mandag 24. november 2014

Svolten, skitten og trøtt

I dag var det domssøndagen. Ein av disse søndagane med sånn kjekk preiketekst. Om at ein dag, når vi minst ventar det, skal Vår Herre komme tilbake og holde dom. Då skal geitene skillast frå sauene, då skal alle målast opp og ned og i mente.. Ubehagelig. Krevande. Nådelaust.
Kanskje er det mest ubehagelige at det handlar om å sjå dei minste. Eller, det blir ikkje rett, det handlar om å gjere noko for dei som treng det. 
Det handlar om å gje mat til den svoltne, drikke til den tørste og kle til den som frys. Det handlar om å ta i mot dei som er framande, sjå til dei sjuke og sørge for at dei får den pleia dei treng og besøke dei som er i fengsel. Det handlar ikkje om å berre sjå urettferdigheta, men det handlar om å gjere noko med den.
Og i følge dagens tekst så får det konsekvensar for oss kva vi gjer med det.. Mange har misbrukt denne teksten og brukt den til å skremme og få makt over andre. Presten vår valgte derimot å snakke om forholdet mellom nåde og gjerningar, at det eine ikkje utelukker det andre. Plutselig finnes det nåde her også.


Så gjekk eg ut frå kyrkja, med ei blanding av teksten, preika og eigne tankar om den. Ut til ein fridag etter ei passe hektisk helg med julebasar og mykje kjekke folk. Eg går saman med ein kollega til Ferry Building. Vi går inn og eg får kjøpt nokre julegåver. Våre vegar går kvart til vårt og eg ruslar gjennom søndagsrolige gater og tenker på kor godt eg likar byen, og kor fornøgd eg er med å ha fått denne muligheta. Og så skjer det.

Opp på sida kjem ein kar. Litt lurvete i kantane, men han virkar ganske oppegåande. "Are you afraid of me?" spør han. "Er du redd meg?" Eg blir så paff at eg spør tilbake: "Bør eg vere det?"
Han fortel han er uteliggar, slik som altfor mange er i denne byen. Han er svolten, treng ein dusj og ei seng å sove i. Han spør fint om eg kan hjelpe han. Han veit akkurat kvar han vil og kva det kostar. Eg har allerede handla gåver for 7 gonger så mykje i dag. Han vil gjerne at eg følger han slik at eg betaler og ikkje berre gjev han pengane.. Men det er i Tenderloin. Eg har ikkje lyst å gå inn dit. Særlig ikkje no, når det har begynt å mørkne.


Aldri før har eg fått ein bibeltekst så brutalt i fleisen. Lære og liv var plutselig ein særdeles krevande kombinasjon.

Kva ville du ha gjort? Kva eg gjorde er ikkje noko eg treng å skrive om. Det er ei sak mellom meg, Vår Herre og ein uteliggar i San Francisco. 
Men eg gjekk heim og tenkte på dette:

Når eg seier at eg vil følge Jesus - lar eg han få forme meg, slik at eg blir likare den radikale, rause, rettferdige og nådefulle karen som han var? Eller er eg ei geit som ikkje vil la meg forme, og som alltid vel mine egne vegar?
Lar eg tv-bildene av krigsramma barn berøre meg, eller blir det berre korte flash over skjermen?
Åpnar eg heimen min og kjøleskapet mitt om nokon treng ein sofakrok, ei seng eller litt mat?
Besøker eg dei som eg veit er einsame, sjuke eller skrøplege? - og då meiner eg av eigen fri vilje, eller vel eg det meir behagelige alternative og latar som eg ikkje veit eller har det altfor travelt?
Stoppar eg når nokon er i nød?
Kva gjer vi som seier at vi er kristne når vi møter urettferdighet, trakkasering, ignoranse, mobbing, nød, rasisme, facisme, fattigdom, egoisme og så vidare? Gjer vi noko med det? Reagerer vi? Lar vi reaksjonar bli handling? Eller blir det for tøft?

Mester, la meg gå i DINE fotspor!!

Og minnet frå  København, der eg gjekk forbi den "døde" mannen kom opp. Då eg gjekk forbi, uten å hjelpe. Og det skrik i meg etter nåde. For eg kjenner at eg sviktar så altfor mange gonger. Eg treng å bli minna på at eg må sjå opp frå ein av dei tallause skjermane mine, legge til sides alle dei "viktige tinga mine" og gje ei hand til dei som treng det. Eg treng å bli røska i, å kjenne det i hjarterota og eg treng å få ut fingern og faktisk gjere, ikkje berre snakke fint om det!
Eg treng ikkje å leite lenge etter dei gongane eg IKKJE har gjort det som Jesus påpeikar i denne likninga. Sjølv om eg av og til gjer dei rette tinga og. 

