meg. Eg er faktisk ikkje så uopplagt, sjølv om eg kan vere trøtt enkelte dagar. Men eg må innrømme at eg saknar melkeproduktene noko fryktelig, så 1.mars blir ein gledens dag! (trur den må feirast med milkshake!)


Eg har tatt vekk noko for å erstatte det med noko bedre.
Eg har tatt vekk noko for å endre fokus.
Eg har tatt vekk noko for å kjenne på kva det gjer med meg.
Eg har tatt vekk noko for å kjenne på kva eg faktisk set pris på, og kva eg faktisk kan leve utan.


Sånn tenker eg om fastetida og.
For meg handlar denne tida om å sjå på kva eg bruker livet mitt på, vurdere om det er noko eg treng å endre på og å gjere noko med det. Mange eg kjenner vel å ta vekk f.eks. facebook denne tida. Det er kanskje nokre av oss som treng det. Eg trur mange av oss har veldig godt av å vere litt mindre på nett i den digitale verda og litt meir psykisk tilstades i den fysiske verda. Underteikna er intet unntak, dessverre! Vi har alle våre ting. Det er alltid noko som vi med fordel kan avstå frå, i alle fall i 40 dager. (som er den avmålte fastetida for dei som ikkje har fått det med seg.)


Men tilbake til Semlor. For dei har gjort noko med meg i år. I staden for å fokusere på kva eg skal kutte ut eller faste frå, så har eg begynt å tenke på kva eg vil ha meir av. Kva er mandelmassen eg vil ha i livet mitt? For, det er lett å seie at eg bør faste frå sosiale medier i 40 dagar når eg sit heime i Norge, men når eg er her på bokstavlig talt andre sida av jorda og Facebook faktisk er ein av dei viktigste kanalane for å holde meg oppdatert på kva som skjer heime, så er det plutselig meir komplisert. Men det betyr ikkje at eg ikkje kan redusere kor mykje eg sjekkar innom, og gir rom for noko anna.

Av og til må blikket løftast frå mobilen
for å oppdage kor spektakulær himmelen er.

Og eg har ein ting som eg har kjent på at eg treng meir av. Eg treng å bruke meir tid på stillhet og bønn.  Ikkje for å bli meir prektig eller superkristen på nokon måte, men fordi at når eg kjenner etter så kjenner eg at eg saknar det.
Eg har vore gjennom så mange faser i livet når det gjeld korleis eg uttrykker trua mi. Eg har vore skikkelig "Halleluja-herlig-frelst-glad-kristen" og eg har vore "super-intelektuell-alt-kan-forklares-kristen". Eg har sunge lovsangar med hendene høgt løfta, og eg har vore stemmelaus og svak. Eg har kjent på kroppen korleis det kan gå når ein jagar etter neste "Jesus-fix" og vil ha under og tegn og tolkar kvar minste detalj til noko åndelig.



Eg har ikkje lyst tilbake til nokon av desse tilstandane. I dag er eg der at eg kan seie at eg trur på det som står i Bibelen, men det er slettes ikkje alt eg forstår. Mange ting gjev ulike svar ut frå korleis ein les denne boka. Eg trur den må lesast med respekt for kontekst, men eg trur likevel at den har relevans for meg i dag. Og eg trur at det har konsekvensar for korleis eg lever livet mitt. Ein av dei konsekvensane er at eg trur på at det er ein som er større enn min tanke greier å forstå som eg kan snakke med. Eg kan ikkje sjå han fysisk, men eg trur han høyrer meg. Eg har alltid hatt et bønneliv som har fungert som småprating med Vår Herre. Men i det siste har eg vore veldig "tannlege-kristen". Du veit, når du set deg i tannlegestolen og du ikkje greier å tenke anna enn "Kjære Gud, HJEEEEELP! EG LOVAR Å BRUKE TANNTRÅD KVAR DAG OM DU BERRE SØRGER FOR AT EG IKKJE HAR HOL!!"

