fredag 8. mars 2013

TUSEN TAKK!

I dag er det 8. mars.
Kvinnedagen.

tre av verdens mange fine damer :)

Alle som kjenner meg veit at eg ikkje er ein utprega rødstrømpe.
Eg vil ha beste person på rett plass, 
noko som gjer at eg sjelden tek til orde for kjønnskvotering.
Men eg er opptatt av at det skal vere lik lønn for likt arbeid.
Og eg må innrømme at det er mange ting eg tar for gitt, 
som slett ikkje har vore det for kvinner i Norge 
opp gjennom åra.
Og som ikkje er noko sjølvsagt for kvinner andre stader i verda.

Frk. Fure første skuledag

Utdanning er eit eksempel på dette.
Jenter skulle lære seg dannelse og etikette, 
og lærast opp til å bli gode husmødre.


Eg har all mulig respekt for dei som vel å bli husmødre i dag,
men det er altså eit valg dei har tatt - ikkje noko dei måtte.
Eg er og djupt takksam for at mine forgjengarar kjempa
for at eg skulle få ei utdanning og mulighet til noko meir enn 
berre å stå ved kjøkkenbenken.
(sjølv om eg trives ganske bra akkurat der ;) )


Det å få gå i kva kle eg vil er og ein ting eg tar for gitt.
Å gå i f.eks. bukse var ikkje noko kvinner gjorde før.
Og retten til å gå i miniskjørt, eller med sminke,
 utan å bli stempla som lett på tråden, er heller inga sjølvfølge.


Eg blir møtt med forventing om at eg har meir å komme med på jobb
enn å skrive det sjefen(mannen) har bestemt, og servere kaffe og kjeks.
Det er ikkje ofte at eg blir sett på som ein mindreverdig part i 
samtaler og diskusjonar fordi eg er kvinne,
fordi nokon har stått på barrikadene før meg
og vist at å vere kvinner ikkje betyr at ein er mindre intelligent.


Eg har fått sertifikat og kan køyre bil når eg vil.
Eg har stemmerett.
Mi stemme betyr noko.
Eg har ein fridom som mange før meg ikkje har hatt.
Eg treng å minne meg sjølv på det.
Det er altfor lett å gløyme at det har vore nokon som 
har kjempa for at eg skal få det.
Det er altfor lett å gløyme å vere takknemlig 
for at dei gjorde det.

Så herved sender eg ein stor TAKK
til alle som har bidratt til at eg får lov å leve 
livet mitt akkurat slik eg vil.
TUSEN, TUSEN TAKK!


 og jenter: Gratulerer med dagen! :)

tirsdag 5. mars 2013

Oppbyggelig i Oslo

Finaste byen

Eg var på kurs i Oslo i går.
Og i forbindelse med det unte eg meg sjølv nokre dagar
i den vakre byen..
Det vart ei helg med mykje god mat,
herlige menneske og fine opplevingar.


Laurdag kveld var planen egentlig Delicatessen på Grünerløkka.
Der var det, til tross for at vi trudde vi var tidlig ute,
45 minutt ventetid. Så vi enda på ein sjarmerande plass
som bar det klingande namnet
Bugges efterfølgere.
Det var intet dumt valg!
 Sidan 3-retters meny kosta 298 kroner, 
gikk vi for det.
Vaktelegg som forrett, grilla svinenakke til hovedrett,
og pasjonsfrukt, yoghurt og ingefærs som dessert
var ei særdeles bra oppleving!

Og for å toppe kvelden dukka denne karen opp.


Det er alltid kjekt med gjensyn av gode vener 
som ein ikkje ser så ofte.
Og timane går fort i godt lag :)
Det er også kjekt med gjensyn av gamle heltar..
Noko eg plutselig fekk, via netflix på søndag morgon..

Ja, det er Donnie frå NKOTB :)

Det vart litt seint på laurdag,
så eg tok ein veldig rolig start på dagen,
med hotellfrokost, ei episode krim og kaffe på terrassen
(ja, eg hadde terasse på hotellrommet, 
med kongeutsikt, bokstavlig talt!)
før eg rusla meg ein god tur i Oslo sine gater.
På ettermiddagen møtte eg
ein gjeng som skulle i Storsalen.
Vi gjekk på Rust, som egentlig er eit spisested, 
så eg måtte jo kjøpe litt mat.
Og sidan eg nettopp har vore i Barcelona, 
og dei hadde Creme Barcelona på menyen, 
så vart det det...


Og så var eg tilbake i menigheta som eg var medlem av,
og medarbeider i, i 6 år.
Det er ti år sidan sist eg var på besøk. 
Det var ikkje meininga at det skulle bli så lenge,
men det har aldri passa slik når eg har vore i Oslo.
Denne gongen var eg fast bestemt på at samme kva eg skulle, 
så var Storsalen eit must.
Og det var utruleg godt å vere tilbake.


Eg har sakna ei slik menighet i Bergen.
Storsalen har greidd å kombinere liturgi ala den norske kyrkja
med nye tradisjonar.
Av og til kan det sikkert bli litt "too much" her og,
og det er heldigvis ikkje ei perfekt menighet,
men det var litt som å komme heim for min del.
Eg kjende at her er det godt å vere!
Og det var jo ikkje feil at det var ein nordfjording som tala, 
og han hadde ei veldig god tale. :)


I går var det altså kursdag.
Eg var tilbake på gamle tomter då og.
Auditorium A på MF.
Framleis er det eit rom som innbyr til soving..
Men tidene har endra seg når det gjeld utstyr...

