søndag 30. desember 2012

Døden, singelLiv og julefeiring

Jula skal vere ei tid for kos, lys, varme og enorme mengder mat.
Og det har den absolutt vore for min del i 2012.


Men det har og vore ei tid med ettertanke og sjølvransaking..
For to dagar sidan var eg i gravferd til ei dame som vart 87 år.
og som ikkje berre var ei dame, 
men som ei så fint fomulerte seg utanfor kyrkja:
Ho var ein heil institusjon i seg sjølv.
Ei flott, varm og ressurssterkt dame,
men ho kunne og vere streng og bestemt..


Det var godt å få vere heime og ta avskil med henne.
Men det var og ei gravferd som vekte tankar om korleis livet mitt er.
For ho var einsleg.
Men det var ingen tvil om at ho hadde eit rikt liv.

Å ta bilde av denne gjengen er ikkje lett..
Slik opplever eg at mitt liv er og.
Eg er på langt nær av same kaliber som denne dama, 
men eg opplever likevel at eg har eit rikt liv.

Eg sat på kafe med ei venninne i haust, 
då ho uttrykte si sorg over at eg ikkje hadde funne mannen i mitt liv.
Og eg har gått og tenkt på det etterpå.
For det er ikkje det at eg ikkje saknar nokon å dele livet med, 
det er berre at eg lar det ikkje fylle livet mitt og forringe det som eg har.
Eg har vore så utruleg heldig med livet mitt
på så veldig mange måtar.


Ellen Synøve

Jetmund- the guitarhero

Lillian



Marit

Katrine

Sverre

Og denne jula har understreka kor heldig eg er.
Sjølv om eg er einsleg
så er eg del av ei stor familie.
Eg er sikker på at eg vil sleppe å sitje åleine
og feire jul eller nyttår i overskuelig framtid.
Eg er sikker på at det er nokon der som vil stille opp
om eg treng det.

Håvard

Helene


Kristoffer


Vi er ei familie som er engasjert i kvarandre..


Viktoria

Eg har fått vekse opp i ein heim 
der jula ikkje var prega av fyll og spetakkel, 
sjølv om vi kunne ha våre feider vi som alle andre.
Eg har fått vekse opp i ein heim
der det var viktig å inkludere alle,
uavhenging av sosial status.
Eg har fått vekse opp i ein heim
der eg lærte at ein skal ha omsorg for dei
som er svakare enn ein sjølv og dei som har det vondt.
Eg er så heldig at eg har ti born, 
som sjølv om eg ikkje har født dei sjølv, 
er mine - og eg elskar dei høgare enn livet sjølv!


Eg har fått lov å feire jul med alle mine,
eg har både mor og far og søsken og tantebarn
som etter forholda er friske og raske alle mann.
Ikkje alle var så heldige i år.


Så er eg kanskje den gale tanta
som ikkje slår seg til ro,
og som gløymer at 40 er nærmare enn ho trur,
og stadig vil ut på nye eventyr..
Men som alltid har tid til å spele spel med tanteungane
og alltid har ein klem å gi.
Eg syns ikkje det er ein dårlig deal ..






søndag 23. desember 2012

Heim til jul


Det er noko med stemninga når ein skal reise heim til jul.
Ein har mange forventningar og tradisjonar som skal haldast.
Ein årleg tradisjon for meg er at kofferten er full før 
eg har starta å pakke klea.
Slik er det når ein har stor familie.
Og det er jo berre kjekt å gje.


Men det kan eg seie:
Eg tenkte ikkje ein einaste fin tanke om dei
som har beslutta at ein skal fylle Bergen med brostein
på mi vandring rundt Vågen
med 120 liter med gaver - og litt kle..


Til og med i dag kjenner eg treningseffekten det ga..
Og som ikkje det var nok så har eg eit par søsken som
syns det er så hendig å ha ei søster i byen, 
for då kan ho jo berre... 
Eg syns det er kjekt å kunne hjelpe, 
men ser helst at eg får vite om at eg bør gjere det
litt før eit par timar før båten går...

Men eg fekk heldigvis slappa godt av på båten.
Det var ikkje fullt så fullt som eg hadde venta,
så eg kunne strekke ut beina, fylle kakao i koppen og sjå julefilm.
Det er ein av mine fine juletradisjonar..


Og det er noko med å legge til kai etter kai
og sjå menneskene som ventar på kaia for å omfavne 
og ynskje dei som kjem med båten velkomen heim.
Eg hadde nesten live-versjonen av starten på Love Actually
på repetisjon heile vegen heim..
Det er jo dette juleferien burde handle om;
å vere i lag med dei ein er glad i og få lov å vise at ein set pris på dei..


 Det er ein av dei tinga eg opplever at eg får når eg er heime.
Sjølv om eg har vorte byjente etterkvart, 
så syns eg det er godt å komme heim til Stadt.
Og det er Stadt som er heime heime.
Ekstra kjekt syns eg det er å tilbringe tid med
alle ungane mine. (tanteungar då, men det er berre semantikk)


I går fekk eg bruke litt tid saman med mi 6 år gamle guddatter.
Dei seier at ho minner litt om tanta i oppførsel...
det kan eg ikkje forså.. ;)


Og i dag testa eg nyebilen til mor og far, 
og saman med mamma gjorde eg unna litt småshopping på Eid..