Det gjeld å ha realisme i ting,
enten det er bønneliv eller
sukkerfritt liv ;)

Eg veit at for meg fungerer det ikkje å ha store planar om å bruke 10 minutt i stillhet kvar dag. Men eg veit at eg kan bruke nokre enkle grep for å finne veien tilbake igjen. Ein av tinga eg brukte å gjere før var å tenke nokre tankar når eg vakna om morgonen. Berre eit "God morgen, Gud" og nokre få tankar om dagen som ligg foran. Det er ein veldig fin måte å vakne på, og for et utprega B-menneske ein veldig behagelig start på dagen. Kanskje ikkje så åndelig, men akkurat passe åndelig for meg. Så det har eg tenkt å ha som mål å få til kvar dag denne fastetida.


Eg har høyrt at det tek 31 dagar å endre eller å skape ei vane. Eg veit ikkje om det er sant, men eg trur det er noko i det uansett. Å endre vaner er ikkje gjort på eit blunk. Det tek tid. Ein må vere tolmodig med seg sjølv, ganske sta og veldig fokusert for å greie det. Så kanskje, etter 40 dagar, blir dette ei vane igjen. Akkurat som eg håpar at mindre sukker og meir grønnsaker blir ein del av kvardagen etter 1.mars også. Eg vil leve eit liv som er fyllt av det som er godt, for eg trur at det vi fyller liva våre med påvirkar korleis vi møter kvarandre. Og i ei verd der så mange ting er både urettferdig, vondt og vanskelig, så blir det desto viktigare å fylle på med det gode slik at det også får påvirke kvardagen vår.

God fastetid!



tirsdag 3. februar 2015

Oh, Sugar!

Dei siste månedane har eg slitt med maten igjen. Det har vore vanskelig å få i seg nok mat, ikkje fordi eg ikkje vil ete, men fordi eg er så utrulig god på å utsette..
Først utsetter eg å stå opp, som igjen fører til dårlig tid før eg må ut døra og på jobb, så eg utsetter å ete til eg kjem dit, men etter morgenkaffen så er det så masse anna som skal gjerast og plutselig var dagen gått. Og då er eg både kvalm og svimmel, så lysta på mat er ikkje stor.


Det er ikkje så enkelt å berre "grab a bite" når ein har cøliaki. Ofte har løysinga når eg kjenner at energinivået har vore lavt blitt løysingar som ikkje er gode. Og den siste måneden har eg sett på kostholdet mitt og gremmes. Det er veldig langt frå slik det var då eg flytta hit, og det fann eg ut at eg måtte gjere noko med.

Dagens middag. 

Så etter mykje lesing og fundering har eg no igangsett planen om å få kostholdet på plass igjen. Første punkt er sukkerdetox. Eg har sett på at eg får i meg mykje meir sukker enn eg gjorde før eg flytta hit. Og søtsuget forsvinn dessverre ikkje om ein ikkje tek skikkelig tak. Derfor: Februar er herved starta og erklært som sukkerfri månad. Eg tar den ikkje heilt ut, så eg kjem til å ete frukt, men ikkje i store mengder. Men alle melkeprodukt, sukker, korn(for min del glutenfritt mjøl), mais og ris er utestengt i ein måneds tid. Vin, brus, lemonade og saft må også vente. Eg skal satse på rein mat, der eg lagar alt frå grunnen av.

Måtte jo ha noko godt i glasset til Super Bowl.
(PS! PATRIOTS VANT!!)

Etter eit døgn kan eg seie at det vanskeligaste blir ikkje å kutte ut sjokolade, men melka. Men eg kan også seie at slik som kroppen min har reagert på allereie i dag fortel meg at det var på høg tid å kutte sukker og få lagt om kostholdet. Ein del av meg fryktar at februar kan bli årets lengste måned. Så no har eg forkynt til heile verda at eg gjer dette, slik at det skal bli vanskeligare å jukse eller trekke seg.
Wish me luck! ;)