onsdag 28. november 2012

money, money, money...

Eg har hatt ein del utlegg i det siste.
Mykje av det er pengar som eg kjem til å få igjen, 
men som eg likevel måtte punge ut for i forkant.
Det har blitt mykje havregryn og knekkebrød,
og det har faktisk blitt plass til meir mat i frysaren.


Eg er ikkje av dei som tener fett med pengar,
eg har ein såpass idealistisk jobb at mesteparten av løna kjem i Himmelen..
Men eg greier meg.
Eg greier meg betre enn mesteparten av verda si befolkning.

Akkurat det har eg tenkt ein del på den siste veka.
Eg treng ikkje reise langt for å sjå at eg har det fett
i forhold til mange andre.
Kanskje var det ei venninne sitt utsagt om
at ho aldri hadde kunne legge ut det eg har gjort no,
som vekte meg litt.



I utgangspunktet kan jo heller ikkje eg det, 
men eg har ein sparekonto
som eg prøvar å bruke.
Det vil sei, 
eg prøvar å spare på den, 
desverre er eg flinkare til å bruke av den...
Men likevel:
Eg har fast jobb som gjer at eg får lønn inn kvar månad.
Eg har mat i kjøleskap og frysar når det er lite å gå på butikken for.
Eg kan gå på kino, konsertar og teater.
Eg kan reise på turar og gå på kafé med gode vener.
Eg har pengar nok til at eg har kle på kroppen og sko på beina.
Eg har alt det materielle eg treng
hvis eg ser strengt på det.

huset sin (snart) 13 åring

Sjølvsagt kunne eg godt tenke meg ein ny tv.
Den eg har no er kreativ i fargeval, 
ustabil på lydfronten og
er like tung som ein del av mine venninner..
Men eg døyr ikkje om eg ikkje får sjå tv.

Eg kan kjøpe alle julegåvene mine.
Eg kjenner folk som ikkje har råd å kjøpe ei einaste julegåve.
Og det er i Norge i 2012!
Kva eg brukar pengar på handlar stort sett om mine priorieringar.
Ikkje alle kan unne seg den luksusen..

Vi går inn i adventtida til helga.
Ventetida mot jul.
Og det er mange gåver som skal på plass før julekvelden.
Eg har ikkje lyst å spare på gåvene eg gir.
Men i år trur eg at eg vil prøve å gi til nokon som ikkje har så masse og.
Vere raus med nokon eg ikkje kjenner.
Nokre kroner for meg kan bety ein fest for nokon andre.
80 kroner kan bety to middager til jul..

litt reklame for kirkens bymisjon :)

Eg kjenner det utfordrar meg,
og eg trur eg har godt av det.
Kanskje kan det hjelpe meg å løfte blikket, 
og sjå menneskene som treng
noko anna enn gaver og ting frå meg.
Dei som treng eit smil, eit vennleg hei, 
ein klem eller ein invitasjon til ein kopp kaffe eller ein middag.
Kanskje kan eg få vere eit lyspunkt i ein mørk kvardag?
Eg trur nemlig at dét er meir verd
enn all verdens pengar!







mandag 26. november 2012

Mellom Bjørn Eidsvåg og Halleluja

Eg har blitt så "på nett" i det siste
at eg har hamna utpå både på Twitter og på Instagram.
Begge deler har eg hatt konto på i over eit år, 
men det er fyrst den siste tida eg har blitt hekta..
Ein av dei eg føl med på er Bjørn Eidsvåg.
Han var kanskje ikkje akkurat helten i ungdomstida, 
men eg har alltid syns han har vore litt morsom..
Den siste veka syns eg det har vore litt trist å lese 
ein del av det han sjølv skriv og 
det som Dagbladet skriv om i intervju med han.

Det er ikkje lett å vite kvar ein skal sjå
eller kven ein skal følge..

