onsdag 25. juli 2012

Sushijentekveld


Sidan sist blogginnlegg
har 22. juli passert..


"The Boss" har gjennomført to konsertar
rett bak huset mitt..


Og arbeidskvardagen har slått til...

 Då er det godt med gode vener.
Og i dag var det sushi-jentekveld på Nama.


Ingelin flyttar til Oslo på laurdag, 
og det syns både eg og Berit er litt småkjipt. :(
Samtidig er ikkje vegen mellom Bergen og Oslo så lang,
så det blir nok mange teffpunkt i løpet av hausten likevel. :)
Og vi har jo skype :)


Kvelden måtte jo dokumenterast,
og slik kan det gå når ein gir frå seg mobilen...:


Resultatet vart litt bedre på andre forsøk :)


Dei enkle gledene er dei beste:
God mat og godt selskap er uslåeleg!


onsdag 18. juli 2012

Livet på første klasse

Ein kan seie mykje om Lufthansa.
Eg har ikkje så mykje skryt å komme med, 
men ein ting skal dei ha skryt for.

3 minutt før boarding på første klasse og buisness...

Du er ikkje i tvil når du er prioritert kunde her.
Reiser du buisness eller første klasse med dette selskapet, 
så blir du behandla betraktelig betre
enn dei andre som reiser med økonomi-billett.
Heilt frå du entrar området ved gaten til du landar på destinasjon.

10 minutt før boarding for resten..
Eg gjorde meg nokre tankar då vi stod og venta
på å få komme inn i flyet i Bangkok, 
og eg har gjort meg ein del tankar sidan då.
For eg fekk føle på kroppen kor nedprioritert eg var som kunde.
Eg fekk erfare at det ikkje var mulig å få ein sitjeplass for meg, 
fordi eg hadde ein annan billett
enn dei som hadde altfor mange sitjeplassar.
Eg vart flytta til ein plass eg opprinnelig ikkje hadde sjekka inn til, 
ikkje berre ein - men to gonger, på like mange flyturar, 
utan at dette var noko som dei følte dei trengde be om unnskyldning for.


I tillegg var det mange goder som dei prioriterte kundane fekk, 
som vi på økonomi måtte sjå langt etter.
Dei hadde f.eks. eigen tv-skjerm i setet foran,
så dei kunne velge kva dei ville sjå på
- vi andre måtte dele, og kunne ikkje velge.
Dei hadde plass til å legge seg ned og sove behagelig,
vi andre sat som kyr i ein tilhengar som var litt for liten.

Eg kunne sikkert lista opp både det eine og det andre, 
men poenget mitt er ikkje forskjellsbehandlinga
som Lufthansa stod for.
Poenget mitt er at eg lever livet mitt på første klasse.
Eg har all verdens goder,
som mesteparten av verda si befolking IKKJE har.
Eg får legehjelp når eg treng det,
utan å måtte betale i dyre dommar for det, 
fordi vi har eit velfungerande system her i landet. 
Likevel sutrar og klagar vi over kor dårleg det er..


Eg er ikkje blant dei som tener mest,
men ligg rundt gjennomsnittet i norsk sammenheng. 
Likevel har eg pengar nok til det eg treng og vil, 
det handlar stort sett berre om prioriteringar
når det er noko eg ikkje har råd til.
Eg har reint vatten i springen,
som eg kan drikke utan å verte sjuk.
Eg har til salt i maten, og vel så det.
Eg har til å reise, gå på kino, konsertar,
til å henge med venner og gjere artige ting.


Mi pengekasse handlar om kva eg prioriterer, 
og sett i verda sin målestokk er eg skammeleg rik.
Og vi kan halde lange taler om at prisnivået hos oss er mykje høgare, 
og at vi må tene meir for å kunne leve her.
Men er det egentlig sant?
Handlar ikkje mykje om å skaffe seg duppedingsar som vi "treng"?
Er det ikkje slik at vi vil ha det komfortabelt?
At vi vil vere på første klasse,
i staden for å dele godene med dei som sit stua sammen på økonomi?
At det er meir behagelig å sitte med ryggen til forhenget,
og ikkje tenke på korleis det er der bak
- men berre nyte alt eg har?
Ja, og tenke på kva som kunne vore endå betre då, sjølvsagt...


