søndag 28. oktober 2012

We'll meet again...

I går var det fest.
Ikkje fordi eg hadde bursdag, 
men fordi ei epoke er over.
Seraf er offisielt avslutta.
Rart. Trist. 


Men vi har hatt eit så fint fellesskap,
så mange gode opplevingar i lag,
så mange ekstraordinære opplevingar i lag i grunnen
(ein Seraftur gjekk sjelden som planlagt)
og så mange fine minner,
at ein fest for å feire vennskapa, musikken og gleda
desse 9 åra har gitt oss var på ein plass.
Forhåpentligvis har vi og fått bidra til 
gode ting i andre sine liv også..






På menyen var det Tapas, 
og det var rikelig med mat!
Vi åt til vi nesten sprakk..



Og som det brukar å vere når gode vener møtes,
så var det god stemning og mykje latter.










Som alltid på ei (organisert) samling med Seraf
hadde vi og rom for eit gudsord.
Kristin delte ei fantastisk andakt om fellesskap,
om det å alltid har rom for ein til.
Og illustrerte det med kabinkrokar og bagasjelappar
på ein måte som eg i allefall kjem til å hugse!


Og vi måtte jo avslutte kvelden med sang.


"Da va nett so i gamle daga.."
 Etter at vi hadde rydda opp etter beste evne, 
så var vi nokre få som fann ut at vi skulle gå heim til meg
og berre henge litt..


Og då måtte det jo feirast litt at eg faktisk hadde bursdag..
(sjølv om bursdagen var litt over..)
Faktisk, til tross for at Seraf berre har vore til i 9 år, 
så var i går 3.gongen eg feira dagen saman med denne gjengen.
Betre feiring finnes vel egentlig ikkje!


Det er vemodig at Seraf er historie.
Det er fryktelig rart å ikkje skulle ha julekonsert om ein liten månad,
men det er litt godt å sleppe å organisere den også..
Det er eit sakn å ikkje møte denne gjengen kvar torsdag,
 kva skal torsdagar brukast til no?
Det er i allefall sikkert at dei folka eg har sunge saman med
(musikarane også!)
i desse ni åra har ein heilt spesiell plass i hjertet mitt, 
og den plassen kjem dei alltid til å ha!
Så sjølv om det var avslutningsfest, 
så var det ikkje ein avskjedsfest.
Vi kjem nok til å møtast igjen!


torsdag 25. oktober 2012

Smak av vinter, 007 og Starbucks


Då eg gjekk på jobb i dag var det kjølig 
med regn i lufta.
Då eg gjekk heim frå jobb hagla det
og bles gjennom alt som var av kle.
Hausten er visst i ferd med å ta farvel,
og vinteren på veg.


Eg likar det kvite med snøen, 
men er ikkje overbegeistra for føreforholda den kjem med.
Og ikkje spesielt begeistra for kulden heller, 
i allefall ikkje når det er surt.
Så då var det godt å ha ein kveld å sjå fram til.
Eg var nemlig invitert med på kino,
av ein kompis som jobbar i TV2
og som hadde fått lov å ta med seg nokre vennar 
på ei eksklusiv visning for TV2-folk
av intet mindre enn den nye James Bond-filmen, Skyfall.


Eg storkosa meg!
Ingenting er som litt gladvold på ein sur og kald haustvinterkveld!

Og så fekk eg pakke frå London:
Så no kan eg invitere til instant-coffee-heaven! :)
Greit å ha noko å varme seg på,
no som det har vorte heilt kvitt ute...

Starbucks har faktisk super
instant coffee!

onsdag 24. oktober 2012

Abrahams barn


Eg har vore på teater i kveld.
Ei stille framsyning av Abraham si historie
med brillene til tre religionar.
Eg tek hatten av for Svein Tindberg
som losa oss gjennom historiene 
frå bøkene til jødane, muslimane og oss kristne.
Fortalt på ein måte som gjer at vi må undre oss,
over alt vi har felles
og alt vi har forskjellig.
Fortalt på ein måte som gjer at vi må sjå litt
på kven vi sjølve er
i den store samanhengen.
Fortalt på ein måte som berører oss,
engasjerer og frustrerer.
Fortalt på ein måte som innbyd til dialog, 
og som på ein forunderleg sterkt vis
viser mennesket
som truande vesen.
Fortalt på ein måte som utfordrar oss
til å gå i møte med det ukjente
og gjere det til noko kjent.

Ein mann, ein stol, nokre videomontasjer
og ei veske full av bøker.
Det var det som skulle til 
for å fortelje historia om Abraham sine born,
ei historie vel verd å høyre frå tre ulike vinklar.

Foto: Riksteateret



Ein Oslotur, tre mannsbesøk, ein postpakke og søvnbehov.

I går kveld visste eg ikkje å halde augene åpne, 
så eg gjekk og la meg 21.30,
og sovna som ein stein.


Det er kanskje ikkje så rart, 
for ting har gått i rimelig høgt tempo 
sidan før helga
- ja, egentlig har no hausten gått i rimelig bra tempo..

