fredag 24. oktober 2014

Psykisk ?

 
Eg har den siste tida møtt ein artikkel om kva mentalt sterke menneske ikkje gjer i fleire kanalar. Første gongen eg las den nikka eg litt gjenkjennande og tenkte ikkje så nøye over det. Men den har likevel festa seg ved meg, og etter å ha tenkt litt over ting er eg ikkje like ukritisk til innhaldet no som eg var då.

Artikkelen var ei lang sjekk-liste av psykiske finurligheter som går på at ein ikkje bekymrar seg, lar andre ta kontroll i livet vårt, ikkje er redd for endringar eller prøver å gjere alle til lags. Det handla om at ein ikkje dveler ved fortida, gir opp når ein har feila, gjer i alle fall ikkje samme feilen fleire gonger, blir ikkje sjalu på dei som får ting til eller føler at verda skuldar ein noko. Ein kunne skrolle seg gjennom 13 punkt og om ein kunne sjekke av alt, så kunne ein i all si sjølvgodheit klappe seg sjølv på skuldra og tenke: "Eg er eit mentalt sterkt menneske!"
Men eg er ikkje så sikker på kombinasjonen av "dette er meg" på alle punkta vil avspegle eit mentalt friskt menneske. Sjølv om det er, i følge internett, ein psykoterapaut som har laga lista.


Og her er grunnen:
Eg trur lister som dette er med på å skape eit endå større tabu rundt psykiske lidingar og stenger mange dører til å snakke om psykisk helse på ein sunn og god måte. Lister som dette skaper urealistiske forventningar til eigen psyke, fører til at proposjonane på ting blir feil og set lett menneske i båsar dei slett ikkje høyrer heime. I ytterste konsekvens kan det skape ei haldning til at det faktisk finnes overmenneske og undermenneske.

Vi har alle ei psykisk helse. Eg trur og vi alle har sterke og svake sider når det gjeld den. Eg trur og at kor sterk du er handlar om kvar du er i livet, kva du har vore gjennom og kva støtte og hjelp du har rundt oss. Eg sakna mellom anna eit punkt på denne lista som eg anser som viktigare enn både om eg dveler med fortida eller gjer same feilen fleire gonger, nemlig at eit mentalt sterkt menneske ber om hjelp når det treng det. Eg ville også sagt at eit menneske som har mental styrke vil og kunne våge og vise svakhet, og kan tillate seg å vere svak. Men kanskje handlar dette om sunnhet, ikkje styrke.

 

Det å alltid opptre som sterk må vere krevande. Det å ha ei liste over kva ein ikkje kan gjere dersom ein skal vere mentalt sterk, og leve slavisk etter den, må vere ekstremt slitsomt. Eg leste ein kommentar til artikkelen, i forbindelse med at eg googla forfattaren, som handla om eit menneske som har vore på seminar med henne og som lengta etter dagen då vedkommande kunne kontrollere følelsane sine. Mitt spørsmål då var: Er det sunt å alltid ha kontroll på følelsane? Er det sunt å ikkje kunne vise kven ein er? Er det sunt å strebe etter å vere nokon som ein ikkje naturleg er? Er det sunt å skulle passe inn i ein mal? Eller for å snu det på hovudet: Er det usunt å begynne å gråte dersom nokon sårar ein? Er det usunt å bli sint når nokon trakkar på andre si verdighet? Er det usunt å le når ein blir glad? Kan det vere at å skulle leve opp til ei slik liste, å gå med den i bakhovudet som ein rettleiar på kva som er akseptabelt for eit mentalt sterkt menneske, blir så strevsomt at det kan føre til at ein blir psykisk sjuk?

 
Eg er ikkje den flinkaste til å snakke om eller å vise følesar. Eg prøver stadig å kontrollere det - og kan smile til dei som trykker meg ned, sjølv om eg er desperat på innsida. Eg dveler kanskje ikkje med fortida, men det er ting der som gjer at referanserammene mine er som dei er. Eg prøver å lære av feila mine, men eg gjer stadig nye variasjonar av dei sjølv om eg trudde at eg hadde lært. Eg har gitt opp å gjere alle til lags, men eg vil jo likevel at folk skal like meg og gjer så godt eg kan for at dei fleste rundt meg skal ha det bra. Eg er av ein mennesketype som elskar nye ting, og som har lett for å handtere endringar, men eg kjenner mange sterke menneske som ikkje likar endring - og av og til syns eg og at det kan vere krevande. Og eg kan misunne dei som får til deg eg ikkje mestrar så inn i hampen, og skulle så inderlig ønske at det var meg - men det betyr ikkje at eg ikkje gledar meg over at dei får det til!