Han fortel om eit gudsbilete som eg ikkje kjenner igjen.
Om gud med liten g, ein dårleg tapar, ein hevngjerrig, bitter gud 
som både er surmaga og sint.
Og han fortel om at han kallar seg truande, men ikkje kristen.
At alle religionar søker sanninga..
Eg syns i det heiletatt at det er vanskelig å sjå kvar Bjørn Eidsvåg står..
Kanskje er utydeligheta berømmelsen sin pris?
Kanskje er det år etter år, med eit tøft liv på landevegen
som har sett sine spor? 
Men eg forstår litt av kva han meiner, 
at det er mykje teologiske diskusjonar som rammar menneske,
og som gjerne rammar dei svakaste.
Mi oppleving er at dette handlar om menneske sine meiningar, 
og kanskje kan ein trekke det så langt som menneske si evne
til å trakke andre ned i driten,
heller enn Gud sin karakter.
At det er vi menneske som reduserer Gud, prøvar å forklare han,
og så går det på tryne.
Og det vil eg kanskje seie at det gjer for Bjørn Eidsvåg og,
når han angrip Gud og oss som bekjenner oss som kristne 
slik som han har gjort den siste tida.
Kanskje er det ikkje det han har prøvd på, 
men eg opplever at det er det han har oppnådd..
Men det er Bjørn Eidsvåg sin rett,
og som sagt:
Eg ser litt av poenga han har,
eg er berre ikkje heilt enig i alt.
Særlig ikkje å legge skulda på Gud 
for menneska sin vondskap..

Når eg ser din himmel...

I går var eg ute mesteparten av dagen.
Etter ein morsom innflyttingsfest på laurdag,
var det godt å vere ute og kjenne den skarpe, klare novemberlufta.
Og eg gjekk der og tenkte på Bjørn Eidsvåg og det eg har lest og høyrt.
Korleis kan eg tenke at Gud passar inn i mine smålige ting, 
framfor å tru at mine smålige ting passar inn i det Gud har skapt?
Korleis kan eg tru at ein som har skapt eit så fintfølande 
og komplisert system som kroppen er, 
har mindre kontroll enn meg?
At han som har satt opp eit superkomplekst univerts,
som er større enn vi greier å måle, 
ikkje ser det eg ser?
Og derfor bør følge mine instruksjonar?
Korleis kan eg tru at ein som fornektar eigen natur, 
blir menneske - erfarer menneskelivet-
og gjer det på ein så fullkommen måte som vi aldri kan få til,
som vel å døy for å sigre over døden,
slik at eg kan få evig liv,
er ein hevngjerrig, smålig fyr?
Ja, eg veit at dette er noko eg TRUR på.
Men eg kan ikkje tru på det samtidig som eg skuldar Han for
dei egenskapane Bjørn Eidsvåg tilsynelatande meiner han har.

ei rast på vegen..

Eg brukte kvelden i går på gamle trakter.
Eg var på besøk i den gamle menigheta mi.
Anledninga var at det skulle vere basar for ein dagheim
for utviklingshemma born i Nepal.
Og eg har berre gode ting å seie om møtet eller basaren.
Det var ei flott tale om å vere takksam og fantastisk lovsang.
Eg kjende likevel at eg ikkje høyrde til der lenger.
Litt trist og litt godt.
Men eg sat heile møtet og tenkte på at eg var takksam
for mange ting i livet mitt.
For at eg har alt eg treng, 
for at eg har vennar og familie som bryr seg, 
for at eg har trua på ein god Gud..
Lista over ting eg er takksam for er egentlig ganske lang.
Men eg har endra meg litt dei siste åra.
Før var eg veldig henda i vêret-halleluja-kristen.
Eg er ikkje der lenger.
Livet har fått fleire djubder.
Eg har fått andre uttrykksmåtar.
Eg syns det er flott å sjå andre som berre er "der",
men sjølv kjenner eg at det som før var reine saligheta,
der lovsongen løfta meg frå bakken,
så har eg no fått føtene på fast grunn.
Eg er liksom ikkje klar for å rope Halleluja...
Det tek altså ikkje av, men kan likevel oppleves godt.
Det handlar ikkje om kva eg føler, det handlar om kven Gud er.
Eg er trygg på kven eg er på ein annan måte.
Eg streber ikkje etter ei oppleving,
eg stiller ikkje krav til meg sjølv og kva eg burde føle,
eg vågar å berre vere.
Det gjer meg takknemlig.
Eg trur nemlig på ein Gud som likar meg,
akkurat slik eg er, 
ja, Han ikkje berre liker meg - han elskar meg!
(og Han elskar Bjørn Eidsvåg like høgt som meg!)

Og ein av mine måtar å vise takksemd på
var å kjøpe lodd
slik at eg kunne støtte nokon som ikkje har det like enkelt som meg.
Det burde vore mange fleire lodd, 
men eg tømde det eg hadde i lommeboka,
og så fekk det halde denne gongen.


