torsdag 27. september 2012

Ei fryktelig lang veke..

Eg slit litt med å forstå at det er torsdag i dag.
Men er veldig glad for at det er helg i morgon.
For sjølv om eg berre har vore to dagar på jobb denne veka
så har det vore ei fryktelig lang veke.
Og om eg var på etterskot på søndag, 
så har det etterskotet ikkje vorte mindre..


Det starta søndag kveld, 
eit par timar etter forrige blogginnlegg.
Eg hadde tydeligvis fått med meg nokre basillar
i den friske lufta...
Så temperaturen gjekk i taket,
og mageinnhaldet i skåla.
Meir trengs vel ikkje å seiast om den saka.

Som regel går slikt veldig fort over med meg, 
men denne gongen har det vore ei seig affære.
Men tysdag kveld konstanterte eg at feberen var vekk.
Så i går var eg på stabsdag, 
og dei andre kosa seg med deilig thaimat,
eg våga meg så vidt på risen..

alternativ thaimiddag...
 Og det vart ikkje så mykje meir mat eg orka i går.
Det positive med det heile er at eg er fullstendig kvitt
alt som heiter søtsug 
og eg har tydeligvis trena nokre magemusklar...

I dag var det med eit lite element av spenning
at eg sette meg i bilen og reiste til Fusa på jobb.
Og det er gledeleg å konstantere at
magen samarbeida fint heile dagen :)


Så eg feira med ein pitteliten Ikea-tur på heimvegen.
Det er fyrste gongen eg har vore på nye Ikea i Åsane.
Og det er mulig: 
Eg brukte berre 15 minutt 
og eg kom ut uten anna enn ein pakke serviettar!
(som og var grunnen til at eg gjekk inn.)

Så då gjeld det berre å la noko av Ikea-effektiviteten min
smitte over på alle dei andre arbeidsoppgåvene, 
slik at eg kan ta helg med godt samvit i morgon.



søndag 23. september 2012

Vitamininnsprøyting


I går og i dag har eg nesten ikkje vore inne.
Det har vore strålande sol og deilig i Bergen.
Det gjer noko med allmenntilstanden til denne jenta.


Denne helga har 
jobb har fått vere jobb, 
husvask husvask
og eg har utsett meir enn eg burde
- men eg har konkludert med at
alle rundt meg har det bedre
om eg har fått sol og frisk luft, 
enn om eg har vore inne og 
frustrert over at eg ikkje kunne gå ut..


I går kveld var eg hos Venke i Loddefjord, 
og hadde ein veldig koselig kveld med jentepreik.
No i kveld står pizzaen i omnen, 
så snart er det middag.


Og eg er varm i kjakane, 
sånn deilig trøtt og rett og slett litt lykkelig.
Livet er godt! :)
Det blir litt mindre tungt å stå opp i morgon - trur eg ;)


Måtte det bli mange 
fine haustdagar framover! :)

torsdag 20. september 2012

Kva ville du sagt?

Mandag var eg i gravferd.
Som seg hør og bør
vart det sagt mykje flott
om Ellen.


Minnene etter Ellen var mange, og gode.
Og eg både håpar og trur at Ellen fekk høyre 
kor mykje ho betydde for menneska rundt seg, 
og om kor fantastisk ho var, 
medan ho levde.


Etter gravferda har eg gått og tenkt på dette.
Er vi flinke nok til å sette pris på kvarandre, 
og faktisk sette ord på kva vi set pris på?
Seier vi alt det gode vi tenker om kvarandre, 
eller blir det ofte med tanken?


Dette har utfordra meg veldig.
Ofte kan ein gløyme at dei mest irriterande tinga 
hos dei vi er glad i, 
handlar om at vi strålar på ulik måte,
akkurat som blomane i ei blomstereng.
Og manglar nokon av fargane og formene, 
så blir verda fattigare.

Å bli sett - og møtt - makes my(our) day!
Det er ofte mykje enklare å diskutere sak, 
eller snakke om ver og vind, 
enn å fortelle nokon at dei er fantastiske.
Det å fortelje nokon at eg ser det vakre i dei, 
er jo berre positivt..
Det er altfor ofte slik at eg fortel nokon andre enn dei det gjeld
om kva eg beundrar i andre.
Og plutselig
så er det forseint å seie alt det gode eg har tenkt...