No er eg ingen psykoterapaut eller psykolog. Eg har kun livserfaring og nokre bøker å vise til. Så det kan godt vere at eg er heilt på viddene. Eg avviser ikkje at det er noko som heiter psykisk sjukdom, eg påstår berre at det kan ramme oss alle. Eg avviser ikkje at det finnes styrke og svakhet i den psykiske tilstanden vår, eg trur berre ikkje at ein kan sette opp ei liste og seie at slik er det - den vil i allefall vere meir nyansert og langt lenger enn 13 punkt over ting ein ALDRI gjer. Eg trur og at for nokre ting er vi genetisk disponert, medan andre ting handlar om kva erfaringar vi gjer oss og miljøet vi beveger oss i. Ting er ikkje svart og kvitt når det gjeld psyken vår.


Og eg trur det er viktig å snakke om psykisk sjukdom og utfordringar vi har i vårt indre liv. Det er viktig å kunne anerkjenne at vi alle har både gode og dårlege dagar. Og akkurat som med fysisk smerte så har vi også ei smertegrense på psykisk smerte, som er ulik frå person til person. I tillegg er referanserammer og reaksjonsmønster ulikt hos oss, og kan bli oppfatta på ein veldig feil måte. Ikkje minst trur eg vi treng å få fjerna tabuet rundt det. Psykisk sjukdom rammar ikkje berre svake menneske, og det burde vere like naturlig å snakke om som forkjølelsen vi hadde i fjor. Kanskje det som gjer at eg reagerer som eg gjer på denne artikkelen er følgande: Eg har vore langt nede og eg har erfart at eg ikkje mestra utfordringane som kom min veg, og eg prøvde å gjere som denne dama lista opp. Det gikk ikkje. Men livet kom på rett kurs igjen då eg ba om hjelp og våga å sette ord på det som var vanskelig, då eg ikkje streba etter å vere sterk men tillot meg sjølv å vere svak.


Eg trur at eit menneske som aldri har kjent på korleis det er å vere svak, ikkje er særleg sterkt når det kjem til stykket. Men eg trur og at dei aller fleste av oss har kjent på det og komt styrka ut på andre sida, med nye og bedre perspektiv på livet.

mandag 20. oktober 2014

Tilgjevinga si makt

Vi var tre som gjekk bortover gata, to teologar og meg, og snakka om kva som dukka opp dersom vi googla navna våre. Den eine fortalde om korleis han hadde havna på ei liste på ei nettside som fordømmer menneske som har eit anna teologisk standpunkt enn dei. Eg slengde av meg litt flåsete: "Eg lurer på kva som skjer med menneske som velger å fordømme og henge ut andre på denne måten når dei ein gong møter Vår Herre..." Eg fekk svar på tiltale, at det var sansynligvis det samme som det som ville skje med meg...


I ettertid har eg gått og tenkt på denne episoda. For å seie det sånn, eg trur det er heilt sant svaret eg fekk. Men det var eit bibelvers som dukka opp ganske kjapt i hovudet mitt; "Sanneleg, eg seier dykk: Alt de bind på jorda, skal vere bude i himmelen, og alt de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen" (Matt.18,18)
Det står under overskrifta "Når ein bror syndar" - og har vore noko eg har blitt gåande og grunne på, for avsnittet handlar om korleis ein skal oppføre seg mot dei som gjer ein urett.

Det er ein ganske voldsom prosess som blir skissert i dette avsnittet (v.15-20), der ein skal først ta det med den det gjeld, dersom det ikkje hjelper skal ein ta det vidare med nokre vitner og om det ikkje hjelper ta det til menigheten. Om det ikkje hjelper så skal ein rekne vedkommande som ein som er utanfor.
Og så kjem vers 18 der ein får vite at når vi er samla i Jesus navn så er han midt i blant oss, og vi skal få det vi ber om.


