fredag 30. august 2013

Kyrkja mi

Eg har sidan eg vart døypt
vore medlem i Den norske kyrkja.
Eg har ikkje alltid trudd på bodskapen den formidlar,
men eg har likevel fått lov å vere del av den.


Det er ikkje alt eg forstår av teologiske diskusjonar,
eller veit korleis eg skal forholde meg til,
men eg er framleis velkommen.


Utanfrå kan det sjå ut som den ikkje er enig med seg sjølv,
men når ein ser godt etter så er den tydelig på det som er viktig.
Den kan virke som ein rar liten klubb,
med gammaldagse ritualer,
men ingen plass er mangfaldet så stort som nettopp her.
Her møter du menneske du diggar frå fyrste sekund,
og dei du ikkje går overens med same kor mykje du prøver.
Her samlast menneske med ulike interesser,
bakgrunnar, etnisitet og funksjonsnivå.
Her møtes gammal og ung, gifte og single.


For å få eit møte med den Heilage.
Og for å få eit møte med dei andre som deler trua på Han.
Her kjem og dei som søker,
utan å ha bestemt seg for kva dei vil tru på,
og dei som slit med å tru på noko,
men berre treng å få vere der dei er.


Her møter du ingen forventing om løfta armar i lovsong
eller lange flammande vitnesbyrd.
Men det er rom for det og.


Her er det ingen perfekte menneske,
men ei samling av oss som treng noko meir enn oss sjølve,
som treng nåden og fellesskapet.


Den norske kyrkja er
ei folkekyrkje.
Den er
kyrkja mi.
Den er kyrkja eg har blitt utruleg glad i.
Fordi den består av menneske
som sammen skaper eit fellesskap
som gir rom for sanninga om kven eg er,
og som viser meg kven Gud er - litt etter litt.


At kyrkja mi ikkje har alle dei ferdige svara
på dei kompliserte teologiske spørsmåla,
er veldig befriande.
At ein kan leve side om side,
puste i same lufta,
utan å kreve retten til lufta,
sjølv om ein har ulikt bibelsyn,
er i grunnen fantastisk.


Eg har blitt så lei av alle som påberoper seg å ha rett lære,
når tolkingsromma er så store.
Eg er så lei av dei som fortel at for å vere kristen
så må du passe inn i ein formel.
Eg blir provosert når eit politisk parti
tar namnet "dei kristne"
som om alle vi som trur på den treeinige Gud er enige med dei.


Eg blir lei meg når menneske som ikkje har vore på
gudsteneste i Den norske kyrkja på år og dag,
fortel meg om at kyrkja mi ikkje er kristelig nok.
Når eg møter menneske i kyrkja mi,
så møter eg så utruleg mykje tru, håp, glede, engasjement og kjærleik,
men det er kanskje litt meir stillfarande enn i ein del andre samanhengar.
Kyrkja mi er meir enn høge teologiske diskusjonar
og fine kyrkjebygg, sjølv om den har det også.


Mangfaldet av kristne trussamfunn trur eg er bra,
for det handlar egentlig berre om måtar å uttrykke seg på.
Og vi menneske er forskjellige,
nokre av oss likar liturgi og salmesang,
nokre likar frie former og lovsong.
I Guds rike er det plass for begge deler.


Men altfor ofte kan ein sjå ned på dei som er annleis,
som ikkje uttrykker seg på same måte som vi.
Og kanskje er det ekstra lett å angripe
ein institusjon som har eksistert lenge,
som kan virke litt famlande og vinglete.
Men det er fordi vi er menneske som formar den,
menneske med feil og manglar,
som stadig gjer ting vi ikkje burde - også i kyrkja
Menneske som har ein ting felles:
Vi søker det hellige.
Vi søker DEN Hellige.


Eg syns Erik Hillestad seier det så bra i sangen "Djube spor":

Du har gitt oss kjerkå, Gud
Hu gjør vel ka hu kan
Hu virke sleden, hu e litt rar
Men om hu svikte, så e hu alt me har

Det blir sagt og skreve møje sant
om liv og lere som sprike
men i avmakt, som ein diamant
gjømme kjerkå ditt rige

For bakom fromme ord og tågeprat
Der kan eg møda deg
som har gått så tunge steg
for å møda meg.














mandag 26. august 2013

Ver ikkje bekymra

Det var ikkje akkurat slik at eg spratt ut av senga
då klokka ringte kl.07.00 i dag..
Det kjentes på kroppen at eg kom seint heim i natt,
og at eg hadde hatt ein litt tung dag i går.