Så dette må eg gjere noko med.
Eg vil tale godt om andre, 
og eg vil tale godt til andre.
Eg trur at det å få høyre gode ting
om kven vi er
gjer oss til betre menneske.
Det er nok av stemmer som fortel oss at vi ikkje er gode nok,
vi treng å få høyre alt det gode vi er
- i dag!

mandag 17. september 2012

Haustdepresjonstiltak

Det er haust.
Sokkane er på,
regnet piskar oftare på ruta
og eg kjenner lysta til å synke ned i sofaen
blir større og større..
Eg kan kjenne korleis haustdepresjonen
pustar meg i nakken..


Det siste året har eg slitt med ryggen, 
som til tider har vore veldig vond.
Og då har det vore vanskelig å trene skikkelig..
(ein må liksom greie å bøye seg ned for 
å knyte på seg joggeskoa..)
Men etter 14 dagar på denne kjekke stolen,
var smertene så godt som borte!
Så då rauk den unnskyldninga..

Back app - ei fryd for dårleg rygg!
då var det berre å finne fram joggeskoa igjen..


Det har ikkje akkurat vore stabilt ver i det siste, 
og eg kunne valgt å gå på treningsstudioet, 
men det er noko med det å komme seg ut.
Det gjer godt å få klarna tankane
med frisk luft 
sjølv om eg kanskje blir litt blaut på beina..

Ein einsam seglbåt på byfjorden

Og Vår Herre lagar jo 
dei mest fantastiske kunstverka
med alt styggeveret!


Tenk kva eg hadde gått glipp av
dersom eg hadde gitt etter for lystene mine, 
og sunke ned i sofaen!

fredag 14. september 2012

Sorgen og gleden.....


"Sorgen og gleden de vandre til hope
lykke og ulykke gange på rad"
Slik uttrykker Thomas Kingo det i sin salme.
Det kan eg skrive under på at er sant.

Forrige veke var det fryd og glede, 
med bryllaup og sang.
Søndag var mi største bekymring 
å forsove meg til morgonflyet til Oslo, 
mandag fekk eg melding om at min gode kollega, Ellen, hadde gått bort.


Slikt set ting i perspektiv.
Morgonflyet var liksom ikkje så viktig lenger.
Likevel gjekk veka vidare 
med alt sitt styr og stell, 
og trivialitetane tok over igjen..
Men i går skjedde det utenkelege, 
nokre gode vener av meg fekk gleda brått snudd til sorg
då dei mista babyen sin.

Alle mine tankar går til dei som sit igjen
med sorg og sakn.
Eg har ingen ord til å trøyste,
sjølv om eg gjerne skulle hatt det.
Eg kan ikkje forstå kor vondt det gjer,
eg kan berre be og vere her om det trengs..


Etter ei slik veke, 
så er det godt å kunne 
møte gode vener og berre vere.
Takknemligheta over livet
og alt eg har i det
blir alltid større i møtet med døden.
Livet er skjørt,
og skiljet mellom død og liv er mindre enn tjukkelsen på silkepapir.
Det er menneska eg er glad i, 
og som er glad i meg,
som gjer livet mitt fantastisk.
Og ingen av oss veit kva morgondagen bringer 
så det gjeld å vere tilstades 
og vise at vi er glad i kvarandre.

 Livet hadde vore fattig uten gode venner!


søndag 9. september 2012

Eg trur

Eg har det med å gå lenge og fundere på ting og tang.
Spesielt det som eg ikkje heilt forstår.
Ein av dei tinga er at eg er kristen.

Lyset og døypefonten.

Eg lurer på kva som gjer at nokon av oss blir overbevist,
medan andre ikkje kan forstå kvifor vi blir det...
Ei av mine store sorger
er at mange eg er veldig glad i
ikkje deler det eg trur på..

Å tru er på mange måtar ei privatsak.
Mykje av mi trushistorie ville eg aldri finne på å legge ut på nettet,
eller fortelje i samanhengar der eg ikkje er trygg på at folk vil meg vel,
eller vil (i det minste forsøke å) forstå kva eg meiner..


Men samtidig er det å tru ei offentlig sak.
Det er noko som inkluderer meg i ei verdsvid kykje,
noko som skal gje meg ein plass i ein større samanheng
og i eit fellesskap.

