tirsdag 31. desember 2013

Gorgeous!

Mandag er fridag i kyrkja.
Det er i grunnen heilt ok.
I dag har det vore ein innhaldsrik dag.
Eg føler eg har trakka San Francisco på tvers... og det er kanskje ikkje langt unna, om eg berre hadde gått langs ei bein linje.

Det starta i går kveld; då knekte eg ein av dei lange neglene mine,
og i dag tidlig tok eg nummer to,
så då tenkte eg at eg kunne unne meg litt luksus og gå få få
"my nails done" i dag.
Og det vart ein festlig liten affære.

Først var det ei lita episode på veien til neglesalongen.

Du veit desse som står på kjøpesenter i Norge og skal få deg til å kjøpe dødehavs- og hudpleieprodukt?
Dei kan du fort møte på gata her.
Og dei er som balsam for sjølvtilliten..

Ser du forskjell på augene?

Det er jo fordi dei vil selge deg noko, men når du får høre at du har nydelig hud (noko eg visste at eg ikkje hadde akkurat no) og fantastiske auge, at du har eit vakkert fjes og tiltaler deg som "Gorgeous" og "Beautiful" så må du bare bli litt sjarmert..
Det einaste som var gale med meg var visst at eg hadde nokre linjer rundt augene, som ville bli rynker om eg ikkje passa på.. og no skulle eg berre sjå, og så smører dei inn rundt eine auget og ber meg sjå godt etter i speilet for å sjå forskjellen.. samtidig som dei sjølvsagt smører tjukt på med "beautiful" og inviterer både på date og nyttårsfeiring..
Skuffelsen blei derfor stor då eg ikkje såg den store forskjellen. Eg fikk streng beskjed om å ikkje smile, for alle fekk rynker når dei smilte. Eg vart sendt rundt i butikken for å finne ei lyssetting som skulle framkalle forskjellen som fortalde meg at eg ikkje kunne leve uten vidunderkremen. Og det blei vanskeligare og vanskeligare å la være å smile...
Enden på visa vart at eg ikkje kjøpte kremen, men lova å komme tilbake om eg plutselig såg forskjellen.

Enklere å sjå forskjell no?

Og så kom neglesalongen..
Det er ein opplevelse å gå på neglesalong.
Samtalen gikk omtrent som følger:
- Hey, darlin', what can we do for  you?
- Could I have my nails done?
- What do you want to do?
- I want to remove the fake ones, and have a ordinary manicure.
- you don't want long nails anymore?
- No.


Ho ser mistruisk på meg før eg blir henvist til ein stol og ho begynner behandlinga.
Plutselig var dei andre kundane vekk, og heile gjengen samla seg rundt meg.
Den eine spør:
-you want massage?
Eg som har hatt litt stiv nakke dei siste dagane tenker det kan jo være godt.
-OK.
- take off clothes
Eg blir heilt forvirra. Eg sitter i et rom med tak-til-golv-vindu ut mot gata! Ho ser plutselig forvirringa i blikket mitt.
-Oh, only jacket.
Eg tar forsiktig av meg jakka og håpar på det beste..

nye negler (eg har fortsatt fem fingrar altså! ;) )

Ho som masserer er rimelig fast i klypa og finn akkurat dei rette punkta,
og eg anar ikkje kor mykje av ryggen min ho blottlegg for verden..
Samtalen fortsetter:
-your back is hard as rock!
*stønn!(AU!)*
-you need boyfriend to massage you! You have boyfriend?
*stønn! (AU!) og hoderisting*
-Why you don't have boyfriend? You beautiful lady..
*stønn! (AU!) Kan vi endre tema no??*
- You want ten minutes more?
-ah, no, I'm good.
- No, you still hard as rock. Only ten dollars.
- eh, ok..
stille ei lita stund før:
-You need boyfriend! You too stressed! Boyfriend good for stress!
*stønn!(AU!)*
Kossen i all verden havna eg der?? (Eg må også presisere at all mi erfaring tilseier at stress er der uavhengig av sivilstatus, men eg føler meg ikkje særlig stressa.. eg er berre litt stiv...)