Takk og lov for at Gud er ein NÅDIG Gud. Eg får lov å be om tilgivelse for det eg ikkje fekk til. Eg får lov å starte på nytt, gong etter gong. Eg får lov å bli minna på at eg treng å la Jesus forme meg - slik at eg kan vere til velsignelse for menneske i min kvardag, enten det er ein uteliggar eller ein rik mann. Og eg kan få lov å kvile i at dersom eg er ærlig med alt det eg ikkje får til, så er Gud trufast og rettferdig og tilgir ALT det eg gjer galt, både ord og handling, eller mangel på handling.


Og så kan eg gå vidare. Og la meg utfordre og forme til å bli meir lik det perfekte mennesket: Jesus. Eg syns min kollega i København seier noko om kva det betyr å vere Jesus etterfølger/disippel/læresvein på ein aldeles glitrande måte. Det traff meg i magen då eg leste det for ei veke sidan, og det treff meg endå sterkare i dag, så derfor : Klikk på linken og kanskje lar du deg også utfordre?


mandag 10. november 2014

Your Story Matters!

Vi har alle ei historie. Vi har alle ufattelige mengder med erfaringar.
Her i San Francisco møter eg stadig menneske som har levd eventyrlige liv.
Menneske som valgte å reise hit i dei dagar då det tok meir enn 9 timar med Norwegian.
I ei tid der ein kun kunne ringe heim til jul og bursdag og den vanligste kommunikasjonskanalen var gjennom brev - og framleis er det slik at eit brev til Amerika, eller frå Amerika, lett tek eit par veker - minst!


Å få høyre disse fantastiske historiene, om korleis enkelte valg har ført ein opp i historiske hendingar - enten det handlar om monsterjordskjelv eller møte med presidentar, fyller meg med beundring over kor modige folk har vore og eg har blitt veldig bevisst på kor mykje spennande ein plutselig kan dumpe borti. Det har også fått meg til å tenke lite om mitt eige liv og mi eiga betydning.

Jepp, dette er også en del av
mi historie..

Og så sat eg ein kveld og snakka med nokon. Det vart naturlig å fortelle noko av det eg har erfart - slik det av og til kan bli. Og plutselig ser eg at det eg har å seie har noko å bety for mennesket som sit framfor meg. Men - det var jo berre livet mitt eg fortalde om, ikkje noko revolusjonerande eller særlig spennande. Korleis kunne det ha klangbunn hos nokre andre?

Eg har tenkt litt på det - og eg har tenkt på kor mykje små delar av andre si historie kan bety for meg. Enten det gjelder gode eller vonde deler av historia, så er det med på å skape noko i meg. Nokre gonger blir det retningsgivande, noko som gjev meg ein klarare ide om kva valg eg sjølv skal gjere.
Veldig ofte skapar det tru og håp - trua på at det vil bli bra, trua på at eg ikkje er så rar som eg trudde - eller i allefall at eg ikkje er åleine om å vere det. Trua på at det meste ordnar seg sjølv om det kan sjå mørkt ut, håpet om at det kjem gode dagar, håpet om kjærlighet, latter og glede, håpet om ein himmel...


Men altfor ofte tenker vi lite om vår eiga historie. Det er jo berre meg. Berre mitt kjedelige, vesle liv. Ikkje noko spennande. Og altfor ofte så høyrer vi på stemmene som vi ber med oss i hovudet som fortel oss at vi ikkje er nok. Ikkje tynn nok. Ikkje fin nok. Ikkje spennande nok. Ikkje mystisk nok. Ikkje smart nok. Alltid noko ein ikkje er nok. Ikkje nok til å bety noko.

Og altfor ofte samanliknar vi oss med dei som er slik vi trur vi skulle ønske vi var. Dei som er så sprudlande. Dei som er så morsomme. Dei som er så inkluderande og varme. Dei som er så vakre. Dei som er alt vi føler at vi ikkje er. Dei som, i våre auge, er idealet.


Mi erfaring er at også desse har sine feil og manglar. Mi erfaring er at dei også har hatt sine usikre øyeblikk, ja, kanskje kjempar dei med usikkerhet daglig. Mi erfaring er at dei også tenker at deira historie ikkje er så spennande - sjølv om nokre hendingar dei har vore med er ganske sensasjonelle.

