mandag 29. desember 2014

Jul i San Francisco


I fjor var eg så sliten då julekvelden kom
at eg knapt rakk å tenke over at eg var åleine.
I år har det også vore ein intensiv desember,
mykje kjekt og mykje nytt.
Ein ting er å ha vore gjennom noko når ein har stått
litt på sidelinja og vore med på å gjennomføre
det andre har planlagt,
noko heilt anna er å planlegge det sjølv.


Det har vore mykje kjekt som har skjedd i desember,
ein av dei store tinga var at vi fekk feire
kvinneforeninga "Tabitha"
som vart 80 år i år.
Og vi greidde å få det til slik at 
alle modne damers drømmemann, Trond,
kom på besøk og underholdt dei.
Eg trur ikkje eg tek munnen for full
når eg seier at ei bedre bursdagsgave kunne
ikkje disse damene fått. :)


Ellers må eg innrømme at desember med 
kontorpost på bispedømmekontoret 
var mykje meir avslappande enn 
å skulle dra i land arrangement etter arrangement..
Og julegaveshoppinga vart gjerne lagt til 
seint på kvelden..


Og etter ein lang arbeidsdag er det mykje enklare
å finne julegaver til seg sjølv,
enn å finne det til dei som faktisk fortjener det!


Og eg har stadig fått koselige overraskingar i posten!
Det har hjelpt litt på heimlengselen som har dukka opp
sånn innimellom..


For det er som eg har sagt ein tidligare bloggpost
noko med denne tida på året. 
Du har lyst å vere i lag med dei som betyr mest for deg,
ikkje å sitte på andre sida av jordkloda.
Samtidig er det så utruleg meiningsfylt det eg driv med!


Og midt i travlaste stria
så måtte eg jo sjølvsagt legge opp til ein liten konsert.
Eg har sakna å synge julesangar sidan vi la ned Seraf,
og når eg i år har fått gleda av å samarbeide med
ein særdeles dyktig jazzpianist,
så måtte vi jo berre prøve å få noko til.
Og så kom ei veldig musikalsk prestefamilie
og så fekk vi med oss ei dyktig saksofonist,
og plutselig var den vesle tingen vi skulle ha
blitt ein heil konsert.


Det var veldig gøy!! :)


Om de lurer på korleis eg høyrdes ut, så håpar eg  denne linken kan funke:

Det var prestefrua som filma og dokumenterte at eg sang feil! ;)

Men så var det å få på plass julemiddag til 75 pers, 
og kirkekaffe til førstedag.


Eg deltok sjølvsagt på gudstjenestene også, 
der eg mellom anna fekk æra av å synge Himlen i min famn,
saman med pianist og cellist.
Og når ein har hovudet på mange plassar på ein gong,
er det fort gjort å gjere amatørfeil på kjøkkenet.
Så mellom gudstjenestene tenkte eg at eg skulle 
få gjort klar sur- og rødkål...
Så medan pinnekjøtet stod og putra,
så varma eg på herligheta.. og så fann eg ut at eg skulle
flytte eine gryta.
ALLE som har jobba med gassovn veit at ein brukar gryteklutar
når ein skal flytte ei gryte når den har stålhankar..
Men det tenkte eg ikkje på,
og plutselig, for å unngå at all rødkålen havna på golvet
så var det berre å innhente den varme hanken ein gong til..


Restultatet vart at eg fekk lagt til ispose til antrekket.
Og pianisten fekk koke surkål.


Og eg har lært at nokre ting er ikkje verd å gjere 
berre for å sleppe å ta oppvasken ;)
For øvrig må eg seie tusen takk til alle som hjalp til!
Kvelden hadde aldri gått bra om de ikkje hadde vore der! :)

Etter 12 timar med ispose såg det slik ut.
 Men til tross for mine feil og manglar, 
så vart det ein veldig fin julefeiring på kirka.
Folk åt og kosa seg såg det ut til,
og det var til og med ein som fekk seg ein marsipangris. :)


Kvelden vart avslutta med pakkeåpning og
avslapping hos prestefamilien før eg gjekk heim.
Det vart ikkje så veldig masse søvn natt til første dag
sidan eg hadde ei hand med kraftig puls,
og for sikkerhetsskuld hadde avtalt å skype med familien 
før fuglane pissa her i California.