@Kastrup 25.08.2013 

Det var fryktelig tomt å komme heim i går.
Litt den samme følelsen eg hadde då eg kom frå leir
då eg var yngre.
Og det hjalp ikkje akkurat å komme heim til ei leilighet
som ber veldig preg av at eg er i ei omstillingsfase.

Organiseringsrot

Vekene i København har vore fantastiske på mange områder, 
men eg har hatt problem med ein ting.
Å sove.
Tankane rundt kva eg har begitt meg ut på har kverna.


Og så er det så mange ting som må på plass før eg reiser.
Eg må finne ut kva eg skal ha med meg, 
og kva som skal lagras og ikkje minst kor det skal lagrast.
Eg må få leigd ut leilighet, 
ordna forsikringar og skatt og alt mulig praktisk.
At eg opplevde meg så til de grader på rett plass
i København skapte og ei uro.
Tenk om San Francisco ikkje blir like bra!?!
Kva om eg ikkje finn meg til rette i det heile?
Og korleis blir det med tidsforskjellen i forhold til dei her heime?


Fredag kveld var vi ute og åt,
og snakka om bekymringar.
At det er noko som er skadeleg for oss,
og korleis Bibelen seier at vi ikkje skal gjere det.
Og eg kjende at det stakk djupt
for min del.


Eg brukar vanligvis å vere ganske ubekymra.
Mamma meiner at eg kan vere litt FOR ubekymra.
Eg likar nye eventyr,
eg er litt impulsiv
og litt for lite konsekvensfokusert.
Det går jo alltid bra,
sjølv om det kanskje ikkje går akkurat slik som ein hadde tenkt.
Men i det siste har eg ikkje greidd 
å la vere å bekymre meg for framtida.


Og då eg reiste heim i går kveld
var det berre kjipe tankar som gjekk gjennom hovudet på meg.
Hadde eg reist åleine anar eg ikkje heilt korleis det skulle gått, 
for tårene var heile tida berre eit blunk unna.
Men eg hadde selskap av to fantastiske venninner,
som både trøsta og hjalp meg å fokusere på det som er bra.


Eg kom meg heim,
og i dag var det ein ny dag.
Ein dag der eg både var innom jobben min på bispekontoret
og var på innføringskurs i Sjømannskyrkja.
Det kjendes ikkje feil ut det heller.
Når eg tenker tilbake så kjendes det godt å vere i Pattaya og.
Og kanskje er det noko i det som ei sa i lunsjen i dag;
at eg følte meg så heime i København 
er kanskje eit vitnesbyrd om at eg er tilpasningsdyktig..

litt kaffe og jenta er rimelig omgjengelig ;)

Eg kjem nok til å bekymre meg om både eitt og anna,
men eg vil fokusere på at eg skal ut på eit nytt eventyr.
Eg skal få møte nye menneske, nye plassar,
gjere nye erfaringar og oppleve noko eg har drøymt om lenge.
Eg føler det som om Vår Herre har satt døra på vidt gap
og sola skin inn på ein slik måte at eg ikkje har heilt oversikta
over kva som er der ute.
For å få sjå det, må eg ta nokre skritt utanfor.
Nokre skritt i tru.


Eg trur ikkje at bekymringane mine kjem til å hjelpe meg nokon veg,
derfor vil eg legge dei av meg.
For eg trur at Gud har gode planar for framtida mi.
Eg vil fokusere på det.
Eg vil vere takknemlig for dei mulighetene eg får no.
Eg treng nok nokre gode venner som minner meg på det av og til,
og som hjelper meg å sjå på det store bildet.
Særleg dei neste to månadane.



Eg vil leve i Filipperbrevet kapittel 4:
Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seie: Gled dykk!
Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er.
Herren er nær.
Vær ikkje urolege for noko! 
Men legg alt de har på hjartet, 
fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.
Og Guds fred, som går over all forstand,
skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.


Det er inga quickfix-løysing på alle problem,
eller eit krav om noko eg må greie sjølv,
men det er barnleg tru på at Gud har full kontroll
på alt som eg ikkje har kontroll på.
Det er noko å kvile i.




TUSEN TAKK FOR MEG!