Når den realistiske delen av meg
- som egentlig er ganske stor -
tenkjer på kva eg trur på,
så blir eg heilt matt.
Det er jo ingenting logisk med det.
Det er heilt hol i hovudet å gå rundt
og la seg forme av ei bok som er mange tusen år gammal.


Det å tru på ein Gud som eg ikkje ser, 
og å tru at ein mann kom til verda for ca 2000 år sia
og levde eit perfekt liv, vart dømd til døden utan skuld, 
døde og stod opp igjen, 
det er heilt U-TRU-LEG.
Og at det å tru på dette skal gje meg evig liv, 
høyres bokstavleg tala sinnsjukt ut.


Samtidig slår den delen av meg
som har forstått at det er meir mellom himmel og jord
enn det eg kan forstå, sjå og forske på, inn.
Og gjer det til eit spørsmål om eg greier å la vere å tru,
og det greier eg ikkje.

Det handlar ikkje om at eg er redd for kvar eg havnar etter døden,
men det handlar om kvar eg er i livet og kva liv eg ynskjer her og no.


Eg har opplevd at mange av mine bønner
ikkje blir besvart slik eg skulle ønske at dei vart.
Ofte kan Gud virke både fjern og uintressert,
men samtidig har eg fått oppleve at Bibelen har vore ei bok
som har gitt trøst, støtte og styrke
både på dei gode og dei vonde dagane.

Eg har fått oppleve at det eg har lest,
eller høyrt forkynt om det som står,
har hatt betydning for livet mitt no.
Og ikkje minst har eg opplevd at det rører noko ved meg, 
som gjer at eg ikkje greier å la vere å tru på det.
Det er liksom eit endelaust hav av innhald
som dukkar opp i desse enkle orda som står i boka.


Men det står masse som eg ikkje forstår og.
Fleire ting som står der
oppleves som urimelige.
Det er ikkje enkelt, 
og eg greier ikkje å sluke alt som den absolutte sanninga.

Og eg trur faktisk på ein Gud som ser og som høyrer bønnene mine,
sjølv om eg ikkje får svara eg vil ha,
for det står det i boka at han gjer.
Men det er vanskelig å fatte til tider.
Eg har fått oppleve at det eg har bedt om,
kanskje ikkje hadde vore det beste for meg,
når eg berre fekk det litt på avstand.
Av erfaring veit eg at det er slik, 
men det er ikkje like enkelt å stå midt i situasjonen og ha det perspektivet.
Spesielt ikkje når du er så løysingsorientert som eg er!
Og i tillegg trur at Gud virkelig kan gjere akkurat det eg vil - hvis Han berre ville..

Sjå på liljene på marka - kor stort under er vel ikkje dei?
Eg skulle så gjern visst korleis alt hang saman.
Eg skulle så gjerne vore sikker.
Men, når alt kjem til stykket så er eg glad for at eg ikkje veit kva morgondagen bringer.
Eg trur nemleg at dersom eg skulle forstått kvifor ting står som det står, 
og kvifor eg ikkje alltid får viljen min, 
og eg plutselig forstod alt - så ville eg og vite kva som venta meg.

Og eg, eg har meir enn nok med dagen i dag.






Venke + Tord = Sant!

Då har Venke og Tord sagt ja til kvarandre.
Hurra!



Nokre av oss stilte litt før i kyrkja, 
slik at vi fekk øve på dei musikalske innslaga
som skulle vere under vielsen.




Og det var ein nydeleg vielse.


Og sjølv om det er Venke og Tord sin dag, 
så må eg få sagt at Olav prest
gjorde ein fenomenal jobb!! :)






Venke og systa

Det var ein middag etter min smak! :D


Og Venke hadde vore veldig vennlig då ho plasserte meg
mellom to så kjekke, staute nordfjord-menn!
Slike kan vi like! :D





Jentene :)



Mange fine nordfjordingar å henge med! 



Stemninga var god
frå start til slutt.



Og det er jo eit høgdepunkt 
når brura tek mikrofonen
og syng:


"I need you, baby, and if it's quite all right
I need you, baby, to warm a lonely night, 
I love you, baby, 
trust in me when I say: OK."



Så gratulerer Venke og Tord, 
måtte livet de no har valgt å dele bli langt og godt!
Størst av alt er kjærleiken!