Men det var, til tross for mitt trøtte tryne,
svært godt å sjå familien igjen.
I år unngikk eg å velte kaffe i tastaturet,
men saknet over å ha gått glipp av 
den fantastiske kalkunen og mammas waldorfsalat
var likevel til å ta og føle på.
Det er også vemodig å vite at dersom 
ikkje norgeskvota mi var brukt opp 
så hadde eg kunna reise heim seinare på dagen,
men eg får heller sjå om eg får det til neste år.

Jula er jo familiehøgtid nr.1,
og då er det litt krevande å sitte åleine her i San Francisco.
Men det har hjelpt å fokusere på kva jula egentlig 
handlar om.
Om eit lite barn, født i ein stall i Betlehem.
Om Ordet som vart menneske.
Om Gud som vart ein av oss,
ikkje fordi vi fortjener det,
men fordi vi trengde det!


Og så er det så rart å gå heim på kvelden 
første juledag og møte første juletreet som har havna ute på gata.
No er amerikanarane ferdige med jula.


Men heldigvis er det nokre juletre som får stå litt til.
(utanom mitt)


Og i går tilbrakte eg dagen med ei god venninne, 
vi var på Potterybarn og fann pledd til meg.
Og sidan eg ikkje har tilgang på mamma eller
Dagrun (mi søster) sine fantastiske julekaker, 
så kjøpte eg meg til litt lykke..

Dei tre til venstre og den i midten til høgre var gode,
ellers vart det hakket søtt!

Eg må jo innrømme at eg saknar jula heime.
Noko anna hadde eg ikkje forventa.
Eg saknar gode klemmar, seine kveldar,
gode samtaler, ivrig spelelyst, latter og liv
rundt eit altfor bugnande matbord
og å krype til sengs med ei god bok
i eit litt kjølig soverom.
Men det er i grunnen veldig ok å slappe av
og ikkje ha nokon planar her i San Francisco også.
Det er veldig deilig å stå opp om morgonen
utan å ha andre planar enn å gå ein tur,
lese ei bok, sjå ein film og drikke kaffe.
Og i morgon skal eg på middag
hos nokre gode venner.
Det gledar eg meg til.

Eg håpar di romjul er fylt av alt som er godt,
at du får kjenne på kjærleik og fred
og at du har nokon å dele det med.


søndag 7. desember 2014

Eit heilt år

I går og i dag har eg gått og tenkt på at det har vore noko med 5. og 6. desember som eg burde hugse, men eg greidde ikkje å komme på det, før det plutselig slo meg: Det er EIT HEILT ÅR sidan eg kom til  San Francisco. Og slikt noko fortjener en aldri så liten bildekavalkade, slik som ein vanlegvis gjer ved årsskifte...

6.desember 2013: julemiddag for studentar og au pairer

7. desember: Sweas julebasar

Julepynta San Francisco

Julegudstjeneste i South Bay

Eg har lært nye retter å kjenne

Eg har vore veldig heldig med kollegaane!

Eg har slitt ut en prest...

Og eg har vore på ball..

Eg har feira nyttår på beste måten (med gode venner!)

Eg har erfart at cøliaki er intet hinder for
å bake vanlig mat :)

Eg har fått lære kjenne mange fantastiske damer!

Eg har innført grautkasse på kirka..

Eg har blitt kjent med mange herlige små,
og dei fine foreldrene deira :)

Eg har hatt nokre tunge dagar...

Eg har fått sett noko av livets hardare sider..

Eg har vandra gatelangs - og funne perler over alt!
Eg har GÅTT over den berømte brua.

Eg har sjekka ut litt uteliv ;)

Eg har lært meir svensk!

Eg har laga hundrevis av vafler..

Eg har lært meg å bruke gasskomfyr... i alle fall nesten!

Eg har opplevd jordskjelv.

Eg har vore på tidenes feiteste biltur!

Eg har nytt fridagar i godt selskap

Og vandra endå meir gatelangs :)

Eg har oppsøkt turistattraksjonar..