Eg vann ingenting.
Men eg gjekk takknemlig heim.

torsdag 22. november 2012

Det fine liv i nord


I dag har eg sjekka ut Finnsnes.
Det er i grunnen ein veldig ok plass.
Det første som møtte meg då eg kom inn på butikken var dette:


Slikt vekker gode barndomsminner, 
så eg måtte kjøpe meg ein pakke. :)


Ellers har eg no tusla litt rundt, 
og sett på livet.
Vinterlyset er fasinerande,
alt er blått og grått..


På kaia står denne statuen av Ottar frå Lenvik,
som var ein eventyrlysten høvding frå Nord-Norge
som delte nordnorsk kultur med verda.
Og det er dokumentert at etterkomarar av han 
slo seg ned i Frankrike, 
og frå denne slekta kjem den berømte 
cognac Otard. :)


Så gjekk eg meg ein tur på kjøpesenter.
Eg gjekk og lytta til kor mjuke dialektene er her, 
det er rett og slett behagelig å høyre på.
Eg sette meg ned og drakk ein kopp kaffe
og leste litt i boka mi, 
då eg plutselig såg at i ein av lampane var pæra gått.
Eg syns det vart eit så stilig mønster
at eg måtte ta eit bilde:


Og så hadde eg fått tips om å gå rundt vatnet.
Så eg gjorde det.
Det var ikkje nokon lang tur, 
men veldig fint.


Klokka var alt blitt halv tre,
så lyset var i ferd med å forsvinne.
Det var heilt merkelig å møte ungar på veg heim frå skulen,
når eg følte at vi var langt utpå ettermiddagen,
ja, nesten kvelden...


Eg kunne heller ikkje la vere å merke meg
kor høg fart folk har på glattisen her.
Eg har gått rundt som ei gammal dame
og prøvd å sjå avslappa ut der eg sneglar avgarde.
Og så kjem dei gamle damene og susar forbi meg..
Det er tydelig at dei har eit litt anna grep om glattisen enn eg har..


Og samme kor eg har vore, 
så møter eg blide, vennlige menneske.
Sjøv bilistane som tolmodig ventar
på at eg skal krøkke meg over gata
smiler til meg..
Det er noko i folkelynnet her som er 
veldig vakkert!
Dei har forstått at eit smil
lyser opp i mørke dagar.



onsdag 21. november 2012

Lang dags ferd mot nord

I vår fekk eg eit spennande spørsmål.
Om eg kunne tenke meg å vere mentor i trusopplæringa.
Eg tenkte det var ei utfording eg burde ta, så eg svara ja.

Jepp... klar som et eg..

Og i dag tidlig var det for alvor på tide å ta tak i oppgåva.
Vegen gjekk til Senja prosti, som ligg i Nord-hålogaland bispedøme.
Då eg bestilte billettane tenkte eg det var ein super idè å ta flyet 06.30,
for då var eg jo i Bardufoss kl.11...
Neste gong skal eg ha meg ei seng i Oslo kvelden før!

Hverken bussjåføren eller eg hadde behov for å prate..

Det er jo ikkje akkurat slik at ein søv godt når ein må opp før fuglane pissar,
og det til og med med god margin.
Då klokka var tre hadde eg framleis ikkje sovna, 
men eg hadde rulla mange gangar over madrassa.. 

Det vart no likevel ein time på auget, 
og eg kom meg opp då eg skulle og fann ein flybuss.
Flyet gjekk på tida frå Bergen, 
eg hadde god margin på Gardermoen
og det såg til og med ut at vi skulle komme ned på Bardufoss før tida.

Ikkje ofte eg er på gate 12 på Gardermoen

Slik gjekk det derimot ikkje.
For på Bardufoss snøa det.
Så 20 minutt etter tida landa vi.
Greit nok det, eg fekk lest eit heilt kapittel i boka mi.

Flyet til Bardufoss hadde forresten betraktelig meir grønkledde
menneske enn ei vanleg flygning.
Og ein måte å få merksemd på i ein sånn setting 
er tydeligvis å ha rosa koffert.

min fine, rosa, lett gjenkjennleige koffert

Vidare har eg i dag fått køyre på eit skikkelig møkkaføre,
med isete hjulspor og regn og snø om einannan.
Eg har vore både i Sørreisa og på Dyrøy.
Og ein eller annan gong sånn ca i tre tida var det nokon som skrudde av lyset!
Med tanke på kor tidleg eg stod opp, 
så er eg no kome langt over midnatt i hovudet mitt...
Klinkis kallar ein det på godt norsk..