Eg lurer meg på om eg ikkje hadde vorte rikare
om eg starta å prioritere litt annerleis, 
løfta blikket og ga eit handslag til nokon som treng det...



mandag 16. juli 2012

tilbake til virkeligheta

Ja, då var sommarferien over for denne gong.


Ein sommar der eg har fått leve i varmen,
og opplevd utruleg mykje godt.
Eg avslutta opphaldet i Thailand med ein fridag
der eg fiksa på utsjånaden - i allefall på tærne ;)


Det vart ein LAAAAAANG flytur mellom to menn, 
ein sur polakk og ein grinete brite,
frå Bangkok til Frankfurt.
I Frankfurt var eg så heldig å finne ein ledig benk,
så eg fekk pleie mine flyhovne bein,
 før neste etappe: 
Frankfurt - Bergen
Og la meg oppsummere reisa slik:
Velg ikkje Lufthansa om du ikkje må!


Vel heime i Bergen
venta gode vener
og fineveret.
TAKK OG LOV FOR GODE VENER! :)


Og som forrige blogginnlegg dokumenterar ganske så grundig
vart Rune godt gift og alle hjerter gleda seg på laurdag.
I går var ein skikkelig sløvedag,
der det vart jentepreik og kaffe hos Berit
og film på sofaen på kvelden.


I dag venta kvardagen,
med full mailboks og nok å henge fingrane i.
Det var eit tiltak å krype ut frå dyna,
for det er fryktelig kaldt her i denne byen!


Eg greidde sjølvsagt ikkje å kle nok på meg, 
så eg sat på kontoret og fraus
og drøymde om betre tider..

Og bestemte meg for å avslutte arbeidsdagen
på kaffemisjonen
med noko varmt - og godt - i glaset.
Eg møtte til og med ein god venn der, 
og ingenting varmar så godt som slikt :)


Så det blir nok ein ok haust likevel, 
sjølv om han har starta litt tidleg etter min smak ;)

søndag 15. juli 2012

Rune loves Cherylyn!


I går gifta Rune seg med si vakre Cherylyn.

Ei hjelpande hand..

Han må være ca verdens modigste brudgom,
for han sang inngangsmarsjen sjølv!
Og vi var så heldige at vi fekk hjelpe til. :)




Det var ein vakker vielse,
og det er ingen tvil om at desse to er svært så forelska i kvarandre!


Bror og svigerinna til Rune sang så utruleg vakkert under vielsen




Og brudeparet hadde valgt ein utgang 
som kan måle seg med 
ein annen kjend utgang frå "Love Actually"
Love, love, love..









Bruda var særdeles begeistra for den norske tradisjonen
med å klirre i glaset..







Rune sine heimelaga vannski..

Brudgommens sine foreldre måtte og til pers :)

Bryllaupskake med norsk og filipinsk flagg :)

Bruda er plutseleg åleine..

Og det visste gutta å utnytte.. :)

Are blomstret.. 



Brud og forlover :)

Det var karoke, og brudgommen sang:
"You are the sunshine of my life"
til stor jubel

Vakraste Cherylyn!




Det var visst fleire som var litt småforelska også ;)


Og det vart sjølvsagt brudevals :)


Brudepar i blitzregn! 




"Ser Cherylyn dette?"

Finaste folka! :)
Det var stort å få vere med i bryllupet til Rune og Cherylyn.
Eg er sikker på at dei er perfekte for kvarandre.
Så: Hjertelig tillukke Cherylyn og Rune! 
Måtte dei gode dagane bli mange,
og gledene større enn de kunne ane!