Forrige veke var eg i Oslo, 
nesten heile veka.
Det var seminar om ungdom og seksualitet, 
samling med gode medarbeidarar i Bjørgvin
og den store, årlege trusopplæringskonferansen.
Eg kunne fått med meg ein konferanse til, 
men eg valgte å ta torsdag formiddag fri
og tusla rundt i storbyen eg er så glad i.


Eg fekk med meg mykje:
Eg vart intervjua av NRK på Egertorget, 
Kampen Janitsjar spelte og sang på Karl Johan, 
og Moods åpna butikk på same plass.
Eg åt lunsj på Bakefri, 
der eg introduserte ein herremann frå Essex for det vidunderlige Stadt.
Og på Oslo City fekk eg uanstendige forslag frå ein kjekk kar, 
som til og med gikk så langt at han foreslo ekteskap
- for å selge meg noko hudprodukt.


Det var i det heiletatt ein fin dag, 
og på toget heim hadde eg god tid til å få gjort dagens arbeid.
Men fredag var jenta trøtt, 
slik ein ofte blir når ein har bygd opp til alt det kjekke ein skal gjere,
og det er over, 
og ein kanskje kjem heim litt seint kvelden før..

I helga venta eg besøk,
men eg trudde dei kom med kveldsbåten, 
så eg hadde ikkje gjort klart til dei.
Fredagen vart difor definitivt litt annerleis enn eg hadde tenkt,
då eg fekk melding om at dei var på veg utpå morgenkvisten..


Det var to kjekke karar, 
den eine også kjent som min nevø, som var på veg.
Eg såg dei egentlig ikkje så mykje før på søndagen, 
men prata litt på telefonen innimellom.
Og så vidt eg såg oppførte dei seg fint.
Det var ikkje tanta dei kom på besøk til, for å seie det slik..
(men dei fekk middag på søndag!)

Tanta derimot, fekk storfint besøk frå Oslo.
Fredag ettermiddag tikka det inn melding frå ein gammal venn, 
om eg ville treffast, for han var plutselig i byn.
Og når gode venner møtes går somregel timane fort.
Det gjorde dei både fredag og laurdag kveld..


I tillegg fekk eg pakke i posten på laurdag som gjorde meg veldig glad.
Mamma har strikka ei sak til meg, ut frå bestilling frå meg,
eg veit ikkje heilt kva ein skal kalle det, 
men ein kjole/vest-sak?
Den er i allefall veldig deilig å ha på!! :)


Og plutselig var veka der igjen, 
og når ein startar veka litt på minussida på søvn, 
så er det godt å kunne møte ei god venninne 
og ete sushi, lufte seg litt i haustsola og drikke kaffe etter jobb. 


For hausten er definitivt på plass.
Det er kanskje litt derfor eg er litt trøttare enn normalt også?
Ja, eg trur vi seier det sånn ;)

søndag 21. oktober 2012

Ønsker deg..


Då eg tok toget heim på torsdag hadde ei melding hengt seg opp på informasjonsstripa i vognene.
"og ønsker deg" stod det utan endring heile vegen frå Oslo til Bergen.
Og eg fekk tid til å sitte og tenke på desse små orda "ønsker deg", om korleis dei kan brukast og kva det betyr.

Vi har vel alle høyrt høyrt Mariah Carey synge om  "All I Want For Christmast is You" eller liknande klisjear i romantiske komedier eller tårevåte drama. Det blir fort ein floksel, noko som er litt overflatisk og glatt. Men tenk kor sterkt uttrykk dette egentlig er..
Ønsker deg - det er svulmande, svært og samtidig utrulig sårbart.

Ønsker deg - to ord som i seg sjølv er positive, kan samanstillast med uendelig mange kombinasjonar av ord, som kan gje både positiv og negativ klang.
Men om vi legg det til side, og berre ser på desse orda - slik dei står, berre dei to, er utelukkande positive.

Ønsker deg - to ord som i seg sjølv bekreftar ein annen sin verdi, to ord som avslører kjærleik, to ord som kan løfte nokon opp og fram.
Ønsker deg - to ord som avslører eit følelsesregister og som lar avsendaren stå blotta tilbake, to ord som avslører draumar og håp.

Ønsker deg - orda som bekreftar at nokon vil ha deg i livet sitt..
Det er ganske svært i grunnen. Og umåtelig vakkert.



fredag 19. oktober 2012

Outfit på ville vegar

Eg er vel ikkje direkte ein rosabloggar,
men i går tenkte eg at eg måtte skrive eit outfit-innlegg, 
slik som rosabloggarane er gode på..
Men eg vart for trøtt før eg fikk gjort det, så det kjem no i staden..

Det var vanskelig å ta outfitbilde av seg sjølv

Denne veka har eg vore generelt i utakt med resten av verda når det gjeld bekledning.
Mandag kveld reiste eg til Oslo, 
og søndag fekk eg ei melding om at det var
kaldt der - så eg måtte ha med varme kle.
Så eg fann fram vinterkåpa og støvlettane.
Og kom til Oslo 
med plussgrader
og regn.