Det har kverna og kverna i hovudet mitt. Kva er det egentlig dette handlar om?
Det eg har komt fram til er at det må handle om tilgivelse.

Tilgivelse er ein vanskelig ting. Å tilgje er å love at ein aldri skal bruke det som vart gjort gale mot ein i mot den som gjorde det. Det handlar ikkje om å gløyme, men å gje slepp på det.
Og her er det vers 18 har fått ei ny tydning for meg. For før har eg alltid tenkt at det handlar om at det vi binder her på jorda vil få konsekvenser for andre menneske i evigheta, men eg trur det handlar om at det for konsekvenser for oss når vi vel å binde noko.


Eg kjenner at det er fryktelig vanskelig å skrive det eg no skriv. For det er så veldig fort gjort å skrive det på ein måte som gjer at nokon føler at dei MÅ greie tilgje ugjerningar som er for store til å greie å handere åleine, og på denne måten kan eg vere med på å legge ekstra vekt til ei allereie for tung bør. Og det er ikkje noko eg ønsker. Men eg kjenner likevel at eg må skrive noko av det eg trur ligg her..

Eg trur at når Gud tilgir, så trykker han på "delete-knappen", men trur eg ikkje den tilgivelsen vi kan greie å få til handlar om å gløyme. Eg trur prosessen som er skissert i avsnittet fortel noko om at dersom den som har handla gale ikkje vil innrømme det eller ta ansvar for eigne handlingar, så har vi faktisk lov til å seie at vi ikkje kan ha noko med vedkommande å gjere. Kanskje må du og seie det sjølv om vedkommande tek ansvar. Eg trur og at nokre ting er så alvorleg at du ikkje skal feie det under teppet, men faktisk få det fram i lyset uansett kor mykje unnskyld den som krenka deg seier. Nokre ting må få konsekvenser for den som har gjort eller sagt det. Og nokre ting MÅ bearbeidast før ein kan legge det bak seg! Er det noko eg har lært i sommar så er det at nokre gonger må ein la ting få ta den tida det treng. Samtidig må ein våge å ta nokre steg i tru på at det kan bli bedre..

Det vil komme ein ny dag..

Tilgivelse er ikkje ei enkel løysing. Det er ikkje fromme ord, men beinhard jobbing. Eg trur tilgivelsen handlar om å få legge ting bak seg. Det handlar meir om valga våre, enn om følelsane. Og det kan vere ein krevande prosess - kanskje er det noko ein må velge å gjere kvar dag resten av livet. Eg trur det handlar om å belyse, vere ærlig, bearbeide og sleppe taket, eller tvinge det som held fast til å sleppe taket. Å vere den som blir tilgitt er ein god ting når ein har gjort noko gale. Men det å greie å gje slepp på det som såra ein, det er nesten endå bedre. For det å heile tida pirke på sår, slik at dei ikkje får gro, fører til større fare for betente og endå vondare sår. Det å ikkje greie å legge frå seg det nokon andre sa eller gjorde som såra ein, fører berre til at ein sjølv blir bitter og får ei referanseramme for alt som blir sagt som gjer at ein lett mistolkar og misforstår i andre sammenhengar, og som igjen fører til enda fleire og kanskje endå vondare sår.


Eg trur at tilgivelse kan sette oss fri. Eg trur den kan lege oss. Eg trur at dersom vi velger å ikkje tilgje dei so gjer oss urett, eller å jobbe mot det, så er det som om vi set oss sjølve i fengsel. Det er ikkje dei vi vel å ikkje tilgje som kjenner på smerten av manglande tilgivelse, men det er oss sjølve vi påfører smerte. Det betyr ikkje at vi sjølve er skuld i den smerten som vart påført oss, men at den får lov å vokse når vi ikkje bearbeider og prøvar å komme vidare.
Det betyr heller ikkje at smerten vil forsvinne om vi tilgir, men det betyr at vi gir oss sjølve en sjanse..
Og det betyr ikkje at vi lykkast i å legge ting bak oss, men at vi handlar ut frå eit ønske om å gjere det.


Det å binde noko slik at det er bunde i himmelen er kanskje ikkje så viktig lenger, kanskje er det viktigare å fokusere at vi treng å gje oss sjølve fridom i dette livet? For mi erfaring er i allefall at når eg går og held på smerten og nører opp under den for å finne beste måten å ta igjen på, så blir eg giftig for dei rundt meg - ikkje berre for dei som har såra meg, men for alle inkludert meg sjølv.