Det heile minte meg veldig om denne vesle videosnutten, som egentlig er veldig beskrivande for alle mine erfaringar med neglesalongar:


Resten av dagen har eg berre trakka gatelangs i byen min. Og amerikanere er herlige folk, stort sett. Har dei noko positivt å komme med, så kjem dei med det. Dei brukar kjælenamn på alle og av og til er det faktisk litt godt å bli tiltalt som "Honey" sjøl om eg veit at det ikkje ligg noko meir bak det :)
Det vart ein lang dag med trasking, så fortsetter eg å bruke fridagane mine slik, er det fare for at eg blir sprek ;) Men eg må innrømme det; eg greidde å skvise inn ein trikketur på slutten også. Men etter snart 8 timar bytrakking er det vel lov?
Eg må berre seie det: Det er ein fabelaktig by dette her. Heldige meg som får lov å bu her! :)

Chinatown

Retning Finance District


Utsikten fra toppen av Vallejo Street :)

Trikken - og en veldig slanka trikkefører! ;)



lørdag 28. desember 2013

Den første jul i et fremmed land..

Mange nordmenn vil kanskje tru at  USA er jo ikkje så framandt.
Vi ser jo heile tida filmar herfrå,
og vi adopterer stadig ting herfrå.
Men USA er ikkje Norge.
California er ikkje Vestlandet.
San Francisco er ikkje verken Bergen eller Stadlandet.

My street: Vallejo :)

Eg var godt forberedt på jula.
Eg var forberedt på at eg ikkje ville oppleve ei vanlig jul.
Eg var forberedt på at eg ville få heimlengsel.


Det har i grunnen gått over all forventning.
Ein av grunnane trur eg er at eg har vore innstillt på at det ville bli annleis.


Det har vore stille og rolig rundt meg.
Julaftan var det først heimelaga gløgg
og litt julekaker,
før det var to gudstjenester i kyrkja.
Vi hadde invitert til kaffe og kaker kl.18,
men det var ingen som kom - så då gjekk vi heim.



Eg slappa av med ein lett middag,
åpning av pakkar og Love Actually.
Det høyres kanskje stusslig ut,
men dei siste vekene har vore så innhaldsrike
at det var godt å roe heilt ned.
Alt er jo nytt her - det er nye system å forholde seg til,
nye menneske, nye tradisjonar, nye omgivelsar og reglar.
Vel, ein del ting oppleves gammalt sjølv om det er nytt,
for eksempel brukar ein sjekk her.
Eg kan hugse at mamma hadde det då eg var liten,
men eg har ikkje sett eit sjekkhefte på i allefall 20 år,
men her lever det i beste velgåande.

    

Så ein stille og rolig julekveld utan feit julemat
var hjertelig velkommen,
sjølv om eg kjende på saknet etter menneska heime
då eg opna pakkane.

årets julegave til meg sjølv,
som eg gjerne deler med andre,
så her er det berre å komme på besøk! :D

Dei fekk eg heldigvis snakka med neste morgon.
Då fekk eg heile familien på Skype på ein gong.
Eg drakk kaffe til frokosten, 
dei skulle straks drikke kaffe 
i den årlege familie-kalkun-middagen.
Det var ikkje fritt for at eg kjende på eit snev av misunnelse 
over at dei var der heile gjengen 
og kunne innta mamma si saftige kalkun, 
for ikkje å snakke om verdens beste waldorfsalat!
Men ein kan ikkje få både pose og sekk.. 
og det var uansett veldig godt å sjå dei!

Finaste familien på jorda! :)

Og det har vore godt å få nokre snap-ar 
og meldingar under vegs i jula
som har fortalt at det finne nokon 
på andre sida av dette kontinentet og over havet
som tenker på meg og som er glad i meg :)
Det er kanskje derfor det har vore 
heilt greitt å vere her åleine i jula.
Eg veit at det er mennesker som bryr seg om meg,
som vil meg godt og som gjerne vil ha meg hos seg.
Og eg veit at det vil dukke opp 
slike mennesker rundt meg her i byen også.
Ja, allereie er det menneske 
som eg er ganske sikker på at kjem til å bli gode venner,
som har vist meg stor omsorg
og som er morsomme å vere i lag med.