Det vart ein veldig lang dag i går, 
og at eg var litt sliten då eg kom tilbake til hotellet
var tydelig då eg gjekk av trikken.
For då snudde Fure seg til mannen som stod ved sida av ho
på trikken, smilte fint og sa "ha det bra!" 
før ho gikk av.
Fyrst då eg registrerte at mannen såg ganske overraska ut,
før han smilte over middels breitt,
gjekk det opp for meg at eg ikkje kjende han..
Men - eg har gjort verre ting!


I dag har eg hatt ein lavtempodag.
Eg starta den med slakk frokost, 
for så ha ein formiddagsdate med finaste Alfreden :)
Han er 14 dagar og veldig god! 


Og så hadde eg ei lunsjavtale
på Bakefri.
Det er eit glutenfritt bakeri som ligg 
i Kirkegaten.


Det vart no nesten både middag og dessert.
Kjempegodt var det :)


Og så handla eg med meg litt knekkebrød heim :)
(dei er like gode som dei eg lagar sjølv)


Eg vart så heldig å bli køyrt til flyplassen, 
og fekk ein tur på Starbucks også før eg måtte reise.
Eg har fått eit farleg avslappa forhold til flyplassar, 
og dei siste gongane har det vore på nippet at eg har rukke flyet.
(Laurdag rakk eg det med god margin,
men det var berre fordi det var forsinka..)
Og då eg kom gjennom sikkerhetskontrollen, 
som sjølvsagt var både med kroppsvisitering og av med skoa, 
så stod det plutselig GATE CLOSING på skjermen.
Og eg skulle til gate 16..
Dei som har vore på Gardermoen veit at det er eit stykke
frå sikkerhetsslusa til gate 16.
Så eg sprang.
Eg rakk det - så vidt.
Eg mista kåpa mi ned i hovudet på mannen som eg skulle
tilbringe neste timen ved sida av, 
då eg prøvde å legge den opp i bagasjehylla..
Eg enda opp med å sitte med både kåpe og veske og blomst
under stolen foran, fordi det var så mykje handbagasje.


Men eg kom heim til slutt.
Med nydelige blomster
og mange gode kjensler i hjartet.
Eg trengde denne helga.
Eg trengde å møte desse nydelige folka.
Eg skulle gjerne møtt endå fleire, 
både søskenbarn og venner.
Men denne gongen vart det ikkje tid til meir, 
så det må bli til neste gang!
Og det blir forhåpentligvis ikkje så altfor lenge til..

fredag 1. mars 2013

Ufrivillig trening.

Den siste veka har eg fått trena meg litt meir enn vanleg.
Eg har jo ingenting i mot litt naturleg trening, 
men eg har vore heit fleire gonger eg ikkje hadde planar om det..
Fyrst og fremst handlar dette om planlegging av tid og distanse.


Eg veit ikkje kva som gjer det, men av ein eller annen grunn, 
koblar eg av og til heilt ut når eg skal beregne det,
særlig dersom det er i byn.
Når eg er på kontoret på Nordnes, og har ei avtale ved Grieghallen kl.12, 
ja, då held det vel i massevis om eg går 11.50??
Eg innser ikkje at det ikkje vil gå før 11.48,
og då får eg det plutselig brenntravelt og må springe gjennom byn.. 
For ikkje å snakke om at eg ikkje kjem på at eg skal vere der, 
før alarmen på kalenderen går av 15 minutt før eg skal vere der..

Slik har eg altså holdt på heile veka, 
eg har hatt opp til fleire avtaler som eg ikkje har komt på å gå i tide til.
Eg har stort sett vore der eit par minutt over tida, 
så det skal eg ha kred for,
men du verden kor varm eg har vore!!


I tillegg til at eg fekk meg ei god treningsøkt med fokus på statisk styrke, 
då vi skulle bere ut den gamle tv-en min,
så har eg bestemt meg for å gå trapper..
Særlig på jobb har eg etter jul vore sløv med det..
Problemet er at eg har som regel musikk i øyrene (via iPod)
når eg kjem på jobb..
Og det kan fort resultere i eit litt raskare tempo
enn eg er sprek til, 
og eg kjem kjempeanpusten og lettare kokt opp..
Litt pinlig å komme så varm og tungpusta på jobb, 
men sånn kan det altså gå når det f.eks. er Muse som bestemmer tempo..


Eg trur på mange måtar at det har litt med innstillinga mi å gjere og.
Eg trur alt går, heilt til det motsatte er bevist. 
Eg nektar å tru at eg ikkje kunne hjelpe til å bere ut tv-en 
heilt til han ramla ut av hendene mine.
Og eg er sta nok til at eg held fast til eg ligge på bakken under! ;)

Eg trur eg rekk alt - både pose og sekk, heilt til eg ikkje rekk det.
Det betyr at eg ofte må springe litt, og at eg litt for ofte kjem heim til
frokostskåla i handklehylla, fordi eg måtte skunde meg ut døra..


Men litt fysisk aktivitet og svette har vel aldri skada nokon...
Og hvis eg fortsetter å vere like distre og dårlig på å beregne tid, 
ja, då kan det jo hende eg blir sprek til slutt! ;)