søndag 30. juni 2013

God som gull!

I går var det storvegs feiring på Nordstranda Bedehus.
Då vart det feira at mine fantastiske foreldre
har holdt sammen i 50 år.
Faktisk har dei helde saman enno lenger, 
men 29. juni 1963 var dagen 
dei sa sitt JA til kvarandre
i Leikanger kyrkje.
Og sidan har det vore dei.


Det er kvardagskost i dag.
Det heller ikkje sjølvsagt at ein får ha kvarandre så lenge.
Og eg syns det er fasinerande at to så ulike menneske
held seg trufast til kvarandre så lenge.
Men kanskje er motsetningane noko av det som 
har gjort at det har gått?
Og respekta for at ein er ulike..

mine foreldre og besteforeldre

Det har sikkert ikkje alltid vore lett.
Det har garantert vore tøffe tak undervegs.
(dei har jo tross alt hatt meg å stri med ;) )
Men eg trur det har vore mange fleire soldagar enn regndagar.

Dei har gjort sitt for å befolke verda :)

Dei har skapt ein heim for oss fire ungane,
ein heim som har vore trygg og god.
Ein heim der ein fikk vere seg sjølv,
der vi bråka og var ueninge, 
der vi lo og sloss,
der vi spelte og sang,
der vi fekk trøst når det trengdes
og kjeft når det var nødvendig,
der vi ikkje hadde alt det nyaste nye,
men der vi alltid visste at vi var ønska og elska.

Finaste gullbrudeparet EVER! 

Det var stor stas å få feire at dei valgte kvarandre,
at dei har valgt å kjempe for kjærleiken, 
at dei har gått denne vegen saman.
At dei har satsa på kvarandre
både på dei gode og dei vonde dagane.
Det er det ein kallar ekte kjærleik.

torsdag 20. juni 2013

Wææææææh! (When dreams come true..)

I dag kom endeleg telefonen eg har drømt om, håpa på, frykta og tenkt at aldri kjem.
Eg fekk melding tidlegare i veka om at eg var innstilt på førsteplass til stillinga, men tilsettinga skjedde ikkje før i dag tidlig. Det er ein utruleg følelse å plutselig få det du drøymer om.
Og det er ein fantastisk følelse å oppleve at nokon vel DEG som førstevalget.


Eg har gått desse dagane og grubla og tenkt. Det er så mange ting å bekymre seg over.

Fyrst kjem alle dei praktiske spørsmåla: Korleis skal eg få pussa opp gangen? Korleis skal eg få leigd ut leiligheten? Korleis blir det med skatt og slikt i forhold til utleige? Kor skal eg gjere av alle tinga mine? Kor mykje kan eg, for ikkje å snakke om bør eg, ha med meg? Korleis får ein egentlig arbeidsvisum til USA?


Så kjem dei emosjonelle spørsmåla: Korleis skal det gå å vere på andre sida av jordkloda? Kva om noko skjer heime og det er såååå lang veg heim? Korleis vil det bli å halde kontakten med folk med 9 timar i tidsforskjell? Vil det vere enkelt eller vanskelig å få seg nye venner? Vil eg trives med jobben? Vil eg trives der eg skal bu? Kva vil eg sakne mest? Og ikkje minst: Korleis skal det bli å feire jul pitten aleine i eit framand land? (og ikkje eingong ha utsikta til snø) Kjem folk til å komme og besøke meg når eg er der, eller blir det for dyrt?



Det er mange ting ein kan bekymre seg over. Og det kan ta frå ein motet til faktisk å ta sjansen. Men dei siste dagane har eg sett på korleis ting har berre ramla på plass, akkurat som om det var nokon der oppe som har planlagt dette. Eg trur alt vil legge seg til rette slik som det er best for alle partar. Og eg må jo berre ta sjansen - dette er jo det eg har drøymt om i mange år!!

Så får eg ta sorgene etter kvart som det kjem. I dag vil eg glede meg over at eg faktisk skal ut på ei spennande reise, eit eventyr som ingen veit korleis endar. I dag vil eg glede meg over at eg er eit steg nærmare draumen!

tirsdag 18. juni 2013

Liv sin lærdom

Livet har stadig noko å lære oss. Etter å ha tenkt litt på dette har eg lyst å dele 10 ting eg har lært gjennom mine år på jorda:

1. Å stå midt på dolokket og legge all vekta på ein fot er ingen god ide.
2. Å lyge for å skåne nokon for ei smertefull sanning fører ofte til endå større smerte. Ærlighet varer alltid lengst.
3. Det er bedre å kunne stå for det du meiner, enn å ha dei mest populære meiningane.
4. Det er mykje intoleranse i å påstå at andre er intolerante når dei meinar noko som ikkje er i trå med  det fleirtalet har bestemt er rett.
5. Kattar likar ikkje å støvsuge.
6. Nokre gonger er det faktisk klokt å halde kjeft. (særleg når mamma brukar alle namna mine)
7. Draumar kan faktisk bli virkelige.
8. Det kan bli for mykje bamsemums - men aldri for mykje kjærleik.
9. Livet har alltid fleire gleder enn sorger, du må berre telle dei små tinga.
10. Ei hand som gir blir aldri tom.