Eg har laga opp til fleire student og au pair middagar. :)

Eg har blitt kjent med dyr eg ikkje er så begeistra for

Eg har tatt en pust i bakken innimellom

Eg har funne nokre favorittar

Eg har helst på sjøløvene

Eg har lært historie...

Eg har latt meg fasinere


Eg har vore ute på båt og sett byen frå sjøen,
og eg har vore under den berømte brua..



Eg har køyrt til LA..

..for å heie på disse tre :)

Eg har sett litt av LA også :)

Eg har hatt et vêrmessig stabilt år

Eg har tatt lappen for andre gang!

Eg har hatt mange gode samtaler :)

Eg har vore på konsert

Eg har fått litt sansen for baseball... 

Eg har fått sjå det vakre i det ordinære

Eg har hatt mykje god støtte og fantastiske medarbeidere!

Eg har blitt kjent med Jasper!

Eg har sakna mamma!! (og resten av familien!)

Eg har opplevd spektakulære solnedganger!

Eg har lært at City Hall er eit par fot høgare enn U.S. Capitol..

Eg har møtt (og sunge for og med) sjølvaste Landsmoderen!

Eg har fått "nokre" fleire sko.........

Eg har lært at "size does matter" ;)

Eg har slitt ut en prest til...

Eg har feira 17. mai..

...med god hjelp i kjøttavdelinga..

Eg har lært at solkrem er viktig!

Eg har laga mi første kransekake

Eg har blitt kjent med mange
fantastiske folk!

Eg har reist ein del..

Eg har vore i Bergen ein tur og helst på litt folk..

... og sett at solnedgangar er fine der og ;)

Eg har testa ut Nord Hellas
med denne fine frøkena :)

Eg har testa tolmodigheta....

Eg har fått erfare kor mykje omsorg betyr! <3

Eg har sett at det er ikkje berre i San Francisco
det er tåke...

Eg har kjent på at avskjedar er krevande...
heldigvis. 

Eg har hatt besøk..

Eg har lært å nyte livet (som om eg måtte lære det ;) )

Eg har lagt meg til litt luksuriøse vaner...

Eg har vore til Tuscarora.. 

Eg har vore på Tao (NYC)

Eg har hatt bodyguardar som passa på meg i storbyen (NYC)

Eg har vandra endå meir gatelangs i SF

Eg har kjørt litt bil også..

Eg har fått oppgradert leilighet, og skrudd sammen ny sofa!

(bevis)

Eg har vore til øyenlege...

Eg har hatt bursdag! 

Eg har blitt så amerikansk at eg diggar dette... ;)

Eg har vore i Boston..

...med denne fine fyren..

Og eg har vore 2x i NYC

og heia på enda ein maraton..

Eg har lært kva luksusvare regn og vatn er!

Eg har funne plassar der eg finn fred..

Og eg har begynt å kalle dette også "heime"

Eg har lært korleis eg kan vite kor denne
$1 kjem frå.. (denne er frå Boston)

Eg har fått oppleve haust på vestkysten...

Eg har fått oppleve regn som eg aldri før har gjort det!

Eg har vore gjennom min første
sjømannskirke-julebasar. :)

 Eg er no på tredje presten, som eg håpar blir minst like lenge som meg...

Eg har opplevd Thanksgiving. 

Eg har lært at neste år skal eg ha julegavene i kofferten!

Eg har forelska meg i nabolaget mitt..

..faktisk i heile byen, når eg tenker meg om..

Eg har blitt så amerkansk at juletreet
allerede er på plass.. 
 Og eg trøstar meg med at kjært barn har mange navn...







Eg er supertakknemlig for kjekke
oppfinnelser som Skype! :)

Eg har fått bli kjent med så mange fantastiske mennesker
at eg ikkje har plass til alle her, 
men her er to av dei:



Eg har fått sjå spektakulære flyshow.

Og eg har sett Alcatraz nesten kvar dag..

Alt i alt, det har vore eit hektisk men veldig godt år. Eg har fått kjenne både gode og mindre gode følelsar, eg har ledd masse og fryda meg over å få lov til å vere her no.
Eg gledar meg allerede til å sjå kva det neste året har å by på! :)