Som sagt er dette vanskelig å seie på ein slik måte at ein ikkje krenkar nokon eller gjer prosessen vanskeligare. Men eg trur og at dei siste to versa i avsnittet er viktige. Eg trur at dersom vi inviterer Jesus inn i liva våre, og vi sammen ber om det som er etter Guds vilje, så vil vi få det. Og det er inga quick-fix-løysing. For det vil alltid vere rikelig innslag av meg i den relasjonen, og det å virkelig sjå kva Guds vilje er, det vil eg vere forsiktig med å påstå at eg gjer. Gud har ei heilt anna oversikt enn meg, over kva konsekvensar dei små tinga får i den store sammenhengen. Så ofte forstår eg ikkje kvifor eg får dei bønnesvara eg får, eller ikkje får. Eg forstår ikkje kvifor det som var så opplagt lurt å be om, og som ikkje ville vore noko problem for den Allmektige å fikse, ikkje skjer. Men eg veit at han har gode tankar for meg, at Han vil meg godt og at Han vil hjelpe meg å tilgje dei eg treng å tilgje. Men ofte må eg gå eit stykke veg sammen med Han før eg greier det, og nokre gonger må eg gå eit stykke veg sammen med nokre andre menneske.


Og i mellomtida får eg lov å kvile i den vissheta at Han tilgir det eg ikkje greier - både mot meg sjølv og andre.



mandag 13. oktober 2014

Fleet Week

Frå torsdag denne veka har det vore yrande liv i lufta over San Francisco og bukta vår. Eg trudde ikkje eg var så interessert i fly, men når ein får sjå akrobatikk på dette nivået så får ein både gåsehud og god kontakt med barnet i seg. Det er i grunnen ikkje så mykje å skrive om det, men eg tenkte kanskje det var kjekt å få sjå litt bilder.. og det var eit par(ca.600) som vart tatt denne helga ;)

Det var mange fly som fekk vise seg fram, men det var særleg to grupper som var eksepsjonelle. Først var det The Patriots Jet team:



I'm in love with these guys! ;)








For å seie det slik: Dei leika ikkje presisjonsflyging!! :)







Og så var det dei berømte blå englane frå marinen (The Blue Angels):









Dei hadde også ganske god peiling på kva dei dreiv med..




Nokre andre fly fekk som sagt også vise seg fram:



Alt i alt: HEILT FABELAKTIG! 
Og heilt genialt å få tilbringe to (fri)dagar i sola på balkongen
til Sjømannskyrkja, sidan den har ei av byens beste utsikter :)




mandag 6. oktober 2014

Bilbaneanger og smarte telefonar

Eg var sånn ca 5 år. Eldste bror min hadde endelig, etter mykje masing, gått med på å sette opp bilbana si slik at eg og naboguten kunne få leike med den ein ettermiddag. Det var den einaste bilbana eg visste om som hadde elektriske bilar som ein styrte med fjernkontroll. Naboguten visste ingenting om det store som var i ferd med å skje. Dette var jo i gamle dagar, så eg skulle gå ut og invitere han med meg heim..

Sånn stor bane hadde bror min.. trur eg.
(foto henta frå internett)

Men på vegen møtte eg nabojentene. Dei inviterte meg inn for å leike. Eg var ei svak sjel som trudde eg kunne få pose og sekk, og ei lita stund kunne vel ikkje skade?
Plutselig stod bror min der. Det hadde ikkje vore ei lita stund, men fleire timar. Han var naturleg nok sur og bilbana var trygt plassert tilbake i kassa på loftet. Det vart ingen ettermiddag med bilbane.

Dette barndomsminnet er kanskje eit av dei verste barndomsminna mine. Framleis kjenner eg det langt inne i meg når eg tenker på det. Eg angrar framleis djupt og inderlig på at eg handla som eg gjorde. For ikkje nok med at eg ødela for meg sjølv, men eg frårøva naboguten muligheten til å få leike med bilbana. Eg må berre be om unnskyldning og håpe på at eg blir tilgitt når eg no har fortalt sanninga..

I det siste har eg tenkt på denne erfaringa. Om korleis vi kan ta frå kvarandre noko kjekt og godt ved å vere tilstades ein annan plass enn der vi burde vere tilstades.