Regn og ullkåpe fungere ikkje sånn superbra i lag.
Ullkåpe og plussgrader fungerer heller ikkje noko særleg bra i lag..
særlig ikkje når ein har ein sekk med datamaskin og sånn på ryggen.
Men eg hadde med meg eit par converse i kofferten, 
så eg kunne bytte ut støvlettane.


Det eg derimot ikkje hadde tenkt på var fargesammensetning.
For eg har knallrosa koffert, 
og hadde då valgt dei raude conversa..
Eg følte alle såg denne fatale motefadesen der eg gjekk 
og drog kofferten gjennom storbyen..
Sansynlegvis har jo ikkje folk bedre ting å gjere på, 
enn å bedømme skotøy-koffert-fargesammensetninga mi!


Den siste store fadesen eg gjorde
var å ta paraplyen ut av veska.
Som vestlendingar generelt er eg hardbarka, 
og tåler nokre dråpar med vatten, 
så eg gjorde ikkje noko nummer ut av at eg fekk fram
dei naturlege krøllane i duskregnet i Oslo..
Men vel tilbake i Bergen vart det litt vel mykje vatten på ein gong, 
og Deli de Luca har ikkje paraply til salgs på togstasjonen
og andre butikkar er det ikkje åpne der så seint på kvelden som eg kom.
Så - eg kom heim som ein halvdrukna katt med
surklete raude converse, 
dongribukse som var våt til knea, 
der det vart avløyst av ei særdeles fuktig og saueluktande kåpe, 
og innanfor der hadde eg ein grøn gensar
som var gjennomvåt av svette på ryggen..
For det var overhode ikkje minusgrader i Bergen heller..


tirsdag 16. oktober 2012

Den narkomane og kassadama

Eg var på Deli De Luca og skulle kjøpe meg noko å drikke.
Foran meg stod det ein narkoman og telde på pengane sine for å sjå om han hadde råd til sjokolademelka han hadde funne seg.
Med seg hadde han ein søppelsekk og ei veske, som stod på golvet framfor han.

Dama i kassa var ikkje direkte vennlig mot han.
Faktisk vil eg påstå at ho behandla han dårleg. Ho venta ikkje på at han skulle finne pengane, berre gav han sure blikk medan ho vinka køa forbi.
Eg kjende det provoserte meg litt.


Bedre vart det ikkje då søppelsekken han hadde viste seg å vere lekk, så det vart ein stor dam med væske ut over golvet.
Han skunda seg å bere ut sekken då han såg det, og spurde fint om han kunne få noko tørkepapir slik at han kunne tørke det opp.
Dama i kassa såg endå surare på han og fann eit lite stykke papir, av den typen som er i dispensarane på offentlige toalett, og gav til han. Sjølv om det var synleg for eit kvart oppegåande menneske at dette ikkje var nok. Og ho vart ikkje noko blidare då han bad om meir papir. Ho gav han eitt og eitt stykke. Akkurat som om det var fare for at han skulle stikke av med papiret..
Då vart eg virkelig provosert.

Dei fleste av oss med såkalla vellukka liv
ville berre lata som ingenting,
tatt sekken når vi gjekk og ikkje brydd oss med å tørke opp.
Det er eg heilt sikker på.


Men denne mannen, med heroinknekk i knea, bøygd hovud og litt snøvlande tale,
han gjorde ikkje det.
Han rydda etter seg, og var betalande kunde på lik linje med meg og alle dei andre som var der.
Han har rett til å bli behandla som eit menneske,
ikkje som eit skadedyr.
Eg har kjent litt for mange slike som han,
eg har fått sett bak rusen og fått sett dei fantastiske menneska som befinn seg der.
Hjertet mitt brast for han, for han har tatt dårlege valg - men berre denne vesle episoden fortalde meg at han var eit godt menneske.
Han er eit menneske som fortjenar å bli møtt med respekt og vennlighet!
I kveld vart han eit stort forbilde for meg!


Så eg satte flaska mi på disken, dama bak disken smilte som ei sol til meg - så eg sa at neste gang kunne ho behandle alle menneske med eit smil, og så gjekk eg.

mandag 15. oktober 2012

I could get used to this...

Kvar gong eg kjem til Oslo
får eg så lyst å seie:
"Honey, I'm home!"
For det føles framleis litt som heime..


I dag kom eg hit
og skal bu på hotell
i Grensen, 
og eg kjenner at dette var godt 
for sjela!


Eg skal ikkje berre nyte det søte hotelliv altså,
eg skal på kurs i to (rimelig lange) dagar
før eg set meg på toget heim den tredje.
Det er litt småhektisk, 
men då er det ekstra godt å få plotta inn eit par private avtaler 
og få ei utsikt frå hotellrommet som ein blir glad av! :)