For ein månad sidan visste eg ikkje...


at det skulle ta meg fire dagar i denne kyrkja


før eg følte meg heime...
Det er ein av dei mest skremmande opplevingane,
samtidig som det var noko veldig godt over det.
Då eg stod der og baka kake,
og tenkte ein tanke og tenkte at eg var heime.
Eg håpar virkelig det går like lett i San Francisco.


Ein måned har eg fått bu her 
og leve livet mitt her.
Det har vore ein veldig god månad.


Eg har fått sand mellom tærne,
og eg trekker tilbake alle påstander om at København er 
kjøligare enn Pattaya!
Eg har ikkje svetta så masse på ein månad på evigheter!
Og skal ein ut etter ein svært svett arbeidsdag,
så er det faktisk omsorg for andre i å ta ein dusj! ;-)


Eg har lært at danskar er bedagelig anlagt,
og generelt snille, 
så lenge dei ikkje har hjul!
Og eg har sykla for første gang på 15 år,
ikkje berre ein gong, eller to gonger,
men mange gonger.
Og det er alltid motvind!


Eg har hatt nokre fantastiske matopplevingar.


Det har vore nydelig å vere her.
Men alle tinga kan ikkje måle seg med dei fantastiske menneska
eg har fått lov å møte her og bli glad i.
Det er dei som har gjort månaden heilt spesiell!
Eg føler meg så rik,
som har fått lov å bli kjent med slike vakre menneske.
Menneske som er vakre frå innsida og ut,
på den måten som gjer dei meir og meir spennande å vere i lag med!

Sigrunn

Ingrid

Hanne Marie

Pål Kristian

Audun

Anne

Miriam

Anne Lina og Helge
Helena

Jofrid

Maren
København hadde ikkje vore det samme utan desse folka,
og det er sjølvsagt endå fleire som har gjort dagane gode!

Det har vore ei gjennomført god stemning.
Det har vore nokre tårer, 
mange gode kommentarer,
djupe samtaler,
godt teamarbeid
og veldig masse latter.

Nokre høgdepunkt har for eksempel vore:

Korleis stresse ein australier?
Sei til han at kaka han har stått og pynta som eit norsk flagg
har feil fargekombinasjon...

Eller korleis ta vare på ho som har trakka 
på glasbrot slik at ho kan bli med på kino?
Ta med ein krakk!

Det er viktig å vise omsorg... kaffe, vafler og Bud og hilsen!

Å gi presten eit koselig kontor er og viktig!

Eg må berre seie takk. TUSEN HJERTELIG TAKK!
Tusen takk for vennskap, omsorg, glede, oppmuntring, gode samtaler,
flotte opplevingar, masse humor og muligheter til å prøve nye ting.
Eg har lært mykje den siste månaden,
både om meg sjølv og om livet generelt.

Då eg kom syns eg kyrkja var mørk og litt trist, 
men eg har fått erfare at den er fyllt av så mange 
herlege og varme menneske at dei mørke fargane 
ikkje kan dempe gleda.

første gangen eg såg altertavla
syns eg den var litt kjedelig.
Etter mange morgonar saman med den
har den blitt veldig, veldig vakker
i mine auge.

Det er ei viss fare for at det blir nokre tårer i dagane framover,
det har i allefall falle mange i dag,
og litt lengsel tilbake..
Men - det er ein bra ting.
Det betyr at noko har vore bra!
Det betyr faktisk at det har vore veldig bra!

søndag 25. august 2013

Besøk av tuppene


I går kveld fekk eg besøk av Ingelin og Berit Margrethe.
Det er veldig kjekt, 
men eg må jo jobbe,
så dei har måtte greie seg sjølve i storbyen i dag.
Det greidde dei tydeligvis bra,
ut frå kva dei kom tilbake til kyrkja med. ;)
Fine jentene hadde til og med kjøpt gave til meg!

I kveld hadde eg fri, 
så då gjekk vi ut og hadde ein fin jentekveld sammen med Maren
med både god mat og musikk.



Men det tek på både å jobbe og shoppe, 
så det vart ikkje seine kvelden.
Eller kanskje er det berre eit teikn på at vi har blitt vaksne?
Sidan det er siste kvelden min her, 
så måtte eg pakke og rydde slik at Albin kan få igjen leiligheta si,
så det var kanskje like greit å komme tidleg heim...


I morgon skal vi (eg, Ingelin og Berit Margrethe) synge på gudsteneste, 
og det gledar vi oss veldig til!
Det er så godt å ha gode venner som ein både kan leike og le, 
gråte og prate, danse og synge sammen med!
Heldige meg!