Men ein ting er sikkert, 
folka her oppe er ein veldig hyggelig rase!
Så eg gledar meg virkelig til å møte resten av folka i kirka
i morgon og på fredag.
Og i morgon får eg sikkert tid til å sjekke ut Finnsnes på dagen.

Det er fasinerande med frosne hjulspor
- og det såg ikkje så fint ut på hovudvegen..

mandag 19. november 2012

Henrik VIII og teologien

Serien The Tudors som har gått på NRK vart nemnd i ei bisetning i lunsjen ein dag.
Og eg vart nysgjerrig, så eg fann ut at eg måtte sjå den.
Den har avslørt kor nerdete eg egentlig er, her er ein serie fylt av kostymer, drama, intriger og sex
 og her sat eg og var heilt oppslukt av skilsmissa mellom den anglikanske og den katolske kyrkja.

Henrik VIII i ein garantert betre versjon enn han var i virkeligheta
(Bilde henta frå internett.)
Til no hadde dette vore ei skilsmisse som eg hadde lest om, og som eg hadde eit veldig klart bilete av takka vere ein engasjert lærar på kristendom grunnfag som fortalde så levande
om Henrik VIII sine ekteskapsproblem.
Men likevel hadde det i mitt hovud vore så utruleg enkelt:
Henrik VIII var misfornøgd med kona, han ville skilje seg men paven ville ikkje gje han lov på grunn av keiser Karl V som var kona sin nevø. Så derfor laga han si nye kyrkje, og skilde lag med Roma.


Sjølvsagt har eg lest at dette tok nokre år, for greia var jo ikkje at paven sa rett ut at han ikkje fekk skilsmisse, men drøya med å svare for å sleppe å ryke uklar med keisaren.. men det er liksom noko anna å sjå dette med ansikt knytta til det. Der ein ser korleis kongen makkar og vrir seg for å få viljen sin, den unge Ann som ventar og held han på pinebenken medan Katarina av Aragon kjempar for ekteskapet sitt, så blir det ei heilt anna sak enn nokre linje i kyrkjehistorieboka.
Og prosessen denne reformasjonen var blir mykje tydelegare..


Og det slo meg kor lik eg er den godeste kong Henrik VIII.
For når Henrik ikkje får viljen sin, 
så tek han bibelordet som passar for å få den.
Når han skal argumentere for at han må få skilsmisse frå Katarina, 
så brukar han Bibelen mot Roma, og når Roma ikkje vil høyre på han, 
ja, då får Roma berre ha det så godt.
Og vidare utover i denne serien så får vi sjå korleis 
Henrik vrir og vender på Guds ord til sin fordel. 
Og hovuda rullar...

(bilde frå internett)

Ingen nektar på at kyrkja har gjort mange feil opp igjennom tidene.
Avlatshandel og heksebrenning er noko av det som har vore gjort gale.
Og lista er mykje lenger. 
Mange synder har vorte begått med Jesus namn som alibi.
Men felles for det som har vorte gjort 
er at det er menneske som står bak.
Menneske med frykt, menneske med makt, 
menneske med begjær etter å bli store, 
menneske som ikkje veit betre, menneske som burde visste betre, 
menneske som jagar etter sanning - 
og lar seg forføre av sanning som er menneskeskapt, 
menneske som trur dei er som Gud..


Felles for det som har vorte gjort er at ein brukar lausrevne bibelsitat 
for å rettferdiggjere det ein gjer.
At ein viser til ein Gud som vil ditt og som vil datt.
Enten det gjeld å brenne nokon på bålet 
eller å påstå at nokon er skuld i sin eigen sjukdom,
eller påberope seg retten til å begå overgrep 
eller påstå at alt har ei meining 
- fordi GUD vil det..
eg trur Gud gret når han ser uretten gjort i Guds namn.


Det handlar om teologi.
Det handlar om forståing og tolkning av Ordet.
Eg trur på det som står i Bibelen.
Eg forstår det ikkje.
Eg kjem aldri til å forstå det.
Og det er vanskelig å finne ut kva som er rett og korleis ein skal tolke..


Men av og til får eg eit glimt av kven Gud er
og kva som virkelig står der.
Og nokre ting har eg blitt viss på:
Eg vil aldri bli Gud
Gud er i sitt vesen utan for min evne til å forstå, 
han er større, mektigare, meir mangfoldig, konkret og abstrakt enn eg kan fatte.
Difor treng eg bilder for å forstå noko av kven Han er.
Men Gud lar meg likevel få komme inn for han, 
slik som eg er, med alt eg har 
og han bryr seg.