Eg klagar ikkje på vëret! :)

Alt i alt trur eg livet kan bli ganske ok i San Francisco.
Og eg håpar de alle har hatt ei stålande julefeiring,
uansett kvar i verda de har vore 
og kven de har vore saman med! 
Jula er ei tid for fellesskap,
men fellesskap kan vi ha på mange måtar.
Det er lett å gløyme det viktige
midt oppi alt jaget etter den perfekte jula.
I år fekk eg kjenne på 
at menneska i livet mitt
er like viktige for meg
om dei er her eller 8118.59 km unna.
Eg fekk erfare at det er viktigare for meg
å vite at nokon er glad i meg, 
enn det er å ha perfekt svor på ribba.
Eg har fått føle på at det er godt å ha nokon
å lengte etter,
for det betyr at du har nokon i livet ditt
og det er desverre ikkje sjølvsagt..

Det einaste som kunne vore bedre
var om stjerna lyste... ;)

Og kva passar vel bedre å avslutte dette blogginnlegget med,
enn åpningsscena frå filmen eg kraup under teppet og såg på julafta:




onsdag 18. desember 2013

The hills are alive - and well!

Det seies at Bergen er ein by der du alltid har ein motbakke på veg heim. Etter elleve år i byen kan eg bekrefte at det er sant. Men bakkane i Bergen er fislete samanlikna med San Francisco.

Bergen - også i San Francisco!

Dei siste to dagane har eg hatt fri - og eg har brukt fridagane mine på shopping og velvere - og motbakkar. Det har vore fine dagar, sjølv om dei juleenglane eg kunne tenke meg ikkje har vorte noko av. Eg befinner meg no i Santa-land. Det må eg vel berre finne meg i.... hadde eg i det minste funne eit fint eksemplar av Rudolf så skulle eg vore glad lenge eg..


Men det var egentlig motbakkane eg skulle skrive litt om.
For det er mange som har snakka om at eg MÅ kjøpe meg bil. Eg bur jo trass alt i Amerika.
Og la det vere sagt - sjølv om det berre bur rundt 800.000 i sjølve San Francisco, så bur det meir menneske rundt bukta her enn det gjer i Norge. Og avstandane er STORE!
Men eg har gått og kjent på at eit bilkjøp sit langt inne..


Det er jo ikkje det at eg ikkje vil ha bil. Det hadde jo vore kjekt å kunne cruise rundt i f.eks. ein Mini Cooper. (eg kan ikkje noko for det, men vi hadde Morris Mini då eg var liten og eg har elska den type bil sidan!) Og bil skal visst vere billig her - så det kan jo vere, hvis eg no ser at eg får råd, at det blir gjort... (Det er dyrt å flytte, så eg må uansett spare litt før eg går til eit slikt innkjøp)


Men det er faktik bakkane som held meg mest igjen.
Eg er ikkje redd for å køyre dei - her går det i automatgear, så eg slepp å bekymre meg for bakkestart.
Eg er ein smule meir bekymra for lukeparkering i bakkane, det er ikkje mi sterkaste side på flatmark - og måtte Herren vere både meg og mine medtrafikantar nådig når eg skal begynne med slikt i bakkane her! Ja, for det kjem ei dag då eg må det - eg skal ta amerikansk førarkort (hurra, teoriprøve og oppkøyring på nytt) og kyrkja har bil som eg skal bruke i jobben.

Sjømannkyrkja, i froskeperspektiv
Og det er nettopp det - eg har bil eg kan bruke når eg treng den på jobb. 
Det er her dette med bakkane egentlig kjem inn.
For eg hadde bil då eg gjekk på vidaregåande. Ein fin og grøn golf frå 1979.
Den gjekk som ei kule, bortsett frå når den stod på verksted - noko den gjorde mykje heilt fram til svogeren min skifta forgassaren, og fråtok verkstedet ei sikker inntektskilde.
Då eg gjekk på vidaregåande budde eg på toppen av Åsen på Sandane.
Det var 20 minutt med motbakke heim frå skulen.
Då eg fekk bil var det toppen 10 minutt... og eg gjekk så og seie aldri, bortsett frå når bilen var på verksted - men då haika eg gjerne med ho eg budde i lag med i staden.


Det er noko vidunderleg med litt gratis trim.
Det oppleves veldig mykje bedre å ha vore ute og pest seg opp ein bakke, enn det er å stå og trakke på ei tredemølle inne.
Men det er også himla tungt når ein er seint ute, eller er trøtt etter ein sein kveld.
Og det er veeeeeeldig fristande å sove 10 minutt ekstra, hvis ein veit at ein berre kan hive seg i bilen
og ikkje må sette opp dampen og komme svett og fæl på jobb.