Toyota Yaris har ikkje bagasjerom.
Men baksetet fungerer fint 

Det var nok av folk på Nordfjordeid i dag, 
så ting tok litt tid..
Og det er framleis mykje som skal gjerast før julefreden senkar seg..
Men vi tok oss likvel tid til ein tur i kyrkja i kveld.


Der inviterte Stadlandet Gospelkor til julekonsert.
Det er utruleg mange flotte talent på denne vesle plassen i vest!


Eg storkosa meg
der eg fekk høyre både gospelkoret, ungdomsskulejenter, solistar, mannsgruppe og korps.


Og musikk 
det er kanskje noko av det som talar mest til meg.
Gjennom musikk får eg kontakt med det innerste i sjela
og julefreden senka seg så absolutt.


Kyrkja på Leikong er ikkje akkurat den enklaste lydmessig, 
men det var ein mektig klang i koret
som avslutta konserten med fellessangen "Deilig er jorden".
Og etter slike kveldar så tenker eg at jammen er det rett!




søndag 16. desember 2012

Julekonsert for fred i sjela


I kveld har eg vore på julekonsert i korskirken.
På scenen var Solveig Slettahjell saman med Tord Gustavsen og Sjur Miljeteig.
Tord Gustavsen har eg hatt ein musikalsk forelskelse i sidan eg gjekk på vidaregåande, 
men dei to andre og kombinasjonen av alle tre
 oppdaga eg då eg var på BKK sin julekonsert for nokre år sidan, 
så då eg oppdaga at dei skulle ha konsert her
var eg ikkje sein om å skaffe meg billett.
Og reklamerte for alle eg kjende,
og plutselig var vi ein gjeng :)

2.ekstraomgang

Til tross for at eg og Are var der når dørene skulle åpne
så var kyrkja allereie halvfull,
men vi fekk kapra oss ein benk.. 
..og prøvde å ikkje tenke på handballfinalen medan vi venta, 
men då Thor Øyvind kom og fortalde at det var ekstraomgangar
var det greit å ha ein sportsjournalist i blant oss..

nesten, nesten..nei..

Timingen var upåklagelig, 
då Norge hadde vunne sølvet
kom artistane på 
og julefreden senka seg i kyrkja
og tankane gjekk til stallen og krybba
og handlelista fekk ligge igjen heime.
Litt svak lyd la ein dempar på konserten, 
men likevel, 
eg gjekk heim med fred i sjela.


lørdag 15. desember 2012

Julesang, bursdagsfeiring, frokostbesøk og shopping.


I haust har eg ikkje øvd på julesongar saman med nokon, 
og etterkvart vart saknet for stort, 
så torsdag inviterte eg dei av tidlegare Serafar som er busette i Bergen
og venner til syngejulesangkosekveld.
På menyen var lussekatter, gløgg, mandariner, snop, 
godt selskap og fin sang.
Eg var veldig fornøgd med desse :)



Eg syns det vart ein veldig vellykka kveld.
Eg er så velsigna som har så mange flotte menneske i livet mitt, 
som både lagar god stemning og synge fint! 


Utruleg greit å ha vennar som kan spele piano
på et litt meir avansert nivå enn meg ;)
 Å fylle huset med gode vener
ein kveld mellom nokre lange arbeidsdagar
er rett og slett ei vitamininnsprøyting
av dimensjonar for min del.


Det er noko veldig godt med å ta oppvasken etter slike kveldar.
Eg er i allefall slik at eg går og smådansar, synger litt og smiler
medan eg rydder og eg kjenner at takksemd fyller hjartet!


Og festlighetene fortsette på fredagen.
Men då tok eg bussen til Loddefjor for å feire
at Venke har vorte både 30, 31 og 32 år
saman med nordfjordjentegjengen.
(ja, Hilde, du blir rekna som nordfjording i denne samanhengen;))


Det vart og ein veldig kjekk kveld, 
med ostegratinert nachos nett som i gamle dagar
og god stemning og mykje latter og gode historier.
Eg tok fleire bilder, men dei vart mørke
og etebilder treng eg jo ikkje akkurat publisere ;)


Fordelen med å vere på bursdagsfest med småbarnsmødre
er at det tek som regel slutt i skapleg tid, 
slik at ein kjem seg heim og legg seg..
Noko som var greit sidan eg hadde frokostgjester i dag.
Sigrid, mi gode venninne som eg budde i lag med i to år på Sandane,
 og familien var på juleshoppingtur,
og det er utruleg kjekt å få litt tid i lag når vi kan få det til.


Og etter frokost bar det ut på shopping..


For nokre var det ut og springe,
medan for andre handla det mest om å passe på..

eg lurer meg på om han har vore i militære...

Og etter å ha gått i butikkar heile dagen, med ei lita kafepause, 
så gjer ein seg nokre tankar om norsk servicenivå og administrering.
Juleshopping laurdagen før jul er intet mindre enn ein prøvelse,
og når ein då les bloggen til ein venn og ser korleis ting kan gjerast:


Ja, då har ein lyst å flytte...

Men eg kom meg heim, med alle mine pakkenellikar, 
eg har fått kryssa av dei aller fleste på lista mi
og har ein plan for dei siste som står igjen..
Men at juleshopping er trening,
dét er det ingen tvil om.
Eg er alt støl både her og der etter å ha gått med armane ut frå kroppen, 
med ja, ca 5 kg i posane i et par timar..
Eg trur ikkje det blir problem å få sove i kveld heller.
Men eg gledar meg til å gje frå meg gåvene!!