Eg kan bruke bibelvers for å overbevise meg sjølv, 
og andre, om at eg, eller dei, burde vere slik eller slik. 
Eg kan slå folk i hovudet med Bibelen og fortelje kor skapet skal stå. 
Eg kan danne min eigen kyrkjelyd, eller mitt eige kyrkjesamfunn,
dersom eg er uening i ting som blir sagt. 
Eg kan ganske mykje.. 
Men når alt kjem til alt så trur eg alt handlar om å leve med Jesus som forbilde, 
du veit, han som vart menneske - full av nåde og sanning.


Eg trur det handlar om å våge å vere ærlig med at det er ting eg ikkje forstår.
Det er ord og setningar i Bibelen som eg ikkje kan fatte 
kvifor står som dei gjer, men dei er der. 
Eg kan ikkje oversjå dei.. men eg har lov å seie at eg ikkje forstår.
Og eg har ingen rett til å bruke Guds ord til å gjere meg sjølv til dommar over andre.
Det handlar om å våge å møte menneske med nåde og sanning, 
i den rekkefølga og alltid saman.
For utan sanninga treng vi ingen nåde - men vi rotnar vekk, 
og utan nåden vil sanninga ta knekken på oss.




tirsdag 13. november 2012

På 'an igjen...

Det er noko med hausten
som innbyr til sofasliting og stearinlys, 
gjerne med kakao i koppen og ei god bok eller ein film..
Det er ingenting som innbyr til
å puste tungt, trakke på, pushe opp, og svette..
Nei, det er mykje betre under pleddet!


Men
no er det over eit halvt år sidan ryggen min gjekk i vranglås.
Ein vranglås som løyste seg opp igjen
då eg fekk meg ny kontorstol.
Og at eg trakka over i Thailand, og har hatt litt vondt i ankelen
etter det er ikkje god nok unnskyldning lenger...
Eg har vore støttemedlem på treningssenteret lenge nok.
Så på søndag var det til pers igjen.
Eg trudde eg skulle dø etter 30 minutt på elipsemaskina.
Lavaste pulsmåling var på 169 og beina var som gele då eg gjekk av.
Men eg var kjempefornøgd med meg sjølv.


Så i går hadde eg ein "fridag" - det er jo viktig å ikkje starte for hardt..
Så eg gjekk meg ein tur i staden, 
og i dag var det berre å komme seg opp på senteret igjen.
Det er merkelig kor tungt det skal vere å komme i gang igjen med trening, 
det gjer jo berre godt.
I allefall veit eg erfaringsmessig at det gjer godt.
Akkurat no, er det litt vondt-godt..
Men eg kan i det minste synke ned i sofaen med litt betre samvittighet
enn eg kunne forrige veke. 


søndag 11. november 2012

November, feiring og julemesse.

Det har vorte lite blogging i det siste.
Det har vore mykje anna i staden.
Det har faktisk vore mykje å feire
og mykje å gjere.
I tillegg er det haust.
Då blir det berre slik.

November er kanskje den månaden eg likar minst.
Det er berre mørkt og surt og kaldt då.
Så å få neglelakk og kort med "Glad i deg" på i posten, 
gjer absolutt dagen betre.
Og å få feire at gode vener fyller år, 
er også kjekt.
Forrige helg feira vi at Bente vart 35 same dag som
eg vart eitt år eldre..
Det gjekk roleg for seg, med kaker og kaffe
og veldig hyggelig samtale med gamle kjente.



Og denne helga her feira vi at Berit Margrete vart 30 forrige helg.


Det var det litt meir styr med,
eg trur i allefall Tore syns det.
Vi andre berre stilte opp på avtalt plass, 
for her skulle jenta overraskast.
Ingen røpa seg,
og overraskinga var stor.
Plutselig var det ikkje så ille å bli 30 likevel ;)

<3

Vi var ut og åt på Zupperia på Torget,
før vi gjekk på Lille og dansa.


Og kjekke folk
har kjekke vener.
Så det var ein veldig kjekk forsamling som var der.



Søstrene :)


Laurdag(i går) var det julemesse i Normisjon, 
og det har jo blitt ein årleg tradisjon..


Eg var jo så heldig at eg vann også, 
så om nokon ynskjer seg ei fin skål til jul, 
så er det berre å seie ifrå! :)


Som sagt, 
november er for meg ein litt mørk og dyster månad, 
men då er det godt å ha litt å gjere på.
Og så må ein alltid hugse på
at bakom skyene 
skin sola..