I dag var eg på ei gudsteneste der eg vart utfordra på min eigen verdi. Eg syns alltid det er lettare å sjå det vakre i menneskene rundt meg. Eg sliter med å sjå det i meg sjølv. Eg syns alltid det er lettare å sjå det spennande, interesante og verdifulle i dei andre. Å sjå det i meg sjølv, nei, det er krevande. Eg opplever meg sjølv som ganske så kjedelig og kommunegrå. Men kva kjem det egentlig frå? Ho som preika viste eit bilde av ein gallakjole som ein designer hadde laga av søppelsekkar. Ho viste til at det som nokre av oss ville avskrive som søppel kan fort bli skattar i andre sine auge. Så eg må kanskje gå nokre runder med meg sjøl.


Og kanskje er eg ikkje åleine om å tenke slik. Kanskje er vi fleire som må gå nokre runder med oss sjølve? Kanskje må vi bli flinkare til å seie til kvarandre at det betyr noko når du delar historia di med meg. Kanskje må vi gje trallen i menneskefrykta og fortelle andre kva dei er gode på, kva dei betyr for oss, kva det gjer med oss når vi får sjå eit lite glimt av kven dei egentlig er. Og kanskje må vi våge å dele vår historie med menneska rundt oss. For kanskje kan den kjedelige, vesle fliken av historia di vere med på å løfte opp eit anna menneske.

fredag 7. november 2014

Boston, New York og ein maraton

Forrige tysdag sette eg kursen mot austkysten. 
Eg hadde ferie og hadde følgande reisemål:
Boston og New York.
Det begynte ALTFOR tidlig. 
Ein bør aldri starte ei feriereise før kl.6,
mi begynte kl.05.40.
(heimanfrå vel og merke)


Vel framme i Boston møtte eg på ein hyggelig kar.
Så eg fann ut at eg ville henge med han eit par dagar.
Utruleg nok så hadde han omtrent samme reiserute som meg,
sjølv om han tok luksusvarianten med fly frå Boston til New York,
medan eg tok toget.


Vi fekk sett litt av Boston desse dagane vi var der.
Og om nokon skulle lure:
Boston anbefales på det varmeste!
Og når to akademikere er på tur,
så må en jo over til Cambridge og sjekke ut Harvard.
(som er eitt av 8 Ivy-league universitet)


Du ser jo at denne karen er passar inn! :)

Men sjølv om kunnskapstørsten er stor,
så må ein også ha skikkelig mat og drikke i kroppen.
Så før vi unna oss ein sightseeing-busstur,
tok vi turen til Faneuil Hall 
og fann ein spiseplass i området der.



Etter å ha kjørt byen rundt,
var det tid for ein spasertur heim til hotella.


Plan for kvelden var sushi på hotellet til Odd Inge,
og eg skulle ta undergrunnen så nært som råd.
Undergrunnen stod, så eg fekk meg ein spasertur til.
Og det er jo veldig leit når ein får slikt å sjå på..



Neste dag vart det endå meir sightseeing
og eit besøk på Boston Tea Party-museet.
Det siste var nok ikkje heilt vår greie, 
men no har vi no gjort det.
Og Boston hadde kledd seg i oransje,
til ære for Giants som vann World Series kvelden før.
(Giants er San Francisco sitt baseball lag.)



Eg lærte mykje om byen som eg ikkje visste frå før.
Sjølv om eg aldri har vore her før,
så har eg vore betatt av Boston sidan ungdomsskulen..
Lurer på om det kan ha noko med New Kids On The Block 
å gjere...
Og mitt første amerikanske fotball-lag er jo
New England Patriots (Pats)..

Moderkyrkja til Christian Science med påbygg

Ein av tinga eg lærte var at kyrkja som kallar seg 
Christian Science har sitt utspring herfrå.
Det er ein av dei få religionane som er stifta av ei kvinne.
Og dette må eg lære meir om..


Boston er prega av irsk tilflytting,
og har mange andre fine kirker også :)
Ellers fekk vi med oss Museum of Fine Art.
Det var ein svært fin opplevelse.



Eg er veldig glad i kunst, særleg samtidskunst.
Eg kan ikkje så mykje teori,
men eg elskar det når eg møter på kunstverk
som rører ved noko i meg.
Det kunstverket som gjorde mest inntrykk var dette:


"Passages" av Félix Gonzáles-Torres.
Kunstnaren si historie var rørande nok.
Men for meg vart tankane bak desse perlene 
som ein må gå gjennom for å komme til neste rom
noko som rørte djupt i meg.
Det symboliserte overgangane vi møter i livet.
Dette var det eg oppsummerte mi oppleving her med:


Eg veit at noko ventar på den andre sida. 
Eg kan skimte noko av det.
Eg trur det er noko vakkert og nytt.
Men før eg har gått gjennom perleforhenget 
kan eg ikkje vite heilt kva som ventar meg.
Kanskje vil det forvandle meg?
Kanskje vil det fornye meg?
Eg kan berre håpe på det gode.
Sakte gå fram,
løfte perlesnorene til side 
og gå i tru.