Eg trur eg vil teste ut bakkane ei stund til. Pushe meg sjølv litt. Jentene her har allereie informert meg om at det kjem til å gje meg ei heftig bra rumpe (ikkje at eg klagar over den eg allereie har altså!).
Og når ein ikkje har bil så kan ein jo unne seg litt annen luksus, som f.eks. nye negler i blant..


Og når du ikkje har bil, og drar på varene dine opp og ned bakke etter bakke, så kan det jo vere at du ikkje berre utviklar meir enn ei bra rumpe. Det er liksom noko med når du har 2 gallon-flasker (1 gallon er ca. 3,8 liter) og ein haug med andre matvarer opp bakken... du står liksom i fare for å utvikle musklar...


Og så blir det ekstra deilig når matvarene er sett i kjøleskap og skap, og du kan sette deg ned i sofaen med god samvittighet og nyte å vere litt fysisk sliten.
I tillegg er det ikkje så ille å komme til toppen av bakken og nyte utsikten. Du har jo ikkje tid til å stoppe og nyte den når du berre køyrer forbi..


mandag 16. desember 2013

10 dager i California

 Då har det faktisk gått 10 dagar sidan eg kom til California,
det har gått utruleg fort.
Kvar dag har det skjedd noko,
og eg har møtt nokon eg ikkje har møtt før.
Her er veldig mange fantastisk flotte folk!
Og etter å ha rusla rundt i byen,
må eg innrømme at eg har blitt litt småforelska i den..

Det er noko veldig tiltrekkande med dette..

Fredag var det den 13. 
Det vart ein morsom dag!
Vi starta med at vi kvinnene på kyrkja,
Åsa, som er diakon i Svenska Kyrkan,
Kamilla, som har vore vikar for meg
og eg,
laga Lucia-tog og frokost til presten.
Han hadde egentlig fri, 
så då passe det jo fint at vi kom og vekte han.


Vi hadde jo sjølvsagt ulike versjonar på sangane,
og å synge gjennom det på forhånd er for pyser!
Men med godt humør og godvilje
blir jo det meste bra! :)

Verdens beste kollegaer!!

Då vi hadde ete begynte vi på pynting av juletreet.
Då oppdaga vi at det var heller dårlig med lys..
så bar det på shopping.
Alt er jo større her borte..
og bildene taler for seg ;)


Vel tilbake fekk treet både lys og pynt..

Ein klassiker...

Det lever visst ikkje opp til
amerikansk standard, men, men..
Då treet var nokonlunde presentabelt
var det berre å kaste på seg finklea
og komme seg på ball!


Det er mange skandinaviske klubber i området,
og ein av dei er fiskeklubben.
Og eg var så heldig å bli invitert på juleballet deira.
Det var ein svært kjekk kveld!

Eg oppdaga ikkje at eg kunne brukt meir behagelige sko
før eg kom heim..

Det var ei god oppladning til superlaurdag på kyrkja
med smårollinger og laurdagsgraut.

Herlig å få hjelp til vaffelsteikinga! :)
Vidare bar det sørover til Saratoga der det var julegudstjeneste
og julefest som stod på programmet.


Vår dyktige prest trossa eit svært vondt kne
og gjennomførte ei flott gudsteneste,
og eg fekk lov å synge :)



Etterpå var det mat og drikke,
underhaldning for små og store..


..juletregang og eit aldri så lite nissebesøk.


Etterpå var vi i juleselskap hos
nokre av dei flotte, trufaste frivillige medarbeidarane
i kyrkja og eg fekk erfare noko av den store, varme
gjestfriheten som er her!


Eg har fått ein eventyrleg velkomst her.
Det føles som om eg har gått frå fest til fest.
I dag var det gudsteneste,
som vart litt annleis sidan kneet til presten vår
ikkje hadde vorte betre i løpet av natta.
Men våre gode kollegaer i Svenska kyrkan steppa inn
og gjorde det til ei veldig fin gudsteneste.
Og i dag var dagen då eg vart 
sett inn i teneste og bedt for.
Så no er eg offisielt 
vertskap i sjømannskyrkja i San Francisco.
Eg er ganske sikker på at det er noko eg kjem til
å trivast veldig godt med!