I gamle dagar....

Egentlig starta mine tankar rundt det for eit år sidan då nokon påpeika at eg var på telefonen heile tida når eg var sammen med mine tantebarn. Før smarttelefonen hadde eg sjelden med meg mobilen når eg var på besøk hos dei, eg lot den ligge på rommet mitt og svarte på eventuelle meldingar når eg kom heim om kvelden. Etter smarttelefonen kom har eg vel egentlig ikkje vore adskildt frå den meir enn eit par timar, og då høgst ufrivillig. Eg skjerpa meg, måtte ikkje sjekke kvar gong den lyste, men berre når eg var sammen med dei. Ellers var eg akkurat like "på".

Den siste tida har eg merka meg at eg altfor ofte tek opp telefonen og ser på den. Eg må berre innom snapchat, instagram, viber, facebook, mail, melding eller internett. Eller eg må google ett eller anna som har blitt påstått. Og så har eg begynt å legge merke til alle dei som gjer akkurat det samme. Det er ikkje mindretalet av menneske eg møter i kvardagen som gjer det. Dei aller, aller fleste fiklar med telefonen altfor ofte..


Mobilen er ikkje lenger berre ein telefon som ein kan sende melding med. Den er både kamera og datamaskin, og har nesten blitt som bensinstasjonane - den fungerer ofte best på alt den ikkje egentlig var tenkt å brukast til.Det er berre ei god veke sidan eg stod og snakka med ein person, som medan eg snakka tok opp telefonen og begynte å trykke. Eg veit jo at eg ikkje er verdens mest interessante person å snakke med, men eg følte meg så liten og ubetydelig der eg stod. Og tanken på kor mange gonger eg må ha gjort akkurat det samme mot nokon andre vart plutselig svært så aktuell.

Etter det har eg lagt endå bedre merke til korleis folk tek opp telefonen i tide og utide. Ein tek selfie, ein postar bildet frå det ein akkurat har vore med på, ein sjekkar stoda i verda eller "snappar".  Denne veka såg eg ein gjeng i finkleda som sat i ein ring med kvar sin mobil. Ingen snakka med kvarandre...

Ein rolig dag.. 

Dette har gjort at eg har stilt meg sjølv ein del spørsmål. For kva er så viktig på nett eller andre stader at eg ikkje kan vere tilstades der eg er? Kva er det i eposten eller på facebook som er så viktig at eg ikkje kan bruke tida på det mennesket eller dei menneska eg er fysisk saman med? Kvifor er det så viktig å få posta bildet på instagram akkurat no, framfor å nyte øyeblikket med å vere tilstades i det? Er mitt eige eksponeringsbehov så stort? Eller er mitt internett-liv så utruleg spennande?

Alle vil vel sjå dette?? ;)

Og eg har komt fram til ein litt ubehagelig konklusjon: Det blir fort til at eg gjer som eg gjorde mot naboguten og meg sjølv. Eg frårøvar meg sjølv og dei menneska eg fysisk er tilstade saman med spennande samtaler, nærvær og omsorg ved å rømme inn i eit todimensjonalt univers. Det er kanskje eit univers med mange "likes" og mange som ser meg, men det kan aldri erstatte det fysiske nærværet. Jaget etter likes kan bli ein unødvendig stressfaktor, og etter kvart veks behovet for å bli likt uten å måtte prestere eller presentere. Eg trur ofte vi prøver å få både pose og sekk, men uansett så greier vi ikkje å få det. Og det vil alltid vere den som sit eller står framfor oss som sit igjen med følelsen av å vere uinteressant om vi vel å bruke tida på mobilen. (og no snakkar eg ikkje om når vi får ein viktig telefon eller sms, men når vi vel å sjekke berre for å sjekke...)

Kanskje skulle vi prøve å vise det til kvarandre litt oftare,
sånn face to face?

Eg har ikkje lyst å sitte og angre på at eg valgte mobilen min framfor eit anna menneske om 20 år. Så derfor vil eg prøve å legge mobilen litt vekk, eller i allefall ikkje ta den opp for å sjå om det har skjedd noko spennande medan eg er saman med andre - og gir utfordringa vidare til deg som les denne bloggen. Kanskje du også bør prøve det?