Etter gode dagar i Boston
sette eg meg på toget med nasa vendt mot New York.
Der venta fleire gode dagar.


Første kveld jakta vi på Halloween-paraden,
gikk glipp av den men enda på en deilig restaurant
og fekk ein fin kveld likevel.
Neste dag vakna eg med hovudverk.
Eg tok livet med ro og 
når ein er på ferie, og bur på sjømannskirka,
så nyttar ein seg sjølvsagt av slik luksus som
laurdagsgraut i New York er! :)


Vidare snubla eg meg gjennom dagen,
og enda opp både på Times Square
og Empire State Building.
Det siste var eit sjakktrekk,
for det var så dårlig ver at det ikkje var eit fnugg av kø..



Opplevinga kunne vel oppsummerast slik:


Men fint var det altså!
Og det er snodig,
når du står der over 80 etasjer oppe i lufta.
Du misser liksom følelsen av kor høgt det er ned...
Men høgt var det! 





Denne dama nedprioriterte eg denne gangen..



Søndag var det Allehelgens søndag.
Eg starta dagen med gudstjeneste.


Og etter den bar det til Harlem for å heie på 
stakkarane som plagar seg sjølv med å springe
i 42195 meter.
Vi var seint ute,
så vi tenkte vi skulle ta undergrunnen..


På undergrunnen i New York kan du berre
gløyme alt som heiter intimsoner.


Vi heia på mange, 
men såg ingen av dei vi egentlig stod der for å heie på.
Kanskje slik det er når over 50000 springe om kapp?


Etter heiing
gjekk eg på eindå ei gudstjeneste.
For det er ei kyrkje, 
rett i nabolaget,
som har jazzmesse.
Og det måtte eg jo få med meg..


For etterpå skulle eg dra fra gamle kunstar
og synge litt Ellington for 
dagens heltar, då det var maraton-fest på 
sjømannskirka.

Kappelanen frå Huston sa nokre
velvalgte ord.
Godt gjort etter å ha sprunge i godt over 3 timar!
 Mandag morgen fekk eg eit frokosttreff
med han eg traff i Boston.
Han hadde også sprunge maraton.


Så fortsatte eg dagen i Central Park.






 Og eg vart ståande ei stund å sjå på desse karane:








Det er heilt fantastisk at det midt i storbyen ligg ei slik oase..


Og på ettermiddagen tok eg turen ned til Ground Zero.


Sjølv om New York var langt vekke,
så er 11.september ein dag som er etsa fast i minnet.
Og å stå der det skjedde,
og sjå minnesmerkene
og sjå dei høge husa rundt,
medan ein hugsar tvbildene av tårna som rasa
og menneskene som opplevde det,
det finnes ikkje ord til å beskrive det...





Og etter ein kjapp undergrunnstur
og oppfriskning på kirka,
så bar det jammen meg ut igjen.
Eg vandra meg ned 5th avenue
frå 52nd street til Washington Square park
og vidare derfrå til Cafe Wha? 


For der var eg nemlig invitert på konsert.
Det var ein opplevelse.
Først gjekk eg ned ei trapp,
og der var ei svart dør.
Når ein kjem slik åleine, 
så blir ein lett litt usikker.
Så eg såg sikkert litt usikker ut då eg kom gjennom døra.
For han som stod på innsida regaerte slik:
"Oh, honey, you wanna hang with us tonight?"
og då eg ikkje heilt visste kva eg skulle svare 
og litt nølande kom med "yeah..."
reagerte han med:
"Oh, come here, let me give you a hug!"
Og folk seier at New Yorkere er så skarpe i kantane!?
Såg ikkje snurten av det, eg!


Men eg fant kjentfolk og det vart ein veldig kjekk kveld!
Og om Funktion 11 kjem til ditt nabolag, ta turen! 
Dei groova som bare rakkern! :)


Tirsdag vart siste dagen i New York.
Sidan trafikken i denne byen er mildt sagt crazy,
så måtte eg reise 14.50 frå kirka.
Så eg brukte tida før til utvask og
ein tur i nabolaget med litt kaffe.

Solnedgang frå JFK..

Reisa tilbake til San Francisco var ganske sensasjonslaus,
men rikholdig på turbulens.
Det var derfor godt å skimte lysa i det fjerne..


Og det er noko med å komme heim
når ein har vore på tur...



Gårsdagen tilbrakte eg stort sett heime, 
så i dag var eg ute og lufta meg.
Og sjøl om eg diggar Boston og New York,
så må eg seie:
den er jammen bra vakker denne byen min også!