Det er ikkje dei store tinga, ingen revolusjonerande greier, berre heilt enkle, erfaringsbaserte fakta.

søndag 16. juni 2013

Å kaste stein i glashus

Det heites at ein skal ikkje kaste stein 
når ein sit i glashus.
Det er ganske logisk at dette er ein aktivitet
som kan ha store konsekvensar.
Men - det er heller vanskeleg å unngå, 
når ein tek det i overført tyding.
Og av og til kan det vere ok å knuse
glashusa vi sit og speglar oss i..


Eg var sjuk forrige helg, 
eg låg store deler av helga på sofaen
og veksla mellom middels intressante tv-program,
soving, hosting, soving og facebook.
Eg er ikkje kjent for å vere utilgjengelig på facebook, 
men var nok endå meir tilgjengelig enn vanleg desse dagane.


Og eg var litt sjokkert over nokre vener si euforiske atferd der.
Og i løpet av veka har eg snakka med fleire om denne atferda, 
som eg syns var heilt ubegripelig. 
Stakkars menneske som hadde så kjedelig liv at 
nokre små aktivitetar var heilt eksepsjonelle opplevingar.


Eg måtte komme til gårsdagen før eg innsåg at 
det singla i glas rundt meg.
I går var det nemlig min tur å nå euforiske høgder.
Ingelin, Berit, Elin og meg skulle på Bergensfest.
Ein skikkelig festkveld som starta med prat og kos heime hos meg, 
og fortsatte med Lissie, Susanne Sundfør, litt datarock,
ei pause heime hos meg før vi avslutta med Mew, 
og ein pitteliten bytur.

Susanne Sundfør var ein definitv høydare :)

Det vart nokre bilder på instagram gitt, 
og litt status på facebook.. og et bilder der og.
Og singelingelingeling..
der rauk glashuset gitt!
Men eg kom frå det utan større skade enn 
litt meir sjølvinnsikt, og litt større forståing for andre, 
noko som sikkert kan komme godt med.


Forrige helg hadde eg eit særdeles kjedelig liv, 
vennane mine hadde det kjekt.
Når eg ser det litt i perspektiv
så var det kanskje ikkje så utruleg
at dei delte det kjekke dei var med på.
(det var jo i grunnen berre kjekt for meg
at dei faktisk delte det! :) )

Mew var heilt ok.
Så neste gong skal eg prøve å tenke litt lenger
før eg dømmer andre.
Delt glede er jo dobbel glede,
ikkje sant? 
Og bergensfest med jentene var uansett
 ein superkjekk opplevelse!

søndag 2. juni 2013

Berit Margrethe + Tore = SANT!

I går var det siste bryllaup for i år for min del.
Det var Berit Margrethe og Tore som skulle seie ja,
noko dei gjorde med glans!

vakre Berit Margrethe
Staden var Avaldsnes Kirke,
stemninga magisk
og både brud og brudgom strålte som sola.

Så stolt, så fornøgd


Eg lovar!



Eg hadde i forkant blitt advart mot at det 
var ofte vind utanfor Avaldsnes kirke, 
og at det lett kunne løfte kjolen.

Lang kjole var eit godt valg..
Elin, søstera til bruda, i vinden :)

JEEI! :)


Bruda fekk og merke vinden.
Slør gir herlige effekter :)




Kyss, kyss!


Som det ofte er i bryllaup, 
så var det ei pause mellom kyrkja og festen.
Så vi gjekk på kafè, førebudde tale og åt is..

Jepp - is og dress :)
Det bar så vidare til ein fest med
noko så genialt som koldtbord til middag,
masse flotte taler, mykje musikk
og kjekke menneske.

L.Y.K.K.E.L.I.G.





Eg fikk sitte på bord med ein herlig gjeng! :)








Og så var det litt danseleik :)



Og sjølvsagt spelte bruda med bruda sitt band, 
Playground.
(VELDIG FLINKE FOLK!)


Etter mange timar i vinden, 
både bokstavlig og i overført betydning, 
måtte det fikses litt på håret..
Og dei kule skoa måtte visast fram :)


Ingen brudeVALS her i gården :)
Etter slike festligheter, 
er det alltid godt å komme tilbake til seg sjølv.
Og Clarion hotel Amanda i Haugesund
hadde vore svært greie med meg, 
så eg hadde finaste rommet på hotellet.
Einaste aber var at eg måtte gå trappene siste etasje..


Det er kjekt når gode venner finn seg nokon å dele livet med.
HURRA FOR KJÆRLEIKEN
vil no berre eg seie!
Og eg vil ynskje Berit Margrethe og Tore masse lykke til, 
eg håpar de får mange gode år saman
med masse solskinn, latter og sang.
Og tusen takk for at eg fekk vere med på å feire den store dagen! :)

L.O.V.E.